JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HumorFeature

Trampolinehagefest

Eg har brote med eigne prinsipp og kjøpt ein trampoline. Kva skjedde?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7515
20240705
7515
20240705

I ein episode av The Simpsons kjøper familien eit basseng i hagen, og Bart vert med ein gong den mest populære guten i Springfield. Alle vil vera ven med han, bassenget er ein magnet for badeglade born.

Eg ser det same gjeld trampolinar. Ein grunn til at eg ikkje vil ha trampoline, er at dei fleste naboane våre alt har det, og eg er litt som naboane i Springfield. Eg har ikkje hatt noko imot å senda borna mine rundt på hoppetokt.

Dessutan er det farleg i desse lukka bokseringane, ein arena for knekte nakkar, knuste tenner og over hundre forsikringssaker på skadde born årleg. Eg vil helst ikkje ha ei slik sak mot meg, som trampolineeigar.

Det er årevis sidan den våren eg vitja svigerinna mi midt under trampolinebløminga på Korsvoll i Oslo. Det byrja i eine enden av gata og spreidde seg som saktefallande dominobrikker frå hage til hage: Fyrst dei nakne metallstengene, så fekk dei sommarkjolen på; det svarte hoppestoffet med blå krage, og til slutt tryggingsnettet som ein krans rundt det heile.

Eg stod på terrassen og såg nedover gata, og tenkte med meg sjølv – og dette er hovudgrunnen til at eg ikkje vil ha det: noko så ruvande og stygt.

Kor mange leikeapparat treng eit samfunn for å fungera? Ingen i byggjefeltet der eg vaks opp, hadde trampoline. Me hadde ein felles leikeplass med dissestativ, sandkasse og eit røyr me kunne krypa gjennom eller klatra oppå. Å gjera salto og flikkflakk var for dei som gjekk på turn.

Eg hugsar godt då den fyrste ziplinen kom på ein skulegard her i Austevoll, det er ikkje så mange år sidan. Zipline! Ei slengdisse du dreg til eine enden av ein vaier, for så å skli ned til andre enden. Det var slikt ein såg på film.

No er dei overalt. Det same med klatrenett. Det siste nye er pumptrack, ein humpete, asfaltert sykkelbane. Alle desse tilboda er berre ein kort køyretur unna meg. Likevel har eg byrja å tenkja høgt om trampoline, noko smarttelefonen min snart plukkar opp.

Tilboda slår mot meg frå alle skjermar. På reklamebileta står trampolinen på ei strand mellom fjord og fjell, og på ei vidde ved eit vatn.

Den som trur at trampolinar berre er for born, tek feil. Trampolinehopping er god trim for vaksne og kan førebyggja det å bli beinskøyr, sa personleg trenar Tessa Sørensen til NRK i 2013.

«Syng ’hode, skulder, kne og tå’-sangen, mens du står på ett ben og utfører alt det teksten sier», føreslo ho. «Det er med andre ord kun fantasien som stopper deg.»

Fantasien, og urinlekkasjar; telefonen min har òg fått med seg at eg er ei vaksen kvinne, for innimellom alle trampolinetilboda er det bilete av sprettande damer og reklame for Tena lady.

Kva kostar ein trampoline? Fyrst tenkte eg å kjøpa ein billeg på Europris, men så såg eg prisen. Utan nokon kunnskap på feltet hadde eg trudd han kosta 1500 kroner, men den minste og rimelegaste trampolinen kosta 3599. Skulle eg ha ein større, og det ville eg jo, låg han på 5499.

Skal eg fyrst ut med så mykje, skal det vera skikkeleg. Så eg byrjar å spørja rundt, gå inn i hagane til folk og få fyrstehandskunnskap om trampoline og bruk. North Trampoline, seier dei, produsert for nordiske forhold. Dei kostar meir, varar lenger, og det er lett å få nye delar om noko vert øydelagt.

Telefonen min fylgjer med, og snart får eg opp gladmeldinga om at no er det 15 prosent avslag på North Trampoline. Tilbodet er ei feiring av at dei er kåra til best i test ein stad.

Eg kjøper ein. Ikkje den dyraste til 58.990 kroner, men den til 17.640 minus best i test-tilbodet, altså 14.994 kroner. Han er oval, 3,5 x 5 meter på det største og over tre meter høg.

– Eit tips, sa svigerinna mi.

– Det er å plassera trampolinen ein stad der du lett kan sjå han, for det kjem til å bli mykje roping om: «Sjå på meg no! Sjå no! Og no!»

Eg plasserer han på plenen, lett synleg frå kjøkenvindauget og for alle som passerer huset.

På kort tid har han, som den største trampolinen i nabolaget, vorte eit nytt naturleg samlingspunkt for borna, nett som bassenget til Homer Simpson.

Dei trakkar av seg skoa på plenen, går opp stigen og inn ei glipe i nettet – ein portal til ei lukka verd – så er dei i gang. Dei spelar fotball, basket, har tikken og brytekamp. Alt dette dei tidlegare gjorde inne, mellom masinga om meir skjermtid, gjer dei ute.

Og dei snakkar høgt. Det er som dei gløymer at sikringsnettet ikkje er lydtett, at folk rundt kan høyra alt dei konverserer om.

Trampolinen er som eit partytelt på ein hagefest. Eg synest eg høyrer stemma til svigerinna mi seia: Plasser partyteltet ein stad du lett kan sjå det, for det kjem til å bli mykje roping.

Er det ikkje rart korleis ein kan setja opp nokre stoffveggar i open luft, og brått kjennest det som å gå frå det offentlege rommet til ein privat sfære, berre for inviterte?

Den siste månaden har eg hoppa på trampoline og vore på hagefest med partytelt. Eg kan ikkje unngå å sjå likskapar mellom desse to. Begge stadar handlar det om å finna ein balanse med dei andre, elles fell du på eit vis.

Det er noko med meg, med andletet mitt, som eg har slite med heile livet. Nesten uansett kva folk snakkar om, ser eg interessert ut. Eg er eit lett bytte for keisame monologar. Barnebarn, sjukdomar og nestenulukker – nokre tema og situasjonar er eg så lei av å høyra om at eg helst berre vil snu meg og gå, men dette får eg meg ikkje til å gjera. I staden vert eg ståande med eit andlet som oser av høfleg interesse og skrik etter meir. «Nei og nei, møtte du på ein bil som køyrde midt i vegbanen og ikkje heldt sida si? Fortel meir, fortel meir!»

Det er som å stå i midten på hoppeduken og la dei andre rundt meg ta føre seg av hoppinga, medan eg pustar i utakt og spenner kroppen utan å koma meg vekk.

På hagefesten lærte eg korleis eg kan koma meg frå ei slik samtale utan at motparten vert brydd. Å finna glipa i sikringsnettet og krypa ut.

Eg observerte fotarbeidet til dei mest drivne minglarane, korleis dei nærast dansa seg inn og ut av samtaler, som ein minglevals. Dei kunne stå i ei samtale, men når det var nok, tok dei eit steg bak, såg til sida og møtte blikket til nokon andre, eller lét som dei møtte blikket til nokon andre, og kunne gå frå samtala.

Ved å ryggja snur du ikkje ryggen til nokon. Du går ikkje frå, men du går tilbake, for så å halde fram i ny retning. Slik treng du ikkje sjå over og forbi andre.

Eg prøvde sjølv. Det å koma inn i ei samtale slit eg ikkje med. Har eg fyrst møtt blikket til nokon, har dei meg. Då vert eg ståande med det opne andletet mitt og lytta med augo, nasen og munnen. Øyro er det fyrste eg sluttar å lytta med, iallfall om det føregår ei anna, meir freistande samtale like ved.

På denne hagefesten verka det som mange var inviterte på grunn av arbeidssituasjonen sin, som dei elska å fortelja om. Men det er grenser for kor mange arbeidssituasjonar eg maktar å høyra om, og grensa mi går tydelegvis ved to. Då den tredje personen byrja å fortelja om eit spanande og nyskapande prosjekt på jobben, smilte eg nikkande, tok eit steg bak og møtte eit fiktivt, kjent blikk ti meter til høgre for meg. Kvips, så var eg ute av sikringsnettet og på veg ned stigen.

Bart Simpson vert skadd i eit mislukka stup og innlagd på sjukehus. Det gjer at veslesystera Lisa vert den mest populære i Springfield. Alle vil vera ven med henne.

Men gleda er kortvarig. Ein nabo kjøper eit større og betre basseng, og då er det dit alle vil gå for å bada.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis