Pels
Sjøpattedyr som havoteren har ein pels som gjev godt vern mot kulde i både luft og vatn.
Foto: Robert E. Klein / AP / NTB
Alle pattedyr har hår, og det er berre pattedyr som har det. Vi menneske er ganske nakne, i lag med elefantar, griser og kvalar, medan mindre pattedyr som mus og ekorn er blant dei mest hårete. Eit tett hårlag over heile kroppen kallar vi ofte pels, men går vi tett på, er det store skilnader i strukturen og funksjonen til hårlaget hos ulike dyreslag.
Eit av dei vanlege spørsmåla om pels er kvifor vi sjølv ikkje har det, men berre nokre spreidde tustar på hovudet, kring kjønnsorgana og under armane. Men før vi svarar på det, skal vi sjå på historia til håret.
Kvifor har dyra pels
Skal vi halde oss til Darwin og evolusjonsteorien, må hår ha blitt utvikla fordi det tente til betre overleving eller meir effektiv reproduksjon. Nokre har føreslått at hår har utvikla seg frå skjel eller andre strukturar i huda, men arkeologar har til no aldri funne fossil med overgangsformer frå slike skjel til hår.
Dei har faktisk aldri funne noko anna enn fullt ferdige, «moderne» hår. Og det er litt merkeleg, fordi oppbygningen til håra gjer at dei er svært haldbare, og vi kan finne fullt bevarte hår i arkeologiske funn og fossil, slik skulle det ha vore også for dei tidlege overgangsformene.
Dreiv utviklinga seg fram med hår og pels fordi det gav dyra betre vern mot kulde? Det er uråd å seie noko om det, og vi veit ikkje kva som kom først, dei varmblodige dyra eller pelsen. At det har noko å gjere med vern mot nedkjøling eller andre ytre påverknader, verkar sannsynleg, men det kan òg ha vore ein kombinasjon av ulike evolusjonsmekanismar vi i dag ikkje veit noko om.
Vern i vatn
Sjøpattedyr er spesielt interessante, dei hadde pels og levde på land, og så vassa dei tilbake til eit liv i havet. Dei dyra som først vende tilbake til havet, var dei som seinare blei kvalar. Kvalane har framleis små og tynne hår, men ingen pels, og vernet deira mot det kalde vatnet er det tjukke spekklaget.
Pattedyr som har tilpassa seg livet i sjøen i nyare tid, er til dømes oter og isbjørn. Der har evolusjonen ikkje hatt tid til å utvikle noko særleg spekklag, men desse dyra har ein tjukk og isolerande pels der dekkhåra er flate og korte for å gje vern mot vatn og minst mogleg friksjon når dei sym.
Underhåra til oteren hektar seg saman litt på same viset som duna til fuglane, og det gjer at det er eit større luftrom inn mot huda når oteren dykkar, og vasstrykket pressar pelsen flatare. Oteren manglar også dei små musklane i huda som hos oss får håra til å stå rett opp når vi frys (gåsehud); under vatn ville den mekanismen berre vore til ugagn. Selane har vore kortare tid i havet enn kvalane, men lenger enn oteren og isbjørnen. Dei har difor, som kvalane, eit solid spekklag, men nokre av selane har framleis ein tjukk og godt isolerande pels.
Vanstelte husdyr
Dei tamme husdyra har alle slags merkelege typar av pels, alt etter kva vi menneske har avla på av foreldredyr. Nokre, som vanleg huskatt og mange hunderasar, har temmeleg nær naturleg utsjånad, med dekkhår og underhår og med skifte mellom vinter- og sommarpels.
Men vi har òg avla fram nesten hårlause dyr eller langhåra kattar og hundar som har mista evna til å stelle seg sjølv, der eigarane må børste og klippe dyra regelbunde. Det har òg blitt mote å kle kjæledyra opp som små menneske, med vinterklede, regnfrakk eller pysjamas, men mesteparten av dette utstyret er nok meir til glede for eigarane enn for dyra sjølv.
Eit anna døme til frå husdyrverda: Tamme griser har ikkje berre mista dekkhåra, dansk svineavl har gjort dei til pigmentlause albinoar som ikkje toler sollys utan å bli solbrende.
Den nakne apen
Men attende til oss menneske: Kvifor har vi blitt nakne? Den mest aksepterte teorien er at då menneska byrja å gå på to bein og rusla ut på dei opne grasslettene i Afrika på jakt etter dyr, hadde dei god nytte av ei naken hud med mange sveittekjertlar.
Desse første menneska var naturlegvis mørke i huda og på det viset framleis godt beskytta mot solforbrenning. For oss menneske kan det òg ha hatt noko å gjere med seksuelle preferansar. Kan hende vart det på eit eller anna tidspunkt sett på som ustelt eller usexy med pels, som det vi i litt nyare tid har sett med haldningane til pelskåper.
Men det kan òg ha noko med kroppsvekt å gjere. Ser vi på kor tett håra veks på ulike pattedyr, er det ein klar samanheng mellom kroppsvekt og hårvekst: Større dyr har færre hår per kvadratcentimeter.
Primatar, eller menneskeapar, har dårleg hårvekst samanlikna med andre dyr på same storleik, men samanlikna med kvarandre er det tydeleg at dei største primatane har minst hårvekst. Sjimpansane er spesielle ved at dei har relativt sett mykje mindre hår enn dei andre primatane. Kan hende pels har gått av moten der også, og dei er på veg til å bli den neste nakne apen?
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kan hende vart det på eit eller anna tidspunkt sett på som ustelt eller usexy med pels.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?