Innvolsorm hos hest
Larvane til blodorm kan vandre inn i blodårene til tarmen. Tilstoppa blodårer kan gje skade på tarmveggen og i verste fall livstrugande kolikk.
Illustrasjon: Froggerlaura / Wikimedia Commons
Hestar er flokkdyr og trivst best med å gå ute saman med artsfrendar. Men både på beite og i stallen er det lett å bli smitta med parasittar.
Mage- og tarmkanalen til ein hest er ganske romsleg, og med eit volum på nesten 200 liter hos ein vaksen hest er det god plass til innvolsormar av ulike slag. Slike parasittinfeksjonar kan gje kløe, diaré og magesmerter og i verste fall alvorleg kolikk og brå daud.
Smittsamt
Parasittverda er full av overraskande biologiske påfunn, og tarmparasittane har mange forskjellige strategiar for å sikre eit best mogleg liv for seg og etterkommarane. Vi kan starte med hestens spolorm (Parascaris equorum), som held til i tynntarmen. Spolormar vert opptil 40 cm lange og kan legge ein million egg om dagen. Egga har eit tjukt skal og er særskilt hardføre, toler frosten ute på beitet om vinteren, og innomhus kan dei overleve i opptil fem år. Med andre ord: Dette er smittsame saker.
Når egga kjem inn i tarmen på ein ny hest, blir larvane klekte, så tek dei seg ein tur rundt i kroppen til verten og vandrar gjennom lever og lunger før dei kjem ned att i tarmen. Det er særleg føl og unghestar som blir plaga med spolorm, dei eldre hestane er meir immune. Hos unghestar med kraftig infeksjon kan store samlingar med spolorm i verste fall føre til tett tarm og kolikk.
Ei anna svært vanleg gruppe rundormar er det vi kallar små strongylidar (cyathostomar). Dei er tynne som ein sytråd og berre éin til to centimeter lange. Egga deira klekker på beitet og utviklar seg til larvar – larvar som òg kan overleve heile vinteren ute i det fri.
Små strongylidar kan vi finne hos hestar i alle aldrar, og dei kan gje kroniske plager hos vaksne dyr. Dei smittsame larvane har ein uvane med å bore seg ned i slimhinna i tjukktarmen og gå i dvale der. Medan dei søv i tarmveggen, er det ikkje mogleg å drepe dei med nokon slags ormekur. Når våren kjem, vaknar dei til live, og all aktiviteten når larvane grev seg ut, kan skade tarmveggen og føre til at hesten får diaré.
Blodorm
Ein av dei mest frykta rundormane hos hest er ein annan og større strongylusorm som blir kalla blodorm (Strongylus vulgaris). Når hesten får i seg slike larvar på beitet, ofte på seinsommaren eller hausten, vil dei bore seg gjennom tarmveggen, på same viset som spolormane, men blodormen finn vegen inn i dei små blodårene som hentar næring frå tarmen, og nokre vandrar opp til dei større blodårene i tarmopphenget.
Tenåringsormane ligg der og badar i næringsrikt blod heilt til dei vandrar tilbake til tjukktarmen for å bli kjønnsmogne og produsere nye egg. Opphoping av orm i blodårene på dette viset kan skade blodtilstrømminga til tarmen, og tarmveggen kan bli skada eller døy, også her med alvorleg kolikk som mogleg sluttresultat. Heldigvis for hestane blir dei litt meir immune mot blodorm med alderen, på same viset som for spolorm, så også dette problemet er størst hos unge hestar.
Ein annan plagsam parasitt er piskeormen (Oxyuris equi), der symptoma ofte er vedvarande kløe rundt halerota til hesten. Piskeormane lever i tjukktarmen og endetarmen, og hoene kryp ut til endetarmsopninga om natta og legg egg i små klistrete eggpakkar på huda rett utanfor.
Eit irriterande stoff i slimet gjer at hestane klør seg mot veggar og innreiing, og slik blir egga overførte til miljøet, der dei kan overleve i fleire månader. Dette høyrest kanskje kjent ut, og det er ikkje så merkeleg, sidan liknande piskeormar og kløe rundt endetarmsopninga også er vanleg hos ungar.
God førebygging av smittespreiing er viktig for at hestane både skal kunne kose seg på beite og ha minst mogleg trøbbel med mage- og tarmparasittar.
Foto via Wikimedia Commons
Bendelmakk
I tillegg til dei forskjellige rundormane kan hestar også ha bendelmakk (Anoplocephala perfoliata), flate leddormar som er fem til åtte centimeter lange. Egga kjem – som for andre innvolsparasittar – ut med avføringa. Men bendelmakkens larvar må ta vegen om ein spesiell jordmidd før dei kan smitte ein ny hest.
Midden lever i graset, så bendelmakk er for det meste eit problem hos hestar på beite, og særlig på beite som har vore brukte til hest mange år på rad. Bendelmakklarvane som så kjem inn i hestetarmen, vil bite seg fast i slimhinna i overgangen frå tynntarmen til blindtarmen og bli der heile livet. Både makkane sjølve og skadane i tarmveggen kan føre til problem med magesmerter og kolikk.
Resistens
For å halde kontroll med alle desse parasittane er det naudsynt å halde styr på smittespreiinga, mellom dyr og mellom ulike stallar eller flokkar. Hestar kan smitte kvarandre både i stallen og ute på beite, og størst problem er det på beite som blir brukte berre til hest i år etter år.
Å spa bort hestemøkk frå beite og innhegningar kan vere både arbeidskrevjande og kjedeleg, men er eit godt tiltak for å halde nede smittepresset. Det er viktig å verne føl og unghestar mest mogleg mot smitte frå dei eldre dyra, og det er i tillegg verdt å vere særskild aktsam ved introduksjon av nye dyr.
Det er få typar legemiddel som er aktive mot innvolsparasittar, og det er etter kvart oppdaga resistens mot alle dei vanlege ormekurane. I tillegg har ulike parasittar utvikla forskjellig resistensprofil. Både førebygging og behandling er dermed noko som må gjelde heile flokken.
Ei enkel anbefaling kan vere å telje egg i avføringa på alle hestane éin gong i året og å legge opp ein felles strategi for førebygging og behandling.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.