JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Pest og plage

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dag og Tid-grisene Per og Aslak i sitt rette miljø, men utan kontroll med spreiinga av afrikansk svinepest kan det i framtida bli vanskeleg å halde gris utandørs.

Foto: Svein Gjerdåker

5131
20210806
5131
20210806

Afrikansk svinepest herjar framleis i grisefjøsa i Kina, nye virusvariantar dukkar opp, og i år har den nye smittebølga fløymd inn over fleire delar av landet. Frå det første utbrotet av afrikansk svinepest (ASF) i byrjinga av august 2018 tok det berre to månader før dei hadde påvist pesten i åtte ulike provinsar, og eitt år seinare hadde helvta av grisane i Kina døydd av sjukdom eller blitt slakta i forsøk på å stogge smittespreiinga.

Etter ein kort periode med færre utbrot og ny vekst i svineproduksjonen ser det no ut til at pesten er på ny offensiv i Kina. Afrikansk svinepest spreier seg i fleire asiatiske land, i Afrika og i Aust-Europa. Det kan sjå ut til at gardbrukarar og styresmakter over store delar av verda må leve med denne sjukdommen i lang tid framover – med dei problema det vil ha for både dyrehelse og matproduksjon.

Pandemi

ASF-viruset går til åtak på lymfatisk vev og blodceller og øydelegg blodets evne til å koagulere. Dyr med akutt sjukdom får høg feber og døyr etter kort tid, medan øyra og beina kan bli raudsvarte av blødingar under huda. I meir kroniske tilfelle kan grisane magrast av og få betennelse i lunger og ledd. Sjukdommen spreier seg raskt, i dei verste tilfella døyr heile besetninga på kort tid og ASF blir av FNs mat- og landbruksorganisasjon FAO omtala som verdas mest alvorlege husdyrpandemi. Ein liknande sjukdom, klassisk svinepest, skuldast eit virus av familien med det illevarslande namnet pestivirus, men vanlegvis er det færre grisar som døyr ved klassisk svinepest enn ved den afrikanske pesten. Til alt hell er det ingen av svinepestvirusa som kan infisere menneske, i motsetnad til det vi ser ved svineinfluensa.

Svineri

Gris finn vi som husdyr i alle verdsdelar, og med aukande etterspurnad etter rimeleg svinekjøt har det vorte ein stadig meir industriell produksjon. I Noreg slaktar vi 1,7 millionar grisar i året, i Danmark meir enn ti gonger så mange. Men det er Kina som har førsteplass, der dei før pesten slo til i 2018, hadde vore oppe i ufattelege 500 millionar grisar i året.

Det som kjenneteiknar store grisefjøs over heile verda, er overfylte bingar med harde golv, stressa dyr som lever i eit kronisk smittepress, og der bruk av antibiotika er ein del av kvardagen. Dette svineriet gjev flotte tilhøve for overføring av virus, og i mange land slit næringa med ei lang rekkje alvorlege sjukdomar. I Asia er svinepest eit stort problem, ikkje berre i Kina, men òg i land som Sør-Korea, Malaysia og Filippinane, der folk i snitt et meir svinekjøt i året enn i både Noreg og USA.

I tillegg har villsvin i mange år spreidd seg sakte, men effektivt, inn frå Asia og opp gjennom Balkan og Aust-Europa. Afrikansk svinepest har haika med på turen, sjukdommen har rykt vestover med ein fart på om lag éin til tre kilometer i månaden og er no stabilt etablert (endemisk) i Russland, Romania, Litauen og Polen. I Tyskland har dei jakta hardt på villsvin for å halde smitten ute, men i juli kom det melding om utbrot på tre gardar nær grensa til Polen. I Noreg har vi ein jamn innvandring av villsvin frå Sverige, men til no er ikkje ASF funne i villsvin i korkje Noreg, Sverige eller Finland. Det er viktig å halde desse bestandane så små som mogleg for å hindre innvandring av smitte frå aust, men her til lands er framleis den største risikoen for smitte knytt til handel med kjøt og kjøtprodukt eller at folk uforvarande tek med seg pålegg eller pølser med virusinfisert svinekjøt frå land med svinepest.

Økonomi

Den omfattande nedslaktinga i Kina førte raskt til høgre marknadspris for svinekjøt, og samstundes lågare priser på mais og kveite, som blir brukte til grisefôr. I Danmark melde dei i 2020 difor om god lønsemd i svineproduksjonen for første gong på mange år, og bankane gledde seg over det. (Dei eig dei fleste av gardane.)

Både i Tyskland og i Kina kan det sjå ut til at det er dei små og mellomstore gardane ute i distrikta som blir hardast råka, særleg dei som har grisane utandørs. I dei store besetningane er grisane stengde inne i tette fjøs, gardane har økonomiske ressursar til å lage betre smittesluser og til å isolere og slakte ut sjuke dyr. På dette viset kan epidemien føre til ei utvikling i retning av forbod mot å halde gris utandørs, større fjøs, færre eigarar og meir industrielt dyrehald – og med det dårlegare dyrevelferd og tap av biomangfald (lokale griserasar).

Immunologi

Det er testa ut vaksinar baserte på svekte heilvirus, noko som ikkje vil bli aktuelt å bruke førebyggjande, men berre der det allereie er utbrot av sjukdom. Til no har ikkje vaksinane vore effektive nok, og einaste rådgjerda har vore omfattande nedslakting av smitta besetningar og kontaktbesetningar og streng kontroll med flytting av dyr. Det siste året har vi sett ei rask utvikling av nye typar virusvaksine. Ein mogleg positiv etterverknad av koronapandemien kan difor bli nye vaksinar og meir effektiv kontroll av fleire alvorlege dyresjukdommar.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det som kjenneteiknar store grisefjøs, er overfylte bingar med harde golv, stressa dyr som lever i kronisk smittepress, og der bruk av antibiotika er ein del av kvardagen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis