JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Skite spel

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Diaré på grunn av infeksjon med E. coli er eit vanleg problem hos grisungar.

Foto: Robert Nunnally / Flikr

5704
20231020
5704
20231020

I tjukktarmen hos varmblodige dyr er det eit rikt bakterieliv, og døde eller levande bakteriar kan utgjere meir enn halvparten av avføringa. Ein av dei vanlegaste bakteriane er Escherichia coli (E. coli). E. coli er til vanleg nyttige for verten, men patogene serotypar av E. coli kan gje alvorleg sjukdom hos både menneske og dyr.

Dette er bakteriar som kan klare seg både med og utan oksygen, dei kan overleve i miljøet, og dei har til og med eit aktivt kjønnsliv for å dele på arvestoff som gjer dei både farlegare og meir motstandsdyktige mot antibiotika. I ei verd med stadig fleire menneske og husdyr ser det ut til at E. coli og andre tarmbakteriar kan gå ei trygg framtid i møte.

Nyfødd

E. coli er ein av dei første bakteriane som tek plass i tarmen hos nyfødde dyr. Viss det blir for mange av ein patogen (sjukdomsframkallande) variant, kan bakteriane setje seg fast i tynntarmen og produsere giftstoff som øydelegg slimhinna og fører til ein kraftig diaré der dyra gjerne døyr av væsketap og uttørking. Slike giftproduserande E. colibakteriar er til dømes vanleg hos smågris, både rett etter fødsel og etter avvenning frå mora.

Grisungar med diaré bør få ekstra tilskot av væske og elektrolyttar, i alvorlege tilfelle kan det også vere naudsynt med antibiotikabehandling. For å førebyggje diaré hos spedgrisane er det vanleg å vaksinere purkene, slik at det blir meir antistoff mot colibakteriane i råmjølka.

Liknande colibasillose finn vi også hos lam, kje og kalv. I nokre tilfelle går bakteriane over i blodet og fører til systemisk infeksjon og rask død. Hos nyfødde lam kan dårleg hygiene og lite råmjølk føre til oppvekst av E. coli i tynntarmen, lamma blir slappe og kalde og får utrivelege symptom som oppblåst mage og kraftig spyttproduksjon («slevelam»), og behandling er ofte nyttelaust.

For grisungar, kalvar og lam gjeld dei same reglane for førebygging av sjukdom, der eit reint miljø, rikeleg med råmjølk og tørre og lune liggeplassar er det aller viktigaste. 

Akutt

Colibakteriar i miljøet kan angripe mjølkekjertlane og gje jurbetennelse hos både kyr, gris og småfe. Slike miljøinfeksjonar er som regel milde og forbigåande, men dei kan også bli meir akutte og aggressive, særleg hos nykalva kyr. Kua blir brått slapp med høg feber og eit knallhardt jur, frå dei angripne spenane kjem det berre tynt blodvatn.

Den sterke påkjenninga kjem av frisetjing av giftstoff til blodet. Kyrne får ein sterk stressreaksjon, og eit brått fall i mengda kalsium i blodet kan vere med på å svekke muskulaturen. Penicillin verkar ikkje mot colibakteriar, og anna antibiotikabehandling er heller ikkje særleg effektivt mot denne typen jurbetennelse. Men infeksjonar med andre og penicillinfølsame bakteriar, som stafylokokkar, kan gje dei same kliniske teikna, og ei ku med akutt jurbetennelse får som regel antibiotika for å vere på den sikre sida. 

E. coli kan også gje sjukdom og brå død hos nyklekte kyllingar. Denne serotypen blir kalla aviærpatogen E. coli og er ekstra alvorleg fordi bakteriane ikkje held seg inne i tarmen, men har evne til å angripe heile kroppen. Liknande invaderande eigenskapar har også typane av E. coli som gjev infeksjonar i urinvegar og hjernehinner hos menneske, og aviærpatogene E. coli er difor rekna som ein av dei colibakteriane som kan vere ein mogleg zoonose (sjukdom som smittar frå dyr til menneske).

Bakterien som vann

Kampen om ressursane på jorda er på mange måtar eit skite spel, rigga for at nokon skal vinne, og nokon skal tape. I dei siste hundreåra er det menneske og husdyr som har vore dei store vinnarane, medan naturen og dei ville dyra har tapt terreng. Berre dei siste seksti åra har folketalet auka frå tre til åtte milliardar, samstundes er talet på husdyr tredobla frå éin til tre milliardar, og produksjonen av slaktekyllingar har eksplodert frå åtte til nesten åtti milliardar. Resultatet er at skit, tarmbakteriar og andre smittestoff sig inn i miljøet frå alle kantar. 

I tillegg til sjukdom står E. coli for eit anna dødbringande problem, antibiotikaresistens, også kalla «den tause pandemien», der det no er seks ulike bakteriar som tevlar om å vinne kappløpet mot legemidlane. Reistente E. colibakteriar ligg godt an til å få førsteplassen, med opptil 30.000 dødsfall i året berre innanfor EU. Kor mange som døyr i resten av verda, er uvisst.

E. coli av serotypen O157:H7, som kan gje diaré og nyreskade hos menneske, har fått tilnamnet «hamburgarbakterien».

Foto via Wikimedia Commons

Gladsak

Hos menneske er det vanleg å finne E. coli ved blodforgifting og diaré hos ungar, sjukdommar som kjem av ureina mat og drikkevatn og som altfor ofte får eit dødeleg utfall på grunn av manglande helsetilbod for dei fattigaste. Turistar kan lett få i seg lokale variantar av E. coli og andre tarmbakteriar og bli plaga med kraftig diaré, også kjent som «Montezumas hemn».

Her i vår velfødde del av verda har vi eit stadig større problem med ein variant av E. coli som er vanleg hos storfe, og som lett kan smitte til menneske med dårleg varmebehandla kjøt og mjølk. Denne serotypen (E. coli O157:H7), som har fått det fengande tilnamnet «hamburgarbakterien», har evne til å overleve den suraste magesyra. Det er difor nok med ein smittedose på berre ti bakteriar for å gje sjukdom. I tillegg kan giftproduksjonen frå denne typen E. coli vere så kraftig at dei raude blodcellene døyr, blod lek ut i urinen og pasientane døyr av nyresvikt. 

Som ei mikrobiell gladsak på slutten av denne oppramsinga av utrivelege sjukdomsproblem kan vi ta med at E. coli også er ein godt studert og populær bakterie i mange slags forskingsprosjekt. Mykje av det vi veit om grunnleggjande mekanismar på cellenivå, har vi lært av colibakteriane, og genmodifiserte E. colibakteriar er sette i nyttig arbeid med å produsere insulin til alle dei som slit med diabetes. 

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis