JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

5701
20240712
5701
20240712

Våren er ei hektisk tid på alle sauegardar, men endeleg kjem sommaren med lyse netter og ferietid. Å sleppe dyra på beite kan kjennast som ei lise etter veker med fôring, lamming og breking døgeret rundt.

Sauar har òg krav på sommarferie, med frislepp frå fjøset og minst 16 veker på beite utandørs i frisk norsk natur. Men naturen er ikkje berre idyll. I 2023 blei det sleppt 1,8 millionar sau og lam på utmarksbeite, av dei var det over 100.000 dyr som aldri kom att til garden.

Det er gjort mange studiar av kvifor dyr blir borte på beite, men det har vore for få av dei daude dyra som vert funne, eller dei vert funne for seint til at det er mogleg å kunne seie noko sikkert om kva dei døydde av. I 2023 vart det betalt rovdyrerstatning for litt over 17 prosent av dei forsvunne dyra, resten blir rekna som tapt på grunn av sjukdom eller ulukker, noko som skjer utan dei store medieoppslaga.

I randsona

Vi veit at rovdyrangrep med store tap og alvorlege dyretragediar råkar sauebønder over heile landet. Rapportar frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) viser at tapstal og årsaker varierer stort frå område til område. Medan jerv og gaupe tek dei fleste dyra, er det ofte ulv og bjørn som vekkjer mest frykt og får dei største medieoppslaga, som i Hattfjelldal i Nordland, der gardbrukarane meiner ein bjørn drap fleire hundre dyr berre i fjor sommar.

Inne i forvaltningsområda for rovdyr på Austlandet har folk enten lagt ned sauehaldet, sendt sauane bort eller gjerda inn beita. No blir færre sau drepne inne i rovdyrsonene, men rovdyra kan vandre over store avstandar. Mykje av skadane på grunn av ulv og bjørn skjer i dag i det som blir kalla randsona, det vil seie inntil tre mil utanfor grensa til forvaltningsområda.

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg, men det kan framleis vere råd å gjere meir for å skilje beitedyr frå rovdyr. Det er til dømes mykje ugjødsla graseng og utmark i nærleiken av gardane som kunne vore bruka til sauebeite i staden for dei mest rovdyrutsette skogs- og fjellbeita.

Nokre kommunar har òg sett av eigne område til slikt rovdyrfritt beitebruk i nærområdet. Grasareal kan nyttast som reservebeite viss dyra må sankast tidleg inn frå utmarka. Vaktarhundar som går saman med sauane, kan fungere på inngjerda beite der dyra held seg samla i flokk, men på store utmarksbeite er det vanskeleg for hundane å gjøre ein effektiv jobb.

Sporlaust

Kva då med alle dei som ikkje blir tekne av rovdyr, men av ulukker og sjukdom? Dette er også dyretragediar der det er vanskeleg å finne sikre tal, for flesteparten av dei daude dyra forsvinn sporlaust. Ei stor nyvinning som mange har teke i bruk dei siste åra, er elektronisk sporing av vaksen sau, der eit halsband med GPS-sendar gjer det mogleg å følgje med på kvar dyra er, og kor mykje dei rører på seg.

Mykje uro i flokken kan utløyse alarmen, det same kan ein sendar som blir liggjande i ro for lenge. Det er då enkelt for gardbrukaren å rykke ut og sjekke flokken, om det er ein sendar som har ramla av, eller om det er dyr som ligg skadde eller daude ute i terrenget.

Elektronikk eller ikkje, den gamaldagse metoden for sporing, å ta seg ein tur i veka for å sjå til dyra på beitet, er framleis naudsynt og i tillegg god mosjon. På slike beitevandringar kan ein lokke til seg og telje dyr, sjå etter morlause lam og sjå etter om det er nokon som er sjuke eller skadde. Det er òg viktig å ha god kontroll med korleis beita ser ut, og kva tid dyra skal hentast heim før hausten.

Invester i helse

Vi veit at lam som blir sleppte i utmarka med infeksjonar eller parasittproblem, kan døy av sjukdom. Svake dyr kan òg bli eit lett bytte for rovdyr. Det mest effektive tiltaket for å få ned alle typar tap er å sikre ei god helse for lam og sau i tida frå lamming til beiteslepp, noko sauenæringa òg ønskjer å ta tak i.

Norske sauar er kvikke og sterke dyr som kan klare seg godt ute i naturen, men å lukkast på utmarksbeite er noko som krev litt livserfaring, og erfarne søyer er ein viktig ressurs for flokken. Paring av årslam gjev fleire lam, men mange har erfaring med at lam som får eitt år til på beite før paringa, kan bli sterkare og betre mødrer. I avlsprogrammet for norsk sau blir det no lagt meir vekt på kvalitet og helse og mindre vekt på høge lammetal, og eit nytt dyrevelferdsprogram for sau blei starta opp våren 2024.

Mange sauebønder driv godt, med lite sjukdom og tap av dyr. Andre stader er diverre dårlege rutinar og overfylte og litt for skitne fjøs ein medverkande årsak til høge dødstal både før og etter beiteslepp. Eit første bod er å ha godt tilsyn under lamminga og å sikre at alle lam får nok råmjølk. For å førebyggje tap på beite vil det dei fleste stader også vere ei sunn investering å vaksinere mot både klostridiebakteriar (blodforgifting) og pasteurellabakteriar (lungebetennelse).

Parasittar av alle slag, som spolorm, leverikter og flått, har alltid vore ei utfordring. Vi ser no at klimaendringar med varmare og våtare vêr gjer livet lettare for fleire parasittar. Flugelarver kan angripe elles friske dyr og ete seg gjennom både hud og muskulatur. Vanleg skogflått og andre flått­artar er på rask frammarsj, både på framsida av tabloid­avisene og ute på beitemarkene. Kvart år blir 300.000 lam smitta av den flåttborne bakteriesjukdommen sjodogg (Anaplasma phagocytophilum). Vaksne dyr blir immune, medan lamma kan få høg feber og eit svekt immunforsvar, og i neste omgang bli sjuke og døy av alle andre typar infeksjonar.   

Arve Nilsen

Takk til seniorforskar Inger Hansen ved Nibio for deling av verdfull kunnskap om beitebruk og
rovdyrskadar. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis