Lesestoff for all verda
Martin Luther produserte mengder av tekst og søkte opphavsrett over både Skrifta og eigne skrifter.
Den greske fabeldiktaren Æsop, slik han blei framstilt av Michael Wolgemut i verdshistoria «Nürnberger Chronik» 1493.
Luther var den rastlause skrivaren. Det gav han makt. Då han drog til riksdagen i Worms, var skriftene hans trykte i 500.000 eksemplar. Mellom 1505 og 1546 publiserte han over 60 skrifter, skriv kulturhistorikaren Dieter Prokop. Då alt han talte og skreiv, var blitt samla, utgjorde det 80.000 sider i 127 band.
Han livberga ei heil næring. Utanom bibelomsetjingane blei Luther-tekstar selde i tre millionar eksemplar medan forfattaren levde, skriv reformasjonshistorikaren Mark U. Edwards. Skrifter frå katolske motstandarar blei spreidde i 600.000 eksemplar.
Lesekunna var avgrensa. Der var fleire leseføre i byane enn på landsbygda, og fleire menn enn kvinner kunne lese, færre i nord enn sørover. Reformasjonen sette fart i lesekunna, og utvida marknaden for trykksaker. Gjennom høgtlesing nådde skriftene ut til mange fleire enn dei leseføre. Også talet på andre trykksaker på tysk auka etter at Nytestamentet låg føre hausten 1522.
For Luther og hans folk handla det om retten til å lese Bibelen sjølv. Nyss ferdig med Nytestamentet gjentok han på riksdagen i Worms 18. april 1521 det han hadde skrive året før: Guds ord står over Paven, kvart døypte menneske er kalla til å lese og forstå Bibelen sjølv, og kvar og ein er meir forplikta av samvitet som er tufta på Bibelen enn på dogma i kyrkja.
Boktrykkarane såg at her var det pengar å tene. Nye utgåver og opplag dukka opp både her og der. Mange av dei mangla namnet til omsetjaren. Verre var det at sjølve teksten stod på spel. I ei og same utgåve kunne Luthers omsetjing stå side om side med utdrag frå andre. Skriftene hans var i ferd med å bli allemannseige lik tradert dikting der ingen visste kven som hadde skrive kva, og gjerne endra som det passa seg.
Eg kjenner ikkje att mine eigne bøker, sa Luther – og tok affære. I ei utgåve av Mosebøkene i 1524 sette han inn sitt eige segl eller våpenskjold, Luther-rosa. Under stod det: «La dette symbolet vitne om at slike bøker har gått gjennom mine hender, for falske trykk og skjemde bøker er blitt så vanleg no.»
I opphavet var hans ord. Med vekslande hell hevda augustinarmunken sin opphavsrett. Dels blei Luther skulda for falsk omsetjing, dels gjekk bildestormarar til åtak på illustrasjonane i bibelutgåvene hans. Eit bilde som krenka Paven, måtte retusjerast. Løgna er like lett å trykke som sanninga, sa katolikkar i den sveitsiske byen Zug, og brende Luther-skrifter i 1556. Den retusjerte utgåva sparte dei.
Tre katolske bibelomsetjingar som delvis bygde på Luthers, kom ut på ni år, men det dugde ikkje. Den katolske kyrkja kraup til krossen og gav heller ut tekstane av den bannlyste. Kven omsetjaren var, blei ikkje sagt.
Der var ein katolsk reformasjon i det stille.
Ottar Grepstad
Neste veke: Alle kampsongars mor
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?