JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Bendelorm

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ferskvassfisk kan ha store mengder bendelorm av typen Diphyllobothrium.

Illustrasjon frå Atlas de parasitologie (1901)

5763
20220930
5763
20220930

Den kjende sopranen Maria Callas blei operert for blindtarmbetennelse i 1949, etter det gjekk ho kraftig opp i vekt og var lite nøgd med det. Difor kom det som ei stor overrasking då ho stilte opp på La Scala opera i Milano i 1954 tynn som aldri tidlegare. Mange trudde at denne forvandlinga kom av at songaren hadde smitta seg sjølv med bendelorm, ein kur som fekk namnet Maria Callas’ diett.

Bendelorm (Cestoda) er ei stor gruppe parasittar der dei kjønnsmogne ormane lever inne i tynntarmen til virveldyr. Kroppen til vaksne bendelormar er som oftast delt opp i ei rekkje små ledd, kvart ledd med eit fullt sett av hermafrodittiske kjønnsorgan. Heilt fremst har ormen eit lite hovud med sugeskåler eller festekrokar, og rett bak hovudet blir det heile tida laga nye ledd.

Ormane har korkje munn eller tarm, men syg opp næring rett gjennom huda. Dei sit fast i tarmen og kan ikkje søkje opp nokon partnar. Difor er kvart ledd utstyrt med begge typar kjønnsorgan, og kjønnslivet til bendelormane består (stussleg nok) i at dei ulike ledda parar seg med kvarandre. Dei bakarste ledda, som er fulle av egg, blir sleppte laus og frakta ut med avføringa.

Farlege parasittblærer

Når menneske er hovudvert for bendelormen, er det vi som har den vaksne parasitten i tynntarmen. For å smitte nye menneske må egga først utvikle seg i ein mellomvert, til dømes husdyr som storfe eller gris. I tarmen deira klekker larvane, så borar dei seg gjennom tarmveggen og spreier seg med blodet til muskulaturen, levra eller andre organ. Her kapslar dei seg inn i væskefylte parasittblærer, såkalla cysticercar, og ventar på å bli etne av ein ny menneske-hovudvert.

Her i Noreg er det lite smittekontakt mellom menneskeavføring og husdyr, og cysticercose er svært sjeldan. I store delar av Afrika, Asia, Sør- og Mellom-Amerika og mange stader i Sør-Europa er smittevernet dårlegare. Infiserte menneske kan ha ormane i tarmen i årevis og skilje ut så mykje som ein million egg om dagen. Mange husdyr blir smitta, og folk får i seg fleire ormar ved å ete dårleg varmebehandla kjøt eller innmat frå storfe eller gris.

Ekstra utriveleg blir det dersom menneske får i seg egg frå bendelormen til grisen, Taenia solium. Larvane vil oppføre seg som om dei er komne inn i ein mellomvert, spreie seg med blodet og danne parasittblærer rundt om i kroppen. Særleg ille er det med parasittblærer i ryggmergen, auga eller hjernen. I hjernen kan dei føre til epilepsiliknande symptom, i verste fall daude. Kvart år blir mange millionar menneske sjuke av slike parasittåtak. Bendelorm i tarmen kan lett behandlast med vanlege legemiddel, parasittblærer i kroppen er vanskelegare å gjere noko med, og kirurgisk fjerning kan i nokre tilfelle vere einaste botemiddelet.

Vanleg hos fisk

Hos fisk i ferskvatn finn vi ofte bendelorm av slekta Diphyllobothrium. To artar er mest kjende: den breie bendelormen hos menneska (D. latum) og måkemarken (D. dendriticum). Ulike artar hoppekreps er første mellomvert, og fisken som et krepsdyra, blir andre mellomvert, med parasittblærer i innmaten og fiskekjøtet. I innsjøar med tette bestandar av fisk kan størsteparten av fisken vere smitta. Larvane døyr ved frysing og varmebehandling, men det er også viktig å bryte smittekjeda mellom fisk og fugl ved ikkje å slengje frå seg innmat og anna rått fiskeavfall etter fisketuren.

I tarmane til laksefisk, både i ferskvatn og i sjøvatn, er det vanleg å finne bendelorm av typen Eubothrium. Fisken blir smitta ved å ete infiserte hoppekreps, og dei vaksne ormane slår seg til i blindtarmane til fisken. Hos laks og aure i fiskeoppdrett kan dette gje auka fôrforbruk, og i dei mest alvorlege tilfella kan det også bli eit helseproblem for fisken.

Dvergbendelorm i rev

Bendelormane vi finn hos katt, har naturleg nok mus eller andre smågnagarar som mellomvert, og kattar som er aktive jegerar, blir ofte smitta. Dei små ledda som kjem ut med avføringa, kan vere lette å sjå som små, kvite riskorn i pelsen utanfor endetarmsopninga. Ein annan vanleg luring som kan smitte både hund og katt, og nokre gonger også menneske, er «loppe-orm» (Dipylidium caninum), med pelslopper som mellomvert og husdyra som hovudvert. Hos hund er ikkje bendelorm så vanleg, men jakthundar som et slakteavfall, lemen og smågnagarar, har størst risiko for å bli smitta.

Ein liten, men farleg bendelorm, er dvergbendelormen til reven (Echinococcus multilocularis). Vaksne ormar lever i tarmen hos rovdyr, først og fremst rev, med mus som mellomvertar. Hund kan også vere vert for dvergbendelormen og skilje ut egg med avføringa. Infiserte revar kan ha opptil 80.000 vaksne ormar i tynntarmen, men dvergbendelormen er berre 4 millimeter lang og vanlegvis til liten plage for hovudvertane.

Det som er farleg for menneske, er å få i seg egga. Etter 10 til 15 år kan det bli store, svulstliknande parasittsamlingar i levervevet, noko som er både smertefullt og farleg. Dvergbendelorm blei påvist på Svalbard i 1999, men er enno ikkje funnen på fastlandet i Noreg. I 2011 vart parasitten oppdaga fleire stader i Sverige, og etter det har det vore krav om at alle hundar som kjem frå eller har vore på besøk i Sverige, skal ha veterinærattest med prov på behandling mot bendelorm.

Kva var så sanninga i historia om sopranen og bendelormen? Maria Callas vart truleg smitta av bendelorm etter å ha ete dårleg steikt storfekjøt, men det var ikkje snakk om nokon frivillig bendelormkur. Det finst mange forteljingar om folk som har brukt bendelorm som slankemiddel, men mykje av dette er nok misforståingar eller vandrehistorier. Slit du med vekta, er det mange andre og langt mindre helsefarlege løysingar på det problemet enn å skaffe seg ein bendelorm.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Infiserte revar kan ha opptil 80.000 vaksne ormar i tynntarmen.

Fleire artiklar

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis