Med bygdesketsjar til hovudstaden
Etter lang tids venting kan folk i Oslo endeleg stå i Tønes-kø att, og le seg skakke av ein ny sketsj han skreiv for to år sidan.
– Under nedstenginga har eg øvd meg på fingerspel for å halda demonane unna, fortel Tønes på Deichmanske bibliotek i Oslo etter at han har halde konsert i hovudstaden med songar han spelte inn før pandemien nådde Noreg.
Alle foto: Håvard Rem
Tønes
Fødd på Flekkefjord sjukehus 28. april 1972
Voks opp i Jøssingfjord og Hauge i Dalane
Busett i Hauge i Dalane i Sokndal kommune i Rogaland
Utdanna elektrikar
Visesongar, lyrikar, revyartist, forfattar
Albumdebuterte med «Rett te håves», 1996
Bokdebuterte med «Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem», 2018
Albumet «Sån av Salve» vann Spellemannprisen i to kategoriar, visesong og årets tekstforfattar, 2012
Norsk Målungdoms dialektpris, 2013
Albumet «Vindbrest» vann Spellemannprisen i visesong, 2015
Rogaland Mållags målpris, 2016
Portrettert i Løyning og Landmarks dokumentarfilm «Tønes – utselt på grendehuset», 2019
Aktuell med albumet «Thilda Bøes legat» og jolerevyen «Koss gjør dokke det med presangane?», 2021

havard@dagogtid.no
Her me sit ein måndag føremiddag på nye Deichmanske bibliotek i Bjørvika i Oslo, med utsyn mot Operahuset og Munchmuseet, er me langt frå Haua, det lokale kjælenamnet på Hauge i Dalane i Sokndal kommune, heimstaden til Frank Tønnesen, kjend som Tønes, ein stad med eit par tusen innbyggjarar, ein stad mellom Flekkefjord i Agder og Egersund i Rogaland.
Bygderevyen
I fleire år har eg før jol reist ei helg til Haua for å gå på den lokale bygderevyen, med sørvestlandsk jolebord og overnatting i eit av småhusa til Sogndalstrand kulturhotell i eit Skomakargate-idyllisk smug. Strandstaden er gamal og visetradisjonen sterk. Då musikkens Ivar Aasen, Ludvig M. Lindemann (1812–87), fór kring i landet og samla inn visetekstar og -melodiar, gjorde han gode funn i Sokndal, der Henriette Scheldrup (1818–84) forsynte han med materiale til «12 Viser fra Soggendahl i Christiansands Stift». Som vise- og revydiktar står Tønes i ein lokal tradisjon der dialekten har vore viktig, for Scheldrup som for han.
Det vart ingen jolerevy å dra til i fjor, under nedstenginga, men elles kjem eg. Songane og sketsjane i bygderevyen held eit så høgt nivå at dei seinare vert spellemannprisvinnande landeplager i radio og fjernsyn. Då eg var der i desember 2017, laga eg her i Dag og Tid ein reportasje om revyen som Tønes skriv og spelar i lag med Egersund-poeten Ingvar Hovland.
Tønes-albumet Sesong fire (2017) var då heilt ferskt. Men der var det ikkje revystoff. Tønes har gjeve ut album i 25 år, og Sesong fire var vel det fyrste utan ein song som hadde byrja som ein galen sketsj, utan ein «Yatzy» (2008), «Sånn koga eg» eller «Eg går og legge meg». Dei to sistnemnde kom på albumet Sån av Salve (2012), der dei medverka til det nasjonale gjennombrotet. Har det gått med skøyaren Tønes som med son av Salve i tittelsongen?
Dialekten va ødelagte
Han virka så seriøse
Armbandsuret
Svaret kjem aldri. Intervjuet får ein treg start, ikkje av di fåmælte Tønes er vond å intervjua, for det er han, og ikkje av di me slit med å koma i intervjumodus sidan me etter kvart kjenner kvarandre godt, for det gjer me, men av di me vert bedne om å forlata kafeen, ja, me vert rett og slett jaga.
Det er synd, for med utsyn til eit bognande rekesmørbrød og ein glitrande fjord tykte Tønes – som ikkje er son av Salve, men av ein rekefiskar – at det likevel vart litt heimsleg her i den høgurbane delen av hovudstaden. Men før me rekk å lyfta gaflane, går brannalarmen. Når ljoden av iltre sirener og metalliske høgtalarrøyster fyller det elles så rolege biblioteket, rykkjer den elles så rolege sokndølen så hardt til at reimfestet på armbandsuret ryk. Ingen legg merke til at uret vert liggjande att på golvet i den evakuerte kafeen.
– Tønes has left the building, freistar eg meg med i forvirringa nede på utsida, og han ler heilt til han oppdagar at armbandsuret er vekk.
Ein tilsett i bookingbyrået får snøgt melding om å sjekka på hotellet.
– Kan ho liggja på badet? Eg tek aldri av meg klokka.
Engelsk og dialekt
Er det ei brannøving? Ei uvand øving er det, same kva, for både byfolk og bønder, å stå trongt midt i eit folkehav i oktober 2021, som no utanfor Deichmanske, som i går kveld på Arbeidersamfunnets plass, der den tette køen strekte seg mange hundre meter mot dørene til Sentrum Scene, tidlegare Sentrum kino.
Det var sundag kveld, og sytten månader sidan Noreg vart stengt ned. For mange skjedde gjenopninga denne kvelden. Me stod tett i tett i kø, og sat endå tettare i salen – noko eg ikkje hadde gjort på halvtanna år, etter at eg hadde gjort det heile livet. Forventningane i køen er skyhøge, som då eg stod her fyrste gong, i 1985. Det var stolar då òg. Songpoetar skal ein ikkje stå, men sitja til. Det har med tekstane, ikkje med alderen å gjera. Eg var 25 år då eg sat og høyrde Leonard Cohen i Sentrum kino.
Då var det lite lått. Cohen var jo så melankolsk. Men då eg høyrde han i England, lo publikum godt av dei galgenhumoristiske nyansane me nordmenn ikkje får med oss. Nyansane i sokndalmålet får salen med seg. Eitt av mange høgdepunkt av lått kjem med «Yatzy», ein hyperrealistisk rapport om det populære terningspelet.
– Den her byrja som ein sketsj om ein familie som spelte Ludo, fortel Tønes frå scenen før han spør salen:
– Er det mange her som lagar sketsjar?
Frå leirbål til revy
Utanfor Deichmanske ser eg etter ein annan kafé, men Tønes vil venta. Han er vand med å få viljen sin og vand med å gjera vise val. Snart sit me kring bordet med rekesmørbrød og fjordutsikt, og under nabobordet ligg eit anna kjært syn – armbandsuret, klokka.
– Eg hadde aldri funne henne om me ikkje hadde gått attende.
– Eit engelsk ord som liknar sketsj, er sketch, ei skisse. Er revyvisene dine kladdar til albumsongar?
– Det er nok sånn. Eg gjekk på amatørteater som liten. Hadde ein trong til å finna på ting. Heime òg. I kjellarstova spelte me inn sketsjar på kassett. Leikte at me opptredde. Me høyrde på Løgnaslaget og parodierte ting frå lokalradioen. Eg var speidargut og song tøysesongar som «Odd selger lodd» kring leirbålet. Ein av speidarane heitte Odd og skreik: «Det er ikkje meg!»
For Tønes vart den lokale jolerevyen ei naturleg vidareføring av underhaldninga i kjellarstova og kring leirbålet. Revy skriv ein med låge skuldrer, utan tanke på prisar og heider. Tønes utdanna seg til elektrikar etter at han tok eit friår frå vidaregåande då han skreiv seg inn i Fiskarmanntalet og prøvde seg som fiskar. Han legg til:
– Så enda eg i staden med eit anna uvanleg yrke.
Songteksten har hatt så låg litterær status at det gjekk 115 år før det vanka ein nobelpris til sjangeren. Endå lågare status har revyteksten, om lag som russesongen. Men somme av dei fremste songpoetane våre har drive med revy, som Alf Prøysen og Ole Paus.
Den nye sketsjen
Hausten for to år sidan var Tønes uvanleg travel. Skulle han skriva ein oppfylgjar til debutboka Vi kan ikke ta med alt dette hjem (2018), som året før hadde fått god mottaking? Skulle han turnera? Og laut han ikkje skriva songar? Studiotid i Oslo var alt tinga på nyåret 2020 til innspeling av nytt album.
Kva då med bygderevyen? Hadde han tid til å skriva ny revy med Ingvar Hovland?
Han vurderte å droppa revyskrivinga, men vent – revyen er jo sjølve låtskrivarverkstaden. Skulle han dra til Oslo på nyåret og spela inn eit album utan ein sketsj, som Sesong fire? Sesong fem?
Valet var vist. Han og Hovland skreiv revy hausten for to år sidan, og difor kunne eg før jol fara til Sokndalstrand som vanleg. Men noko var uvanleg. Vel er me vande med lått under jolerevyjolebordet i det vesle lokalet der kelnerane, Hovland og Tønes, går mellom borda, med og utan lausskjegg og gul sydvest.
Då kom ein ny song som fekk sindige folk til å mista det, som det heiter. Sist eg såg slikt, var i spegelkabinettet på Tivoli i København i 1969, der mor mi lo så av dei konkave og konvekse utgåvene av seg sjølv at ho ikkje makta å stogga, men lo seg i svevn på hotellet. Og ho var edru. I Haua for to år sidan kom den nye sketsjen under eit langt framskride jolebord. Ein veninnegjeng hadde det ikkje lenger godt då revyen gjekk vidare med andre nummer, medan dei heldt fram med å sprella i uføreseielege spasmar.
Sketsjen var då så fersk at tittelen ikkje var klar, det stod mellom «Spleiselag» og «Waldorfsalat». På albumet vart det båe delar – slik Tønes introduserte han på Sentrum Scene sundag kveld:
– Dette er den fyrste Tønes-songen nokon gong med skråstrek i tittelen.
eg blei invitert i sånn spleiselag
mor mi lagde ei svære skål med waldorfsalat
sjikkelig gode waldorfsalat
ikkje sånn torre
med altfor lide fløde og majones
og altfor mye valnydda
så du bli siddane og knorpa
Fingerspel
– Korleis vart sketsjen til? Kva var inspirasjonen?
– Det hugsar eg ikkje, men mor mi meiner... Dette kan du ikkje skriva, men i slekta har me eit årleg hummarselskap, der kvar husstand tek med kvar sin salat, ein spesiell salat som høver til hummar, og somme er særs opptekne av at salaten deira ikkje kjem på feil bord. Eg tenkte ikkje på hummarselskapet då eg skreiv, men mor mi meiner at det nok har lege i bakhovudet. Det kan eg ikkje utelukka, for spleiselag er ikkje så vanleg der eg kjem frå, og hummarselskapet har eg vore med på i 15–20 år.
dar e mange så ikkje kan laga waldorfsalat
MEN SÅ LAGE DI LIGAVEL
– Bygdedyret har alle høyrt om, men det du syner oss i konkave og konvekse speglar, er bygdenevrotikaren?
– Dei to linene kan gjelda på mange område. Dei fortel noko om misnøgde karar.
– Songen og albumet vart spela inn for halvtanna år sidan, men albumet kjem fyrst no. Korleis har nedstenginga vore for deg?
– Eg har øvd meg på fingerspel for å halda demonane unna. Førebiletet er Adriana Lenker, som har Leonard Cohen som førebilete. Gitarspelet mitt er pønkete og riffbasert, men no vil eg læra meg fingerspel. Men eg har ikkje nytta det på konsertar enno.
– «Dar e mange så ikkje kan spela fingarspel, MEN SÅ GJER DI DET LIGAVEL»?
Slik er det med somme Tønes-songar. Når ein tek til seg hans blikk på verda i songen, kan ein snart sjå heile verda med det blikket.
Heimenyansar
Alt er lokalt. Tønes-maskineriet har vorte stort, med mange involverte, men så å seia alle dei faste i staben har lokal og regional forankring. I motsetnad til sjefen sjølv har somme av dei flytta på seg i vaksen alder, men dei voks opp i Tønes-land. Frå vesle Haua kjem bassist Gaute Tengesdal, musikar og medlåtskrivar Øystein Holmen, lydmann Kenneth Hernes, bookingansvarleg Bjørnar Paulsen og Tønes sjølv.
Om ein med passarspissen i Haua utvidar radiusen med eit par–tre mil, får ein med Egersund og egersundarane i staben, som albumprodusent Frode Strømstad, rådgjevar og «vaktmeister» Tor Martin Bøe og medforfattar Ingvar Hovland. Frå grannedistriktet Jæren kjem trommeslagar Arne Andersen, multiinstrumentalist Erlend Aasland, gitarist Kjell Gudmundstad, teknikar og bassist Trond Gudmundstad, og Eirik Bekkeheien, som driv ljodstudioet Egersound, der dei tre siste Tønes-albuma er spelte inn – i tillegg til i Bård Ingebrigtsens Amper Tone Studio i Oslo.
Den einaste ikkje-rogalendingen i staben og orkesteret er bassist og vokalist Anne Lise Frøkedal frå Etne, eit par kilometer frå fylkesgrensa til Rogaland.
Haustferie
Oslo-jobben er unnagjord. I kafeen på Deichmanske sjekkar han klokka som no er attende på handleddet.
– Det vert tidleg heimferd?
– 18:50. Eg skulle gjerne ha fått med meg landskampen på Ullevaal i kveld (VM-kvalifiseringskampen mellom Noreg og Montenegro, red. merk.), men det høver å koma heim. Ungane har haustferie. Me dreg ein liden tur til Lista.
– Hummarsesongen byrja for nokre dagar sidan?
– Det gjorde han, så om eit par veker vert det hummarselskap heime på Haua. Eg har pleidd å spela i hummarselskapa, og det verkar som om dei no er spente på om eg skal spela «Spleiselag/Waldorfsalat» i år.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I kjellarstova spelte me inn sketsjar på kassett.
Dei fleste i staben hans er frå Sokndal og omegn.
Fleire artiklar
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?