JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Eurojudaismen

ROMA: Colosseum er eit minnesmerke over den store romersk-jødiske krigen som
smelta tankegods frå Midtausten og Europa saman i ei ny, universell tru: kristendom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Trass i at det har vore skaka av jordskjelv og nytta som steinbrot, står det kolossale amfiteateret Colosseum her framleis, etter 2000 år.

Alle foto: Håvard Rem

11769
20180126

Kristendomen i Europa

Håvard Rem vitjar europeiske kyrkjelydar for å finna ut korleis stoda er for kristendomen.

Italia

post@rem.no

Eg kjem til Roma med eit inntrykk av at Vest-Europa vert avkristna. I Roma er inntrykket eit anna, dels av di tre av fire italienarar trur på Gud og høyrer til kyrkja, men meir av di Roma er global hovudstad for ei tru som veks i verda utanfor Vest-Europa, i land i Latin-Amerika, Afrika og Asia.

Vesteuropearane har vorte ein global minoritet. At dei forlèt kristendomen, tyder lite i verdssamanheng. Samla tel dei ikkje fleire enn folkesetnadene i fire–fem av dei folkerikaste katolske landa i verda. Det vert ein mint på i ein by som er sete for ein pave frå Sør-Amerika og kardinalar frå alle verdsdelar.

Midtausten-rørsla

Dersom det er rett, som eg skreiv førre veke, at det vesteuropeiske trusskiftet i dag går djupare enn reformasjonen, kan ein spørja: eit skifte til kva? Kan ein læra noko av trusskiftet som hende for nær 2000 år sidan? Frå bibelsoga veit me at den tidlege kristne rørsla hadde senteret sitt i Midtausten, men det var i Roma, og ikkje i Jerusalem, rørsla vart ein ny og etter kvart verdsomspennande religion.

Den opphavlege rørsla var ei av fleire Midtausten-rørsler som rekna tempelet i Jerusalem som senteret sitt. Tre hundreår seinare vart rørsla offisiell religion i Romarriket. Kva hende? Det som Midtausten-rørsla vart omforma til, ein vestleg basert verdsreligion, kunne ein i dag ha kalla eurojudaisme. I det uttrykket ligg at ei religiøs rørsle frå Midtausten vart forma om i møte med europeisk kultur.

Josefus Flavius

I eit vinterleg Roma går eg kvar dag fram og attende mellom Pantheon og Colosseum, eit par kilometer kvar veg, mellom to av dei største byggverka som står att frå tida kring år 100, gjennom tronge smau med utandørs servering heile året, gjennom ei samanhengande historie eldre enn tidsrekninga vår.

Til Pantheon går eg for å sitja og lytta ved meisterens føter, eller fot, han har berre éin, den andre er amputert. Roma-kjennar og -cicerone Jan E. Hansen, tidlegare kulturredaktør i Aftenposten, auser av kunnskapane sine frå ein rullestol som er snudd mot Pantheon-fronten, i baren Il Tempio på Piazza della Rotunda. Medan eg som ung pugga Bibelen, pugga han, fødd same år, latin. Han veit alt eg ikkje veit om byen og historia. Berre når samtalen stundom handlar om kristendomens opphav i Midtausten, vert ordet mitt. Men heller ikkje dette feltet er ukjent for Hansen.

– Om du ikkje skjønar at Jesus var jøde og Luther katolikk, skjønar du ikkje noko, seier han med slikt ettertrykk at stolen flyttar litt på seg.

Hansen har rett. Jesus var jøde. Det var òg Paulus, som av mange vert rekna som sjølve religionsstiftaren. Men Paulus var dessutan romar, nett som historikaren som levde og skreiv samstundes med Paulus, Josefus Flavius. Hovudverket hans tek føre seg krigen kring år 70 som forma Midtausten-rørsla om til ein vestleg basert verdsreligion. Den doble statsborgarskapen til dei to forfattarane kan ein gjerne ha i minnet når kristendomen vert definert som eurojudaisme.

Ei ny tru steig opp av oska etter krigen. Den moselova som Midtausten-rørsla heldt heilag, sette Paulus ein strek over då han gjorde det klårt for tilhengjarane at dei no laut fylgja romarretten.

Brannen i Roma

Frå Pantheon går eg til Colosseum for å sjå eit byggverk som fortel om korleis tidleg kristendom vart som han vart. Trass i at det har vore skaka av jordskjelv og nytta som steinbrot, står det kolossale amfiteateret her framleis, etter 2000 år.

I samband med den store romersk-jødiske krigen vart opprørarane like skandaliserte som islamistar har vorte i dag. Josefus skriv at Midtausten-terroristane gøymde dolkar i kjortlane før dei blanda seg med ei folkemengd og hogg ned så mange dei rakk. Dei vart òg skulda for å stå bak den terroren som var med på å utløysa krigen: brannen i Roma i år 64, ein storversjon av brannen i New York 11. september 2001.

Men var det ikkje Nero som sette fyr på Roma? Når skulda for brannen etter kvart flytta seg frå terroristane til keisaren, kom det av at sigerherrane skriv historia. Som me veit, gjekk sigeren på sikt ikkje til keisaren, men til den trua som i det fjerde hundreåret vart offisiell religion i Romarriket. Det vert som om historieskrivarane ein gong i framtida vil skulda president Bush, og ikkje Osama bin Laden, for New York-terroren. Somme gjer det alt no.

Romarane hemna seg nådelaust etter Roma-brannen. Dei gjekk til krig mot heimlandet til terroristane og øydela den store heilagdomen deira, tempelet i Jerusalem, så det «ikkje låg att stein på stein» (Luk 21,5) – som om USA ikkje berre skulle ha invadert land i Midtausten, men òg bomba Mekka sund.

Annalisa Maurantonio

Ein dag får eg fylgje på vandringa frå Colosseum til Pantheon av italienske Annalisa Maurantonio. Ho snakkar flytande norsk etter å ha teke ein doktorgrad i nordistikk ved Universitetet i Roma og assistert ein av professorane der før ho gjekk over til næringslivet og IT-bransjen der ho no arbeider.

Det har ikkje vore terroråtak på italiensk jord, men båe dei to byggverka frå antikken vert vakta av militære køyrety og tungt væpna soldatar.

– Kvifor har Italia sloppe unna terror?

– For det fyrste har me ei god etterretningsteneste. For det andre har me ikkje hatt stridande i Midtausten. For det tredje har me relativt få muslimar samanlikna med til dømes Frankrike, der mange av innvandrarane kjem frå tidlegare franske koloniar i Nord-Afrika, der òg mange terroristar kjem frå.

Ho held fram:

– Og for det fjerde: Me er framleis glade i å gje menneske ein sjanse. Me har ikkje gløymt at me sjølve var flyktningar etter den andre verdskrigen, då italienarar drog til USA og Argentina.

– Kvar står kyrkja i desse spørsmåla?

– Det er det femte punktet mitt. Kyrkja i Italia er vanskeleg å plassera politisk, men paven er på venstresida, svarar Maurantonio som sjølv går fast i kyrkja, i Roma som i Oslo.

– Skapar det fråstand mellom kyrkja og vanlege italienarar?

– Nei. Paven snakkar om fattigdom, immigrantar og arbeidsløyse, men det er politikarane som må løysa det. Før var det gjerne høgresida som orienterte seg ut frå kva paven sa, men no er det venstresida som gjer det.

Fredsfyrsten

Kva låg bak opprøret som enda med brannen i Roma og den store krigen? To generasjonar før krigen, kring år 0, byrja keisar Augustus å skattleggja erobra område i Midtausten. Det er med denne skattlegginga Josefus opnar forteljinga si om kva som leidde fram til krigen i år 66.

Interessant nok: Nett der byrjar òg forteljinga til evangelisten Lukas, med manntalet og skattelegginga, kjend som jole-evangeliet: «I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda» (Lukas 2,1).

Ikkje berre opninga er eins. Så mange er parallellane at den eine truleg må ha lese den andre. Josefus, som skreiv på oppdrag frå keisaren, byrja historia med at ein krigsfyrste kring år 0 vart fødd i Galilea, medan han som hjå Lukas vart avla i Galilea kring år 0, var ein fredsfyrste. Det syner seg alt då foreldra hans dreg friviljug for å skriva seg inn i manntalet. Galilearar var elles kjende for å ofra livet i kamp mot manntal og keisarleg skatt.

Endepunktet hjå Josefus og Lukas er òg eins. Båe skriv at romarane mot slutten av krigen, i år 70, kastar ein voll opp langs murane kring Jerusalem og såleis erobrar byen og øydelegg han så det ikkje ligg stein att på stein. Hjå Lukas er skildringa av Jerusalems øydelegging datert attende til kring år 33, då som ein profeti, men så detaljert at han syner at Lukasevangeliet vart skrive etter 70, truleg etter Josefus, som ei motbok, eit alternativ til den keisarlege versjonen.

Medan Den jødiske krig vart skriven på godt gresk, og vart omfatta av den keisarlege innkjøpsordninga, med eksemplar i dei store boksamlingane i riket, vart Lukasevangeliet skrive på dårleg gresk, mykje av det omsett frå semittiske kjelder, som eit undergrunnsskrift for ei undergrunnsrørsle.

Integrering

Kva låg bak bodskapen om ein fredsfyrste frå Midtausten? Etter ein krig som tok ein million menneskeliv, og som endra dei judeiske tempelkultane av di tempelet no var borte, byrja somme leiarar å arbeida for fred med romarane og integrering i eit Romarrike der heile 10 prosent av folkesetnaden sokna til den øydelagde tempelkulten.

Fyrste bod for integrering – den gongen som no – var at dei med framandt opphav laut fylgja romersk lov og ikkje ei lov gjeven på eit fjell i Midtausten, i dette høvet moselova. Moselova måtte setjast til sides – som om ein euroislamsk forkynnar i dag skulle seia at «no gjeld ikkje sharia og Koranen lenger». Men etter ein krig er alt mogeleg. Eurojudaismen vann.

Den store endringa syner seg i Det nye testamentet. Få år etter at ein opprørsk Peter slår fast at «ein skal lyda Gud meir enn menneske», skriv Paulus til kyrkjelyden i Roma: «Kvar og ein skal vera lydig mot dei styresmaktene han har over seg. For det finst inga styresmakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud.» Han legg til: «Det er òg grunnen til at de betaler skatt.»

Colosseum

Men kva har Colosseum med denne historia å gjera? Éin grunn til at motstanden mot romarskatten vart så stor, var at dei med opphav i Midtausten alt betalte skatt – til tempelet i Jerusalem, av moderne forskarar rekna som ein av dei største finansinstitusjonane i antikken. Dei enorme rikdomane der vart eit krigsbytte som finansierte bygginga av Colosseum. Det galileiske opprøret som byrja med manntalet til keisar Augustus, enda ikkje berre med at eit av dei største byggverka i antikken vart jamna med jorda, men òg med at eit anna av dei største vart reist.

Det står framleis, om lag like medteke som kristendomen verkar i delar av Vest-Europa etter 2000 år. I framtida kan det synast som om eurojudaismen står på tryggare grunn utanfor Europa.

Eit talande døme på det får eg når eg møter Jan E. Hansen att ved Pantheon. Han fortel om då han på Petersplassen den 13. mai 1981 vart vitne til attentatet på dåverande pave Johannes Paul 2. Han gjetta rett om kven som ville verta utnemnd til pave for fem år sidan, argentinaren Jorge Mario Bergoglio, no 81 år gamle pave Frans, den fyrste paven frå sør for Ekvator.

– Kven trur du vert pave etter han?

– Eg trur det vert Luis Antonio Tagle.

– Kvar kjem han frå?

– Kardinal Tagle kjem frå Filippinane, eit land med 100 millionar katolikkar. Han er erkebiskop av Manila og på vår alder.

Framtida

Det er to hovudtankar i dette reisebrevet: at kristendomen ein gong oppstod som ei legering av trusinnhald frå både Midtausten og Europa, og at kristendomen i dag har ei sterkare stilling utanfor enn i Europa. Korleis summera desse to tankane? Handlar dei om kristendomens vekst og fall – i det minste i Vest-Europa?

Kristendomen voks ut av eit særs konfliktfylt møte mellom Midtausten og den vestlege verda for 2000 år sidan, som noko heilt nytt. Mykje i dette møtet minner om den tilpassinga som i dag går føre seg mellom kultur og livssyn frå Europa og Midtausten. Kva som kjem ut av dette møtet i vår tid, anar me ikkje.

Det me anar, er at framtida til kristendomen ser ut til å flytta seg frå den staden der religionen fann si form, Europa, til andre delar av verda. 2000 år gamle førestillingar ser ikkje ut til å overleva velferda, utdanningsnivået og individualismen som dei same førestillingane var med og la grunnen for.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Midtausten-terroristane gøymde dolkar i kjortlane før dei blanda seg med ei folkemengd og hogg ned så mange dei rakk.

Dei enorme rikdomane i tempelet i Jerusalem vart eit krigsbytte som finansierte bygginga av Colosseum.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis