Ljos over grav
Frå sommarhuset ved Slependen på sølvbryllupsdagen til Emma Alvilde Marie og Elias Blix 19. juli 1896. Fremst frå venstre: Ivar, Ragnvald, Borghild, Helge. Bak: Einar, Hans, Marie.
Foto via www.eliasblix.no
150 år med norsk kyrkjesong
Elias Blix
I år er det 150 år sidan Elias Blix gav ut det vesle heftet Nokre Salmar. Gamle og nye (1869), den aller fyrste salmeboka på norsk. Dag og Tid markerer dette kulturspråklege vasskiljet med ein serie artiklar om Blix.
Del 6

All mogleg metaforikk og symbolikk omkring lyset har hatt mykje å seie i kristen idéhistorie – og i vesterlandsk oppleving av kunnskap. Så fundamental er lysmetaforikken at sjølve orienteringspunktet for overgangen til det moderne, opplysningstida, fekk namnet sitt.
Ein grunntanke for pietistane var jo at all sanning, all opplysning, er av Gud. Slik oppstod tanken om at alle må få lære ikkje berre om trua, men om alt som er sant. Blix gjer då i 1890, etter å ha vore ansvarleg, som statsråd, for undervisninga i landet, heller ikkje skil på folk: Alle kan oppleve gleda over frigjeringa, og mørkret har inga makt.
I mellomaldersk (thomistisk) filosofi stod jorda og lyset imot kvarandre. Det jordiske avgrensar oss – eit tema vi òg møter i barokkdiktinga, verdsleg som religiøs. I nyare tid har visse teologar og filosofar lese arvesyndstanken på nettopp dette viset: at synda bur i dei menneskelege, jordiske institusjonane, og at alle menneske har medansvar for å rette opp det som før har vore gjort feil. Romarbrevet får med eit slikt utgangspunkt ein stoisk, manande klang: Fri deg og andre frå det vonde folk før har skapt.
I denne påskesalmen er vi alt frisette, også frå dødsangsten. Det er ikkje berre den tomme grava i Jerusalem det lyser av; det er lys over kvar grav, våre eigne graver. Same kor finn kjeldene til synda, eller det å ikkje makte å leve som eit menneske skulle eller ordne opp i alt som skulle vore ordna, er det ikkje øydeleggjande, og det skal ikkje hindre gleda, for «ljoset og livet for alle mann, strålande opp med vår Frelsar rann», og «syndi er sona og såret grødt, livet av daude er atter født».
Hjå Blix vert lyset – anten vi skal tenkje på det som visdom og oppklåring, eller som von og frelse – forsona med jorda. I jordemørkret, løynt for oss, kjem nytt liv til. Livstreet frå Eden veks på nytt, gravene våre, vitnemåla om at vi var her til, er òg vitnemål om livssyklusen. Lyset over grava minner om at skadar (tjon) vi vert utsette for i livet, er borte. «Alle som levande på deg tru, døyande skal i ditt ljos bu»: Blix kjende vel knapt til gnostisismen, men dette biletet, at vi vert del av lyset i og med at vi døyr, seier ikkje at vi skal lengte etter døden, slik barokkens salmediktarar sukka. Men vi skal heller ikkje frykte.
Det kling eit mystisk tema her, kopla til openberringa. I renessansen tala ein om «naturens lys», dette at naturen ber på djupe løyndommar som viser oss ævelege sanningar. Tilsvarande innsikt er på Blix-manér å finne i tilforlatelege, naturlege observasjonar: Lyset glitrar i havet, ser vi når vi reiser på det, og på same viset er grava vår i lyset del av grogrunnen for livstreet.
Sidan eg sjølv aldri – sidan barndommen – har fått meg til å tru på ei personleg lekamleg oppstode, er eg takksam for «Ljos over grav». Just ved å peike på det eine uunngåelege for oss alle, hyllar Blix livsyklusane og minner kvar og ein av oss om at vi tek del i den ævelege atterkoma.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ljos yver grav, som livsvoni gav,
Rann med Guds Son ifrå daude.
Solrenning klår som den venaste vår
Steig yver gravstader aude.
Ljoset og livet for alle mann
Strålande upp med vår Frelsar rann.
Engelen kvad yver daudstille stad:
Krist er med siger uppstanden!
Sigrande vel yver ormen frå hel.
Bøtte han brotet og skaden.
Syndi er sona og såret grødt.
Livet av daude er atter født.
Kristus stod upp som det livstre i knupp
Som i all æva skal bløma.
Skapande liv han alt drepande driv,
Dauden for honom må røma.
So ved det livstre til Herrens pris
Ein gong me livnar i paradis.
Menneskeson, du til livande von
Ved dei uppreising oss fødde!
Liv gjennom grav ved din daude du gav,
Då fyre brøder du blødde.
Alle som livande på deg tru,
Døyande skal i ditt ljos få bu.
Trøyst i vår trong som ein sumar med song
Ut frå din gravstad lat lysa!
Ævelivs von gjenom trengsla og tjon
Lat dine truande hysa!
So me alt her uti daudens land
Smaka den sæla du til oss vann!
Ljos yver grav, fall som solskinn på hav,
Når me frå verdi skal fara!
Lys oss i land til den livsæle strand,
Fram til det liv som skal vara.
So me ved ljoset frå påskedag
Sæle kann liva i englelag!
Denne versjonen er henta frå 1949-utgåva av Nynorsk Salmebok.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»