«Vi veit ikkje korleis framtida vil bli for dei vinterspesialiserte dyra.»
Det er lite kamuflasje i ein kvit vinterham når snøen ikkje kjem.
Foto via Wikimedia Commons
Mange ønsker seg ei kvit jul, med raudkinna ungar i akebakken og opptrakka skiløyper innover i skogen. Den vinterkvite haren som hoppa over den grøne plenen heime hos meg for eit par veker sidan, ville nok òg gledd seg over litt meir snø på bakken. Men når klimaet endrar seg og snøen forsvinn, kva skjer då med haren og dei andre dyra som har tilpassa seg ein gamaldags arktisk vinter?
I norsk fauna finn vi fire dyreslag som kan skifte frå sommardrakt til kvit vinterham: hare, røyskatt, fjellrev og rype. Røyskatt og fjellrev kan ha nytte av kamuflasjen når dei er på jakt, men kvit vinterham er først og fremst til vern mot sjølv å bli oppdaga og eten.
Isolerande kledning
Det som er ei effektiv kamuflasjefarge, kan føre til mindre absorpsjon av solenergi om vinteren, men samstundes vil varmen som kjem inn, bli betre fanga i den tjukke vinterulla. Dessutan er det for dyr som overvintrar i polare strøk, lite å tene på solvarme i dei kaldaste månadene, det er langt viktigare å hindre varmetap på grunn av kulde og vind.
Og det er naturlegvis ikkje berre farga som endrar seg, oppbygginga av pels og fjør blir òg tilpassa vinterklimaet. Pattedyr får fleire dekkhår og meir underull, og om vinteren blir dekkhåra smalare ved rota, slik at dei lettare bøyer seg med vinden. Tuppen av dekkhåra får større holrom fylte med luft, og blir breiare og flatare slik at dei legg seg som ei tett og isolerande kledning utanpå underulla.
Ein studie av ryper på Svalbard viste at dei fekk meir dun om vinteren, og at fjøra på kroppen vart kortare, tjukkare og tolte vinden betre. På hovudet og beina vart det fleire og lengre fjør for å gje mindre varmetap, særleg hovudet og halsen er det viktig å halde godt isolert. Blir blodet til hjernen avkjølt, vil rypa fort bli ufokusert og eit lettare bytte. Førsteårsfugl hadde dårlegare vinterdrakt og var difor meir utsett for frosten.
Eit anna viktig knep for å halde varmen er tett pels eller fjørdrakt under føtene, og varmepumpeteknologi som gjer at kaldt blod frå beina blir varma opp før det kjem inn i kroppen. For rypene fungerer fjørene også som truger slik at dei bruker mindre energi på å gå i laussnøen.
Rypa har mange triks for å klare seg gjennom vinteren.
Foto: Torstein Bøe / NTB
Ulukke
Fjellreven er kanskje det pattedyret på heile jordkloden som har den aller tettaste og varmaste vinterpelsen, ein pels som kjem i to variantar: kvit og gråbrun, dei siste blir også kalla blårev. Kvitrev skiftar farge, medan blårev er meir einsarta grå eller gråbrun heile året. Blårev er sjeldan i Noreg, men vanleg på kysten av Island, kanskje fordi snøfattige vintrar der gjev eit betre arbeidsmiljø for dei mørkare revane.
Den flotte vinterpelsen har òg vore fjellrevens ulukke i møtet med oss menneske. På byrjinga av 1900-talet kunne eit godt fjellrevskinn vere like mykje verdt som ei heil årslønn, og jakta utrydda nesten fjellreven i store delar av Norden. Den sjeldnare blåreven blei teken inn og brukt som avlsdyr i pelsdyrfarmar, ei utriveleg næring som no heldigvis er forboden. I nyare tid har fjellreven slite med eit varmare klima og større konkurranse frå raudrev. Store variasjonar i tilgangen på lemen, favorittmaten til fjellreven, er òg ei utfordring.
Hermelin, eller vinterskinn av røyskatt med den typiske svarte haleflekken, har særleg vore populært hos adel og kongelege, til mellom anna pynting av kapper og kroner. I samband med kroninga av Haakon og Maud i 1906 måtte heile 3000 røyskattar bøte med livet. Jakt på røyskatt er kanskje ikkje det største problemet i dag, men mangel på snø kan bli eit problem, både for røyskatt og dei andre vinterspesialistane.
Det blir stadig meir rovfugl. Dagaktive rovfuglar har svært godt syn, og eit svensk forskingsprosjekt viste at røyskatt med passande kamuflasje hadde 30 til 40 prosent betre sjanse for å overleve.
Fuglane veit?
Skiftet av farge blir i hovudsak regulert av lyset – eller rettare: av mørket. Alle virveldyr har ei lita klokke som sit i epifysen (konglekjertelen), ein liten utvekst på mellomhjernen. Når det blir mørkt, sender epifysen ut hormonet melatonin, noko som er med på å regulere både døgnrytme og årstidsvariasjon. Hos pattedyr som skiftar til vinterham, er det både ein direkte effekt på mengda pigment som blir produsert i hårsekkane, og indirekte effektar gjennom samhandling med andre hormonsystem, som i same slengen sørger for regulering av stoffskifte og paringstid.
Fuglar har òg epifyse som sender ut melatonin når nettene blir lange, men her veit vi ikkje like mykje om dei detaljerte mekanismane for styring av hamskiftet som hos pattedyr. Det fuglane sjølv overraskande nok veit, er kva farge dei har på fjørene. Kvite ryper vil helst ikkje fly over berrmark dersom dei kan unngå det, og dei vil som regel setje seg der det er snø. Det er til og med rapportert om at kvite ryper kan skitne seg til for å bli mindre synlege om snøen forsvinn heilt. Pattedyr som hare eller røyskatt ser diverre ikkje ut til å vere like smarte.
Noko anna som korkje vi eller fuglane veit, er korleis framtida vil bli for desse vinterspesialiserte dyra. Røyskatten ser enno ut til å leve sutlaust, medan bestanden av hare er nær truga og fjellreven framleis er svært sårbar. Rypa var nær truga i 2015. No ser det heldigvis ut til at bestanden er litt meir stabil, trass i svært dårlege teljedata sommaren 2023 og ei rypejakt som etter mange tiår med stadig færre fugl verkar meiningslaus.
Endringar i tilgangen på mat kombinert med stadig mindre snø vil truleg setje fart i evolusjonen. I beste fall vil færre dagar med snø føre til endra tidspunkt for hamskiftet eller til ein seleksjon av dyr med mindre tydeleg vinterfarge, som dei vinterbrune harane på Færøyane. I verste fall vil andre og meir varmetilpassa artar rykke inn og overta, slik vi har sett raudreven ete seg inn på områda til fjellreven.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Frimurerlogen i Trondheim.
Foto via Wikimedia Commons
Velkomne, kvinner
Kvinnene ynskjer å vera med på Proffen-cupen, inntil i fjor ei av fåe reine herretevlingar i Noreg.
Dersom kanonball er din idrett, kan du reise til USA og satse på dodgeball. Biletet er frå World Championships i Los Angeles 2018.
Foto: Jwoodlee3 / Wikimedia Commons
Klimakset i gymtimen
Kanonball er elska og hata, men mest det fyrste.
Nytt Norsk Tidsskrift er 40 år i år. Til venstre utgåve nummer fire frå 1989.
Svekt av internasjonalisering
Nytt Norsk Tidsskrift er 40 år. 40 år er lang tid. Attersynet med første årgang er eit møte med ei svunnen tid som byr på tung nostalgi.
Det er lite kamuflasje i ein kvit vinterham når snøen ikkje kjem.
Foto via Wikimedia Commons
«Vi veit ikkje korleis framtida vil bli for dei vinterspesialiserte dyra.»
Khaleda Froagh er ein av dei fremste poetane i Afghanistan, med 16 utgjevingar attom seg.
Foto: Linda Bournane Engelberth
Språk som lyser
Trass i den drøymande rastløysa som pregar dikta, held dei også fast i noko.