JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturFeature

Diktar, lærar og stamkunde

BERGEN: Han vil ikkje slakte heilage kyr, men forfattaren og den ny læraren på Skrivekunstakademiet i Bergen, Erlend O. Nødtvedt, seier han ikkje tek på dei med silkehanskar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erlend O. Nødtvedt er forfattar frå Bergen. Denne hausten er han tilsett som lærar på Skrivekunstakademiet i Bergen, der han sjølv studerte for 18 år sidan.   Foto: Peder Skjelten

12944
20241025

Bakgrunn

Erlend O. Nødtvedt

Fødd 21. oktober 1984 i Bergen

Har skrive fem diktsamlingar og to romanar sidan debuten i 2008

Blei tildelt Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar i 2018

Er denne hausten tilsett som lærar på Skrivekunstakademiet i Bergen

redaksjonen@dagogtid.no

– Eg fekk smake både salt og søtt for det eg skreiv då eg gjekk på Skrivekunstakademiet. Nokre fortente slakt heng i, men eg fekk ei stadfesting av at eg kanskje hadde noko å fare med, seier Erlend O. Nødtvedt.

Eg har møtt han på stamkafeen hans i Sandviken i Bergen. Eg har reist til byen, har aldri budd her, og eg har sagt på førehand at eg skal unngå bergenske klisjear om vêret og den forfengelege og ironiske befolkninga i intervjuet. Men byen gjer det ikkje lett for seg sjølv. Det har regna heilt sidan eg kom hit, og den unge baristaen i kafeen har tatovert «Mor» i eit hjarte på bicepsen.

Vi snakkar om Skrivekunstakademiet i Bergen, og forteljinga om Karl Ove Knausgård som var elev der og fekk ein sjølvtillitsknekk då han blei slakta av læraren sin, Jon Fosse, for eit dikt han hadde skrive. Nødtvedt hadde ikkje same opplevinga då han var student som 22-åring i 2006.

– Eg var ung, men eg hadde bestemt meg for å satse på skrivinga, og det var naturleg for meg å studere på Skrivekunstakademiet. Alt var spennande og nytt, men eg var motivert og debuterte året etter at eg gjekk der.

Skrivekunstakademiet i Bergen ligg på USF Verftet på Nordnes. Karl Ove Knausgård, Agnes Ravatn, Olaug Nilssen og Erlend O. Nødtvedt er blant tidlegare studentar.  Foto: Peder Skjelten

Forfattarmiljø

Viktigast av alt var å kome inn i eit miljø av andre skrivande og å møte gjesteforelesarane som kom til skulen.

– Det var ei rekkje sterke forfattarar som var innom det året, Dag Solstad, Jon Fosse og Ole Robert Sunde. Det var eit år med mykje lesing og skriving.

Etter at han var student der i 2006–2007, har Erlend O. Nødtvedt publisert to romanar og fem diktsamlingar – den nyaste var Olav Nygards seng, som blei nominert til Kritikarprisen i 2023. I haust har Nødvedt blitt tilsett som lærar ved høgskulen, som blei grunnlagd i 1985 og tek inn tolv studentar til eit årsstudium i skjønnlitterær skriving kvart år.

Nestor

Det er fleire heilage kyr i den nynorske litteraturen, forfattarar det ikkje er tillate å kritisere og som i ålmenta blir opphøgde til noko større enn dei var i røynda. Olav Nygard og Olav H. Hauge er blant dei, og no – med nobelprisen i fjor – er Jon Fosse ein del av buskapen.

Det er fleire andre forfattarar som rører seg i periferien av heilage kyr. Ein av dei var ein nestor i den etterkrigsnorske litteraturen på Vestlandet. Det var han som grunnla Skrivekunstakademiet i Bergen i 1985, og var lærar der då Nødtvedt var student.

– Fortel meg om Rolf Sagen.

Erlend O. Nødtvedt lyser opp i ein elles grå og regntung Berg…

– Det er ein mann det blir snakka for lite om, seier han.

– Eg var student i eit av dei siste åra før han pensjonerte seg. Han har vore ein viktig lærar for meg og mange andre. Romanen hans Springfart ved fjorden er den morosamaste eg har lese av ein nordmann. Eg skjønar framleis ikkje at det har vore ein nordmann som kunne skrive så godt og så morosamt. Det er ei bok skriven med mykje mot, og ho er eit meisterverk frå den norske etterkrigslitteraturen. Sagen skreiv med ein enorm fridom.

Han seier at alle forfattarar han set høgt, er idiosynkratiske.

– Dei skriv utan å tenkje på kva som er innanfor og utanfor, kva som blir likt og ikkje likt, kva som er trendy og ikkje trendy. Dei lever i si eiga verd, og dei tør å vere i den verda og bestemmer sjølv kva som er interessant og fascinerande i den verda.

– Du, Knausgård og Agnes Ravatn er nokre av dei som har studert på Skrivekunstakademiet i Bergen, men i kva grad kan ein utdanne forfattarar?

– Vi kan i alle fall leggje til rette for at folk med vilje til å lese og skrive kan konsentrere seg fullt ut om dette i eit heilt år. Ein stad å vere med sin trong, som Rolf Sagen sa det.

– Er det ikkje fare for at det blir skapt éin type forfattar ved skulen? At dei blir for like kvarandre?

– Eg trur det er bra med ein tydeleg avsendar. Skrivekunstakademiet har tradisjon for å tilsetje lærarar som er samkøyrde når det gjeld stil og litteratursyn. Men også eg slit med å skilje forfattarar som Morten Langeland, Gunnhild Øyehaug, Tormod Haugland, Eli Fossdal Vaage og Gunnar Wærness frå kvarandre, for å ta dei som arbeider der no.

– Kor viktig var det at Rolf Sagen fekk skipa Skrivekunstakademiet i Bergen i Bergen?

– Det var viktig at det blei lagt til Bergen. Men no er det ein slik konstant kamp for finansiering og for å prøve å kome inn i ei fast linje i kommunen. Det som skjer i kommunepolitikken i Bergen, er ei svekking av kulturen. Eg vonar vi ikkje kjem i ein posisjon der vi må true med å flagge ut skulen.

Nødtvedt viser til kuttet frå Byrådet i Bergen den 19. september. Dei valde å halde tilbake 2,7 millionar kroner i stipendpengar. Årsaka var eit trongt kommunebudsjett.

– Bergen har hatt ei sterk kultursatsing i mange år. No blir dette bygd ned med få pennestrøk, heilt utan tanke på det store arbeidet og kontinuiteten som har vore i så mange år.

– De ser ut til å vere ein samla gjeng i dette, kunstnarane i Bergen, biletkunstnarar, musikarar, forfattarar og alt mogleg anna.

– Ja. Skotta er ikkje tette mellom kunstnargruppene. Det har blitt eit rikt kulturliv i Bergen. Mange blir igjen etter å ha teke kunstutdanning her. Tidlegare flytta ein frå byen med ein gong ein var ferdig, men no har ein klart å leggje til rette for at folk blir og skaper noko. Det er det som står i fare, at det skal bli naturleg å pakke saman og dra til Oslo. Det kan verke som ein ikkje har tenkt på det som konsekvens; ringverknadene det skaper i bysamfunnet og identiteten til byen.

Det blir stille.

– Andre enn eg burde vere talspersonar for dette, men eg har sett på nært hald fruktene som har kome av ein god og offensiv kulturpolitikk, og eg har sett kor skjørt det er.

– Det er naturleg at du uttalar deg om det. Du er blant dei tydelegaste bergenske forfattarane dei siste ti åra.

– Kva meiner du med det? Ein forfattar som er Bergen-forfattar, eller ein forfattar som er tydeleg frå Bergen.

– At den bergenske identiteten er ein stor del av forfattarskapen.

Det er få dialektar som greier å uttale eit ord med meir avsky enn den bergenske, slik som når Nødtvedt uttalar «østlandsforfattaren».

– Det er dette som er grunnen til at vi kallar forfattarar frå Austlandet for austlandsforfattarar, «østlandsforfattaren» Dag Solstad.

– Eg ville unngå dette bergenske.

– No har du berre snakka om Bergen. Du sa det var det einaste vi ikkje skulle snakke om.

Tid for slakt

Gjentakande i romanane og diktsamlingane Nødtvedt har skrive, er at tidlegare forfattarar som Olav H. Hauge, Henrik Ibsen og Olav Nygard er sentrale i fleire av dei. Diktsamlinga Olav Nygards seng (2023) kom av at forfattaren arva senga til Olav Nygaard, sette ho på tørkeloftet sitt, sov i ho og skreiv dikt.

– Kva ønskjer du med slik dikting?

– Eg ønskjer å skrive fram noko som gjer det kjende framandarta. Eg kan nytte ein analogi: «Ein altfor sein kveld sjangla eg ein gong gjennom ein lang tunnel på ein stad som var ukjend for meg. Halvveges datt eg i koll, og då eg kom meg på beina, visste eg ikkje kva retning eg kom frå, og kva retning eg skulle.» Dei sekunda med herleg desorientering då eg nådde tunnelopninga og ikkje visste om eg var i landskapet eg kom frå eller skulle til, vil eg gjenskape i skrivinga.

– Korleis har du kome fram til måten du skriv på?

– Eg er påverka av dei forfattarane eg sjølv set høgt, og dei tradisjonane eg sjølv skriv meg inn i, men ein må freiste å skape det som berre ein sjølv har føresetnader for å skape, noko som er idiosynkratisk og snurrig. Men noko av det gildaste med å skrive er det produktive som finst i sjølve språket, korleis det oppstår meining og lag av betydning som ein sjølv ikkje overskodar når språket byrjar å språke for alvor.

Kompromisslaus

Nødtvedt er kledd som ein anstendig herre. Han kler seg i grunnen slik eg ser føre meg at lærarar kledde seg for femti år sidan. Før og etter at vi er på kafeen, røykjer han sigarettar jamt, og kaffien han drikk, er svart, utan mjølk. På same tid er han moderne og kompromisslaus, for det heng ein ring i det eine øyret, noko som kan seiast å spegle forfattarskapen.

– Du kan verke som ein nostalgisk forfattar. Kjenner du deg igjen som det?

– I nostalgiomgrepet? Ikkje i det heile. Heller tvert imot. Eg har interesse og medvit for det historiske, og eg synest ofte det er det motsette av å vere nostalgisk.

– Eg kan heller kalle det eit behov for å løfte opp førebileta dine, men òg ein trong til å vilje overgå dei.

– Det er det sanning i. Eg skriv i ei forlenging av noko, og alle bøkene mine snakkar direkte til tidlegare verk, og eg har drive ein utstrekt sitatpraksis frå andre forfattarar og teke dei med i bøkene mine, seier han.

– Litteraturen har ei samtid i fortida, og litteraturen har ein måte å forandre fortida på. Når ein skriv om eit eldre verk, tolkar ein det eldre verket og endrar det. Slik som når Erlend Skjetne og Erlend O. Nødtvedt skriv om Olav Nygard. Då endrar også Olav Nygard seg.

– Kva fekk deg til å skrive om Olav Nygards seng?

– Det framande og det uforståelege. At han har vore kjend for å vere ein vanskeleg og skjult poet, har òg vore ei tiltrekkingskraft.

– Skjult?

– Ein forfattar for dei innvigde. Ein slags kultforfattar.

– Korleis kan ein gjere ein slik kultforfattar kjend for andre?

– Gjennom rykte. Frå andre skrivande. Før eg debuterte som forfattar, var det eit Nygard-seminar i Modalen. Dette var i ei tid då eg var utanfor ein litterær krins eg ønskte å bli del av. På ein merkeleg måte greidde eg å få haik med Tomas Espedal til seminaret. Tilfella ville at Yngve Pedersen, Vemund Aadland og Hildegunn Dale også var med på den turen. Det blei eit innviingsritual for meg. Eg var 19 år og var plutseleg del av eit miljø der det var naturleg å vere på Olav Nygard-seminar i Modalen.

– Er det slike miljø som dyrkar forfattarar som heilage kyr utanfor kritikk? Ibsen, Hauge og, med nobelprisen i fjor, Fosse. Men du har møtt Jon Fosse, han blir opphøgd til noko større, men han er ikkje ei heilag ku, men Jon Fosse.

– Han er ikkje det, nei. Samtidig, kven tør å kritisere ein nobelprisvinnar? Sjølv om han skulle publisere ei bok som er svakare enn dei andre, for det er ingen tvil om at han har ein ujamn forfattarskap. Men no har han nobelprisen. Han er heilaggjord som eit geni og kan ikkje kritiserast. Eg veit ikkje om han likar det heller. Det er ein grunn til at fleire tidlegare nobelprisvinnarar har opplevd tildelinga som ein lammande effekt for forfattarskapen og skrivinga.

– No snakkar vi om så få fenomen og så få forfattarar. Ein skal vere både ærbødig og uærbødig overfor desse forfattarane. Eg føler eg har gjort det. Eg har eit halvparodisk portrett av Jon Fosse i romanen min Vestlandet. I same bok bryt eg meg inn i kjellaren i huset til Olav H. Hauge på Rossvoll i Ulvik. Eg føler eg ikkje har teke på dei med silkehanskar, men samtidig er dette forfattarar som toler å bli kødda med.

I tillegg til forfattarverksemda, den nye lærarstillinga og ei stilling ved biblioteket i Bergen har Nødtvedt eit musikkprosjekt som heiter Black Hauge, med Erlend Apneseth Trio. Dei har samla innlesingar Hauge gjorde av eigne dikt, og vrengd, vridd, gjenteke og leikt seg med røysta hans.

– Vi får jamt over gode tilbakemeldingar, men det er nokre som har blitt støytte av dette. Eg har fått anonyme meldingar om at «de burde skamme dykk!» og «Olav Hauge vrir seg i grava!». Nokre blir provoserte av dette. Det er interessant. Det handlar om kor sterkt forfattarskapen hans står blant folk i dag.

Kulturarv

Han fortel meg ei historie om Rolf Sagen. Då han gjekk bort i 2017, ringde Jon Fosse Erlend Nødtvedt for å redde dødsbuet etter Sagen. Han og Tormod Haugland stod i kjellaren til Sagen, med Jon Fosse i øyret over telefonen, og gjekk gjennom det dei fann av notat, lydopptak, eigne bøker og andre boksamlingar. Kjellaren var fylt av alt dette, og Fosse gav instruksar som: «Kast det!», «Ta vare på det!»

– Så rykte Nasjonalbiblioteket ut og tok alt til tryggleik i Mo i Rana.

I store og djupe fjellhallar i Nordland blir dokumentbasert kulturarv frå norske arkiv, museum og bibliotek digitalisert og bevart.

– Vi får sjå om dei får gjort noko med det.

Vi forlèt kafeen og går ut. Erlend O. Nødtvedt går bort for å røyke. Han har vore stamkunde her i fleire år og får kjeft av dei tilsette om han røyker for nært inngangen.

– Når stenger de eigentleg, spør han ein av dei tilsette på veg ut.

I desember stengjer kafeen. Leigekontrakten på lokalet går ut etter nyttår, og det har ikkje blitt semje mellom kafeen og huseigaren om ny kontrakt, skreiv Bergens Tidende i august.

– Det er synd. Eg har kome hit i fleire år.

Det regnar i det minste ikkje lenger.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

Samfunn

Hjarte for huset

NEW YORK: Valnatta i New York kjendest som eit antiklimaks etter ei veke på reise i det som alt høyrdest ut som Trumps Amerika.

Ida Lødemel Tvedt

Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.

Foto: Ukrainian online sales

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Tid for realitetsorientering

Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.

 James Rebanks på Lillehammer sist veke.

James Rebanks på Lillehammer sist veke.

Foto: Morten A. Strøksnes

Feature
Morten A. Strøksnes

Ein mann for alle årstider

LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.

Hello Kitty vinkar til tusenvis av tilhengarar under den årlege japanfestivalen i New York 11. mai.

Foto: Charles Sykes / AP / NTB

Kultur

Katten i pengesekken

Hello Kitty har blitt 50 år. Ho er turistambassadør, og ho har generert milliardar av yen. Sjølv kan ho ikkje uttale seg om kvifor folk kjøper henne.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis