Blåskjel
I oppdrett av blåskjel nyttar ein seg av berre naturlege råvarer: vill blåskjelyngel som et mat dei filtrerer rett frå havet. Dette bør vere ein naturleg måte å produsere mat på i framtida.
Foto: Veterinærinstituttet
Under overflata
Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinær-
instituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene
av lakseoppdrett.

Då eg flytta til Oslo for å byrje på dyrlegeskulen, oppdaga eg ein italiensk restaurant i Torggata der dei serverte den eksotiske retten spagetti med blåskjel, tomatsaus og kvitlauk. Etter éin porsjon var eg frelst. Eg som kom frå Helgelandskysten, måtte til hovudstaden for å oppdage blåskjel som mat. No går vi ut kvar påske og leitar etter mat i fjøra: skjel og tare av fleire slag, men favoritten er framleis blåskjel. Etter turen skrubbar vi skjela reine og koker opp ei stor gryte vatn, gjerne med finhakka lauk og litt anna godt oppi. Med strimla sukkertarespagetti, ferskt brød og smør attåt er det duka for fest.
Viktig rolle
Blåskjel (Mytilus edulis) finst i litt ulike typar over heile verda. Dei veks i store klynger i fjøresona, ned til om lag fem meters djup. Når våren kjem, slepper dei ut store mengder egg og mjølke. Mange av egga døyr ubefrukta, og mesteparten av larvane blir etne før dei etter ein snau månads tid slår seg ned på botnen. Skjela veks om lag éin centimeter i året til dei er seks år gamle, og så flatar veksten ut. Dei eldste skjela kan bli 10–15 centimeter lange. Skjela veks raskast om sommaren, når det er mykje mat og høg temperatur, så det er mest mat og mest næring i skjela tidleg på hausten.
Blåskjel filtrerer sjøvatnet; dei minste og mest næringsrike partiklane et dei, resten blir pakka saman som såkalla falsk skit (pseudofaeces) og sleppte ut att. «Skitpakkane» søkk fort til botnen saman med den ekte skiten, og på dette viset kan skjela reinse sjøen for partiklar og forureining dei ikkje klarer å ete.
I heile Europa har bestandane av blåskjel gått ned dei siste tiåra. Nokre spesifikke sjukdommar eller parasittar er ikkje funne, og mange har frykta at store miljøproblem som miljøgift, global oppvarming og mikroplast kan være årsaka, men det kan òg være at skjela reagerer på endringar i miljøet ved å bytte leveområde.
Oppdrett av blåskjel
I oppdrett av blåskjel gjer ein seg nytte av den enorme yngelproduksjonen ved å henge ut samletrådar på rett stad og rett djup. Der kan yngelen slå seg ned og finne ly, og på eit anlegg med god tilgang på næring kan skjela haustast til mat etter to til tre år. Sidan nye skjel slår seg ned kvar vår, er det mest effektivt å hauste skjela, tynne ut dei største, samle resten i laust vevde strømper og sette dei ut på nytt.
Nokre av algane som skjela et, inneheld diverre giftstoff (toksin) som ikkje er giftige for skjela, men som kan føre til diaré eller lamming hos menneske som et dei. Dette er ei alvorleg plage for dei som produserer skjel og vil selje skjela på sommaren og tidleg på hausten, når kvaliteten er best og etterspurnaden størst.
«Jojoanlegg»
Oppdrett av blåskjel vart kraftig stimulert som ei lovande utkantnæring på slutten av 90-talet. Talet på anlegg steig til 750 i 2003, så byrja konkursane, og ni år seinare var det att snautt 150 att. Produksjonen av skjel er i dag beskjeden.
Kvifor vart det slik? Mange stader fanga samlarane for få skjel, eller skjela slo seg på for så å blei etne eller rista av samlarane etter angrep av sjøstjerner og ærfugl. Mange små aktørar fekk nok kjenne den fulle børa av investeringane og det tunge arbeidet med utsett av samlarar og tynning av skjel lenge før dei kunne byrje å tene pengar på salet. I tillegg var marknaden dårleg utvikla og prisane ofte for låge til å dekke kostnadene. På toppen av det heile fekk mange anlegg forbod mot levering i lange periodar av den beste sommarsesongen på grunn av for høge nivå av dei farlege algegiftstoffa.
Mange gjekk naturleg nok konkurs eller selde løyving og utstyr til andre og større firma, og utstyr vart lagt brakt med von om betre tider. Men anlegga som låg i sjøen vart fulle av skjel og andre vekstar og sokk til botns. Der ramla det av såpass mykje at dei steig opp til overflata igjen, og med det var «jojoanlegga» funne opp – som ein slåande parallell til korleis næringa sjølv hadde utvikla seg. Enkelte anlegg sleit seg laus frå fortøyingane og kom på rak – til fare for annan ferdsel på sjøen. Den mest miljøvennlege måten å produsere mat på i havet enda opp som ein stor miljøsyndar.
Skjel er framtida
Å hauste mat rett frå havet er framleis ein openbert god idé. At vi ikkje har lukkast med blåskjelproduksjonen, viser etter mi meining berre at vi gjer det på feil måte. Eitt forslag kunne vore å hauste skjel på tider av året med lite algetoksin i sjøen, vakuumpakke og fryse ned porsjonar og ha dei klare til konsum i butikkar heile døgeret og heile året. Same korleis vi skal drive med havbruk i framtida, bør skjel kunne spele ei viktig rolle.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den mest miljøvennlege måten
å produsere mat på i havet
enda som ein stor miljøsyndar.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?