Yngelròte
For å få friske bifolk må biene ha godt med mat gjennom heile sesongen (både sukker og protein) og ein kube der det er rett mengd bier til å gjere arbeidet utan at det blir for trongt om plassen.
Foto: Jon Sullivan / Wikimedia Commons
No er det ei travel tid i bigardane rundt om i landet. Biene sjølv er godt i gang med vårreingjeringa, men der det er mange daude bier i kuben etter vinteren, må birøktaren hjelpe til.
Det er viktig å finne ut om det er nok bier i kvar kube til at dei kan halde oppe temperaturen i kalde vårnetter så ikkje yngelen skal bli forkjølt, og om det er nok mat i starten av sesongen. Er det lite blomar i nærleiken, bør biene få litt tilleggsfôring for å komme raskare i gang.
Røktaren må òg undersøkje om bifolka er sunne og friske, eller om det er teikn til nokon av dei mange alvorlege sjukdommane som trugar dei hardt arbeidande honningbiene.
Brunbier
Honningbier er blant dei eldste husdyra våre, og produksjon av honning er i dag ei viktig næring i store delar av verda, berre i Noreg er det registrert meir enn 4000 birøktarar.
I Noreg og landa kring Nord-
sjøen har vi ei mange tusen år gamal historie med ein stadeigen rase, brunbier. Dei er spesialtilpassa kystlandskapet vårt med kald vinter, ein litt langstrekt og ikkje altfor næringsrik vår og så ein lang og næringsrik sommar og haust fylt med freistande røsslyng.
Dette har vore ein god strategi for brunbiene, men det er ikkje intensivt nok for moderne honningprodusentar. Frå Ukraina har birøktarar i heile Europa teke med seg såkalla Krainer-bier. Desse biene er tilpassa ein kort og kjapp innlandsvår og kjem mykje raskare i gang etter vinterdvalen. Dei har i tillegg ry på seg for å vere mindre aggressive enn dei opphavlege brune biene, og i dag er dei brune biene mange stader ein truga dyreart.
Flytting
Honningbier blir flytta fordi birøkting er populært og spreier seg til nye stader, og fordi birøktarar har ønske om å hente inn nytt avlsmateriale. Bikubar blir òg leigde ut til dei som dyrkar bær eller frukt for å få fart på pollineringa, og så kan kubane bli frakta med bil til lyngmark ute ved sjøen eller på fjellet for å jobbe der resten av sesongen.
Det viktigaste næringstrekket til biene i Noreg blir ofte kalla bringebærtrekket, og honningen frå denne bløminga på forsommaren gjev ein mildare honning med meir blomstersmak enn den som blir laga av nektar frå røsslyngen seinare på sommaren.
Flytting av bier mellom land og regionar (både lovleg og ulovleg) er hovudårsaka til at biene i dag slit med så mange alvorlege smittsame sjukdommar. I Noreg har vi ei omfattande sjukdomsovervaking, Mattilsynet set strenge reglar for flytting, og i næringa jobbar dei no hardt for å unngå at EU/EØS i 2021 vedtek ei ny dyrehelselov der dagens forbod mot flytting av kubar over landegrensene blir oppheva.
Yngelròte
Bier kan bli sjuke av ei mengd sopp, parasittar og virus, men dei mest alvorlege sjukdommane kjem frå bakteriar som angrip yngelen. Bakteriane får yngelen servert frå ammebiene, som fôrar yngelen med næringsrikt sekret dei skil ut frå kjertlar i brystregionen og gulpar opp gjennom munnen.
Det er to typar bakteriar som kan drepe yngel, såkalla yngelròte. Begge desse bakteriane lever i tarmen til dei vaksne biene og blir på den måten poda over på dei forsvarslause larvane. Lukka yngelròte kjem av bakterien Paenibacillus larvae som formeirar seg i tarmen til yngelen og tek til seg næringa, slik at yngelen svelt i hel. Det einaste som blir att i yngelkammera, er ein svart, seig masse.
Bakterien kan danne sporar og på det viset halde smitten levande i miljøet i fleire tiår. Smitte kan ofte vere til stades utan synleg sjukdom, men det har vorte lettare å finne smitten med bruk av DNA-baserte metodar (PCR). I 2006 fann Veterinærhøgskulen smitte i 1,3 prosent av norske honningprøver, medan førekomsten er 30 til 50 prosent i land som Danmark og Argentina.
Open yngelròte (Melissococcus plutonius) er ikkje sporedannande og litt lettare å bli kvitt, i Noreg hadde vi det siste store utbrotet i Agder for ti år sidan. Yngelròte kan likne på andre sjukdomar som sekkeyngel, forkjølt yngel og ròten pukkelyngel, og sikker diagnose krev laboratorietestar. Ved stadfesta smitte blir biene gassa i hel og kuber og miljø sanerte for smitte. Noreg er det einaste landet i verda som har klart å slå ned eit utbrot av open yngelròte ved å bruke systematisk testing og smittesanering.
Honningfella
Eit glas med freistande honning som står på hagebordet medan familien et kveldsmat ein lun sommarkveld, kan trekkje til seg fleire insekt, også bier. Men i importert honning kan det vere akkurat dei bakteriane som er årsaka til yngelròte.
Bakteriar ligg konserverte i ein slags dvale, men vaknar til liv når dei kjem ned i magen på ei arbeidsbie, dei formeirar seg og er med det klare til å infisere ein ny generasjon med forsvarslaus yngel. Å drepe alle bakteriar og bakteriesporar krev at honningen blir trykkokt ved 120 grader i 20 minutt.
Men med dagens reglar for fri handel med mat er det uråd å sikre seg mot smitte i honning som blir importert frå land med høg førekomst av sjukdom.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Flytting av bier mellom land og regionar (både lovleg og ulovleg) er hovudårsaka til at biene i dag slit med så mange alvorlege smittsame sjukdommar.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?