JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Hjorteplaga

Hjørundfjorden i Ørsta: Aktive bønder får stadig meir hjort ned på markane. Sidan 1970 har den norske hjortestammen auka med over 1000 prosent.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Om du vil sjå hjort, er det berre taka turen til Bondalen på Søre-Sunnmøre. Der tel flokkane opp mot 70 dyr.

Foto: Knut Hustad

10831
20170609
10831
20170609

REPORTASJE

jon@dagogtid.no

Køyrer du frå Ørsta i retninga Sæbø og Hjørundfjorden på Søre Sunnmøre, passerer du etter om lag 15 kilometer eit skisenter. Senteret ligg på det høgste punktet langs etter vegen, både punktet og senteret heiter Bondalseidet. Når vegen byrjar å gå nedover att, er du i Bondalen. Seks-sju kilometer lenger nede, midt i dalen, vil du sjå, i det minste i år, nokre rosa silo- eller rundballar – rosa som ein symbolsk stønad i kampen mot brystkreft, men det er ein digresjon. Det du skal leggja merke til, er at rundballane er inngjerde, som så godt som alle rundballar i Bondalen. Det vart for mykje plast i Bondalselva til at dei kunne liggja i det fri.

Ved sidan av rundballane går det ein gards- eller grendeveg, Årseth-vegen. Denne vegen har eg køyrt to gonger no i mai, og ved sida av meg båe gongane har eg hatt den dyrekjære son min på ni år, og då kan vi slå over til presens.

Den andre gongen veit han kva som kjem.

– Er du klar med kameraet på Ipaden?

– Det er eg.

Son min filmar intenst oversida av vegen. Han er lenge litt skuffa, førre gongen telte vi 67 dyr på om lag 400 meter. Men no ser vi berre fire–fem.

– Det har vorte mykje meir oppi skogen og på beita, seier eg til han. – Dei har trekt vekk frå markane.

Men brått, i det vi kjem ut av eit skogholt og skal svinge inn til bestemor hans, ser vi dei: 25 hjortar står på attlegget ved sida av tunet til bror min. Dei er tilsynelatande heilt tame og står roleg fem–ti meter frå oss, og son min filmar og filmar.

– Kvifor flyttar dei ikkje på seg? spør han.

Eg set i gang med å ropa og klappa, og til slutt legg dei på sprang.

– Kvifor gjorde du det, pappa?

– Dei øydelegg spiringa. Onkelen din vil ha dei vekk.

Når vi kjem inn til mor mi, fortel son min gledesstrålande om alle hjortane han har filma.

– Dei er så små no til dags, seier mor mi.

Så fortel ho om fyrste gongen ho såg hjort, om lag midt på 1960-talet. Det var seint på kvelden tidleg ein vår, og ho hadde sovna. Brått kom far min stormande inn på soveromet og ropte at ho måtte koma med. Så gjekk dei varsamt 200 meter framover gardsvegen, og der, i måneskinet, stod dette nye dyret dei berre hadde høyrt om: hjorten.

– Du og du, kor stor han var, fortel mor mi.

Gamlerektoren på Sæbø skule, Jarle Walseth, kan på si side fortelja om fyrste gongen han smakte hjortekjøt, på slutten av 1960-talet.

– Det var ikkje etande, det var utruleg seigt og utruleg turt. Det var ingen som visste korleis ein skulle stella med kjøtet etter at dyret var skote, kjerringane på si side ante ikkje korleis ein skulle steikja det. Kven kjende vel til viltkjøt då?

No, derimot, er frysarane fulle, samstundes som det knapt finst ein aktiv bonde i bygda som har noko som helst godt å seia om hjortane.

For i grenda der bror min bur, og i mange andre grender frå Nordland i nord til Sør-Agder i sør, kryr det av hjort. Ein stadig mindre og stadig svakare hjort. Men òg ein lur hjort. Vinteren 2010–11 var vinteren som førte til at alle rundballane i Bondalen vart gjerda inn. For ein gongs skuld var det ein tradisjonell, kald vinter på Sunnmøre.

– Det var siste gongen stamma gjekk attende her i bygda, fortel leiaren av storvaldet i Bondalen, Terje Kalvatn, som elles er den typiske jegeren på Vestlandet: Han er gift til ein gard som ikkje lenger vert driven, men leigd ut. Men han eig jaktrettane, av di dei vert verande hjå den som eig jorda.

– Den vinteren fraus eller svalt mange hjort i hel.

Men ikkje dei som hadde store nok horn. Bukkane spjerra plasten på rundballane og lét flokken og familien få eta. Plasten som vart sitjande i horna, drog dei så vidare ut i naturen med, og til slutt hamna han i elva som renn gjennom bygda.

Men kor stor er hjorteplaga?

For ei plage er det, seier bøndene. Arild Årseth eig nabogarden til bror min i Årseth-grenda, og driv framleis, sjølv om han òg har eit større byggfirma.

– Sjølvsagt er det ei plage, særleg no om våren. Hjorten et opp graset mitt, dei gneg ned knoppane og spirene. Klart avlingane vert mindre når det går opp til 50 dyr på éi attlege.

Max Weber, den store grunnleggjaren av byråkratiforsking, hadde likt seg i Noreg. Her til lands finst det ein tabell for nær sagt alt. Éin tabell heiter «Hjortejakt. Antall tillatt felte dyr og felte dyr fordelt på kjønn og fylke». Tabellen er laga av Statistisk sentralbyrå, som kvart einaste år produserer ny statistikk om hjorten. Ja, det finst faktisk statistikk over livmorstorleiken til felte norske hjortehodyr.

I alle høve: I 2015 vart det gjeve løyve til å fella 54.458 hjortar i Noreg. 35.140 dyr enda opp som felte. Veksten har vore smått utruleg. Vi har statistikk attende til 1970, då vart det felt vel 3000 hjortar i Noreg.

Så kvifor har vi så fått denne auken, kvifor har hjorten gått forbi både villrein, elg og rådyr?

– Sjå på gamle foto og målarstykke, seier Walseth som har budd i bygda i 70 år.

– Kva er det fyrste du legg merke til? At det rundt 1900 knapt finst skog. Alt er beita ned. Berre her og der har du litt skog som bøndene verna av di dei trong ved. No fyrer alle med bjørk. Før var det så lite bjørk at det meste gjekk med til å laga møbler. Hjorten kom med skogen, og skogen berre veks og veks.

Særleg sterk har skogsauken vore dei siste 30 åra – ein auke som fell saman med den største auken i hjortemengda både i Hjørundfjorden og i landet generelt. I dag har dei fleste kommunar sør for Randsfjorden i Nordland hjort, og så seint som i fjor opna Bærum opp for hjortejakt. Kalvatn meiner det er to ting som gjer at det er så ekstremt med hjort i Bondalen.

– Då eg byrja jakta, var det i skogen jakta gjekk føre seg. Men slik jakt er nær umogleg å få til no. Skogen har grodd slik att med kratt at det ikkje er råd å gå i han lenger. I tillegg kjem dei milde vintrane. Dei fører til at avgangen vert stadig mindre og at stadig fleire hodyr kan få avkom. I storvaldet har vi to teljingar kvart år, i månadsskiftet april–mai. I fjor talde vi 290 dyr i bygda, i år var det 300. Vi ser sjølvsagt ikkje alle dyra, men det seier noko om trenden.

Arild Årseth er ikkje usamd med Kalvatn, men han meiner at sidan landbruket framleis vert nokolunde halde opp i Bondalen, så gjer det att hjorten trekkjer mot dalen.

– Sjå ute på øyane som Hareidlandet eller i store delar av Volda, der er landbruket no så godt som nedlagt. Der vert det skote mindre dyr, og det er truleg langt mindre hjort generelt. Hjorten ser ut til å trivast der ein driv med aktivt landbruk. Vi skyt faktisk mykje hjort her i dalen og på Årseth, men kvar vår dukkar likevel stadig fleire dyr opp. Dei må koma frå ein stad.

Trenden er òg at dyra ikkje er så imponerande lenger. Som Norsk institutt for naturforskning (NINA) skriv i ein rapport frå 2016: «Særlig i hjortebestanden har vi de siste 20 årene sett en kraftig reduksjon i slaktervekter og fruktbarhetsrater i takt med økende bestandstetthet.» Mellom 1991 og 2010 gjekk slaktevekta på dyra ned med rundt 20 prosent, fortel senteret. Også den generelle kondisjonen har vorte klart dårlegare. Dyra er mindre, svakare og ikkje så flakkføre som dei var tidlegare.

Kva skal så til for å få redusert talet på hjort, slik at han både vert større og sluttar å beite på dyrka jord? Då «må det felles færre hanndyr enn hunndyr gjennom fleire år», skriv NINA.

Men det skjer ikkje i særleg grad. I sesongen 2014–2015 var det felt 18.571 hanndyr og 16.569 hodyr i Noreg. I 2015–2016 gjekk faktisk talet på felte dyr ned, men den skeive tendensen heldt seg: Det gjekk med 17.885 hanndyr og 15.878 hodyr. Den same tendensen såg ein i Bondalen, fortel Kalvatn.

– Det er rikeleg med bukk, så eg er godt nøgd med at vi skaut fleire bukkar enn koller.

– Då får du ikkje redusert talet på dyr, og slaktarvekta vil ikkje gå opp att?

– Jau, men du skal ikkje skyta vekk kolla frå kalven. Folk har vorte mykje meir medvitne om å taka kolla og kalven saman. Jegerane skyt ikkje om kolla ikkje kjem med kalven. I dei få tilfelle der ei kolle med kalv vert skoten, er det av di ho ikkje kjem med kalven, og jegeren trur det er ei fjorårsskolle.

– Seier du at det er umogleg å få ned talet?

– Vi kan sjølvsagt plaffe ned, men kva slags jakt- og dyreetikk er det? Ja, vi kunne kanskje ha felt endå fleire av dei løyva vi har, men alt no ligg vi på 70 prosent, som er betre enn snittet både for Møre og Romsdal og resten av landet. Her i bygda treng ein no berre 250 mål får å få løyve til å fella ein hjort, i resten av kommunen og dei fleste andre stadar må ein ha 400 mål. Vi får ikkje gjort så mykje meir.

I tillegg meiner Kalvatn at hjorten har vorte smartare.

– Her i bygda, og truleg dei fleste andre stadar, har vi fått to stammer: bøhjorten og skogshjorten. Bøhjorten minkar og skogshjorten aukar. Om våren beiter båe på bøane og attlegene, men når hausten og jaktsesongen kjem, trekkjer skogshjorten seg bort. I dag vert dei fleste hjortane skotne på bøen og i måneskin. Men når vi har teke dei som går på bøane, får vi ikkje tak i skoghjorten, for han kjem berre ned på markane når det er heilt, heilt mørkt og ikkje måneskin.

Men for dei som vil ha ned stamma, kan det no vera ei viss von, fortel NINA. Toppåret for felling var 2010. Då vart det skote over 40.000 hjort. I 2015–2016 var det same talet altså på knapt 34.000. Den same tendensen ser ein òg når det gjeld trafikkdrepne dyr. Det har vore ein viss nedgang. Det siste talet er rett nok ikkje heilt til å lita på, sidan moderne bilar har sensorar og liknande som gjer at ein lettare unngår å treffa menneske og dyr. Men ein såpass markant nedgang som vel 6000 færre skotne dyr i noko så populært som jakt, tyder på at nedgangen er der.

Det er rett nok ei lita trøyst for dei bøndene som er aktive og pleier markane. For dei vert berre færre og færre, og markane deira vert dimed meir og meir attraktive for hjorten.

Også når det gjeld slaktevekt, er trenden positiv i den forstand at vekta no har stabilisert seg, fortel NINA. Og i kommunar som har hatt eit medvite mål om å få skote fleire koller og spara dei store og eldre bukkane med best DNA, ser ein at vekta går opp att.

Men nasjonale retningsliner om å spara dei største bukkane og skyta fleire koller og kalv kan vi ikkje gjera oss von om. Hjorteforvaltinga er lokal, og i forvaltinga er det dei som har slutta med gardsdrift, men halde fram som jegerar som er i fleirtal. Dei vil ha størst mogleg flokkar for å kunne skyta flest mogleg dyr.

Kvar kveld medan vi er heime på garden, sjekkar eg son min for flått. Kvar kveld finn eg nye. Hjorten er det viktigaste vertsdyret til flåtten i Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi kan sjølvsagt plaffa ned, men kva slags jakt- og dyreetikk er det?

Terje Kalvatn, leiaren av storvaldet i Bondalen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis