Luther, Marx og Wojtyla
KRAKOW: Kombinasjonen av protestantisme og marxisme har synt seg som ei uvanleg vellukka oppskrift på avkristning.
Ikkje berre i heimbyen hans, Krakow, men overalt på ferda frå Island til Italia møter eg Karol Wojtyla, poeten og paven, som i denne vindaugsutstillinga til eit voksmuseum i Roma.
Alle foto: Håvard Rem
Kristendomen i Europa
Håvard Rem vitjar europeiske kyrkjelydar for å finna ut korleis stoda er for kristendomen.

AUST-EUROPA
post@rem.no
Kristentrua i Europa er meir svekt i protestantiske enn i katolske land. Om ein ser på avkristninga som eit gode eller vonde, kan ein uansett undrast: Kvifor har katolisismen eit sterkare immunsystem mot avkristning enn det protestantismen har?
1517 og 1917
Året me har lagt bak oss, gav merksemd til markeringa av to hendingar, den protestantiske reformasjonen og den sovjetiske revolusjonen, som har endra europeisk trusliv, med 1517 og 1917 som merkeår, med Martin Luther og Karl Marx som ikon.
Frå 1500-talet hugsar me årstal som knyter seg til reformasjonen, i mange land med den fyrste bibelutgåva på folkemålet som eit merkeår. På 1900-talet er viktige merkeår knytte til kommunismen: 1917 i Russland, 1956 i Ungarn, 1968 i Tsjekkoslovakia, 1980 i Polen, 1991 i Romania og så bortetter.
Aller svakast står kristentrua i dei landa som har ei historie med både protestantisme og kommunisme, syner tal frå ulike religionsundersøkingar. Saman har Luther og Marx vore dynamitt under kyrkja.
Men vart ikkje den nasjonale kyrkja styrkt av reformasjonen? Jau, men ikkje nok til å stå imot ei marxistisk rørsle som – i likskap med til dømes katolisisme og islam – var internasjonal og universalistisk. Polen er eit døme på at det nasjonale i seg sjølv ikkje er nok til å reversera avkristninga.
KAROL WOJTYLA
På vegen frå Akureyri til Roma er eg komen til det geografiske og historiske hjartet av Sentral-Europa, Krakow. Klok av skade bur eg i den jødiske bydelen. Gamlebyen, ein støyande marknadsstad, fer eg til for å sjå det gule huset der Karol Wojtyla budde som erkebiskop i 1966, då kommunistpartiet nekta pave Paul VI innreise.
Alt året etter vart Wojtyla utnemnd til kardinal, og då han etter drygt ti år vitja heimlandet, no som pave Johannes Paul II, endra det europeisk historie. Ein million menneske møtte til messa han heldt i Warszawa i 1979. Moskva våga ikkje anna enn å sjå på.
Vitjingane hans i 1979, 1983 og 1987 var spikrar i kista til sovjetkommunismen. Yale-professor og Pulitzer-vinnar John Lewis Gaddis, av New York Times omtala som den fremste kald krig-historikaren, skriv: «Då pave Johannes Paul II kyssa bakken i lufthamna i Warszawa, byrja han den prosessen som gjorde ende på kommunismen i Polen og etter kvart i heile Europa.»
Kva om Polen hadde vore protestantisk? Kva om den polske motreformasjonen aldri hadde skjedd? Kven skulle lutheranarane ha sendt til landet for å styrkja nasjonale rørsler og tala Moskva midt imot?
Generalsekretæren i Det lutherske verdsforbundet, som frå 1985 var Gunnar Stålsett, hadde neppe endra europeisk historie, og truleg ikkje påverka kommunistane i særleg grad, så sekulariseringa kunne ha gått sin gang, og Polen ville i dag ikkje ha uroa Vest-Europa med ei politisk sterk, nasjonalkonservativ kyrkje.
OPPVEKST
Hausten 1939, då Wojtyla var 19 år gamal student her i byen, vart Polen angripen av sovjetiske styrkar frå aust og tyske styrkar frå vest. Kommunistane og nasjonalsosialistane delte landet mellom seg slik Hitler og Stalin hadde vorte samde om. Krakow fall på tyske hender. Wojtyla overlevde av di han som idrettsmann hadde helse til å halda ut åra med tvangsarbeid, medan polske intellektuelle med mindre muskelmasse døydde i konsentrasjonsleirar.
Oppveksten hans var tung, politisk som privat. Som vaksen fortalde han: «Då eg var tjue, hadde eg mista dei menneska eg elska.» Som gut i ein fattig familie opplevde han at mora døydde i barsel og storebroren, ein lege, av smitte frå pasientar, og under krigen døydde brått far hans. Samstundes mista han minoritetsvenene sine. Ungdomsforelskinga hans var ei jødisk jente, og når polske og jødiske gutar spela fotball, var Wojtyla gjerne målvakt på det jødiske laget. No vart han vitne til at dei vart utrydda. Sjølv berga han nokre få.
Dei drygt fire åra under nasjonalsosialismen vart følgde av drygt førti år under kommunismen. Då tyskarane flykta tidleg i 1945, tok Sovjet heile Polen. Og slik nasjonalsosialistane hadde forbode presteseminaret, så Wojtyla måtte studera i skjul, stengde kommunistane Det teologiske fakultet i Krakow der han arbeidde med doktorgrada. Samstundes internerte kommunistane leiaren for den polske kyrkja, kardinal Stefan Wyszynski, av mange kalla «den ukrona kongen av Polen».
AUST OG VEST
Medan vesteuropeisk gudløyse stig jamt med breiddegradane, finn me i Aust-Europa dei mest avkristna og kristne landa side om side. To gode døme, av di dei er så ulike, er Estland og Polen.
Som nabo til Norden vart Estland protestantisk, og som nabo til Sovjet vart landet sidan kommunistisk. Kombinasjonen av Luther og Marx har nær gjort ende på kristentrua i landet, som no er det minst kristne i Europa. Ein av ti er medlem i den lutherske kyrkja, 18 prosent trur på Gud.
I same avstand frå Moskva ligg Polen som eit døme på det motsette. At landet i dag er av dei mest kristne i Europa, heng saman med motreformasjonen. Etter å ha svekt lutherdomen i landet, styrkte katolisismen den motrevolusjonen som svekte kommunismen. I dag er ni av ti polakkar kristne og medlemer av kyrkja.
SKANDINAVIA
Kvar høyrer Skandinavia heime i dette biletet? Rett nok vart me reformerte og rett nok er kristentrua svekt, men me vart då aldri underlagde Moskva?
Heime har kulturradikalismen kome som ein sovjetrevolusjon i langsam kino. At det for 95 år sidan kom til eit brot mellom Moskva og det som i generasjonar vart det statsberande partiet i Noreg, tydde at den avkristninga som vart innført med revolusjon og vald i Russland og Aust-Europa, kom seint og parlamentarisk i Skandinavia. Men ho kom.
Viktige kulturradikale kampsaker sidan Mot Dag-rørsla, men særleg dei siste 50 åra, vart i Sovjet gjennomførte alt for 100 år sidan. Sovjetinspirerte døme er svekking av nasjonsomgrepet og statleg skule utan bibelsoge, og for både kulturradikale og kristne har abortspørsmålet vore viktig. Fri abort innførte Sovjet alt i 1920, nær 60 år før lova kom i Noreg, eit par år forseinka av kristensosialisten Otto Hauglin (SV).
Medan ingen luthersk biskop i Noreg i dag vil eller kan motsetje seg fri abort, vil og kan dei katolske. Eitt av kyrkjebreva som gjer greie for det katolske abortsynet, hadde ei bok av Karol Wojtyla, Kjærleik og ansvar (1960), mellom premissleverandørane.
Somme av dei ein gong så radikale ideane i sovjetrevolusjonen, til dømes kvinner i arbeidslivet, vinn fram òg der kapitalismen har teke over for kommunismen, og vert berre seinka av andre universalistiske livssyn som katolisisme og islam. Noko av det som har gjort mest inntrykk på meg i Moskva, er bronsestatuane på metrostasjonen under Revolusjonsplassen. I Sovjet synte ein stolt fram, for verda og for æva, kvinner som bønder, kvinner som studentar og kvinner som diskoskastarar – for 80 år sidan, i 1938.
Men det høyrer med til historia at då hadde Sovjet i mellomtida forbode fri abort, av omsyn til fødselstala og den demografiske balansen i landet mellom to verdskrigar – liknande omsyn som i dag gjer at ikkje berre det katolske, men òg det politiske Polen ynskjer ei meir restriktiv abortlov enn den som kom med kommunismen.
VILLA DECIUS
I den storslåtte renessansebygningen Villa Decius utanfor Krakow – bygd i den polske gullalderen på 1500-talet, no eit senter for kulturutveksling – et eg middag med direktøren, Danuta Glondys. Ho har vore kultursjef i Krakow og underviser i interkulturell kommunikasjon ved universitetet der Karol Wojtyla i si tid studerte og underviste. Den verdsvande kvinna er alvorleg. Verksemda ho driv i Villa Decius, har sett betre dagar. Ho fortel:
– Me er svartelista av regjeringa i Warszawa av di me er multikulturelle. Før fekk me finansiell stønad, men ikkje no. Utan stønad frå Vest-Europa overlever me ikkje.
– Kva med det liberale Polen?
– Den liberale eliten her skjønar ikkje kva som skjer. Retorikken deira er utdatert. Elles ville dei ikkje ha tapt valet. Det vert inga forandring i åra som kjem.
– Kva med dei unge?
– I ei førelesing nemnde eg at Jesus var jøde. Ein student svarte: «Han var ikkje jøde, han var Messias.» Orban og Kaczynski meiner at kristendomen skal sameina Europa. Dei skjønar ikkje at Europa er multireligiøst. Eg skammar meg. Dei syner ikkje respekt for andre kulturar og religionar. Polen og Ungarn er attende på 1900-talet: Kinder, Kirche, Küche.
Kjøkenet er framifrå og bygningen er praktfull som ei kyrkje, men samtalen over dei herlege rettane – prega av at det no er sesong for graskar – er dyster som ei Halloween-maske. Glondys seier:
– Fornuftas tid er over no.
IMMUNSYSTEM
At samanbrotet til sovjetkommunismen byrja i Polen, med vitjinga til Wojtyla, er ikkje tilfeldig. Den marxistiske legeringa av internasjonalisme og ateisme møtte her ei motsett legering av nasjon og religion. Men i ein breiare europeisk samanheng: Kva gjer at kristentrua held seg betre i katolske enn i protestantiske land?
Medan katolisismen er universalistisk, vantar lutherske kyrkjer ein global overbygning. Strukturelt er dei nasjonale, jamvel om leiarane står fram som nasjonalskeptiske. Det universelle i liberal lutherdom, menneskerettane, må protestantane dela med ateistar og humanistar. I ei tid med sterk globalisering og aukande folkevandring veks katolisismen mellom anna i dei europeiske landa med høgast innvandring, som jo er dei protestantiske.
Luthersk lære legg meir vekt på logos og rasjonalitet, medan mythos og magi har større plass i katolisismen. Vitskapen kan plukka frå kvarandre den bibelsk skapinga og oppstoda som fakta og fornuft, men ikkje som figur og forteljing. Medan luthersk gudsteneste krinsar om ei preike som speglar samtida, vektlegg katolsk messe det eldste verkemiddelet i all formidling og fellesskap: repetisjon, repetisjon av ord og handling, av magiske bøneformlar og sakrament.
Dei historiske røtene har tydd ein del. Under reformasjonen heldt den romersk-katolske kyrkja stand i det tidlegare Romarriket, i ein struktur kyrkja vidareførte, i område som hadde vore kristne i kring tusen år. Lutherdomen vann fram i område utanfor Romarriket, område der førkristen tru hadde vore levande fram til berre eit par hundreår før Luther.
Endå eit punkt: Med Jesus, det fremste ikonet i europeisk historie, har kristendomen eit Janus-andlet. Jesus har to andlet – den krossfesta og den oppstadne – om ikkje i røynda, så i forteljinga. Liberal lutherdom sit attende med ein historisk Jesus, eit godt menneske, men eit tvilsamt førebilete å internalisera som kollektiv sjølvforståing: Som sivilisasjonsikon og identifikasjonsobjekt vert Jesus då eit offer utan soning, eit martyrium utan oppstode, eit nederlag utan siger. Som eit kyrkjeår med jol, men utan påske, ei høgtid der lutherske kyrkjer står tomme medan katolske og karismatiske – to konfesjonar som med ei felles oppstodetru finn kvarandre i mange land – vert fylte.
Førebilete verkar gjerne sterkast der dei ikkje vert erkjende. Fråfalne lutheranarar liknar halv-Jesus-ar som ber verdas og Vestens skuld medan dei vender det andre kinnet til og messar ord frå krossen over ikkje-vestlege: «Tilgjev dei for dei veit ikkje kva dei gjer.»
POETEN
I dag veit me at bandet mellom polakkane og kyrkja deira vart styrkt av dei bitre erfaringane med ikkje-kristne, tilsynelatande meir rasjonalistiske ideologiar frå aust og vest.
Korleis den unge Karol Wojtyla opplevde det, veit me òg ein del om, av di han som poet i åra etter krigen skreiv og publiserte mange dikt. Eitt av dei, «Den intellektuelle», er omsett til norsk av Rolf Jacobsen, sjølv poet og katolikk.
Intellektet berøver livet
dets mangfoldighet og fortryllelse,
lengselen efter eventyr, spontaniteten
og beruselsen.
De stenger det inne i sine formler
og sine absolutter,
så det tetner til og blir stumt,
og kjenner sulten i seg
efter en mening med det hele.
Riv ikke grensene.
Vi behøver dem alle.
Menneskets veier vandrer
alltid i tankens fotspor.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kven skulle lutheranarane ha sendt for å tala Moskva midt imot? Gunnar Stålsett?
Heime har kulturradikalismen kome som ein sovjetrevolusjon i langsam kino.
Legeringa av internasjonalisme og ateisme møtte ei motsett legering av nasjon og religion.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»