Bestevenn
Huskatten kan bli venn med menneske, men er av natur ein einstøing med lite tolmod for krevjande sosiale fellesskap.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Aggresjon og evne til å gjere vald mot andre er karaktertrekk vi deler med alle andre dyr vi kjenner. Sjimpansar, som vi lenge trudde var fredelege planteetarar, viste seg å drive med brutale overfall på nabogrupper, og dei kunne då finne på å drepe og ete ungane deira.
Her er det lett å sjå likskapen med oss menneske. Den typen sosial kontakt som vi kallar vennskap, har vi likevel sett på som noko særskilt for vår eigen art.
Vennskap er viktig
Forskarar har no byrja å sjå nærare på sosiale relasjonar mellom dyr, og det dei finn, er litt overraskande. Dei nevrologiske og åtferdsmessige mekanismane som ligg til grunn for danning av menneskelege parforhold og vennskap, er til stades hos ei lang rekkje artar i heile dyreriket, frå primatar og hundar til kval, kyr og fisk. Enkelt sagt: dyr har vennar – nett som vi menneske.
Vennar er definerte som dei individa vi har oftast og mest positiv kontakt med, begge partane tek initiativ til kontakt, og samhandlinga er ikkje knytt direkte til utveksling av ei teneste mot ei anna.
Dei vennskapsbanda vi har til nær familie, er på eit vis biologisk bestemte, men vennskap med andre utanfor familien kan vere like kjenslesterke og viktige. Vi veit at nær kontakt og godt samarbeid med andre menneske gjer at vi opplever mindre stress og uro, har større suksess både på jobb og i privatlivet og lever lenger.
Trygge relasjonar er helsefremjande også for dyr, men det har vore vanleg å tru at dyr har tett kontakt med nær slekt på grunn av rein biologisk nytteverdi, og at dei i alle andre tilhøve utvekslar tenester berre for å skaffe seg kortsiktig gevinst. Slik er det altså ikkje. Dyr har òg sosiale nettverk der det ser ut til å vere viktig å utvikle og halde ved like vennskap.
Facebook-effekten
Hos dyr på landjorda er det sosiale livet rett nok ofte knytt til dei næraste slektningane. Dette ser vi særleg sterkt hos elefantar. Hoelefantane kan vere sterkt knytte til døtrene sine og til si eiga mor i ei tett, matrilineær slektsgruppe gjennom heile livet. Det er vanleg at dyr samhandlar best med dei medlemmane i flokken som er mest lik dei sjølv, i rang og sosial status, i alder og i storleik. Dette kan òg vere ein indirekte slektsstrategi, for blant desse jambyrdige og like gamle individa kan det vere stor sjanse for at dei på eit eller anna vis er i slekt.
I ein spesialisert del av storhjernen til menneska, den orbitofrontale hjerneborken, blir sanseinntrykk kopla til kjensler og minne – her samlar og analyserer vi opplysningar om kva dei andre i flokken held på med, og her blir mykje av den sosiale åtferda vår styrt. Hos menneske har denne delen av hjernen utvikla seg kraftig, og her finn vi dei genetiske algoritmane som gjer at menneske liker å bruke mykje tid på å sjå på andre menneskeansikt – det vi kan kalle Facebook-effekten. Men liknande strukturar og same funksjon finn vi hos andre pattedyr, hos fuglar og fisk kan dei same funksjonane vere plasserte i andre hjerneavsnitt.
Nato-effekten
Hos sjimpansar, som er av dei dyra som står nærast oss menneske, er det vanleg at hannane har bestekameratar dei held saman med gjennom mesteparten av livet. Vennane bruker myke tid til å stelle pelsen til kvarandre, dei deler mat og dei støttar kvarandre ved ytre trugsmål. Alle som lever i den same flokken, kjenner til kva vennskap som finst, og dei må ta omsyn til desse alliansane viss dei skal starte ein krangel med nokon av dei andre – dette kan vi kalle Nato-effekten.
Norske forskarar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har fått mykje merksemd for å ha vist kor sterke banda er mellom kyr og kalvane deira. Men kyr har òg vaksne vennar som dei bruker tid på å vere i lag med.
I ein studie av sosiale nettverk hos mjølkekyr på beite fann tyske forskarar at dei fleste av kyrne hadde sterke positive band til inntil tre andre kyr, men at eit lite mindretal av dyra ikkje hadde klare bestevennar. Balansen i vennskapa varierte, nokre kyr gav mykje merksemd til vennane sine, andre kyr verka meir sjølvopptekne. Dei sosiale strukturane var stabile over lang tid, ei ku gløymer med andre ord ikkje vennane sine.
Eit unnatak
Alle dyr i katteslekta er høgt spesialiserte rovdyr, og med unnatak for løver og gepardar har dei lite sans for fellesskap og eit liv i flokk. Hodyr og hanndyr treffest berre i paringstida, og og paringa ber ofte meir preg av eit slagsmål enn av ømme kjensler.
Kattane jagar åleine, og dei deler sjeldan mat med andre enn ungane. Dei har ikkje utvikla noko kroppsspråk for underkasting, og ein krangel kan vere nok til at to kattar blir fiendar for livet. Huskattar blir ofte tvinga til å bu i nabolag med mange andre kattar eller til å leve i same hus som andre kattar eller dyr dei har lite til felles med. Det gjer at mange kattar lever eit stressa og utrygt liv med altfor lite rom for eigentid.
Djupe vennskap
Fisk som blir klekte i dei frie vassmassane og ikkje kjenner foreldra eller syskena sine, kan lage seg trygge sosiale fellesskap ved å symje i stim. Sjølv om stimen kan innehalde millionar av individ, held kvar fisk seg gjerne til ei lita gruppe med fisk dei kjenner.
Stingsild, til dømes, lever i godt organiserte stimar, der dei inne i stimen sym i lag med sin vesle flokk med kameratar med same kroppslengde. Sjølv om stimen løyser seg opp eller kan blande seg med andre stimar om natta, finn dei tilbake til sin stim og til sin venneflokk neste morgon. Studiar av sosiale nettverk hos lakseungar viser nett dei same mekanismane med alliansar, dominans og aggresjon som hos dyr på landjorda.
Vi menneske grip ofte inn og bryt opp eller øydelegg det naturlege sosiale livet til dyr – anten det er med naturinngrep, jakt, fiske eller vitlaus handtering av husdyra våre. Vi seier gjerne at hunden er menneskets beste venn, men det ingen grunn til å hevde at menneska er dyra sin beste venn. I staden får vi lite på at dyra har vit nok til å vere vennar med kvarandre.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dyr har vennar – nett som vi menneske.
Fleire artiklar
Endre Ruset er poet og tidlegare kunstnarisk leiar ved Norsk litteraturfestival.
Foto: Heidi Furre
«Dikta til Endre Ruset er ridde av tap og sorg, og med hesten som sentralt motiv.»
Dette er ein bar, men er det ein sjokoladebar til laurdagskvelden eller ein proteinbar til treningsøkta?
Foto via Wikimedia Commons
«Det er høgt trykk på proteinbarfronten for tida.»
Teikning: May Linn Clement
«Det er ikkje for inkje me seier at noko 'dampar av erotikk' eller er 'dampande heitt'.»
Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.
Foto: Ukrainsk forsvar
Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.
Reinsdyr kan fint serverast utan purear, men med reine smakar. Her med brekkbønner, eg brukte grøne erter.
Foto via Wikimedia Commons