Pest i heimen
Parvovirus er svært smittsamt og ofte døyeleg hos unge kattar og hundar.
Foto: Shutterstock / NTB
I Rogaland har hundeeigarar og dyrlegar dei siste vekene vore bekymra for spreiing av hundepest, eller rettare: ein smittsam virusinfeksjon som fører til alvorleg mage- og tarmbetennelse. Fleire dyr har blitt alvorleg sjuke, nokre har døydd.
Hundepest er særleg alvorleg for kvalpar fram til dei er eit halvt år gamle, det går kort tid frå infeksjon til dei blir sjuke, med kraftig oppkast og blodig diaré. Viruset kan òg angripe beinmergen og hjartemuskulaturen, og blant dei som blir alvorleg sjuke, er det mange som døyr, sjølv etter intensiv behandling på ein veterinærklinikk.
Parvo
Hos menneske har ordet pest først og fremst vore brukt om infeksjon med bakterien Yersinia pestis, betre kjend som svartedauden. På engelsk kan pest også tyde skadedyr eller lite populære slektningar. I norsk daglegtale nyttar vi gjerne ordet pest om alle slag alvorlege smittsame sjukdommar, noko husdyra våre heller ikkje kjem unna.
Kvegpest var inntil nyleg ein frykta sjukdom hos storfe, i denne spalta har vi tidlegare skrive om svinepest. No er tida komen for pest i heimen: nærare bestemt infeksjon med parvovirus og lidingane hundepest og kattepest.
Ordet parvo kjem frå latin (parvus) og tyder «liten», og parvovirus er blant dei aller minste DNA-virusa. Parvovirus kjem ut med avføringa i store mengder, opptil ein milliard virus i kvart gram skit. Desse virusa er hardføre og kan overleve på bakken eller i klede og liggjeunderlag i fleire veker. Difor er det svært vanskeleg å hindre smitteoverføring mellom dyr som er i same miljø.
Kattepest
Det heile byrja faktisk med kattepesten, eller felin panleukopeni som det litt meir fagleg presist heiter på latin. Dette har lenge vore ein vanleg sjukdom hos kattedyr. Så, ein gong på 1970-talet, skjedde ein uventa mutasjon som gjorde at viruset kunne gje sjukdom hos hund. Etter det spreidde pesten seg raskt til hundar over heile verda. Parvovirus gjev stort sett dei same symptoma hos katt som hos hund, og det er særleg dei aller yngste dyra som blir sjuke, med høg feber, oppkast og diaré.
Viruset angrip celler som er i rask vekst og deling, som tynntarm og beinmerg, og hos katt blir det eit kraftig fall i talet på kvite blodlekamar. Også her bryt sjukdommen ut berre eit par dagar etter infeksjonen. Uvaksinerte kattungar døyr gjerne fort, medan eldre dyr får mindre alvorlege symptom og som regel er smittefrie ti dagar etter at dei blei sjuke. Hos drektige dyr kan smitten føre til fosterskade og abort.
Vaksinering
Vaksinering er einaste brukbare botemiddel mot pesten. Både ein naturleg infeksjon og vaksinering gjev høge nivå av antistoff i blodet. Denne immuniteten gjev godt vern mot smitte – men det er òg eit problem ved vaksinering av kvalpar og kattungar. Dei får i seg rikeleg med antistoff med råmjølka frå mora, og dei første vekene etter fødselen er dei difor beskytta ikkje berre mot virus, men òg mot vaksine.
Standard vaksinering mot parvovirus startar tidleg fordi det er dei unge dyra som er mest sårbare, men på grunn av antistoffa frå mora er det naudsynt med ein ny dose etter fire veker for å vere sikker på at effekten blir god nok. Etter ein tredje dose når dyra er eit halvt år gamle, rekk det så med ei ny vaksinering kvart tredje år. For dei som driv oppal eller kennel med mange dyr som er i tett kontakt, er det som regel tilrådd med meir intensive vaksineprogram.
Pandemi-pus
Til vanleg er det få problem med hundepest i Noreg, fordi dei aller fleste hundane er godt vaksinerte. I Rogaland har det truleg vore litt for mange vaksne hundar med dårleg vaksinestatus, samstundes som dei har hatt litt uflaks og fått smitte av kvalpar som enno ikkje har vore gamle nok til å bli vaksinerte. Mattilsynet meiner det ikkje er snakk om noko alvorleg utbrot, eller at nokon ny og hissigare mutasjon har dukka opp.
Mange huskattar er godt vaksinerte, men det finst enno stader med dårleg flokkimmunitet. Ei mengd huslause «villkattar» er med på å halde smitten levande i kattepopulasjonen. For kattepest som for andre kattesjukdommar vil det alltid vere viktig med førebyggjande tiltak som obligatorisk merking, vaksinering og sterilisering.
Kjæledyr som blir sette ut i skogen, eit problem som har auka på no i etterkant av koronaepidemien, vil vere med på å halde oppe smittepresset for kattepest og ei rekkje andre smittsame kattesjukdommar. Det er eit tungt etisk tankekors at vaksne folk skaffar seg dyr til glede for ungane i familien, og så kort tid seinare avlivar dei eller slepper dei ut til ein huslaus og uviss lagnad.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er særleg dei aller yngste dyra som blir sjuke, med høg feber, oppkast og diaré.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.