Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Indias radikale samvit

Den maoistiske geriljarørsla inviterte henne inn i dei store indiske skogane.
Arundhati Roy tok i mot invitasjonen, og i dag sympatiserer ho med geriljaen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Oslo budde Arundhati Roy (58) på Litteraturhuset, og ho reiste derifrå med ønske om eit liknande hus i New Dehli.

Foto: Ottar Fyllingsnes

11727
20170929

Arundhati Roy

Indisk forfattar og aktivist.

Debuterte med romanen Guden for de små ting (1997), som gav henne Man Booker-prisen, selde i åtte millionar eksemplar og blei omsett på 40 språk.

Har skrive fleire kontroversielle bøker og essay om aktuelle tema.

Aktuell med roman nummer to – Ministeriet for den høyeste lykke.

ottar@dagogtid.no

Ho er den mest profilerte, kvinnelege forfattaren i India. I den eine saka etter den andre har ho engasjert seg mot den rådande politikken i landet. Det gjeld både globaliseringa, den storstilte dambygginga, striden mellom nasjonalistiske hinduar og muslimar, satsinga på atomvåpen og sjølvstendestriden for Kashmir, med meir.

Det er tjue år sidan Arundhati Roy gav ut sin første roman, Guden for de små ting. Boka vart ein kjempesuksess; ho selde i åtte millionar eksemplar og kom ut i 42 land. Roy hamna på framsidene i aviser og blad verda over, og Time Magazine hadde henne med på ei liste over hundre personar med største påverknad i verda. No er Roy ute med ny roman, den andre på tjue år: Ministeriet for den høyeste lykke, som er tileigna «de utrøstede».

– Eg tenkjer både på fattige og rike. Også rike kan trengja trøst, seier Roy.

Boka fekk stor merksemd då ho kom ut i India, og skapte debatt. Guden for de små ting gav Roy den prestisjefylte Man Booker-prisen i 1997, og også den nye romanen hamna på langlista til Booker-prisen, men kom ikkje med i finalen.

I tida etter debutromanen har Roy valt å leggja større vekt på å vera politisk aktivist heller enn å vera skjønnlitterær forfattar. Som politisk aktiv på venstresida har ho engasjert seg sterkt i mange saker i heimlandet: Ho har kritisert den sitjande regjeringa til statsminister Narendra Modi og det hindunasjonalistiske partiet. Roy har vorte stemna for retten fleire gonger, men har berre så vidt fått prøva ei fengselscelle.

Ministeriet for den høyeste lykke kom ut i India i sommar, og den siste tida har ho vore på reise for å snakka om boka og det som skjer i India. Nyleg var ho i Oslo, og derifrå reiste ho vidare til litteraturfestival i Stavanger, Helsingfors og den store bokmessa i Gøteborg.

Det er ti år sidan Litteraturhuset inviterte henne til Oslo. Då ho endeleg kom, samla ho fleire fulle salar to dagar på rad, og ho formulerte seg krast om sider ved det indiske samfunnet som nordmenn veit lite om. Dei siste åra har norske media brukt lite spalteplass på India, og Roy formidla sterke synspunkt på eit samfunn som synest å vera pepra av konfliktar og dramatikk. Éin gong inviterte den maoistiske geriljaen Roy inn i dei store skogane i India. Ho var der i fleire veker, og etterpå skreiv ho om geriljaen.

– Det var ei merkeleg og svært spennande tid, men det var også svært vanskeleg å vera vitne til krigen som vart ført mot det fattigaste folket i landet. I dei store skogane bur det innfødde stammefolk, men gruveselskap trengjer inn. Dei som bur der, må flytta ut, men vil ikkje. Difor har dei skaffa seg våpen og starta geriljakrig.

– Det vart ført krig medan du var saman med geriljaen?

– Ja, men det er snakk om eit svært stort område. Det var åtak på landsbyar, og kvar natt måtte me ut og gå av di det ikkje var trygt å vera der me var.

– Var du ikkje redd?

– Jau, men eg var varsam, og det var ikkje kampar heile tida.

– Har geriljaen sjansar til å vinna denne kampen?

– Ja, det kan dei, om ikkje regjeringa gjer slik som regjeringa gjorde på Sri Lanka: Dei bomba, skaut og drap vanlege folk. Så langt har det vore vanskeleg å gjera noko slikt i India. No er det dessutan nedgang i den globale økonomien og mindre press frå gruveselskapa.

– Sympatiserer du med geriljaen?

– Ja, eg har sympati med folk som kjempar for landet sitt, og som ikkje vil flytta. Men dersom krigen vert langvarig, kan mykje skje, og folk kan verta opportunistiske og kollaboratørar.

– Vart du møtt med kritikk etter opphaldet hjå geriljaen?

– Ja, sjølvsagt, og det vart hevda at eg støtta terrorisme, men eg vart ikkje straffa på noko vis. Det er feil å kalla geriljaen terroristar.

Roy fortel at fleire tusen er med i geriljaen, og at halvparten av dei er kvinner.

– Det er farleg å vera kvinne i dette området. Det tradisjonelle samfunnet er svært undertrykkjande. Det er eit fattig område, og livet er hardt for dei som held til der. Vert dei sjuke, er det ingen dokter der, og med soldatane kring seg er det vanskeleg å ta seg ut til marknadane. Vert geriljasoldatane pågripne, vert dei skotne eller fengsla.

– Kva hadde skjedd om du hadde vorte pågripen saman med geriljaen?

– Dei lokale styresmaktene i området er sterkt høgreorienterte hinduar, og det finst aktivistar som har sete fengsla i mange år. Som journalist har du rett til å reisa inn i området, men G.N. Saibaba, som er professor og rullestolbrukar, sit fengsla på livstid, etter at han vart stempla som maoist-terrorist.

Arundhati Roy er lita og vever, blid og imøtekomande. Det er vanskeleg å skjøna at ho har kraft til å tala det indiske maktapparatet midt imot, men ho gjer det stadig. Den sterke opposisjonen kjem tydeleg til uttrykk også i den nye romanen. Representantar for styresmaktene lét det gå hardt utover dei som opponerer, og når både politi og militære styrkar stadig tyr til tortur og våpen, er ikkje eit menneskeliv mykje verd.

Den første delen av Roys nye roman handlar om Anjum, som vert fødd som gut i ein shiamuslimsk familie i Dehli, men som raskt oppdagar at ho er jente – eller transperson. På urdu kallar dei transpersonar hijra – ei heilag sjel fanga i feil kropp. Når Anjum vert 16 år, flyttar ho til eit hus med mange ulike hijras, både muslimar, hinduar og andre. I 2002 hamnar ho midt oppi massakren i Gujarat, som byrja med at sytti hindupilegrimar vert massakrerte. Det fører til hemnaksjonar mot muslimane. I folketrua fører det ulukke med seg å ta livet av ein hijra. Difor slepp Anjum unna, og vender tilbake til Dehli, men ho finn det svært vanskeleg å leva i det normale samfunnet. Ho flyttar til ein gravplass der fleire i familien er gravlagde. Der etablerer ho eit gjestehus med eitt rom kring kvar grav, og eit gravferdsbyrå.

– Er dette mogeleg i India?

– Ja visst, det finst kaffihus kring fleire gravplassar. Det er berre kristne og muslimar som nyttar gravplassane. Hinduane gravlegg ikkje sine døde. Mange muslimar bur i gettoar kring gravplassane, og dei er svært fattige.

– Hijrakulturen i India er gamal?

– Ja, det er snakk om ein tradisjon. Hijraene lever i små samfunn, og dei har ein guru som overhovud. Dei kan tena pengar på å opptre i bryllaup eller fødselsdagsselskap.

Roy skildrar også korleis små barn kan verte funne på gata i Dehli.

– New Dehli er ein storby med 22 millionar menneske. Det er svært vanleg at små barn vert funne, og at folk døyr på gata. I avisene er det vanleg med annonsar der folk etterlyser foreldre eller slektningar.

– Skilnaden på fattig og rik er enormt stor i Dehli?

– Ja, men slik har det vorte over heile verda, men kanskje ikkje i Noreg. Oppgåva til kapitalismen er å skapa skilnader mellom fattige og rike. I India eig hundre familiar store deler av rikdommane. Systemet skaper fattigdom. Rett nok greier enkelte fattige å koma opp i middelklassen, men mange vert skuva endå lengre ned i fattigdom.

– Men den økonomiske veksten har vore stor i India?

– Ja, men det var ein vekst som ikkje skapte arbeidsplassar. Det var ein vekst for landet, ikkje for heile folket. No fell også denne veksten – frå 7,6 til 5,9 prosent. Veksten var til nytte for dei som var privilegerte, men dei to–tre siste åra har også middelklassen fått det dårlegare. Me har store problem framfor oss. Lufta er full av hat og ein slags fascisme. Kvar dag kan ein lesa at mobbar har slege i hel muslimar på gata. Dei kan verta drepne etter å ha ete biff, eller av di dei vert skulda for å eta biff. Jamvel politiet støttar opp under valden.

– I romanen din står offentlege personar bak vald og tortur. Kan det halda fram slik?

– Ja, av di regjeringa stiller seg bak det. Sidan 1920 har dei hatt eit ønske om at India skal vera eit hinduistisk land. Dei demoniserer muslimane, og skaper problem, og når regjeringa er slik, kvar skal ein då finna rettferd? spør Roy.

– I grunnlova heiter det at den indiske staten er sekulær og sosialistisk.

– Ja, men hinduar ønskjer å endra grunnlova, og det kan dei kanskje greia, om dei vinn valet i 2019. Dei endrar historieboka, dei indoktrinerer den nye generasjonen med hat, dei skaper vald mellom unge. Vinn dei det neste valet, kjem det til å verta svært vanskeleg. Kastelause har alltid vore på botnen i samfunnet, og no har også muslimar vorte skubba ned dit. Dei finn ikkje arbeid eller bustad. Det er svært få muslimar i media, sjølv om India har den største muslimske befolkninga i verda, om ein ser bort frå Indonesia.

Deler av Ministeriet for den høyeste lykke går føre seg i Kashmir, som ligg i nord og grensar mot det muslimske Pakistan.

– Der er dei aller fleste muslimar. Berre ein liten del er hinduar, men dei har brukt å styra staten. Det var om lag 300.000, men dei fleste har flytta.

– Meiner du at Kashmir bør verta ein eigen stat?

– Det var ein eigen stat, men ved delinga i 1947 vart Kashmir ein del av India. Eg meiner at folket sjølv må få lov til å avgjera. India har ein halv million soldatar i Kashmir, og er den staden på jorda med tettast militærmakt. Dermed vert det konflikt mellom muslimar og dei militære, og det hender at muslimar vert drepne, men ingen i hæren har måtta møta for ein domstol. Sidan 1990 er 70.000 drepne i Kashmir.

Arundhati Roy tente godt på debutromanen. Hadde ho ønskt det, kunne ho levd på pengane og skrive populære romanar, men ho valde å engasjera seg i samfunnsdebatten, og verte politisk aktivist.

– Alle debattane er knytte saman. Éin ting fører til ein annan ting, som fører til ein tredje. Det er ikkje ulike tema; alle debattane handlar om å sjå på verda. Det viktigaste for meg er finna ut kva det me kallar sivilisasjon, gjer med jorda og menneskeslekta. Det er så lett å sitja langt borte og sjå øydeleggingane, men slaget står ikkje i seminarromma. For å forstå ting skikkeleg, må ein ut for å sjå.

– Du reiste ut for å sjå kva bygginga av det store demningprosjektet i Narmada førte med seg.

– Ja, og eg har skrive mykje om følgjene. Mange hundre tusen måtte flytta, og demningprosjektet førte ikkje til det dei sa, som at folk skulle få elektrisitet og vatn, men til at somme tente svært mykje på utbygginga. I staden for at vatnet gjekk til landsbyane, gjekk det til dei rike, til sukkerfarmar, golfbaner og liknande.

– Var det farleg for deg å engasjera deg i denne debatten?

– Nei, men det kan vera farleg å snakka om Kashmir og konflikten mellom hinduar og muslimar. Ein kvinneleg journalist vart nyleg skoten av ein høgrevridd hindunasjonalist.

– Som politisk aktivist skaper du debatt, og du kan påverka samfunnet med essaya dine. Kan du gjera det same med romanane?

– Det er vanskeleg å måla. Du kan ikkje skriva romanar med tanke på endra regjeringa, men du skaper eit univers med byar og skogar og menneske.

– Du har hevda at du fører samtalar med karakterane dine?

– Ja, dei snakkar framleis til meg. Dei har sine meiningar både om Oslo og andre ting. Dei likar seg godt her, og det gjer eg også. Då me var Tyskland, lo me godt. I romanen reiser fleire av romanpersonane på køyretur i ein Mercedes, og i Tyskland reiste eg frå den eine byen til den andre i ein slik bil. Me lo og gledde oss over at me køyrde Mercedes, seier Arundhati Roy og smiler.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det viktigaste for meg er å finna ut kva det me kallar sivilisasjon, gjer med jorda og menneskeslekta.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis