JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstFeature

Romansk ekstravaganse

LUCCA: Venleiken til San Michele-kyrkja ligg i det plastiske steinhoggararbeidet som yrer av utkropne detaljar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den komplett marmorkledde soknekyrkja San Michele in Foro blei påbyrja i 1143 og har Luccas prektigaste romanske fasade.

Foto: Sjur Haga Bringeland

12023
20211015

SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No skriv han ut reisedagbøkene sine.

Lucca

By i regionen Toscana med 90.000 innbyggjarar

Blei romersk koloni i 180 f.Kr., kalla Luca

Langobardisk hertugsete på 500-talet, republikk frå 1160 til 1805

Kom under kongeriket Italia i 1860

Kjend for sine romanske kyrkjer og intakte festningsvollar

Lucca. Det er noko grasiøst ved klangen av ordet, høvande til den rike silke- og bladgullproduksjonen som sette byen på kartet i høgmellomalderen. Men opphavet til bynamnet er grovare. Her, mellom armane til elva Serchio, hadde det budd folk i tusenvis av år – fyrst ligurar, så etruskarar – før romarane hærtok området og etablerte ein colonia i 180 f.Kr. Kolonien kalla dei Luca, ei latinisering av det gamle ligurisk-etruskiske namnet Luk, som rett og slett tyder «sump».

Sump ser eg lite av når eg stig av morgontoget på Stazione di Lucca. Men over sletta mot gamlebyen ligg den fuktig-kalde disen så lågt og tett over marka at trekronene svever over bakken.

Mura di Lucca

Graset på sletta er veltrimma som ein plen. Men i mange hundre år stod alt dette under vatn – sletta utgjorde den 35 meter breie vollgrava kring Mura di Lucca, festningsanlegget som blei påbyrja i 1544 til forsvar mot det overmektige Firenze. I dag er murane Luccas fremste kjennemerke. Dei fleste byar hadde jo liknande anlegg, men etter at kanonane var blitt så kraftige at slike murar var fånyttes, laut dei vanlegvis vika for byutvidingar. Men ikkje i Lucca. Her reiv ein dei ikkje, men omdefinerte dei tidleg på 1800-talet frå forsvarsanlegg til rekreasjonsanlegg. Bevaringstilstanden er difor perfekt.

6 millionar murstein skal ha gått med til bygginga av det 4,2 kilometer lange og 12 meter høge festningsverket, som er 30 meter breitt ved dei 11 framstikkande, pileforma bastionane. Som avskrekking gjorde det nytta si, for fiendslege kanonkuler prella aldri av på murane. Dessutan synte anlegget seg gagnleg andsynes naturkreftene. For etter at elva Serchio var kanalisert og landet rundt drenert så det ikkje batt flaumvatn, verna vollane Lucca mot atter å bli ein sump under storflaumane.

Libertas

Eg entrar byen gjennom den sørlegaste av dei tre eldste portane, den raudbrune Porta San Pietro frå 1566. Gjennom hovudportalen køyrer bilar, medan dei mindre (og nyare) sideportalane er for oss gåande. To marmorløver strekkjer tunge frå djupe nisjar der oppe. Nisjane har ikkje alltid vore løveholer; då vollgrava stod under vatn, gjekk kjettingane som opererte vindebrua gjennom dei.

Ei plate med påskrifta «Libertas» i fornemme, romerske typar øvst i tempelgavlen på porten minner om Luccas stolte fortid. Frå 568 var byen langobardisk hertugsete, og tidleg på 800-talet gjorde Karl den store han til sentrum i markgrevskapet Tuscia (Toscana). Men i 1160 blei han ein fri kommune, og frå den tid førte borgarane slagordet «Libertas» på bannera sine. Republikken varte uvanleg lenge, med nokre få avbrot, heilt til Napoleon gjorde Lucca til fyrstedømme for storesystera Elisa i 1805.

Porta San Pietro frå 1566 er den sørlege av dei tre opphavlege portane i Luccas bymur.

Porta San Pietro frå 1566 er den sørlege av dei tre opphavlege portane i Luccas bymur.

Foto: Sjur Haga Bringeland

Tre murar

Frå bastionen Baluardo Santa Maria, som er plassert slik at St. Peters port kan forsvarast, er det godt utsyn mot det flate landskapet kring byen. Det er herleg å koma til nye byar i otta på denne måten, før fyrste akt av ein ny dag. På festningsvollane livnar det til med joggarar og syklistar på veg til jobb.

Den samanhengande bulevarden her oppe, som blir kalla Passeggiata delle mura, er stengd for biltrafikk og fungerer som ei brei, trekledd gågate. Han gjev òg fin utsikt innover i byen der gateløpa går snorrette nordover mot sentrum. Desse bymurane frå renessansen er sjølvsagt ikkje dei fyrste som verna Lucca. Mellomalderbymuren frå kommunens glanstid på 1200-talet er det lite att av; den blei brukt som steinbrot. Også den fyrste, antikke muren er det berre bevart fragment av, anten som frittståande bitar eller i husvegger og kyrkjer som blei bygde opp mot han. Men muren lever vidare i kyrkjenamn som Santa Maria Forisportam – det seinlatinske foris portam tyder «utanfor porten».

På makroplan er Lucca likevel bestemt av den antikke byplanen. Dei snorrette gatene fylgjer framleis det sjakkbrettaktige gatenettet i rektangulære romerske garnisonsbyar, såkalla castra. Og gata eg skodar opp mot frå Santa Maria-bastionen, var den nord–sør-gåande romerske hovudgata cardo, som i dag heiter Via Vittorio Veneto.

Dei 4,2 km lange festningsvollane er Luccas kjennemerke.

Det gamle forum

Vittorio Veneto-gata er ei pen handlegate som har bevart sin gamle sjarm. Sjølvsagt er her filialar av store amerikanske og tyske kjeder, men gamle konditori og små klesbutikkar med pittoreske fasadar finst framleis. Bak disken i ein skjortebutikk står ein eldre, velnært mann med eit måleband kring halsen. Skjegget er velpleidd, brillene store, og med hatt ville han vore prikk lik Umberto Eco.

Gata munnar ut i Piazza San Michele, allmenningen som er hjarta i Luccas byliv. Namnet på kyrkja som dominerer plassen, avslører at det var slik i antikken òg: San Michele in Foro, «Sankt Mikael på forum». Dette forumet var åstad for eit viktig møte i den romerske republikkens siste fase. Luca var i 89 f.Kr. blitt opphøgd frå koloni til municipium, noko som innebar at innbyggjarane fekk fulle romerske borgarrettar. I april 56 f.Kr. møttest feltherrane Cæsar og Pompeius og aristokraten Crassus her for å stadfesta «det fyrste triumviratet», eit privat tremannskollegium der dei i kraft av populariteten sin ville trassa senatet i saker som galt fordeling av embete og militære kommandoar. Dette hende med pomp og prakt og 200 senatorar til stades – tre meter under dagens gatenivå, for sidan antikken har gatenivået stige.

Eg lurer på korleis det såg ut då den fyrste kyrkja blei reist her mot slutten av 700-talet. Var det framleis restar av dei obligatoriske representasjonsbygga romerske forum åtte? Av capitol, der dei tre sentrale guddommane blei tilbedne? Og av ein basilica, den offentlege søylehallen med rettssal og forretningsverksemd? Søyler og nokre skadde statuar er bevarte i nasjonalmuseet, men sjølve bygningsstrukturane er borte – einast den opne plassen på kring 120 x 140 meter vitnar om antikkens stordom.

San Michele-kyrkja

Den komplett marmorkledde soknekyrkja San Michele in Foro går, slik me ser henne i dag, attende til 1143 – det vitnar ei innskrift på ei søyle om. Ho er Luccas mest gjennomførte kyrkjebygg i den såkalla pisansk-romanske stilen, ei byggjeform som oppstod i nabobyen Pisa på 1000-talet (Pisas domkyrkje og det skeive tårnet der var «prototypen»).

Vestfasaden blir toppa av ein mest fire meter høg kolossalstatue av drakedreparen Mikael. Fasaden er like spektakulær som han er underleg, for han ragar høgt over taket på kyrkjeskipet. Men dette er ikkje fasadens feil; kyrkjeskipet skulle eigentleg hevast, noko som aldri blei gjort. Ser me fasaden bakfrå, kan me med rette tala om «medaljens bakside», for han er tom, med ei enkel trapp ein kan stiga opp på for å vedlikehalda den vêrbitne erkeengelen.

Men medaljens framside er altså formidabel. Venleiken ligg ikkje i dei rolege flatene med abstrakt-geometriske mønster, slike me kjenner det frå Firenzes romanske, klassiskinspirerte fasadar. Det vakre ligg her i det plastiske steinhoggararbeidet som yrer av utkropne detaljar.

Berre i den nedste sona, der hovudportalen blir flankert av to mindre sideportalar, er veggflatene nokolunde slette. I dei fire etasjane over, derimot, blir veggflata oppløyst av lag på lag med søylegalleri – frittståande søyler under små rundbogar står så tett at det verkar som veggen har eit dobbelt skal. Vindaugo bak skimtar me knapt.

Dei originalt utforma søylene på fasaden til San Michele-kyrkja er små kunstverk i seg sjølv.

Totempålar

Slik stabling av søylegalleri (i tillegg til kvadrata som er sette på spissen, som ruter i ein kortstokk, og prydar veggen mellom søylehovuda i den nedste sona) er typisk for den pisansk-romanske stilen. Men i Lucca gjekk ein eitt skritt vidare: Medan «moderkyrkja» i Pisa berre har galleri på fasaden, held galleria her fram på sørsida av sjølve kyrkjeskipet. Søylene i galleria er små meisterverk i seg sjølv – så små at eg lyt ta fram kikkerten for å nyta dei.

Både søyleskafta og søylehovuda er individuelt utforma. Nokre skaft er firdoble med ein knute på midten. Andre er slette, men med inkrustering, altså innlagde mønster av andre steinsortar. Atter andre igjen liknar på totempålar der allslags fabelvesen er hogne ut i steinen. Søylehovuda er like fabulerande utforma, og over dei skimtar ein andlet. Desse stammar delvis frå restaureringa på 1860-talet og skal mellom anna syna kong Viktor Emanuel II av Italia og Napoleon III av Frankrike.

Armensk mumie

Eg stig inn i kyrkja gjennom ein av sideportalane (hovudportalen i store italienske kyrkjer blir som regel berre nytta på større festdagar). Over det krossforma grunnrisset har ho tre skip som blir åtskilde av tolv korintiske søyler. (Er desse gjenbruk frå eit romersk bygg? Dei er i alle høve perfekt klassisk proporsjonerte.) Det vide og mørke rommet blir avslutta mot aust av ein apsis, ein halvsirkelforma nisje med halvkuppel over altaret. Dette overdådig forgylte altaret fungerer som relikvieskrin og byr på eit morbid syn for ein lutheranar: Mumien av sant Davino Armeno, ein armensk pilegrim frå 1000-talet som turistbrosjyren opplyser skal vera vernehelgen mot hovudpine. Med hovudet vendt mot oss, tanngarden berr og høgrearmens peikefinger lett løfta ser det ut som om han vil tilføya eit siste ord i ein samtale.

Her finst nokre fine kunstverk: Over hovudpinehelgenen eit krusifiks i perfekt stand som har stått her sidan 1100-talet. I det sørlege sideskipet eit glasert terrakottarelieff av Maria med Jesusbarnet, yndig framstilt av florentinaren Andrea della Robbia (1435–1525), som var ein føregangsmann når det galt glasur. Og det beste måleriet: ei svært detaljrik, men litt usamanhengande helgenframstilling av Botticelli-eleven Filippino Lippi (1457–1504), også han frå Firenze.

Utsyn til Appenninane

Merkeleg nok finst ikkje noko steinhoggararbeid å tala om her inne, noko som er underleg all den tid utsida er ein tour de force i faget. Slikt interiør lyt eg på hi sida av byen for å oppleva, i kyrkja San Frediano. Der er fasaden temmeleg rein for plastiske kunstverk, medan kyrkjerommet er fylt av skulpturkunst som syner utviklinga frå den stive mellomalderen til vitaliteten i den gryande renessansen.

Men både San Frediano og domkyrkja San Martino, som hyser Luccas vakraste kunstverk, sparer eg til i morgon. Då er det nemleg meldt dårleg vêr. Byen har uansett nok å by på utandørs, med festningsvollane og fleire mellomaldertårn der ein på klåre dagar skimtar den kvite tanngarden til fjellkjeda Appenninane.

Piazza dell’Anfiteatro

På veg til hotellet held eg fram langs den gamle romerske hovudgata nordover. På vegen kjem eg inn på Piazza dell’Anfiteatro, det mest markante merket etter antikkens Luca. Eg er no utanfor romarbyen; det merkar eg på dei krumme gateløpa som på mellomaldersk vis synest å ha vakse fram på slump. Men midt i virvaret opnar altså den perfekt ellipseforma, 3000 kvadratmeter store plassen seg.

Luccas Colosseum: Piazza dell’Anfiteatro er bygd på det romerske amfiteatret frå kring 100 e.Kr.

Foto: Turismo Lucca

Romarane hadde for vane å leggja amfiteatra sine utanfor bymurane. Og det var her, ikkje ved det gamle forum, at Lucca-buane i folkevandringstida bygde seg husvære i bogegangane og på tilskodarplassane, på same måte som romarane gjorde det i Colosseum.

I løpet av mellomalderen grodde heile plassen til med hus, og på 1700-talet var han knapt attkjenneleg. Saneringa og tilbakeføringa til den opphavlege forma blei gjorde med antikvarisk grannsemd tidleg på 1800-talet – samstundes med at ein omforma festningsvollane til bulevard – noko som resulterte i ein av Italias mest karakteristiske og formfullenda allmenningar.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Med peikefingeren lett løfta ser det ut som om mumien vil tilføya eit siste ord i ein samtale.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis