Med livberging som hobby
Av dei 59 skøytene Redningsselskapet har i flåten sin, er 29 drivne av frivillige.
Båtførar Håkon André Hatlem gjer Simrad Buholmen klar til å plukke opp personar i sjøen.
Alle foto: Siri Helle
Redningstenesta
Etablert i si noverande form kring 1970.
Er eit samarbeid mellom offentlege etatar (politi, helsevesen, luftambulanse, brannvesen, luftforsvar, sjøforsvar, hær, heimevern og sivilforsvar) og frivillige organisasjonar, blant anna Alpine fjellredningsgrupper, Norsk Grotteforbund, Norsk Aero Klubb Flytjeneste, Norges Røde Kors Hjelpekorps, Norsk Folkehjelp Sanitet og Norske Redningshunder.
Redningsselskapet vart stifta i 1891 etter initiativ frå legen Oscar Tybring og samfunnsforskaren Eilert Sundt.

siri@dagogtid.no
Det er i øvingar ein vert nervøs. – Når det er alvor, er det liksom ikkje tid til slikt, seier båtførar på redningsskøyta «Simrad Buholmen», Håkon André Hatlem.
Han set seg i førarsetet og fyrer i gong vassjetane. Han er altså litt nervøs, og det er kanskje forståeleg.
For sjølv om personane han og mannskapet hans skal ut og plukke opp frå hamnebassenget utanfor Måløy, ikkje er i verkeleg naud, er dei heller ikkje kven som helst. Tvert om er dei to ordførarar og ein president, og slike folk dreg gjerne med seg ein liten gjeng tilskodarar. Det er havfiskefestival, og på programmet står ei redningsøving med SeaKing-helikopter og to redningsskøyter.
Ei av skøytene er store, tøffe «Halfdan Grieg». 67-fotaren har i løpet av karrieren berga 16 liv og 1688 fartøy, og har heilprofesjonelt mannskap som mellom anna inkluderer ein maskinist med det høgaste sertifikatet som finst.
Men eg vil heller henge med veslesyster denne dagen. Sjølv om ho ikkje har berga noko liv så langt i år, meiner eg ho og mannskapet hennar er minst like tøffe. Dei bergar nemleg liv på fritida, utan å krevje betaling.
Av dei 59 skøytene Redningsselskapet har i flåten sin, er 29 drivne av frivillige. På denne eine, «Buholmen», er mannskapskravet tre personar: ein båtførar, ein bestmann og ein matros. Kvar veke sit altså tre menneske stand by, klarr til å rykke ut på ein halvtimes varsel når som helst på døgnet, utan å få noko anna att for det enn dekte, faktiske utgifter, for at folk på sjøen utanfor Måløy skal få hjelp om dei treng det. Om ingen melder seg til å ta vakter, kjem ikkje skøyta frå kai. Det kan somme tider vere ei utfordring.
– Vi klarar stort sett å halde «Buholmen» operativ. Men no er vi berre 12–13 aktive å fordele vaktene på. Det er eit minimum, seier Hatlem, som meiner det er litt rart at ikkje fleire engasjerer seg i ein sjøfartsby som Måløy. Kanskje er dei redde for å ta på seg ansvaret?
Krav til kompetanse
Dette er heller ikkje ein dugnad kven som helst kan vere med på over natta. Dei generelle krava for å mønstre på er greie nok: For å vere med i bergingsarbeidet må du vere mellom 18 og 53 år, ha plettfri vandel og vere i normalt god fysisk form. Men i tillegg må både sertifikat og fartstid vere på plass. Alle byrjar som aspirant før dei får prøve seg som matros. For å gå vidare til bestmann og båtførar må ein ha det som heiter D5L-sertifikat – fritidsskipper, eit kurs på 120 skuletimar – og fartstid. Redningsselskapet dekker sertifikatkostnaden, men då er ein forplikta til å ta ni vekesvakter i året.
Skal ein gjere ein god jobb, må det likevel øving til. Det er ikkje nok å ha sertifikatet i baklomma. I ein krisesituasjon er det ein fordel å kjenne dei ein skal samarbeide med, og saman ha gått gjennom prosedyren før, slik at alle veit kor dei skal vere og kva dei skal gjere. Difor prøver dei å ha faste vaktlag, og gjennomføre øvingar éin gong i løpet av kvar vaktveke.
Denne veka er øvinga altså godt planlagd. Havfiskefestivalen er ikkje berre festival, men i år òg europameisterskap i havfiske. Ein av markørane «Buholmen» skal plukke opp, er president i den europeiske havfiskeorganisasjonen. Dei to andre er ordførarane i to kommunar som skal blir éin: Vågsøy og Flora. Å hoppe i sjøen i bergingsdrakt, verte heist opp i helikopter for så å verte heist ned att frå helikopteret og plukka opp att av redningsskøyta, er nærast noko som høyrer med det å vere ordførar i ein kystkommune, og begge to er erfarne i gamet.
Det ser lett ut. Ved hjelp av båtshaken blir personen i vatnet dregen inn i eit nett som heng fast i skutesida, og deretter rulla om bord – om lag som sushi, som den tyske fiskepresidenten påpeikar.
Men så er sjøen òg heilt stille. Vatnet er varmt, og det er lyst. Skjer det noko, er forholda sjeldan slik.
Sterk nok dugnadsånd
Ideen om dugnad som ein del av den definerte bergingstenesta er ikkje så gamal som ein skulle tru. Han voks fram saman med utbygginga av den offentlege tenesta på slutten av 1960-talet. Men ideen kom frå at ein alt då hadde godt utbygde, frivillige bergingsetatar. Røde Kors og Norsk Folkehjelp har hatt slike heilt sidan 1930-åra, og norsk dugnadsånd vart sett på som sterk nok til å handtere ansvaret.
I dag er tenesta organisert som eit samvirke av offentlege etatar og private og frivillige organisasjonar. Det heile vert koordinert frå dei to hovudredningssentralane i Stavanger og Bodø, og 28 lokale bergingssentralar kringom i landet.
Redningsselskapet vart stifta i 1891 på initiativ frå legen Oscar Tybring og samfunnsforskaren Eilert Sundt. Dei var sjokkerte over å finne at mellom 712 og 750 fiskarar døydde på sjøen kvart år i åra mellom 1846 og 1860. Den bergingstenesta som fanst, var to frivillig bemanna bergingsstasjonar, på Lista og på Jæren. Dei kunne skyte ut liner, men ikkje gjere særleg meir. Kunne private aktørar bidra til eit meir reelt bergingsvesen?
Ei pengeinnsamling vart sett i gang, sjølv om ingen eigentleg visste kva Redningsselskapet skulle vere. Eit uvêr i Langesundbukta i februar 1892 gjorde svaret klarare: Seks fiskarar døydde i uvêret, men mange vart òg berga av ei av losskøytene som gjekk ut. Enkene etter dei seks omkomne vert sentrale i innsamlinga i etterkant. Samstundes vart det lyst ut ein teiknekonkurranse. Resultatet vart dei to skøytene RS5 «Liv», teikna av C.L. Stephansen, og RS1 «Colin Archer», sistnemnde kalla opp etter teiknaren.
Verdifulle liv
Framleis må det private pengar til for å finansiere ei ny redningsskøyte. «Simrad Buholmen» er delfinansiert av Kongsberg Gruppen. Likevel er det fyrste som må vere til stades for å få etablert ei frivillig redningsskøyte, ei trong for henne. Trongen er det Hovudredningssentralen som definerer.
Det andre som må til, er eit lokalt engasjement. Kommunen må syne interesse, og det må finnast ressurspersonar som forpliktar seg til å vere med på drifta av skøyta.
Sjølv ei lita skøyte som «Simrad Buholmen» har ein utstyrskostnad på 12–13 millionar kroner. Å ha såpass omfattande kystberedskap som vi har i Noreg, er alt anna enn gratis. Driftskostnadene til Redningsselskapet var i 2016 på 671 millionar kroner.
Ein auke i dei statlege løyvingane på 10 millionar kroner i det siste nasjonalbudsjettet fekk det samla statlege bidraget til Redningsselskapet opp i 85 millionar kroner. Men Redningsselskapet er i tillegg ein av tre sikre mottakarar av spelemidlar, altså overskot frå Norsk Tipping. Det same selskapet var tidlegare ein av dei verkelege speleautomatkjempene i Noreg: I 2004 gav speleautomatane organisasjonen meir enn ein halv milliard i inntekter. Då automatane vart forbodne, fekk dei største brukarane ei overgangsordning med kompensasjonsmidlar. Overgangen gjekk ut i år, men førte ikkje til stort tap for Redningsselskapet: Saman med Norsk Folkehjelp og Røde Kors vart dei i stortingsmeldinga «Alt å vinne – Ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk» i mai i år garantert kring 60 prosent av spelemidlane.
Skal vi tru rapporten Menon Business Eonomics laga i 2012, gjer Redningsselskapet likevel jobben billegare enn staten kunne gjort. I «Verdsetting av Redningsselskapets frivillige innsats» finn dei at tilsvarande drift ville ha kosta staten 45 prosent meir, hovudsakleg på grunn av dyrare tariffavtale og bortfall av frivillig innsats. Forfattarane kjem fram til at Redningsselskapet bergar liv og verdiar for 1,8 milliardar kroner årleg. Den frivillige innsatsen i beredskap og bergingsarbeid vert verdsett til 42 millionar kroner.
Vert denne frivillige innsatsen prioritert? Krava til beredskapen aukar, og både frykt for og erfaringar med terroraksjonar snik seg inn i òg denne diskusjonen. «Hele diskusjonen om beredskapen i vårt langstrakte land er ute i en tung hengemyr, og har satt den norske redningstjenesten i en farlig posisjon, fjernt fra realiteten i hverdagens mange redningsoppdrag», skreiv einingsleiar for redningsteneste og fyrstehjelp i Norsk Folkehjelp i ein kronikk i Aftenposten i fjor: «Etter Gjørv-kommisjonens rapport om 22. juli er vi i ferd med å lage en beredskap som er tilpasset storbyen, terror og lignende hendelser. Selv om alle innerst inne både vet og frykter at den neste utfordringen blir noe helt annet.»
HRS-oppdrag
Noko heilt anna er kanskje ein fritidsbåt som mistar motorkraft nær land sjølv om vêret er fint, ein kajakkpadlar som overvurderer eigne krefter, eller berre ein litt nervøs soloseglar som treng å fortelje nokon at «no seglar eg over Stad».
I 2015 kalla Hovudredningssentralen ut Redningsselskapet i 78 prosent av alle bergingsaksjonane til sjøs. Til samanlikning vart Kystvakta kalla ut 5,4 prosent av gongane, og politiet 2,3 prosent.
Til saman rykka Redningsselskapet ut 7436 gonger i 2015. Ikkje alle aksjonane var dramatiske eller livstrugande. Ofte er ein berre ute og «plukkar opp nokon som rek ute på fjorden», som det vert sagt om bord i «Buholmen». Etter at flaumen hadde tatt vegen til Utvik i sommar, var redningsskøyta der for å transportere folk forbi.
Ikkje sjeldan vert situasjonane ufarlege rett og slett fordi det er nokon der til å ta kvardagsbergingane langs ein kyst som ikkje er heilt som alle andre kystar. Der dei fleste europeiske sjøfartsnasjonar har meir eller mindre reine klipper eller strender, som fort går over i djupt hav, er Noreg eit einaste kaos av holmar, øyer, skjer og undervasskjer, grunner og djupner, straum og lange periodar med mørker og kaldt vatn. Den norske kystlinja, inkludert fjordar, bukter, 239.057 øyer og 81.192 skjer, er 100.915 kilometer lang. Lengda svarar til to og ein halv gong kring ekvator.
Nytte eller trivsel?
Ville staten gjort jobben om dei frivillige i Redningsselskapet ikkje var der? Med andre ord: Er tenesta naudsynt – eller triveleg? Det er ikkje heilt godt å seie. Ifylgje Justis- og beredskapsdepartementet ville det ikkje vore mogleg å drive ei forsvarleg bergingsteneste utan Redningsselskapet slik det er i dag. På spørsmål om staten – dersom dei frivillige skøytene forsvann – ville ta over drifta eller leve med litt lågare, men framleis godkjend tryggleik, svarer departementet: Skulle Redningsselskapet bli lagt ned, usannsynleg nok, ville staten måtte gjere kostbare grep for å kunne oppretthalde ein forsvarleg redningsberedskap til sjøs.
Siri Helle er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Neste veke: Dugnadsbassenget
som det tok 60 år å byggja.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«For mandfolk over 10 års alderen ligger der altså i Tromsø stift den skjebne for, at 1 af 4 finde sin død i bølgerne.»
Eilert Sundt, 1864
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?