JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Kolikk hos hest

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Her er årsaka til mykje liding for både hestar og eigarar. Hestens tarmkanal er rett og slett feilkonstruert.

4396
20220114
4396
20220114

Kolikk er eit samlenamn for smertefulle lidingar i buken, som regel med opphav i magesekken eller tarmkanalen. Tarmkanalen hos hest er av fagfolk rekna som ein tvilsam konstruksjon, og for hestar er difor kolikk ein av dei viktigaste og mest alvorlege akutte sjukdommane.

Brå endringar

Hesten er ein planteetar, men ikkje drøvtyggjar, og mesteparten av den mikrobielle nedbrytinga av grovt plantemateriale skjer i blindtarmen. Etter magesekken skal maten først gjennom 20 til 30 meter med tynntarm, her går det fort unna, og maten kjem fram til blindtarmen etter berre ein times tid.

Blindtarmen hos hesten er ein lang og stor ballong som ligg med den eine enden fritt inne i bukhola. Etter det kjem sjølve tjukktarmen som ei oppblåst dobbelsløyfe heilt frå mellomgolvet til bekkenet. Blindtarmen og tjukktarmen har til saman eit volum på inntil 200 liter. Midt på tjukktarmen har skaparen av ukjend grunn lagt inn ein innsnevra og krapp u-sving der fôret lett kan setje seg fast.

Brå endringar i fôringa er spesielt farleg for hestar. Det kan skje når ein hest som har stått inne i stallen, brått slepper ut på ei ny og freistande eng, eller viss hesten ved eit uhell blir overfôra med kraftfôr. Brå auke i næringstilgangen vil føre til feilgjæring, auka produksjon av gass og ei irritert tarmslimhinne.

Forstopping er eit vanleg problem. Då er dårleg fôrkvalitet eller for lite drikke blant dei vanlegaste grunnane. Hestar som slit tennene ujamt, får ofte biteskader på innsida av kinnet. Dei tygg maten dårlegare og får lettare forstopping og kolikk. Tarmparasittar som spolorm (Strongylus spp.) kan òg føre til irritasjon eller forstopping. Regelbunden ormekur er, som hos andre husdyr, ein viktig del av hestehaldet.

Livstrugande

Ved forstopping vil det hope seg opp med tarminnhald, vatn og gass. Tarmen blir tyngre og vidar seg ut, denne vekta dreg i tarmopphenget (krøset) og fører til buksmerter. Både blindtarmen og tjukktarmen kan kome ut av posisjon, noko som fører til meir opphoping av fôr og dårlegare blodsirkulasjon.

I den hyperaktive tynntarmen kan tarmrørslene bli så sterke at delar av tarmskiva slår knute på seg, eller at tarmen vrenger seg inn i seg sjølv. I slike tilfelle vil delar av tarmen miste blodtilførselen, og tarmveggen blir fort øydelagt.

Ein norsk studie av korleis det gjekk med hestar som vart opererte for kolikk, synte at der blindtarmen eller tynntarmen var komen ut av posisjon, var skadane så alvorlege at halvparten av hestane vart avliva på operasjonsbordet. Og for hestar der det hadde utvikla seg til infeksjon i bukhola, var alt håp ute.

Symptom

Ein hest med kolikk vil få dårleg matlyst, bli rastlaus og kikke seg til buken, krølle overleppa, legge seg og stå opp att, trampe med føtene eller prøve å sparke seg sjølv under magen. Smertene i buken kjem og går i byrjinga, men etter kvart vil det bli så vondt at hesten pesar, sveittar og rullar seg på bakken.

Ein frisk, vaksen hest som står i ro, vil ha ein hjartefrekvens på 28 til 40 slag i minuttet. Ein puls som ligg på opp mot 60 i minuttet, tyder på ei forstopping eller eit anna mindre alvorleg tarmproblem, medan ein puls på 60 eller meir som regel vil tyde på ein alvorleg skade i tarmen.

Lyttar ein med stetoskop på buken til hesten, vil det i dei mest alvorlege tilfella vere stilt som dauden, men det kan òg vere bråk frå ein overaktiv tynntarm eller meir merkelege lydar frå utspilte tarmar fylte med væske og gass.

Behandling

Dei lettaste kolikktilfella blir som regel kurerte ved at eigaren tek hesten med på ein roleg rusletur i 10 til 20 minutt for å få fart på tarmrørslene. Der dette ikkje nyttar, vil dyrlegen som regel gje hesten ein injeksjon med middel som dempar smerta og løyser opp krampane i den glatte muskulaturen i tarmen. Etterpå legg han ein sonde gjennom nasen og ned i magesekken for å få opp gass og for å fylle på med væske tilblanda elektrolyttar, som hjelper til med å halde tarminnhaldet flytande.

Ved alvorleg kolikk og mistanke om tarmslyng må dyrlegen bestemme om det er best å avlive hesten med ein gong, eller om det er mogleg å prøve med operasjon. Det er få klinikkar i landet som har utstyr og folk med nok erfaring til å gjere denne typen inngrep, og i mange tilfelle vil lang transportveg uansett gjere det uråd å berge livet til hesten.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Tarmkanalen hos hest er av fagfolk rekna som ein tvilsam konstruksjon.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis