Geitene på Kvist
Med tusenvis av støttespelarar på Facebook går kanskje flokken med ville geiter på Kvist i Sognefjorden ei sikrare framtid i møte.
Foto: Odd Arild Loseth
Framtida til ein flokk frittgåande geiter ved Sognefjorden vart brått eit tema på høgt politisk nivå.
Striden kring geitene som sidan 1940-talet har levd i liene i Kvist naturreservat i Balestrand i Sognefjorden, har engasjert bygdefolket, lokalpolitikarar har bede landbruksminister Sandra Borch om å gripe inn, og dei 50 geitene har fått meir enn 12.000 flokkmedlemmar på Facebook.
Etterkommarar
Geitene er etterkommarar av dyr som vart sleppte laus frå ein av gardane i området då dei slutta å levere mjølk. Om sommaren har dyra det fritt og godt langt oppe i fjellsidene, men om vinteren søkjer dei seg ned mot havet for å finne mat. I snøtunge vintrar har eigarane lagt ut høy og hogge ned tre slik at geitene kunne ete dei næringsrike kvistane.
Frå ei lita gruppe på ti geiter voks flokken til nærare 140 dyr. Fylkesveterinæren vedtok i 1994 at av omsyn til dyrevelferda skulle stammen ikkje vere større enn 30 dyr, det same meinte Mattilsynet i 2005 etter ei synfaring av den lokale dyrevernnemnda.
Genressurssenteret ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) kritiserte desse vedtaka og meinte det var ei nedre kritisk grense på 100 hodyr før det ville bli for sterk innavl.
Det enklaste er pistol
Flokken har difor fått leve vidare heilt til i fjor, då Mattilsynet og statsforvaltaren var på ny synfaring. Denne gongen fann dei berre kring 50 dyr, og dei hevdar at dette kan vere prov på at stammen ikkje er berekraftig. Eigaren hevdar at han ikkje har høve til å samle dei inn og halde dei som husdyr på garden, og Mattilsynet krev difor at geitene blir avliva. Sidan geitene er såpass folkeskye, er det ikkje råd å hente dei ned og sende dei til eit slakteri, så løysinga blir å sende ut eit jaktlag.
I grunngjevinga for vedtaket om skyting peiker byråkratane på at dyra ikkje er forsvarleg merkte, brot på krav til leskur med tre tette vegger og faren for innavl. Det tilsynelatande store tapet av nyfødde kje blir òg sett på som særleg alvorleg.
Geiter er husdyr som er avla til å føde i februar, noko som er bra for mjølkeproduksjonen, men ikkje for å sikre velferd og overleving til kje som blir fødde i det fri utan vern mot ørn eller andre rovdyr. Det verka elles som dei vaksne dyra var i godt hald, dei hadde fin pels, og i avføringsprøvane blei det ikkje funne spor av den frykta småfesjukdommen paratuberkulose.
Genetisk mangfald
Det er lett å kritisere dette vedtaket, noko som også er gjort i ei rekkje innlegg og kommenta rar frå folk i området som har følgt desse geitene i mange år, og som ser på dei som ein triveleg og nyttig del av lokalmiljøet. I moderne geiteavl i Noreg blir det bruka mykje avlsdyr av rasen fransk alpegeit, blant anna for å betre smaken og gjere mjølka betre eigna til produksjon av kvit geitost. Utrydding av smittsame sjukdomar har også gjort innhogg i avlspopulasjonen.
Talet på besetningar med meir reinrasa norsk geit er minkande, og dei ville geitene ved Sognefjorden er kanskje berarar av eit genetisk mangfald som elles forsvinn i det nasjonale avlsarbeidet. Dyra har lært seg å nytte terrenget gjennom heile året og kan finne gode og skjerma plassar for kjeinga. I andre flokkar med ville geiter er det også observert at dyr som misser kjea tidleg på vinteren, kan pare seg ein gong til og få kje om sommaren.
Nokre ristar på hovudet over kravet til leskur og meiner friske geiter som har nok mat og fridom til å gå fritt rundt på beite, har lite bruk for slike bygningar. Har alle dei husdyra som står mesteparten av tida inne i eit fjøs, det noko betre? Burde ikkje dei statstilsette kontrollørbyråkratane heller ta tak i dei sakene der dyr verkeleg lir av vanstell og dårleg miljø?
Måndag denne veka kunne Sogn avis melde at Mattilsynet vil kalle inn partane til samtalar og gjere ei ny vurdering av saka. Fleire i bygda har vist interesse for å fôre og sjå etter dyra, og Mattilsynet seier no at dei kan kome til å endre det opphavelege vedtaket om avliving.
Dette er ei interessant utvikling, og vi kan sjå fram til mange nye og kjensleladde innlegg om framtida til geitene. Det som verkar openbert, er at desse geitene er husdyr og ikkje ville dyr med nokon naturleg plass i naturen, sjølv om dei er folkeskye etter lang tid med lite kontakt med menneske. At det finst husdyr med dårlegare velferdstilbod enn dei tilsynelatande sunne dyra Mattilsynet fann i bjørkeskogen på Kvist i fjor sommar, er ikkje eit gyldig argument for å drive ein slik type dyrehald.
Døyr fe, døyr frendar
Forbodet mot å setje husdyr ut i naturen for å klare seg sjølve har vi både for å verne husdyra frå vanstell og unødig liding og for å verne naturen og dei ville dyra som skal leve der. Slik eg ser det, handlar argumenta for å la geitene på Kvist leve vidare som villgeiter ikkje særleg mykje om dyrevelferd, men meir om naturromantikk og at desse dyra kanskje har fått rolla som ambassadørar for gode norske verdiar, der dei lever sitt enkle liv i pakt med naturen, med lite respekt for trongsynte og byråkratiske reglar.
Kva med dei genetiske ressursane? Det finst framleis to forvilla flokkar av norsk kystgeit, ein gamal og truga husdyrrase, der Mattilsynet samarbeider med Norsk genressurssenter ved Nibio om ein forvaltningsplan, mellom anna for å bøte på lang tid med innavl i dei små og isolerte flokkane. For kystgeit er det òg sett opp ein nasjonal plan for avl og bevaring.
Geitene på Kvist er vanlege geiter, men genressurssenteret har føreslått å temje dyra, la dei halde fram med å gå på beite og samstundes gje dei tilsyn som andre husdyr. Då kan forskarane undersøkje både genetikk og åtferd og finne ut om tida i halvvill tilstand på noko vis har endra eigenskapane til denne geiteflokken. Det er eit godt forslag som det bør vere mogleg for både Mattilsynet og statsråden å støtte.
Eit skikkeleg tilsyn vil seie at dyra blir tekne heim til gards om vinteren, får behandling mot parasittar og blir testa for smittsame sjukdommar, og at paringa blir styrt for å minke risikoen for innavl og for å unngå altfor tidleg kjeing. Dessutan må kjea vernast mot ørn og rovdyr dei første par levevekene.
Husdyr skal merkast, og medan dei er på beite skal dei også ha regelmessig tilsyn slik at dyr som blir sjuke eller skadde, kan hentast heim. Då kan dei eventuelle genetiske verdiane takast vare på, og åtferda til dyra på beite, kva dei et og korleis dei nyttar landskapet, kan også registrerast.
Men held det fram slik det er i dag, utan eit skikkeleg tilsyn og noka form for fagleg oppfølging, er det lite verdi i å ha dei halvville geitene gåande. Då er avliving den einaste rette avgjerda.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Argumenta for å la geitene på Kvist leve vidare som villgeiter handlar ikkje særleg mykje om dyrevelferd.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?