Koevolusjon
Kattene har i snart 10.000 år freista å skaffe seg verdsherredøme ved å smitte oss med den eincella parasitten Toxoplasma gondii.
Foto via Wikimedia Commons
Dei dyra vi menneske kanskje har minst sympati med, er nok parasittane. Sjølv om vi ikkje liker å tenkje på det, har mange parasittsamfunn utvikla seg i nært samarbeid med vertsorganismane sine (inkludert oss). Til dømes er alle virveldyr vi veit om, infiserte med sine eigne parasittormar.
Når eit slikt samkvem over tid styrer utviklinga av fysiologi og levesett hos begge partane, kallar vi det koevolusjon. For parasittar og vertane deira har dette ført til mange artige og komplekse naturfenomen.
Toksoplasmose
Vi kan byrje med katteparasitten Toxoplasma gondii og sjukdommen toksoplasmose. Denne eincella tarmparasitten spreier seg med katteskit til sandkassar, blomsterbed og grønsakhagar. Dei små eggcystane er klisne og langliva, og ein katt kan lett skilje ut 500 millionar slike egg på ei vekes tid.
I Noreg er det vist at ein stor prosentdel av husdyra har vore i kontakt med parasitten, og slik er det stort sett over heile verda. På verdsbasis blir også minst ein tredel av alle menneske smitta av toksoplasmose.
At folk får i seg eggcystar frå miljøet eller et dårleg varmebehandla kjøt, særleg frå lam eller hest, er nok dei viktigaste smittekjeldene. Friske menneske blir som regel lite påverka av toksoplasmose, men får du i deg ein av dei meir aggressive variantane, som blant anna er vanlege i Nord- og Sør-Amerika, kan du få alvorleg infeksjon i auge og hjerne og kanskje døy i same slengen.
Elles er det mest alvorleg for gravide som blir sjuke: Parasittane vil spreie seg med blodet frå mora til fosteret, noko som kan føre til abort eller alvorlege skadar i fosterets indre organ, som auge, hjerne, lunger eller lever.
Fiskeetande fuglar i Sør-California et gjerne fiskar som er fjernstyrte av larvane til ein ikte som kjem frå fugleskiten.
Foto via Wikimedia Commons
Kamikazemus
Hos smågnagarar eller fuglar som blir smitta av toksoplasmose, kapslar parasitten seg inn i små cystar og venter på at verten skal bli eten av ein ny katt. Men parasitten har også evne til å angripe hjernevevet og fører då til endringar i hjernekjemien og hormonbalansen hos vertsdyret.
Ei rekkje forsøk har vist at smitta mus blir meir vørdslause og mindre redde for ytre farar, og dei ser ut til å bli overvelda av ein ny og uventa trong til å oppsøkje stader som luktar av kattepiss. Med andre ord blir dei kamikazemus. Men det stoppar ikkje her. Også menneske med katteparasittar på hjernen ser ut til å bli meir uforsiktige, og det er vist auka risiko for psykiske lidingar, blant anna schizofreni.
Kattar blir sjeldan sjuke av toksoplasmose, men hos drektige dyr som blir smitta, kan det ende med abort eller fosterskadar, som hos menneske og dei fleste andre dyr. Nesten alle tilfelle av toksoplasmose i verda i dag kjem av éin av tre variantar som er i nær slekt, og slik har det vore i om lag 10.000 år, meiner forskarar som har rekna på mutasjonsfrekvensen i toksoplasmagenomet.
Den brå suksessen til toksoplasma, der nye variantar som kunne smitte nær alle typar varmblodige dyr, byrja å spreie seg til heile verda, meiner forskarane kan ha starta med husdyrhaldet og temjinga av huskatten ein gong kring år 8000 før Kristus.
Fjernstyrt fisk
Vi kan òg finne eit godt døme på koevolusjon i saltvassmyrene i sørlege California. Der er mange av fuglane infiserte med ein liten ikte (Euhaplorchis californiensis) som sender egga sine ut med fugleskiten. Iktelarvane angrip vassniglar som lever av å ete fuglebæsjen. Først gjer iktane sniglane sterile, deretter nyttar dei sniglane som levande niste til å oppformeire neste larvegenerasjon. Dei nye larvane sprengjer seg ut av det som er att av sniglekroppen, finn fram til gjellene til små karpefiskar som lever i myrvatnet, vandrar langs nervebanane til fiskehjernen og tek over styringa.
Infiserte karper sym opp til overflata som om dei er fjernstyrte, plaskar og gjer seg til for å fange merksemda til dei same fiskeetande fuglane. På det viset får fuglane stadig påfyll av både fersk fisk og iktar som lever i tarmen til fisken. Fuglane på si side ser ut til å klare seg godt med ikteinfeksjonen, utan synlege teikn til sjukdom.
Kven er skurken?
Sidan vi ikkje liker parasittar, er det vanleg å meine at i slike historier er det parasitten som er skurken, og at verda kunne vore ein betre stad utan både katteparasittar og fugleiktar.
Difor er det eit interessant perspektiv når to norske forskarar frå Veterinærhøgskulen i tidsskriftet Frontiers in Ecology and Evolution tek for seg desse sjukdommane og snur det heile på hovudet. Dei føreslår at det er immunforsvaret til hovudvertane (katt og fiskeetande fugl) som kan ha tilpassa seg det naturlege utvalet av parasittar og så nedregulert immunresponsen mot dei parasittane som kunne by på eit nyttig samarbeid.
På dette viset kan koevolusjonen sikre parasittane ein trygg livssyklus, medan dei store vertsdyra sit att med det største byttet.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.