JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Døgnvill

Det er den tida på året, siste helga i oktober skulle vi skru klokka ein time fram – eller var det andre vegen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Katten er blant sjusovarane i dyreriket, med inntil 20 timar søvn i døgnet.

Foto: Umberto / Wikimedia Commons

13925
20211119
13925
20211119

I den gamle, analoge tida måtte vi aktivt tenkje over slikt. No er sommartida digitalt definert i tidsminnet til mobilen og alle andre datamaskinar vi har sett til å organisere livet vårt. Sjølv om stadig meir blir viseleg styrt av teknologien rundt oss, er det mange menneske som blir litt døgnville når sol og klokke skal gå kvar sin veg ein søndag seint i oktober. Kva veit vi så om dyra og søvnbehovet deira?

Søvnlause sauar?

Alle husdyra våre har i alle fall ein klårt definert døgnrytme. Kyr, sauar og geiter er aktive om dagen, med ein timeplan tilpassa beiting og drøvtygging. Når dei er på beite, står dei som regel svært tidleg opp saman med dei andre i flokken, strekkjer litt på seg, gjer morgontoalettet og går rett i gang med dagens jobb: å ete. Etter nokre få timar finn dei seg ein høveleg stad for å ligge og kvile medan dei drøvtyggjer og slumrar litt, så er det ei ny økt med beiting før det blir kveld, og dei legg seg for natta.

Ein vaksen sau som står inne i fjøset utan å bli forstyrra, vil sove fire timar i døgnet, sau ute på beite vil sove litt mindre. For vaksne drøvtyggarar er det ikkje mogleg å sove djupt særleg lenge på grunn av den store gassproduksjonen i vomma. Gassen må dei rape ut, og for ikkje å døy av trommesjuke må dei halde seg vakne med kroppen i nokolunde oppreist posisjon. Små lam drikk mjølk, og inntil dei har utvikla evna til å ete og fordøye gras, kan dei sove meir og djupare enn mora. Men kva dei gjer, sauane som ikkje får sove, er uvisst. Kan hende ser dei for seg store, søvndyssande beitemarker utan irriterande gjerde som dei må hoppe over.

Tilpassing til menneska

Når det gjeld grisar, er det påfallande at villsvin i stor grad er nattaktive dyr, medan dei tamme grisane er tilpassa livet på garden, med søvn om natta og eting og annan aktivitet i dagslys. At villsvina har snudd opp ned på døgnet og er mest aktive på den mørkaste og kaldaste tida av døgnet, er truleg ei tilpassing til klimaet, der dei vil ha eit behageleg liv med minst mogleg varmestress.

Den ville slektningen til hunden, ulven, er også mest aktiv om natta, men her er det kanskje behovet for å halde seg unna menneska som har vore den viktigaste drivkrafta. Hundane har derimot lagt seg heilt flate for oss menneske og behova våre. Dei er aktive når vi vil vere i lag med dei, og dei kan òg sove eller sløve vekk store delar av dagen medan dei trufast ventar på at eigaren skal kome heim.

To typar søvn

Det er stor variasjon i behovet for søvn mellom ulike dyregrupper og artar, og det er stor skilnad på søvnbehov mellom individ av same art. Alle skapningar som søv, følgjer det same åtferdsmønsteret: Dei blir inaktive og legg seg til i ei typisk sovestilling, dei reagerer dårlegare på stimuli, sovande dyr kan vekkjast opp att, men alle som får for lite søvn, syner raskt teikn på vantrivsel og får trong til å ta att den tapte søvnen seinare.

For pattedyr, fuglar og reptil er det mogleg å definere søvn ved å måle den elektriske aktiviteten i hjernen (EEG), der målingane har vist at søvnen grovt sett kjem i to ulike variantar: aktiv søvn og roleg søvn. I den aktive søvnen er hjerneaktiviteten i full gang medan vi søv, og vi bevegar auga raskt fram og tilbake under attlatne augelokk (rapid eye movement, eller remsøvn). Samstundes er kroppen i ein slags fysiologisk unntakstilstand; musklane slappar heilt av, hjarterytmen er mindre regelbunden, og vi får dårlegare evne til temperaturregulering.

I den rolege søvnen kjem kroppen meir tilbake til sin normale funksjon. Samstundes stilnar hjernebølgjene av, og vi kan tenkje oss at den som søv roleg, flyt ut på eit blankt, nattsvart og medvitslaust hav.

Unge dyr søv mest, og dei har også mest remsøvn, noko forskarane har tolka som eit prov på at slik søvn er viktig for normal utvikling av psykiske og kognitive evner. I dyreverda er det stor skilnad også mellom artar; elefantar og hestar søv generelt lite, berre tre–fire timar i døgnet, og mindre enn ein time av dette er remsøvn.

Trekkfuglar, som kan vere på vengane i dagevis, får ofte sove berre nokre sekund om gongen, og dei har også evna til å slå av den eine hjernehalvdelen og styre flyginga med den andre. Huskattar søv i gjennomsnitt 15 timar, dei mest bedagelege inntil 20 timar i døgnet. Og kattar er gode til å drøyme, dei kan ha opptil åtte timar med remsøvn. Flaggermus og nokre av pungdyra er aller trøyttast, og dei er vakne berre fire timar i døgnet.

Ferskvare

Å skifte mellom kvile og aktivitet er eit grunnleggjande trekk ved alt liv, heilt frå dei enklaste soppane og bakteriane. Mykje av det vi veit om mekanismane som styrer søvnen, kjem faktisk frå studiar av fruktfluger og små rundormar. Desse dyra søv også, og dei får tydelege konsentrasjonsproblem viss dei blir forstyrra og får for lite søvn. For rundormane noterte forskarane seg ei merkeleg åtferd rett etter paring, då rulla hannormane til side og vart tilsynelatande medvitslause, medan hoene oppførte seg normalt. Det er uvisst kor lang tid det tok før forskarane oppdaga parallellen til virveldyr av typen Homo sapiens.

Meir overraskande var det då amerikanske forskarar nyleg oppdaga at også maneter søv, eller rettare: Dei syner åtferd som innfrir dei krava vi har stilt til korleis søvn skal sjå ut. Desse manetene, som lever i havet utanfor Florida, legg seg på rygg nede på botnen om natta, og symjeaktiviteten er tydeleg redusert. Det er mogleg å vekkje dei og få dei til å symje rett veg, men maneter som får for lite kviletid, blir litt sløve og inaktive dagen etter. Maneter har ikkje noko sentralnervesystem, dei har berre ein tynn nervetråd som strekker seg i sirkel kring kappa som utgjer størsteparten av kroppen. Likevel ser det ut til at dei har trong for ei god natts søvn, på same viset som dyr med meir kompleks psykologi.

Vi veit at søvn gjer kroppen i stand til å ta til seg næring og ha eit naturleg stoffskifte, held oppe den hormonelle balansen og har positiv innverknad på styring av kjensler og intellektuelle evner, særleg korttidsminnet. Det er førebels uvisst korleis søvnen løyser alle desse oppgåvene, men tek du søvnen frå eit dyr eller eit menneske, endar det opp som forvirra og psykotisk.

For dei dyra som har to søvnfasar, aktiv og djup søvn, er begge delane naudsynte for å overleve. Og om du er ein av dei som trur at du etter ei travel veke kan gjere opp for alle desse skadane ved å sove ekstra lenge i helgene, tek du skammeleg feil. Søvn er ferskvare, og tapt søvn er tapt for alltid.

Å sove under vatn

Sovande dyr er mindre merksame på rovdyr og andre trugsmål, og det er viktig å finne ein skjerma stad å kvile utan å bli eten. Elefantselar som lever i Antarktis, kan vere opptil tre månader ute i havet utan å kome på land, og i denne perioden må dei også sove. Selane kan sove flytande i overflata, men for å få til det må dei halde seg i roleg, draumelaus søvn, og med nok muskelaktivitet til å halde seg flytande.

Det er farleg å sove i overflata, der dei kan bli bytte for ein svolten hai eller spekkhoggar, difor søv dei lett og er ofte vakne for å undersøke omgivnadene. For å ta seg ein skikkeleg kvil må selane legge seg roleg ned på botnen, der kan dei sove utan å trekkje pusten i nesten ein halvtime. Då får dei òg tid til litt remsøvn og kan drøyme i ro og fred.

Spekkhoggarhoer med nyfødde ungar sym lange avstandar for å finne mat utan at verken mora eller ungen får tid til å sove. Men dei mest ekstreme er nok trekkfuglane, som kan flyge utan stans i fleire døgn, medan dei duppar av i berre nokre få sekund om gongen. Utan ein så stor fleksibilitet i måten å handtere døgnrytmen på ville mange dyr ikkje hatt det leveområdet og dei høva dei har til å søke mat og gode stader for å fôre opp ungane sine.

Ein todelt søvn der vi anten har roleg, synkronisert hjerneaktivitet eller meir aktiv og ujamn aktivitet, kan ha vore naudsynt for å kunne utvikle og halde ved like intelligens og evne til læring. Det er difor ikkje så merkeleg at nye forsøk har vist at også fiskar har denne skiftinga mellom roleg søvn og remsøvn. At fiskane ikkje har augelokk, er ikkje noko hinder for å sove, like lite som det å ha opne øyre og open nase, der andre sanseinntrykk har fri veg, hindrar oss i å sove i eit miljø der det er både lyd og lukt. Det kan sjå ut til at hormon som adrenalin og kortisol er med på å bremse nervesignala frå heile sanseapparatet nok til at hjernen får fred til å ta seg ein kvil.

Nokre fiskeslag som bur i tropiske rev i Indiahavet, har ei svært aktiv form for søvn, der dei står i ro, medan finnane slår dobbelt så raskt som når dei sym rundt på dagtid. Med desse kjappe finnerørslene pumpar dei friskt vatn gjennom korallrevet, og oksygenverdiane i vatnet kan stige frå 10 prosent til nærare 80 prosent. God vasskvalitet er ein føremon for fiskane òg, men dette er fisk som kan tole svært låge oksygenverdiar (< 30 prosent), og forskarane meiner fiskane har utvikla seg saman med korallreva i ein symbiose der det at fiskane sym i søvne, er med på å halde korallane friske.

Kva med dyr som held til på andre greiner litt lenger ned i det store utviklingstreet? Blautdyr, som sniglar og blekksprutar, skilde lag frå pattedyra si grein for meir enn 500 millionar år sidan. Og dei søv, heile bunten; sniglane søv riktig nok utan teikn til at dei drøymer. Men dei ryggradslause blekksprutane ser ut til å ha forbløffande høgt utvikla sansar og intellektuelle evner. Dei kan til og med ha eit skilje mellom aktiv og djup søvn, nett som oss, og har difor truleg same evna til å drøyme.

Halvsøvne

Kvalane har stor hjerne og høg intelligens, men ser ut til å sove svært lite samanlikna med dyr på land. Blant delfinar har ein sett at dei kan sove med den eine halvdelen av hjernen om gongen medan dei sym rundt og held i gang ein nokolunde samanhengande samtale med dei andre delfinane. Selar og fuglar kan også slå av og på halve hjernen når det er naudsynt. Når fuglar sit i ei rekkje og søv, kan fuglane i midten sove djupt, medan dei to som sit ytst på kvar si side må sove «med eit auga ope», og dei må vere vakne i den hjernedelen som styrer auget som vender utover. Når dei blir trøytte av dette, kan dei snu seg 180 grader og sove litt på den andre sida.

Menneske som skal sove på ein framand stad, som på eit hotellrom eller i eit søvnlaboratorium, vil kunne oppleve litt av det same. Den første natta vil som regel den eine hjernehalvdelen sove litt lettare enn den andre, det kan vere ein rest av den same forsvarsmekanismen som vi ser hos delfinar og fuglar. Det kan også vere difor det kjennest vanskeleg å sove godt første natta på ein ny stad, det er som om vi blir liggande og sove med eit auge ope.

Ulik søvn til ulike behov

At levande skapningar har utvikla ei evne til å veksle mellom aktivitet og søvn, kan verke logisk, då jordrotasjonen gjev ei fast veksling mellom natt og dag. For dyr som lever nær polane, er året nesten delt i to, ei mørk og ei lys årstid. Mange av desse dyra kan difor ha lange periodar nesten utan søvn for så å gå i dvale resten av året.

Dvale er ei litt anna form for kvile, men med mykje av dei same genetiske og fysiologiske mekanismane som søvn: senka hjarterytme, lågare kroppstemperatur og endra aktivitet i sentralnervesystemet. Det er usemje blant forskarane om kva type søvn dyra har når dei er i dvale. Det er bevist at ekorn kan liggje i dvale i mange veker, men berre i djup dvale, utan draumar og bevegelse av auga. Blant ein type lemurar (halvaper) på Madagaskar har ein tvert om sett berre remsøvn i heile dvaletida.

At hestar kan sove ståande, er gamalt nytt. Dei er dei einaste dyra som har denne evna, og den har dei fordi kneskåla kan heisast opp og hengje fast på ein utstikkar av lårbeinet like over kneleddet. På dette viset blir både kne- og haseleddet stiva effektivt av, og berre litt muskelaktivitet er naudsynt for å halde resten av ledda i kroppen avstiva lenge nok til at hesten kan få seg nokre minutt med søvn.

Hestar som er ute på beite, vil sove i korte intervall, ned til 15 minutt om gongen, og totalt berre tre til fire timar i døgnet. I denne tida vil dei ofte sove ståande, med grunnare og kortare søvn enn om dei legg seg ned på bakken. Dette er åtferd hestane har utvikla for å kunne kome seg kjapt opp på beina og klare til å rømme unna rovdyr.

Tid for hemn

Då eg vaks opp på garden heime, var mor mi rasande minst to gonger i året, og det var då vi måtte skifte mellom sommar- og vintertid. At byfolk på dette vørdlause viset kunne skalta og valta med liv og helse til gardbrukarar og mjølkekyr, var for henne ein provokasjon. Faste tider for mjølking var viktig for høg avdrått og god jurhelse, det måtte kvar byråkrat frå byen forstå. Eg trur nok kyrne var meir fleksible enn mor mi, medan ho var eit A-menneske av den harde sorten.

Mor mi, og andre A-menneske, kan no få sin endelege hemn. Med aukande temperatur på kloden vil det bli stadig større energikostnad for både dyr og menneske å vere aktive på den varmaste tida av døgnet. Dei som har forska på livet i ørkenstrok, meiner høgre temperaturar særleg vil kome på dagtid, og samstundes vil tilgang på vatn og vernande vegetasjon minke. Dyr kan migrere til nye leveområde, men dei kan òg endre døgnrytmen og utnytte natta og dei tidlege morgontimane. Det kan bli den same mekanismen som det vi har sett hos villsvina.

I dag har vi ei sommartid tilpassa byfolk som vil ha meir sol og varme når dei kjem frå kontoret eller fabrikken. Om ikkje alt for lenge kan vi få det motsette: ei sommartid som skrur klokka den andre vegen for å gjere livet lettare for både folk og dyr som har vett til å stå opp litt tidlegare og få med seg dei kjølige morgontimane.

Arve Nilsen

Arve Nilsen er veterinær, forskar ved Veterinærinstituttet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Å skifte mellom kvile og aktivitet er eit grunnleggjande trekk ved alt liv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis