Singerheimen kan bli museum
Singerheimen rommar ei unik historie om ein amerikansk industriarving og kunstnar som slo seg ned i Olden og vart ein velgjerar i Nordfjord.
No ynskjer Riksantikvaren å opne fredingssak for eigedomen.
Inst i Nordfjord, i Olden, bygde ekteparet Singer opp heim og eigedom. Fylkeskommunen meiner at Singerheimen som museum kan bli ein stor attraksjon i turistbygda. I dag har Olden over 100 cruiseanløp i løpet av ein sesong, nesten like mange som Oslo. Midt på bildet er hovudhus og fjøs, på tunet er hus for tenarane, til høgre vedhus og gjestebungalow. Lengst nede til venstre er atelieret, og ved sida av er det vesle mausoleet der ekteparet kviler.
Foto: Marianne Sunde
Singerheimen
Amerikanaren William Henry Singer jr. var kunstnar, millionærarving og mesen. Med kona Anna Spencer Brugh Singer kom han til Olden i 1913, bygde ein vakker heim og levde der resten av livet.
19. mars i år melde Fjordingen at eigedomen kan bli selt til ein takst på tre millionar, da det ikkje lenger er midlar til drift.
Marianne Sunde har engasjert seg i debatten. Ho meiner at kunstnarheimen er eit offentleg ansvar, at han må fredast og bli museum.
Riksantikvaren har no bede om at det vert sett i gang arbeid med freding av eigedomen, og Sogn og Fjordane fylkeskommune tenkjer seg museumsverksemd.

Historie
mirayapress@oslo.online.no
Inst i Nordfjord, rett ved Olden sentrum, var det ein gong ei moderne utgåve av dei klassiske herregardane, med herskap og tenarar. Framleis står der sju store og små lysegrøne hus. Dette er Dalheim, i bygda kalla Singerheimen. Her er stor herskapsvilla, tenarbustad, kafé – der tenarane åt – og stabbur, fjøs, vedhus og ein bungalow for gjester. Lengst nede på eigedomen ligg to kvite hus, atelieret og det vesle mausoleet.
I mausoleet kviler William Henry Singer jr. (1868–1943) og hustrua hans, Anna Spencer Brugh Singer (1873–1962).
William Henry Singer jr. var son til ein stålmagnat i Pittsburgh i Pennsylvania. Han hadde kunstnarlege evner og anlegg, var ein naturelskar og hadde ikkje interesse av å gå inn i stålindustrien. Han gifte seg med Anna Spencer Brugh, som kom frå ein velståande kjøpmannsfamilie.
Dei fekk ein norsk ven frå Gausdal, Martin Borgord (endra frå norsk Borgaard), som vart ein stor kunstnar i Amerika. Etter ei tid med kunststudium saman, reiste dei til Europa. Dei kom etter kvart til Paris, der Singer og Borgord studerte vidare. At Singer no kunne satse alt på kunsten, var den største gleda han hadde opplevd. Han trong ikkje uroe seg for økonomien, arven etter faren var på fleire titals millionar dollar.
Dei tre venene slo seg etter kvart ned i ein kunstnarkoloni i Laren i Nederland, der ekteparet Singer bygde hus. Men det flate nederlandske landskapet gav ikkje Singer det han var ute etter som kunstnar. Borgord meinte at Singer burde reise til Noreg. Der ville han finne den naturen han søkte.
Første gong dei kom til Noreg, tok dei inn på Hindsæter. Singer vart bergtatt av den norske naturen. Han måla, fiska aure og jakta på småvilt.
Dei kom tilbake, men somrane var korte i Jotunheimen, og venen deira tilrådde Vestlandet, der dei kunne bu frå april til oktober. Vintrane skulle tilbringast i Laren.
Dei kom til Nordfjord, og var mellom anna nokre somrar på Sandane og fiska laks i Gloppenelva. Rastløysa gjorde at også Tydal i Trøndelag vart utforska, der ei luksuriøs hytte vart bygd. Men dei var framleis på leit etter den perfekte staden å skape heimen sin på, og vende attende til Nordfjord. Det var ikkje vegsamband rundt fjorden, så sjøvegen vart teken i bruk da dei kom ned til Stryn frå Strynefjellet. På den første turen på landevegen til Olden våren 1913 vart det gjort ein stopp på Rake for å nyte utsikta innover fjorden mot Olden. Omkransa av snødekte fjelltoppar tok dei avgjerda: Dette er plassen! Og Olden vart heimen deira så lenge dei levde.
Ekteparet budde dei første somrane på Yris Hotell, eit velrenommert hotell i sveitserstil. Dei fekk bygd ein eigen fløy på hotellet der dei hadde sitt eige tenarskap. Så vart eit hus bygt i bakkane ovanfor hotellet. Dette vart eit atelier.
Her sat William Singer, med lys inn frå store vindauge mot nord, og festa på lerretet inntrykk som naturen gav han.
Han hadde funne den freden i naturen han søkte som kunstnar.
– Eg er, og kjem til å bli verande, naturalist. Eg vil måle naturen slik han er, sa Singer om sin eigen kunst.
I kunsthistoria kjem arbeida hans inn under postimpresjonismen. Singer søkte den dramatiske norske naturen. Men det var ikkje dramatikken han måla, men fred, ro og stille. I Arvid Møllers bok om Singer seier den amerikanske kunsthistorieprofessoren William H. Gerdts at både Singer og Astrup var store kunstnarar som begge måla vestnorsk landskap, men som arbeidde høgst ulikt med kvar sin individuelle stil. Det var Singer, sjølv om han ikkje var innfødd nordmann, som best fekk fram stilla i det norske landskapet, meiner Gerdts.
Det gjekk ikkje lang tid etter at Singer hadde sett opp «studio», før han kasta auga sine på området rundt. Han kjøpte 18 mål rundt atelieret, og Dalheim vart bygd. Byggeperioden gav kjærkomne arbeidsplassar etter første verdskrigen, og i 1921 var garden innflyttingsklar. Borgord hadde reist attende til Amerika, og no kom venen Jacob Dooijewaard frå Laren, også han kunstnar. Alltid hadde paret ein husven.
Å arbeide «i Singer», som dei sa i Olden, var likeins kjærkome. Anna Singer, kalla «Frua» av tenarstaben, var krevjande. Det var ho som administrerte husa og garden, som var eit mønsterbruk. Det var fast ni i teneste på årsbasis, på sommaren tre gonger så mange. Arbeidstida var 70–80 timar i veka, med lite kvile. Nysteikt loff til frukost. Nykinna smør og nyseparert mjølk. Nypussa messing. Kvar dag. Fjøsen måtte vaskast og kalkast. Kvar veke.
«Frua» var innom fjøsen og såg til at dyra fekk nok mat og godt stell. Dei fem kyrne, oksen og dei fem grisane skulle vaskast og børstast. Kvar dag. Og kyrne låg på kokosmatter. Ingen hadde sett noko liknande. Men dyra treivst, og gardsprodukta var gode. Det er sagt at mjølka «i Singer» var dyrare enn champagne. Dalheim hadde også gartneri med fleire drivhus der det vart dyrka eksotiske grønsaker og framand frukt.
Medan «Frua» var streng, var «Misteren» snill og stillfarande. Han heldt seg for seg sjølv. Men trass i ulik personlegdom, hadde begge gåvmildt hjartelag og ville yte sitt for samfunnet rundt seg.
I Olden sat «Frua» og «førstedama» heilt frå sommaren og laga gåver som skulle delast ut i bygda når jula kom. Verdien av gåvene var frå 50 til 500 kroner. Dei som hadde minst, fekk mest.
Olden var utan vegsamband til Innvik. Det var planlagt å opparbeide veg mellom dei to bygdene, men det fanst ikkje midlar. Da var det at Singer forskotterte heile summen på over 700.000 kroner, som var eit enormt beløp i dei dagar. Arbeidet tok til i 1924, og da vegen stod ferdig i 1936, kom kong Haakon for å opne han. Dagen etter den offisielle opninga vart det reist eit minnesmerke over William og Anna Singer som takk frå arbeidarane. Steinen, som utgjorde det store minnesmerket, hadde dei funne i fjøra. Det kosta kvar arbeidar ei dagløn, fem kroner, å få steinen med inskripsjon på plass.
Det var kamp for å skaffe midlar til å byggje eit sjukehus i Nordfjord, men Singer tok heile rekninga. Nordfjordeid sjukehus vart eit av dei sjukehusa med mest moderne utstyr i landet. Det stod ferdig i 1936, rett før Loen vart råka av bygdas andre store rasulukke.
Singer var med og finansierte bygging av mølle og Firda Gymnas på Sandane, kraftverk og ungdomshuset Aldaheim i Olden. Han vart den største velgjerar som Nordfjord har hatt, i ei tid da det offentlege Noreg var fattig og ikkje kunne ta alle naudsynte oppgåver. William Singer vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden med stjerne for samfunnsinnsatsen.
Den tyske okkupasjonen av Noreg vart redselsfull òg for ekteparet Singer. Han, som hadde jødiske anar, risikerte å bli teken. Også som amerikanarar var paret i søkjelyset da USA gjekk til krig mot Tyskland. Men dei slapp unna med husarrest, etter at lokale politikarar dekte ekteparet med kvite løgner til Gestapo. Krigen gjekk hardt inn på William Singer, som døydde i 1943. Jacob Dooijewaard vart verande hos enka i Olden så lenge ho levde.
Gjennom eit langt liv samla Anna og William Singer dyr kunst og verdfulle antikvitetar. Dei bygde opp Singer-museet i Laren, der Singer donerte mykje av sin eigen kunst. Dei bygde opp Washington County Museum of Fine Arts i Hagerstown i Maryland, fødebyen til Anna Singer. Singer-musea i Laren og Maryland er i dag velrenommerte museum. Anna Singer testamenterte kunst og antikvitetar frå heimen i Olden til Vestlandske kunstindustrimuseum, i dag Kode1, som har eit eige Singer-rom. Ho testamenterte Dalheim til Nordfjord sjukehus som rekreasjonsstad for «trøytte sjukepleiersker», men heimen er no overført til Sogn og Fjordane fylkeskommune og blir driven som ei stifting.
Husa står i dag slik dei stod da Anna Singer døde i 1962, bortsett frå kunst- og møbelskattane hos Kode1 i Bergen. Det har vore mogleg å få omvisningar, halde selskap og konferansar og få overnatting i Singerheimen. Men i mars i år vart det meldt at han vert stengd i sommar og at eigedomen kan bli seld, fordi det på grunn av manglande midlar og stort etterslep på vedlikehald ikkje lenger er mogleg å drifte kunstnarheimen. 27. mars var ein delegasjon frå Riksantikvaren på plass. Etter synfaringa skreiv Riksantikvaren at dei ynskjer at fylkeskommunen varslar oppstart av freding, og at i føremålet med fredinga må dei ulike historiene og kvalitetane som er knytt til staden, vektleggast samla: At det er eit godt ivareteke anlegg i norskamerikansk arkitektur, at det rommar krigshistorie og jødisk historie, overklasse og tenarskap og i tillegg velgjerarrolla. Likeeins må gardsanlegg og hage vektleggast, samt at eigedomen hadde høg teknologisk standard for si tid. Og i botn for det heile ligg det kunstnariske arbeidet til William Singer og ekteparets samling av verdfull kunst.
Varsel om oppstart av ei fredingssak er første steget på vegen mot freding av eigedomen. Frist for merknader til varsel om freding er 24. juni. Neste steg er at fylkeskommunen skal utarbeide eit forslag til freding og dokumentasjon av anlegget. Det endelege fredingsvedtaket vert gjort av Riksantikvaren etter offentleg høyring og politisk handsaming i Stryn kommunestyre, og i hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane.
I fredingsprosessen skal det vurderast museal drift av anlegget.
– Med autentiske kvalitetar og ei heilt unik historie har Singerheimen eit stort potensial til å kunne bli ein stor turistattraksjon i Olden, seier Eva Moberg, fylkeskonservator i Sogn og Fjordane.
Kjelder:
Arvid Møller: Anna og William Singer – Herskap og tjenere i Tydal og Olden
Store norske leksikon
singerheimen.no
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Medan «Frua» var streng, var «Misteren» snill
og stillfarande, han heldt seg for seg sjølv.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.