JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Tilapia

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oppal av tilapia i jorddammar er vanleg. Biletet viser stimar av småfisk i eit klekkeri i Huila-provinsen i Colombia.

Foto: Arve Nilsen

5133
20221111
5133
20221111

I Noreg trur vi gjerne at laks er den viktigaste oppdrettsfisken i verda, og at oppdrett av laks er viktig for å fø den stadig veksande befolkninga i verda. Men i eit globalt perspektiv er det ferskvassfisk, algedyrking og produksjon av skjel som utgjer størsteparten av all akvakultur.

Ta til dømes tilapia, ein afrikansk ferskvassfisk som dei siste tiåra er blitt populær over heile verda. For 4000 år sidan var denne fisken frå Nilen så viktig for matforsyninga i Egypt at han blei trudd å vere heilag, beskytta av sjølvaste solguden. I dag er heilsteikt tilapia ein rimeleg og velsmakande rett som du kan få servert ikkje berre i Afrika, men også i land som Kina, Indonesia, USA, Brasil og Colombia. Sjølv om fisken ikkje blir større enn 300 til 800 gram, er den samla produksjonen av tilapia meir enn dobbelt så stor som produksjonen av laks.

Hardfør

Tilapia er ein hardfør fisk, godt tilpassa eit tropisk klima. Dei trivst best ved vasstemperaturar rett under 30 grader. Dei mistar matlysta viss temperaturen søkk ned mot 20 grader, og blir det særleg kaldare enn det, vil dei fort bli sjuke og døy av stress.

Så lenge vatnet er varmt nok, toler dei høg tettleik og store variasjonar i vasskvalitet.

Det blir sagt at dei kan overleve i vatn heilt fritt for oksygen, berre dei får tilgang til luft. Men at dei overlever i eit dårleg miljø, er ikkje det same som at dei har god vekst eller velferd. Tilapia vil, som all annan fisk, trivst best når han får god vasskvalitet, nok plass og god tilgang på fôr.

Det vi i dag kallar tilapia, er rett nok ikkje éin einskild art, men eit omgrep som famnar eit hundretals artar av tropisk fisk av typen ciklidar. Dei har alle til felles at når rogna er gytte og befrukta, tek hofisken egga inn i munnen og rugar dei ut der. Nyklekt yngel kan også søkje ly inne i munnen til foreldra til dei er store nok til å klare seg sjølve.

Av utsjånad liknar tilapia-artane på leppefiskane vi finn langs kysten her i Noreg: ein litt flattrykt kropp med ein lang ryggfinne, hud dekt av små skjel og ein kraftig munn rikeleg utrusta med kvasse tenner. Tilapia har i tillegg ein tarm som er inntil 13 gonger kroppslengda, og dei klarer seg godt på rein plantekost. Fiskeoppdrett som ikkje er avhengig av å bruke marine råvarer, kan bli viktig i ei verd der ressursane i havet blir pressa av både overfiske og klimaendringar.

Vi må leggje til at tilapia ikkje berre er ein populær matfisk, han er også rekna blant dei mest invaderande dyreartane i verda. Tilapia er sett ut på nye stader for å gje betre lokalt fiske eller i forsøk på å halde nede uønskt plantevekst. I tillegg har fisk som har rømt frå oppdrettsanlegg, etablert seg i elver og innsjøar. Og det er ikkje berre fisken som har blitt frakta verda rundt, dei smittsame sjukdommane har spreidd seg frå kontinent til kontinent i same slengen.

Bakteriar og virus

I anlegg med mykje fisk, høg temperatur og låg utskifting av vatn kan det bli dårleg vassmiljø og gode vilkår for bakterievekst. Dei bakteriane som fører til sjukdom, er som regel vanlege miljøbakteriar med god overleving i vatn, jord og slam. Sidan mykje av tilapiaoppdrettet skjer i jorddammar, er det lett å overføre smitte frå den eine generasjonen til den neste. Nokre stader driv dei oppdrett i merdar i større innsjøar, men også her kan sjukdom spreie seg mellom anlegga. I tillegg kjem problema med utslepp av næringsstoff til vassdrag som alt er belasta med utslepp frå byar og landbruk.

Aeromonasbakteriar er eit døme på slik smitte, der den sjuke fisken kan få store sår og finneskadar. Infeksjonar med streptokokkar er også eit alvorleg problem. Infisert fisk kan få tett i tett med byllar i indre organ, i auge og inne i hjernen, noko som ofte blir kalla poppy eye, fordi auga blir pressa halvvegs ut av hovudet på fisken. Dette er alvorlege infeksjonar som også kan gje sjukdom hos menneske.

Eit anna viktig helseproblem er tilapia lake virus, eit dødeleg virus som første gong blei påvist hos vill tilapia i Genesaretsjøen i 2009. Smitte kan bli overført frå foreldre til yngel og i tillegg spreie seg i vatnet frå sjuk til frisk fisk. Viruset blei først karakterisert i 2014, og berre år seinare hadde smitten spreidd seg til fire kontinent og 16 ulike land.

I Noreg er lakseoppdrett ein effektiv milliardindustri med høg avkastning for nokre få, store selskap. Slik er det som regel ikkje for oppdrettarar andre stader i verda. For mange kan det vere uråd å få tak i ein veterinær for å stille diagnosen eller skrive ut rett medisin. Døyr fisken, er det difor freistande å få tak i antibiotika på det lokale medisinutsalet og blande det rett i fôret i håp om å berge så mange fisk som mogleg.

Det kan sjå ut til at gode vaksinar mot streptokokkar er under utvikling, men for tilapia lake virus er det enno lite håp om vaksine. Vaksinar er også kostbare og kanskje noko mange oppdrettarar må få hjelp til å kjøpe inn og til å bruke på rett måte. For ei trygg utvikling av denne typen fiskeoppdrett er det difor eit stort behov for betre organisering av drifta, strengare sjukdomsovervaking og meir kunnskap om fiskevelferd og smittevern.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis