Kløe
Hundar med tjukk pels, som dei av den populære rasen golden retriever, har større risiko for smertefull våteksem.
Foto via Wikimedia
Mange av hundane som kjem til dyrlegen, er plaga av kløe og hudsjukdommar, og dette er eit alvorleg velferdsproblem. Kløe og eksem kan gjere eit elles godt hundeliv til ei vedvarande plage, ofte med lite og dårleg søvn.
Ved parasittinfeksjonar og ved akutte infeksjonar i huda er det naudsynt med rask medisinsk behandling, og enkelte typar eksem krev livslang behandling, i dei mest alvorlege tilfella kan det heile ende med avliving.
Parasittar
For dyr med kløe, flass og håravfall er hovudregelen å starte med ein grundig hudparasittsjekk. Skabbmidd (Sarcoptes scabei) som grev seg rundt i gangar i overhuda, er kanskje det som klør aller mest, gjerne om natta når midden er mest aktiv. Hundar kan bli smitta av kvarandre, men også av ville revar som i periodar kan ha store problem med skabb. Hårsekkmidden (Demodex canis) er òg ein vanleg parasitt hos norske hundar, men då klør det ikkje særleg; symptoma er først og fremst infeksjonar og hårtap.
Parasittar i pelsen, som lus, lopper og midd, kan også vere plagsame. Lusene er så store at du kan sjå dei, ofte finn du dei i pelsen i nakken og rundt øyra. Middane er små og vanskelege å finne, men kan gje både kløe og mykje flass. Medan lus trivst best på verten og er lite lystne på å flytte til andre vertar, kan midd og lopper leve lenge i miljøet utanfor. Midd kan også smitte over på andre dyr i huset, som katt og kanin. Og sjølv om parasittane ikkje kan leve på menneske, kan folk som kjem i nærkontakt med skabb, midd og lopper, bli plaga med både kløe og utslett.
Atopisk
Fôrallergi er eit anna vanleg problem som i tillegg til magetrøbbel kan gje kløe og dårleg pels. Ei utgreiing av dyr med kløe vil difor ofte starte med å sette hunden på ein spesialdiett. Viss spesialfôr og parasittbehandling ikkje hjelper, og hunden held fram med å klø, kjem vi over i den store gråsona som blir kalla atopisk eller allergisk hudsjukdom.
Omgrep som utslett, allergi og atopisk eksem kan gå litt om kvarandre, der årsaka er ein overlag kraftig produksjon av antistoff av typen immunoglobulin E (IgE) i huda. Hundar kan reagere på både pollen og husstøvmidd, nokre er til og med allergiske mot kattar.
Kvifor immunforsvaret blir hyperaktivt og skadeleg, kan vere vanskeleg å finne ut av. Atopi er svært vanleg, og mange dyr med slike plagar blir diverre brukte i avl, sjølv om forsking har vist at den genetiske komponenten er såpass sterk at dyr med atopisk eksem ikkje er eigna som avlsdyr.
Det er særleg unge hundar som blir plaga av atopisk eksem. Dei klør ofte på dei mest tynnhåra stadene på kroppen. Nokre mister håret kring auga, andre i «armholene» eller på labbane. Mange blir plaga med øyreverk. Det er ikkje mogleg å kurere slike dyr heilt, men for dei fleste kan det vere god lindring i å gje regelmessige injeksjonar med ein immunstimulerande vaksine, basert på dei allergena hunden er særleg følsam for.
Den irriterande vesle skabbmidden fører ofte til kraftig kløe. Hundar med hudproblem bør bli sjekka for skabb og andre hudparasittar.
Foto: Arthur Goldstein / Wikimedia Commons
Våteksem
Våteksem, også kalla hot spot, er ein akutt og kraftig betennelse i huda. Han dukkar fort opp, og spreier seg raskt viss hunden ikkje blir behandla. I eit lite felt blir huda raud, hoven og væskande, med ei skarp grense mot den normale huda rundt. Det kan klø, men oftast er det smertefullt, og hundens eigne forsøk på å lindre plagene med å sleike eller klø, vil berre gjere vondt verre. Såra kan vere infiserte med bakteriar, men behandlinga er ofte å vaske, desinfisere, gje kløedempande og smertestillande middel og – diverre for hunden – sette på ein skammeleg halskrage, slik at han ikkje kan halde fram med å sleike på såret.
Årsaka kan også her vere mange. Atopiske hundar er naturleg nok i faresona, men enkelte rasar er meir utsette fordi dei har tjukk pels eller hudfaldar som gjer at huda held seg fuktig etter at hunden har bada eller vore ute i regnvêr. Også dårleg stell av pelsen, eller at hunden er stressa og har lite å ta seg til, kan føre til at han byrjar å klø seg eller sleike seg og lager våteksem på den måten.
Refleks
Eit litt morosamt faktum til sist. Viss du har hund, har du kanskje oppdaga at når du klør han på magen, vil han gjerne byrje å sparke i lufta med ein av bakføtene. Dette er ikkje ei viljestyrt handling, men ein refleks styrt av sanseceller som ligg i huda, og som har direkte kopling via ryggmergen til musklane i bakparten. Klørefleksen kan vere noko hundar har utvikla for å kvitte seg med mogleg irritasjon på den tynne og sårbare huda på buken.
Han som først skildra denne mekanismen, var ingen ringare enn nevrolog og nobelprisvinnar i medisin Charles Sherrington (1857–1952). Har du god tid og er interessert i å forske vidare i Sherringtons fotspor på korleis nervesignala fungerer i hunden din, kan du finne ut kor stor kløsona er, måle kor lang tid det tek frå du byrjar å klø, til foten reagerer, kor lang tid det tek før du får fullt utslag i intensitet, og kva tid det tek frå du sluttar å klø, til foten roar seg ned att. Nobelpris får du nok ikkje, men litt ekstra kos med hunden kan vere premie nok.
Arve Nilsen
Takk til dyrlege og hundeelskar Tone Varegg ved Enebakk Dyreklinikk for viktig kunnskap om kløe og atopi.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.