JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Sveriges finaste utedo

Ein dag i 1780 spikra den sørgande juristen og heradshøvdingsonen Bengt von Echstedt igjen eitt av sju dolokk på utedoen. Aldri meir skulle nokon få nytte akkurat denne plassen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Von Echstedtska-garden er bygd i karolinsk stil, prega av stram symmetri. Utedoen med pyramideforma tak skimtar me til høgre.

Foto: Ådne Thomassen

5551
20240823

Fakta

Von Echstedtska-garden blei bygd i åra 1762–1764 i Kila Sokn i Värmland.

Fasaden har karolinsk preg, medan innsida har rokokkomåleri på tak og veggar.

Garden, som i stor grad er i original stand, blei statleg eigedom i 1939 og etter kvart restaurert og opna for publikum.

Utedoen med rokokkomåleria er rekna som den vakraste i heile Sverige.

Nytt av året er ei samling kopiar av barneklede frå 1700-talet som besøkande kan prøve på.

Tjueto år tidlegare hadde Bengt (1723–1794) gifta seg med Christina Catharina Herwegh (1718–1780). Bengt var då 35 år, men alt pensjonert frå jobben ved det kongelege myntverket. Christina var fem år eldre, enke, og frå ein såkalla god familie.

Med seg hadde ho sonen Jakob Leonard Roman (1740–1814) frå første ekteskap. Lite visste dei at herregarden i Kila sokn i Värmland, bygd på ein åskam med vakker utsikt mot innsjøen Summeln, skulle dukke opp i franske Vogue Decoration 250 år seinare. Hovudhuset, i såkalla karolinerstil, hadde ein stram og symmetrisk fasade, men innandørs blei både tak og veggar måla i svulstig rokokkostil. Blomeranker, marmoreringar og bibelske scener bølgja seg frå rom til rom, og kvifor ikkje måle utedoen med det same?

«Hovudhuset er sjeldan, men doen er unik.»

Undervurdert

Utedoen er her ein bygning som skal takast på alvor. Doen er ikkje gøymd inni skogen eit godt stykke unna, men står som ein sentral liten bygning med pyramideforma tak på høgre side av hovudhuset. Lysthuset på venstre side sikrar symmetrien når ein kjem ruslande opp grusstien.

Veggmåleria konkurrerer med utsikta gjennom dei småruta vindauga med ruglete glas. Om du sit på benken med dei fem største dolokka, ser du portrettet av Bengt og Christina oppunder taket.

I 1780 døydde Christina, og i sorga spikra Bengt altså igjen dolokket hennar. Denne handlinga vitnar, på sitt uvanlege vis, om kjærleik og sakn. Minna frå doen var openbert viktige for Bengt. Ein kan berre spekulere i kva som har gått føre seg i akkurat denne bygningen. Kanskje fortrulege samtalar, kanskje meir, eit passeleg stykke unna tenarar og familiemedlemmar?

Utedoen på von Echstedtska-garden har eit åttekanta felt i taket med rokokkomåleri. Her ser me portrettet av ekteparet Bengt og Christina sittande på ein liknande, men litt forfina og antikkinspirert utedo.

Fellesskap

I dag ser me sjeldan fleire doar i same rom. På ei gammal hytte kan det dukke opp ein utedo med to på rad, men dette ser ut til å vere på veg ut. No må me vende oss til dei offentlege toaletta for å finne det sosiale aspektet. Her trykker venninnegjengar seg inn saman for å dele alt frå løyndommar til sminke, klede og hygieneartiklar.

Det er berre den inste kretsen som går saman på do. Handlinga markerer noko fortruleg. Sjølv har eg mindre kjennskap til herretoaletta, men frå filmverda kjenner me scenene der typisk to politietterforskarar, eller to kriminelle, utvekslar avgjerande informasjon over pissoaret. Er fellesskapet på doar ei av dei mest undervurderte formene for relasjonsbygging opp igjennom tidene?

Det er ikkje tilfeldig at utedoar på svensk også blir kalla «hemlighus». Om ein ser nøye på portrettet av Bengt og Christina, sit dei også her på do, og små detaljar fortel oss at stemninga var god. Christina smiler og lener seg lett i Bengts retning. Bengt har tent pipa si og lyttar oppmerksamt. Her har dei tenkt å sitje ei stund.

«Er fellesskapet på doar ei av dei mest undervurderte formene for relasjonsbygging opp igjennom tidene?»

Målaren har i tillegg teke seg litt kunstnarleg fridom og gitt heile måleridoen eit antikt og mytisk preg. Meir kvardagsleg og praktisk må ein kalle situasjonen med dei to tenarane som står på utsida, klare for å komme inn med små linserviettar, sidan papir på denne tida var luksusvare.

Dilemma

Bengt kunne nok levd greitt vidare med det symboltunge gjenspikra dolokket til Christina, om det ikkje var for at han gifta seg på ny alt året etter. Når ikkje Bengt ville opne opp att dolokket for den nye kona si, majordottera Margareta Lagerhjelm (1744–1812), er det sagt at stemninga i huset blei svært dårleg. Ikkje ville han gjere noko med portrettet heller. I tillegg var dette den einaste utedoen, så for Margareta må toalettbesøka ha vore ei dagleg påminning om den første kona til Bengt, som han openbert sakna.

Bengt fekk ikkje barn, verken med Christina eller Margareta. Då han døydde i 1794, overtok dermed Margareta styringa på garden. Det blir fortalt at ho nytta første høvet til å fjerne heile utedoen, med tak, veggar, dolokk, måleri og dårlege minne.

Inne på utedoen er det heile sju dolokk – fem store og to små. Eit av dei store blei spikra igjen av den sørgande ektemannen Bengt von Echstedt.

Ein do vender tilbake

Då Margareta døydde i 1812, var det sonen til Christina, Jakob Leonard Roman, som arva von Echstedtska-garden. Etter mange eigarbyte og velsigna få oppussingar (sett med notidsauge) kom garden i statleg eige i 1939. Då Värmlands Museum i 1955 starta omfattande restaurering, fekk dei ein overraskande telefon frå bonden på nabogarden. Han lurte på om dei ville ha utedoen tilbake. No er von Echstedtska ein av Sveriges best bevarte 1700-talsgardar, og open for besøkande.

Hovudhuset er sjeldan, men doen er unik. Som eit kjærleiksmausoleum står han der til høgre, før urtehagen og epletrea. No er også resten av dolokka forsvarleg gjenspikra av museet, men alle er velkomne inn.

Om du skal krysse grensa til Sverige, kan du her på utedoen sette deg ned, aleine eller med selskap, og filosofere over dei sterke kjenslene som ein gong rådde i denne litle bygningen. Kafeen kan i tillegg freiste med god kaffi og pai med is.

Mona L.D. Mørk

Mona L.D. Mørk er kunsthistorikar, lektor og musikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis