Eit skrifte-mål for æva
TOSCANA: Trusskiftet i dag går djupare enn reformasjonen.
No gjeld det ei 2000 år gamal førestilling om æveleg liv.
Attmed vegen gjennom eit bustadfelt i Porto Ercole står ein kvardagsleg og ikonisk figur av mor og son.
Kristendomen i Europa
Håvard Rem vitjar europeiske kyrkjelydar for å finna ut korleis stoda er for kristendomen.

Italia
post@rem.no
Skriftemål snakka eg mykje med dei unge om då eg budde i Italia på 1980-talet og sakramentet framleis var viktig og vanleg, tradisjon og mentalhygiene. Men djupast sett handla skriftemålet om det ævelege livet. Utan skriftemålet hadde du ikkje tilgang til nattverd, og utan nattverden hadde du ikkje tilgang til himmelen.
Jamvel om fleirtalet av italienarar framleis er tilslutta kyrkja, har det dei siste tiåra vore eit kraftig fall i talet på dei som går til skrifte. Fallet har vore større enn for andre sakrament. Sakrament som er meir knytt til det jordiske, har halde seg betre. Barnedåp, konfirmasjon og bryllaup er kristne versjonar av overgangsritar som ein finn i mange kulturar, uavhengig av synet på eit liv etter dauden.
Viss forfallet til skriftemålet mellom anna kjem av at det er meir knytt til livet i æva enn til livet her og no, vert neste refleksjon: Kan henda gjeld dei store endringane i europeisk trusliv ikkje fyrst og fremst kyrkjemedlemskap, men førestillinga om eit liv etter dauden. Trusskiftet i dag går truleg djupare enn reformasjonen gjorde for 500 år sidan. Førestillinga om eit liv etter dauden har vore dominerande i om lag 2000 år.
Porto Ercole
På ferda til Roma er det no berre femten mil att, men eg må gjera ein siste stogg. Sørvest i Toscana forlèt eg toget og tek ein buss ut til fiskarlandsbyen Porto Ercole på halvøya Monte Argentario. Hit kom eg ein tidleg vår på 1980-talet, ferdig med eit års militærteneste, fri og med pengar, eit reisestipend, i ein bil lasta med skrivemaskin og bøker. Eg parkerte, blanda meg med dei som gjekk kveldstur på lungomaren, strandpromenaden, og vart der eit kvart år.
Mykje har endra seg sidan den gongen, men ikkje Porto Ercole. Hotellet eg tok inn på fyrste natta, er det same. Det er òg baren nede i hamna der eg fekk ein lokal raudvin, Brunello di Montalcino, som synte seg å vera den beste i landet. Familierestauranten der eg fekk pasta og sjømat, har det same namnet.
Men noko er endra. I tillegg til skriftemåltradisjonen gjeld det tilhøvet mellom kjønna. Då eg budde her, heldt jentene og gutane seg åtskilt i det offentlege rommet – på piazzaen, på stranda, på gata. Ikkje før dei vart eit par, synte dei seg saman. Ikkje før dei gifta seg, flytta guten frå mor til kona. Korleis skulle han elles få mat og naudsynt omsut? Den omstillinga frå patriarkat til likestilling som i Noreg tok eit hundreår, freista italienarane å gjera på eit par tiår, og har som resultat dei lågaste fødselstala i Europa.
Skriftemål
Når bussen køyrer forbi kyrkja, ser eg at døra står open, og det høver godt, for dit vil eg, men to minutt seinare, når bussen har stogga, er ho stengd. Merkeleg. Eg mista kyrkjedøra av syne eit sekund då eg frå bussvindauget såg ei kvinne som gjekk forbi. Ho var kring 50 år og likna Petra som eg vart godt kjend med då eg budde her. Alderen kan stemma. Me brevveksla i nokre år, men mista kontakten. No vil eg helsa på henne.
Når eg kjem ut av bussen, er ho ikkje å sjå. Og kyrkjedøra er lukka. Eg ser på klokka. Eitt minutt over fire. Eg kom på slaget for seint til å sjå att kyrkjerommet.
Petra gjekk latinlina. Engelsken hennar var betre enn italiensken min. Ein dag spurde ho om eg ville gå til skrifte. Ho kjende godt den lokale presten. Eg meinte at eg ikkje kunne gjera greie for alle syndene på italiensk, og takka høfleg nei, slik Petra spurde for å vera høfleg: Eg hadde synt så stor interesse for skriftemål, og hadde fått ho til å fortelja at ho ein gong i året, ved påsketider, gjekk til eit stort skriftemål, i tillegg til eit mindre skriftemål ei gong i veka.
– Har de ikkje skriftemål i Noreg? undrast ho.
– Nei, svara eg.
Ho syntest det var rart at kristne ikkje gjekk til skrifte.
– Det vil seia ... la eg til for å nyansera.
Mot slutten av hundreåret vart skriftemål vanlegare i den lutherske kyrkja i Noreg, påskunda av prestar som ikkje lenger var så redde for tradisjonar ein forbatt med katolisismen, men tendensen var lite merkbar på 1980-talet. Nei, eg tenkte på ein heilt ny type skriftemål som var kome i eit kristent miljø eg kjende godt.
– Det er ei kyrkje i Noreg som har byrja med skriftemål no det siste året, sa eg.
Petra ville vita meir.
– Men ikkje i kyrkja, ein skriftar over telefon, sa eg.
På telefon? Ho såg rart på meg. Eg la til:
– Og ikkje berre det. Telefonsamtalen vert kringkasta på radio. På direkten.
No trudde Petra at eg skjemta. Det gjorde eg ikkje. Eg snakka om innringingsprogrammet «Våkenatt» på den fyrste kristne nærradioen i Noreg, OFK-Radio, med OFK som ei forkorting for Oslo Full-evangeliske Kyrkje, grunnlagd av ein fjern figur frå oppveksten, pastoren Hans Bratterud, som hadde etterfylgt far min som bibellærar ved Misjonsinstituttet til Aril Edvardsen i Sarons Dal, i Kvinesdal, før han i 1980 skipa OFK, den fyrste karismatiske kyrkjelyden i Noreg, etter kvart med eigne radio- og fjernsynssendingar.
Menneske i djup syndenaud ringde til nattradioen og vedkjende seg syndene sine i detalj. Med lovnad om æveleg liv vart dei frelste på lufta og direkten. Petra såg ut som om ho stira inn i ei frykteleg framtid.
Narsissisme
Ei av bøkene eg hadde med meg i bilen, var Den narsissistiske kultur av den amerikanske historikaren Christopher Lasch (1932–1994), ei bok me diskuterte då sommaren kom og eg fekk vitjing frå Noreg. Eg likte analysen av den vestlege selfie-kulturen der overflate og manglande mognad erstattar ei kjensle av fortid og framtid.
Men eit moment sakna eg i analysen til Lasch: Han knytte ikkje augneblink-narsissismen til den kjensgjerninga at trua på eit etterliv var i ferd med å forsvinna.
Det hadde ei forklåring. Lasch hadde ikkje noko tilhøve til førestillinga om æveleg liv. Han fekk alt på 1930-talet ateismen inn med morsmjølka som son av politisk medvetne foreldre på venstresida. Difor skreiv han at «den tradisjonelle trøysta i alderdomen» hadde vore «trua på framtidige generasjonar», utan å nemna trua på eit liv etter dauden, der ein òg møter att sine kjære.
Men det var ikkje heile forklåringa. I Noreg var intellektuelle av same generasjon oftare born av prestar enn av ateistar, men sjølv med ein kristen bakgrunn reflekterte dei særs lite over det brotet med ei ævetru som dei sjølve og generasjonen deira representerte. Kvifor ikkje? Kan henda ville dei vera på høgd med utanlandske intellektuelle som hadde lagt slike problemstillingar bak seg, som var fråfalne i tredje generasjon, ikkje i fyrste, som dei norske.
Marx
Ein som derimot reflekterte over ævetrua, var Karl Marx (1818–1883), fråfallen i fyrste generasjon, med ein far som hadde konvertert frå jødedom til lutherdom for å få løyve til å halda fram som sakførar. Når Marx skriv at «religion er opium for folket», siktar han ikkje til religion som tradisjon og overgangsritar, men til religion som ei førestilling om eit æveleg liv.
Den kjende utsegna til Marx svarar godt til korleis religionshistorikarar ser føre seg at ævetrua etter kvart oppstod som ei av fleire retningar i jødedomen: I hundreåra før tidsrekninga vår var jødane utsette for så mykje sosial urett at det truga trua deira på ein rettvis Gud. Men med trua på ei æve fekk somme av dei reknestykket til å gå opp likevel, for i æva ville dei gode menneska som no opplevde urett på jorda, verta lønte med den rettferda dei fortente.
Eller for å seia det med andre ord, nærare orda til Marx: No kunne dei halda ut den sosiale uretten i dette livet av di rettvisa ville skje etter livet. Ævetrua kom som eit trøystande og passiviserande opiat.
Somme truande vert provoserte av å høyra at ævetrua stod svakt i gamaltestamentleg tid, og berre var eit av fleire alternativ i nytestamentleg tid, men dei får lesa evangelia der det klårt går fram at det mellom dei religiøse leiarane i Judea på Jesu tid, fanst dei som trudde på eit liv etter dauden, farisearane, og dei som ikkje gjorde det, dei lærde saddukearane.
Medan jødedomen heller ikkje i dag har klåre dogme om eit eventuelt etterliv, er ævetrua avgjerande viktig i kristendom og islam, og har vore det sidan Paulus og Muhammed. Difor er det inga lita endring som skjer i levetida vår når ævetrua ikkje lenger dominerer førestillingane til folk.
Den moderne lutherske mellomløysinga – at det gjerne finst ein himmel, men ikkje eit helvete – vil nok syne seg som ei overgangsførestilling, så å seia. Poeten og katolikken Charles Baudelaire (1821–1867) noterte seg: «Folk som ikkje trur på helvete, er folk som har ei personleg interesse av at helvetet ikkje finst.»
Dødssyndene
På strandpromenaden i Porto Ercole finn eg stambaren. Namnet er det same, og over dei same raude borda og stolane heng den same Cola-reklamen med dei same 1980-talsungdomane. Ettermiddagen er stille, og eg får ein lang prat med ho som jobbar der. Ho er på same alder som Petra var den gongen. Når eg spør ho om kyrkja stengde no klokka fire, ser ho overraska på meg. Nei, kyrkja er alltid open, fortel ho. Ja, ikkje at ho går der. Eg vil ikkje seia at ho raudnar når eg då ikkje kan dy meg og spør om ho aldri går til skrifte, men ho smiler inneslutta og ristar på hovudet.
Så går eg til kyrkja. Døra er ikkje låst. Der eg sit i det store rommet, skjønar eg kva som hende. Petra, ho som eg såg frå vindauget då bussen passerte kyrkja, hadde ein avtale om skriftemål med presten. Difor stod døra på gløtt. Difor var ho ute av syne, og kyrkjedøra lukka då eg gjekk av bussen. Kva for ein tradisjon er det ho held i live?
Som dei andre kyrkjegjengarane i Porto Ercole tek ho jamleg del i det kollektive skriftemålet, der heile kyrkjelyden saman vedkjenner seg si synd som ein del av den vanlege messa eller gudstenesta. I Den norske kyrkja er ordlyden: «Heilage Gud, sjå i nåde til meg, syndige menneske, som har såra deg med tankar, ord og gjerningar og kjenner den vonde hug i hjartet mitt.»
I tillegg kjem det private skriftemålet som tek deg gjennom fire fasar: fyrst skuldkjensla eller syndenauda som driv deg til å skrifta; så sjølve syndevedkjenninga som presten lyttar til; så syndeforlatinga som presten gjev deg; og til slutt botsøvinga som han (i katolisismen er det førebels aldri ho) pålegg deg.
Alt for ti år sidan hadde ein tredel av italiensk ungdom aldri gått til skrifte, medan berre 2 prosent gjekk jamleg. Undersøkingar syner at det er i fyrste fase – skuldkjensla – det sviktar. Folk har ikkje lenger ei kjensle av kva som er synd, og kjem difor ikkje i syndenaud.
Medan dåpen er ei førebuing på livet, konfirmasjonen på vaksenlivet og bryllaupet på familielivet, er skriftemålet som sakrament ei førebuing på etterlivet. Det er nok ikkje tilfeldig at syndeomgrepet har vorte svekt samstundes med at førestillinga om eit æveleg liv har vorte svekt.
Rett nok er det berre dei sju dødssyndene som krev skriftmål og syndeforlating som ein føresetnad for æveleg liv på den rette sida, men dødssyndene er ikkje meir uvanlege enn at dei høyrer til kvardagen: ovmot, hækne, vellyst, misunning, fråtsing, vreide og latskap.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein dag spurde ho om eg ville gå til skrifte.
Ho kjende godt den lokale presten.
Utsegna til Marx svarar godt til korleis religions-historikarar ser føre seg at ævetrua oppstod.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»