Hundegalskap
Dei fleste tilfella av rabies hos menneske kjem etter angrep av hund, og utan vaksine eller rask behandling er det stor sjanse for å døy.
Illustrasjon: Wikimedia Commons
Rabies, eller hundegalskap, har vore ein frykta sjukdom i fleire tusen år. Kvart år blir over 15 millionar menneske behandla mot rabies, og så mange som 60.000 menneske døyr i året – dei fleste etter eit kort sjukeleie med store lidingar.
Dei første skildringane av rabies har vi frå elvekulturane i Mesopotamia, og sjølve namnet rabies har rot i ordet rabhas som kjem frå sanskrit og tyder vald eller raseri. Rabiesvirus høyrer til gruppa Lyssa-virus, ein type virus som er svært vanleg hos flaggermus, og det er truleg frå flaggermus smitten har spreidd seg til andre pattedyr.
Då europearane byrja å reise verda rundt på jakt etter rikdom og koloniar på 1500-talet, tok dei med seg ei rekkje alvorlege sjukdomar til resten av verda, rabies var ein av desse.
I dag finn vi hundegalskap på alle kontinent med unnatak av Sørpolen. I høginnkomstland finn vi smitte hos ville dyr som rev, mårhund og flaggermus. I fattigare land finn vi mest smitte hos hund, men smitte frå flaggermus er også eit stort problem, til dømes i Amazonas i Sør-Amerika.
Nesten alle pattedyr kan få rabies, inkludert gris, hest og storfe, men rabies spreier seg sjeldan vidare frå desse husdyra. Noreg har vore fritt for rabies sidan 1826, med unnatak for Svalbard, der det har vore påvist rabies hos polarrev sidan 1980.
Dødeleg ferd
Rabiesviruset blir skilt ut i store mengder i spyttet hos infiserte dyr og menneske allereie to veker før dei første sjukdomsteikna viser seg. Smitten blir som regel spreidd ved bitt, der spytt og virus blir poda djupt ned i muskulaturen. Viruset ligg gjerne i ro ei stund – frå nokre dagar til fleire månader – før det byrjar å formeire seg.
Viruspartiklane bind seg til motoriske nervefibrar og tek seg så fram langs nervebanane mot det endelege målet: hjernen. Frå infeksjonsstaden vandrar viruset ubønhøyrleg oppover med en fart på 0,5 til 1 mm i timen, tek kanskje ein liten pause i ryggmergen for å formeire seg og klatrar så vidare.
Sjølv med moderne PCR-metodar er det vanskeleg å stille ein sikker diagnose. Å ta ein prøve av hjernevev er den beste metoden, men ikkje alltid praktisk å få til på levande pasientar. Vi veit ikkje korleis viruset vandrar langs nervebanane, og vi har ingen medisinar som kan stoppe den dødelege ferda.
Ved å gå inn i nervevevet og ikkje i blodbanane kan viruset gøyme seg for immunforsvaret. Kjem smitten seg inn til hjernevevet, finst det ingen kur, og offeret har ein sikker og smertefull død i vente. Dei som blir bitne av ein sjuk hund og ikkje får rask behandling, har berre 50 prosent sjanse for å overleve.
Rasande
Rabies fører til ein moderat betennelse i hjernevevet – men til store og dramatiske kliniske symptom. Når sjukdomen bryt ut, ventar døden som regel etter berre ei vekes tid. Den vanlegaste og mest kjende forma er det som blir kalla «rasande rabies», kjenneteikna av sterk uro, feber, kraftig spyttproduksjon og ei kjensle av å bli kvelt.
Væske kan utløyse smertefulle krampar i strupehovudet, difor har det oppstått ein myte om at rabies fører til vasskrekk. Den paralytiske (lammande) forma for rabies kjem litt meir snikande og kan vere lett å forveksle med ei rekkje andre sjukdomar i nervesystemet.
Vaksinen som den franske mikrobiologen Louis Pasteur fann opp i 1885, blei dyrka i levande forsøksdyr. Vaksinane som blir bruka i dag, blir dyrka i cellekulturar, men inneheld enno virus. I vaksinar til menneske er det drepne virus, i vaksiner til dyr levande (ikkje-virulente) virus. Vaksinering gjev godt vern mot sjukdom og er tilrådd for alle som skal jobbe med dyr i rabiesendemiske område.
Behandling er mogleg
Kombinasjonen av hjerneskade med aggressiv åtferd og store dosar virus i spyttet har vist seg å vere ei god oppskrift for spreiing av rabies. Men det er heldigvis råd å stogge infeksjonen.
God reinsing av såret innan tre timar etter bitt er viktig. For dei som ikkje allereie er vaksinerte, vil rask vaksinering framleis kunne gje eit godt vern. Men sidan det tek eit par veker før ein effektiv immunrespons utviklar seg, er det i mellomtida også naudsynt å gje injeksjonar med laboratorieproduserte antistoff.
Førebygging er best
Å få kontroll med rabies er fullt mogleg, dei viktigaste tiltaka er å fjerne bestandar av halvville hundar, å leggje ut åtevaksine til rev og andre ville smittespreiarar og i tillegg ha eit godt tilbod om vaksinering av husdyr og menneske. I Vest-Europa er rabies så godt som utrydda, men dei siste åra har det vore store problem i Kviterussland og Ukraina, med spreiing vestover til Moldova, Polen og Romania.
Det er difor folk i Noreg som no kjem i kontakt med ikkje-vaksinerte kjæledyr frå Ukraina, blir oppmoda om å vaksinere seg. Finland ligg utsett til, men har vore fri for rabies sidan 1991, og der legg dei ut vaksinert åte langs grensa mot aust for å unngå import av smitte med ville dyr.
På den tida det tek å lese denne artikkelen, har minst eitt menneske døydd av rabies. Dei som døyr, bur i den fattige delen av verda, mange er ungar under 15 år, og dei fleste kunne blitt redda om dei hadde fått rask behandling.
Kvifor er det slik? Svaret er enkelt: Rabies råkar hardast i fattige land med dårleg utvikla helsevesen, og mange av dei som blir smitta, har heller ikkje råd til den legehjelpa som kunne ha berga livet deira.
Arve Nilsen
Takk til Eystein Skjerve (Noregs miljø- og biovitskaplege universitet) for viktige faglege kommentarar til teksten.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kjem smitten seg inn til hjernevevet, finst det ingen kur.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.