Oppdrett til havs
Oppdrettsfirmaet Salmar var ein sentral pådrivar for å få til ordninga med utviklingsløyve i 2015, og dei var først ute med ein havgåande oppdrettsmerd, som vart plassert på Frohavet nord for Hitra.
Foto: Salmar
Under overflata
Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinærinstituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene av oppdrett.

Dette er den siste spalta i serien «Under overflata». Vi har vore innom mange ulike tema: lakselus og furunkulose, karbondioksid og ethoxyquin. Det er lett å kritisere feila frå i går, og i oppdrett er det mange feilgrep å ta for seg. Rask vekst utan god struktur i botnen er vel ei av dei mest alvorlege syndene. Men kva med framtida? Kva veg skal vi gå for å sikre utvikling av ei berekraftig og lønsam havnæring? Mange kunnskapstunge rapportar har blitt laga om korleis framtida ser ut innanfor havbruk og oppdrett, dei fleste har bomma kraftig. Men no ser både politikarar og oppdrettsnæring fram mot det som skal bli den lysande framtida: oppdrett til havs.
Grunnrente
Det har vore ein stor diskusjon om oppdrettsnæringa skal betale grunnrente til staten for bruken av havet som ein felles ressurs, slik kraftselskapa må betale for å nytte fossekrafta. Sjømatnæringa ser ingen grunn til å betale ein slik samfunnsskatt, samstundes meiner selskapa at dei skal ha rett til å bruke desse ressursane i all framtid. Vi har sett ei utvikling der det har blitt ein stadig hardare kamp om areala nær kysten, og i fleire av produksjonsområda har styresmaktene stogga vidare vekst i oppdrett fordi lusa gjer skade på dei ville bestandane av laksefisk. Det finst mange gode grunnar til at oppdrettsnæringa bør bremse opp litt, og det finst også gode grunnar til å tenkje over korleis næringa skal bidra til vekst og framgang i det samfunnet som byggjer vegane og legg straum- og vassleidningane fram til der det bur folk, og der det blir bygd oppdrettsanlegg og fiskeslakteri.
Merkevarebygging
Når produksjonen må kuttast der miljøproblema blir for store, kan dei største selskapa framleis flytte produksjonsvolum mellom ulike område. På det viset kan dei leve med restriksjonar på Vestlandet, så lenge dei kan auke i ein annan del av landet. Men enno er det ikkje nok. Dei store treng meir areal, meir volumvekst. Slik vart tanken om utaskjers oppdrett fødd, eller «offshore» som det heiter på oljenorsk. Å byggje store merdsystem som liknar på skip eller oljeplattformer, er ein gamal idé. Modellane finn du i lærebøker frå 80-åra. Men fart på sakene vart det ikkje før staten innførte ordninga med såkalla utviklingsløyve i 2015. Det vart børsta støv av gamle teikningar, dei kom no i fargar og 3D, og nye løyve vart delte ut. Store havmerdar vart bygde i Kina og taua heim til Noreg for å bli fylte med fem til ti gonger meir fisk enn det er lov til å ha i ein einskild vanleg merd. Nordmenn har alltid vore barskingar til havs, og utaskjers oppdrett passa perfekt inn i den historiske merkevarebygginga av Noreg og det norske. På denne måten kunne styresmaktene også leggje til rette for vekst i ei stagnert oppdrettsnæring, gje laksemilliardærane noko vitug å bruke familieformuen på (dei kan jo ikkje gje alt til ungane sine heller), og kan hende skaffe jobb til nokre arbeidsledige oljeingeniørar i same slengen.
Meir areal – og kva så?
Salmar var først ute, og havmerden deira har vore i drift i eit par år. No har selskapet avslutta prosjektet og kan gjere om dei åtte utviklingsløyva til vanlege kommersielle løyve, som dei òg står fritt til å bruke til vanlege merdar. Rapporten til Salmar ligg open på nettsidene til Fiskeridirektoratet. Der står det at fisken har vakse bra, og at selskapet synest teknologien er artig å halde på med, men vi kan òg lese om sjukdom, lus, rømming og kritisk dårleg velferd for reinsefisken. Det er tydeleg nok at oppdrett til havs ikkje kan løyse nokon andre utfordringar enn arealbehovet. Og kva med fisken som blir produsert utaskjers, skal han med slaktebåt inn til land og med bil på krunglete vegar til kontinentet når det er beinvegen med slakte- og prosessbåt rett til Danmark og EU?
Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet vil likevel ha meir fart på eit nytt regime for løyve for oppdrett til havs. Eit forskartungt panel skal om ei vekes tid leggje fram rapporten «Veikart for havbruk til havs». I referansegruppa til prosjektet finn vi ingeniørar, biologar og folk med kompetanse frå oppdrett, finans og jus. Salmar og Nordlaks er framleis både pådrivarar og rådgjevarar i prosessen fram mot å få meir laks i dei store havmerdane, og dei lovar høgtideleg at fisken skal slaktast og gjerne foredlast på land, og at det heile skal gje meir aktivitet og meir verdiskaping innaskjers. Og om dei verkeleg får til oppdrett til havs, kva hindrar i så fall oppdrettsselskapa i å ta heile næringa med seg til andre og meir skattevennlege delar av verda? Handverkarar seier det er lettare å byggje nye hus enn å pusse opp dei som er gamle og vindskeive. Og det er openbert lettare å diskutere reglane for eit framtidig og utopisk oppdrett til havs enn å finne fram til gode reguleringar av den oppdrettsnæringa vi alt har.
Den nye olja
Det kan synast litt merkeleg å gje havmerdprosjekta så langt merkelappen «offshore», så lenge dei ligg i dei ytre delane av skjergarden, der det finst både oppdretts- og fiskeriinteresser frå før. Havmerden til Salmar ligg rett nok i Frohavet, men med to andre lokalitetar inne blant holmane i øygruppa Froan som ligg endå lenger vest. Havfarmen til Nordlaks ligg på Ytre Hadseløya, det òg i eit oppdrettstett område. Ein litt meir presis merkelapp kunne vore «litt lenger ut i fjorden-oppdrett», men der har vi vel ingen kjende engelske omgrep frå oljenæringa som kan nyttast. Det kan vere at «offshore» også er noko som passar for ei næring som har både planar om og føresetnader for å bli den nye olja. Men om dei store aktørane skal få løyve til å ta over dei nære havområda og fylle dei med oppdrettsfisk og dei problema som følgjer med, er det vel ikkje for mykje forlangt at dei også skal betale noko til samfunnet for bruken av havet.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På den måten kunne styresmaktene leggje til rette for tilsynelatande vekst i ei stagnert oppdrettsnæring, gje laksemilliardærane noko å bruke familieformuen på og skaffe jobb til nokre arbeidsledige oljeingeniørar i same slengen.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?