JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Jakta på det tunge vatnet

Motoren til dei store straumane i verdshava ligg i Arktis. Me duvar på leit etter det tyngste vatnet i verda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Førsteamanuensis Ragnheid Skogseth (t.h.), professor emeritus Tor Gammelsrød og doktorgradstipendiat Eli Anne Ersdal på tråldekket til «Helmer Hanssen». Dei undersøker kva som skjer med havet og fjordane på Svalbard.

Foto: Line Nagell Ylvisåker

9156
20180914
9156
20180914

Vitskap

line@ylvisaaker.com

Det er så godt som vindstille, berre dønningane gyngar forskingsfartyet «Helmer Hanssen» sørover langs Vest-Spitsbergen. Havhestar følgjer skipssida. Her og der ser me blåsten frå kval. Under skipet går motorvegen med varmt atlanterhavsvatn frå Mexicogolfen, ei forlenging av Golfstraumen kalla Vestspitsbergstraumen.

Ein gråskjeggete mann med brillene litt nede på naserota og smilande auge under buskete bryn har følgt havstraumane heile sitt vaksne liv. Tor Gammelsrød er professor emeritus i oseanografi ved Universitetet i Bergen og Universitetssenteret på Svalbard (Unis).

– No skal me sjå om me finn verdas tyngste og kaldaste vatn, om me set ny rekord, seier han.

Målet for studietoktet er den grunne Storfjorden aust for Spitsbergen. Denne fjorden kan fungere som eit laboratorium for å studere produksjonen av is og tungt vatn.

Varmt, salt vatn overtek

Dei siste åra har det blitt varmare både i lufta og i vatnet her nord. Aldri før har iskarta til Meteorologisk Institutt vist så lite is rundt Svalbard på sommaren som i år. Isen smeltar både ovanfrå og frå undersida.

– Det varme, salte atlanterhavsvatnet, som tidlegare gjekk som ein djupare straum, har no kome heilt opp i overflata. Det har teke over domenet til det ferske, kalde, arktiske vatnet som tidlegare låg og beskytta isen, seier Gammelsrød.

Vatnet er lagdelt etter tyngde. Jo kaldare og saltare vatnet er, jo tyngre blir det. Om sjøvatnet blir kjølt ned til frysepunktet på rundt minus 1,9 grader, byrjar det å danne seg is. Saltet blir skilt ut og sig ned i vasslaga under. Når dette vatnet blir kaldt og salt nok, søkk det ned mot botnen. På grunt vatn, som i Storfjorden, kan vatnet bli kjølt ned og salta i fleire rundar, dersom tilfrysinga er stor.

– I Storfjorden finn ein det tyngste vatnet i verda. Der er det atlanterhavsvatn tilgjengeleg og stor produksjon av is. Det vert spanande å sjå kva me finn, no når temperaturen i havet stig og vintrane blir mildare, seier Gammelsrød.

Tyngst i 2002

I 2002 jobba Ragnheid Skogseth med doktorgraden sin om djupvatn i Storfjorden. I april det året viste målingar ein minus 1,9 grader kald botnstraum, og saltinnhaldet var rekordhøgt, over 35,8 promille. Det er det tyngste vatnet som er målt.

– Den vinteren var det vindar frå nordaust som frakta isen ut av Storfjorden. Det vart danna store, opne område i den elles isdekte fjorden. Der kom vatnet i direkte kontakt med den kalde atmosfæren, seier ho.

Dei kalde vindane førte til kontinuerleg produksjon av ny is, og dermed salt som dryssa ned i vatnet under. I tillegg til at vatnet var salt då frysinga starta, førte altså den store produksjonen av is til at vatnet som samla seg i Storfjorden, vart rekordsalt.

No er Skogseth førsteamanuensis ved Universitetssenteret på Svalbard. Ho står på dekket til «Helmer Hanssen» i gummistøvlar og ser til at instrumenta som måler straum, temperatur, salt- og oksygeninnhald i vatnet, fungerer som dei skal. Forskarane hentar òg prøver av vatn frå ulike djupner.

Skogseth spør om dei ansvarlege studentane har skylt prøveflaskene tre gonger slik dei skal, for å sikra at dei ikkje inneheld ureining som menneskeleg salt. Det har dei.

– Det er utruleg små mengder salt som styrer straumane i havet. Det har alltid fascinert meg at ein promille salt spelar ei så stor rolle i havsirkulasjonen, seier ho.

På 1000 gram vatn trengst det berre eitt lite havsaltkorn for å auke saltinnhaldet frå 34 til 35 promille. Det aller meste av vassmassane i verdshava har eit saltinnhald innanfor denne promillen. Men dei små skilnadene i saltmengd driv storparten av straumsystema på kloden, saman med temperaturskilnadene mellom ulike vassmassar.

Fangar straumen

På tredje dag av toktet er me framleis ute på ope hav for å fanga Vestspitsbergenstraumen og sjå kor langt opp i vassøyla det varme atlanterhavsvatnet ligg. Båten gyngar svakt i dønningane medan måleinstrumenta går ned i vatnet gong på gong for å kjenne på straumane.

I instrumentrommet sit Tor Gammelsrød på huk ved skjermen som viser grafane på den tolvte målestasjonen i straumen. Ekkoloddet viser 1473 meter.

– Dette er ikkje så verst, skal eg seie deg. Overflatetemperaturen her er åtte grader. Det er atlanterhavsvatn heilt oppe i overflata, og eg trur aldri me har sett så varmt overflatevatn her før. Det er rekord! seier han energisk.

Den pensjonerte professoren hukar seg ned bak ein student ved ein dataskjerm og peikar på resultata.

– Det er rart at vatnet klarer å halda temperaturen så stabil så langt nord, seier Gammelsrød.

Tek imot varmen

Men denne rekorden er ikkje så mykje å ropa hurra for. Kloden blir stadig varmare. Dei siste 100 åra har temperaturen i atmosfæren stige med om lag éin grad. På same tid har havet blitt varma opp 0,1 grad.

– Størsteparten av varmeenergien vert fanga i havet. 90 prosent av energien går hit, medan rundt tre prosent går til atmosfæren. Resten blir fanga på land.

Havet har mykje større kapasitet for varmelagring enn lufta har, forklarer Gammelsrød.

– Ti meter vassøyle svarar til heile atmosfæren. I tillegg er varmekapasiteten til vatn fire gonger så stor. Det betyr at å varme opp atmosfæren éin grad krev same varmeenergi som å varme opp verdshava éin grad ned til 2,5 meters djup, seier han.

Den store motoren

Produksjonen av det kalde, tunge vatnet som søkk ned til botnen av vassøyla i Arktis og Antarktis, er kjølesystemet i havet og motoren som held havstraumane i gang. Mindre nedkjøling kan gi mindre av det tunge vatnet, noko som vil påverke havsirkulasjonen. Mange har hevda at eit mildare klima i nord kunne føre til at Golfstraumen stoppa.

– Teorien er at når det blir danna mindre tungt botnvatn i Arktis som skal sørover, blir mindre varmt golfstraumvatn trekt nordover, og det vil bli kaldare langs norskekysten. Men det er ein del kompliserte samanhengar som gjer at me ikkje er heilt sikre på om det blir slik, seier Gammelsrød.

Den varme straumen frå sør har stogga tidlegare. Då breane på det nordamerikanske kontinentet smelta på slutten av den siste istida, danna det seg ein diger innsjø. Då demninga brast, rann smeltevatnet ut i havet og danna eit lok over den nordlege Atlanteren. Overflatevatnet vart ikkje lenger salt og tungt nok til å søkka ned til botnen, så Golfstraumen stoppa opp.

– Det er det same ein er redd for no, dersom vintrane blir mildare og det ikkje vert danna så mykje is. Då vil ein heller ikkje få så mykje kaldt vatn som søkk ned. Men me har ikkje sett teikn til at Golfstraumen har blitt svakare. Me ser heller at han vert meir dominerande. Atlanterhavsvatnet vert varmare og legg seg i overflata, medan det tidlegare vart avkjølt på vegen nordover og dukka under det lokale arktiske vatnet, seier Gammelsrød.

Nedkjøling og saltdryss

Me måler ferdig tverrsnittet over Vestspitsbergenstraumen og set kursen mot sørspissen av Spitsbergen. Det tek eit døger før «Helmer Hanssen» har runda Sørkapp og når fram til første målestasjon i Storfjorden. Båten er framme midt på natta, og målingane byrjar straks. Først i dei grunnaste områda, så dei djupaste. Gammelsrød og Skogseth er spente.

På føremiddagen er det Gammelsrød som er på vakt i instrumentrommet saman med ei gruppe studentar.

– På denne målinga bør me sjå han. Om den kalde straumen ikkje er her, er det ikkje så mykje håp.

Professoren set seg på kne ved dataskjermen for å sjå på kurvene som byrjar å teikne seg.

– Det er ikkje kaldt nok og ikkje salt nok heller. Det blir ikkje ny rekord, men det er det kaldaste hittil, seier han.

Kurvene stoppar på minus 1,8 grader. Gammelsrød meiner dette truleg er modifisert atlanterhavsvatn som kom inn Storfjorden og vart tungt gjennom nedkjøling og eit lite saltdryss frå tilfrysinga i overflata, men det kan òg vera avkjølt arktisk vatn.

Vonbrot

Dagen etter durar «Helmer Hanssen» vidare, og no nærmar han seg ei ny djupn der det tunge vatnet kan ligga.

Tor følgjer med på kurvene.

– Kom an, kom an, under null, ja, der er det! seier han på engelsk til studentane rundt.

– Er det rekord, eller? spør ein av dei.

– Nei, det er skikkelig dårleg. Det var minus 0,6 grader. Men det var kaldare enn på førre stasjon, seier professoren.

Døra til instrumentrommet går opp, og Ragnheid Skogseth kjem inn.

– Me fann den kalde straumen i natt. Eg markerte han i skjemaet, seier ho og blar fram til eit ark med mange tal og kolonnar.

Men ny rekord er det ikkje. Også Skogseth kom til minus 1,8 grader og eit saltinnhald på 34,9 promille.

– Det har nok ikkje vore veldig mykje frysing i vinter. Uansett vitnar observasjonane om langt mindre isfrysing enn i 2002, konkluderer ho.

Den kalde motoren i nord driv framleis dei store straumane jorda rundt, men temperaturen stig i havet.

Forskingsskipet set kursen attende til Longyearbyen. Ikkje ein isknult er å sjå langs leia vår.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Me har ikkje sett teikn til at Golfstraumen har blitt svakare. Me ser heller at han vert meir dominerande.

Tor Gammelsrød

– I Storfjorden finn ein det tyngste vatnet i
verda.

Tor Gammelsrød, professor
emeritus

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis