Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Tønes er plateaktuell for niande gong. No er det meir alvor og mindre tjo og hei, seier han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Det er vanskeleg å snakke om eigne tekstar, for eg er eigentleg ferdig med dei når eg har skrive dei, seier Frank Tønnesen.

Foto: André Løyning

3599
20170929
3599
20170929

Frank Tønnesen byrja så smått og skrive songar om folk og små kvardagshistorier alt på ungdomsskulen. Det starta med sketsjaktige ting i Speidaren samstundes som han starta
rockeband og punkband.

– Vi prøvde å meine veldig mykje og skulle vere sinte og opptekne av alt mogleg, men mest var det ein slik periode der du berre skriv mykje utan å tenkje deg så mykje om, som jo er ein god ting. Det var på ein måte litt det same som eg gjer no, berre ei dårlegare utgåve av alt. Eg skjemmest litt av noko av det i dag, men det var bra at eg fekk halde på, slik at det til slutt fekk ei form som kunne gå, seier han.

Og gå – det gjorde det. Songane med det lune og humoristiske blikket på små kvardagsdetaljar, hendingar og karaktertrekk gjorde han fyrst til stjerne som artisten «Tønes» i heimtraktene Hauge i Dalane og omegn. Så kom plata Sån av Salve i 2012, og Tønes vart favoritt landet rundt. Førre veke gav han ut sitt niande album, som har fått tittel Sesong 4, etter songen der han spør «Kå tid ska me to sjå ferdig sesong 4 av The Wire

– Kva skjer i Sesong 4?

– Du meiner plata? Eg har ikkje sett sesong 4 av The Wire enno. Men plata er, jamført med den førre, litt enklare og opnare, og har ikkje så stort lydbilete. Alt er teke litt meir ned. Også tekstane. Det er ikkje så mykje tjo og hei. Det er vanskeleg å snakke om eigne tekstar, for eg er eigentleg ferdig med dei når eg har skrive dei, men den største skilnaden er nok at det kan verte oppfatta som ei litt meir alvorleg plate. Men eg synest humoren er med no også, her og der, seier han.

Plata opnar med ein song om eldstesonen som ikkje var interessert i å ta over garden, løa som skal rivast og stiar som kjem til å gro att. Tønes spør: «koss signala trur du det sende ud?»

– Kva signal synest du det sender ut?

– Det vart ein veldig trist song, som eg fyrst var i tvil om eg kunne ha med. Han byrja som ei skildring av dei gamle løene eg såg ramle ned rundt om kring. I og med at eg bur der eg bur, og er omgjeven av småbruk her og der, er det ein kommentar til dei endringane som fører til at folk forsvinn og sluttar med ting dei har halde på med. Det ligg noko trist i det, når folk låser døra og reiser av stad, kanskje mot sin vilje. Det er ikkje ein hyllingssong til sauen, altså, men eg synest han vart fin; ein moderne protestsong frå Tønes.

­– Gjennom tekstane verkar du som ein som klarar å vri irritasjonsmoment i kvardagen og rare karaktertrekk hjå folk til noko humoristisk og varmt. Vert du aldri irritert?

– Jau, og eg er nok irritert på ein del av tinga eg syng om også, men det er skjult i koseleg innpakking. Men eg er god til å sjå det humoristiske i ting, og god til å kose meg over ting eg synest er dårlege. Det er ein eigenskap eg er glad for å ha. Det mest irriterande er dei som berre går og irriterer seg over ting. Då vert det ikkje att mange krefter til alt anna. Samstundes ville det òg vore keisamt om alt hadde vore topp, og alle gjorde ting rett. Det må vere ein og annan som somlar litt og som står litt for lenge framfor deg i køen i kassen på butikken. Det må vere litt motstand.

– Er det tema du synest er vanskelege å skrive om?

– Eg har lenge tenkt å lage ein song om fisking. Det har eg alltid likt å gjere, og fisking har vore ein viktig del av livet mitt, men eg har aldri klart å skrive skikkeleg om det. Eg veit ikkje kvifor. Kanskje er det som med gode vener som du slepp å snakke om musikk med, sjølv om du er veldig oppteken av det.

Eva Aalberg Undheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis