Gyllen dronning
Det er framleis von for den norske almebestanden.
Alm er eit lauvtre som er oppført på raudlista. Det kan verte opptil 35 meter høgt.
Foto: Knut Hustad
Sambuaren min heiter Embla, eit namn som kjem frå norrønt og tyder alm (Ulmus glabra). I eit forsøk på å vere romantisk har eg lova henne å spore opp kvar einaste alm i heimfjorden, slik eg kan bevise for bygda at den vakraste av «søstrene» er kjærasten min.
Alm er eit lauvtre som er registrert som sterkt truga på den norske raudlista. Bestanden har truleg minka med 30 prosent dei siste åra. Beitepress frå hjort og konkurranse frå den uønskte platanlønna, er ein del av problemet, men den desidert største fienden er almesjuka, som kjem av to framande soppartar.
Infiserte tre visnar og døyr raskt, normalt innan eitt til to år. Sjølv om ein kan førebyggje smitte, finst det ingen kur når treet først er sjukt. Då er målet å destruere treet for å hindre nye utbrot. Menneskeleg aktivitet og ureina tømmer bidreg til smitte, men den soleklart fremste vektoren for soppsporane er almesplintboraren, ei bille på om lag fire millimeter.
Kort fortalt var det romarane som uforvarande skapte grunnlaget for dette uføret. Dei frakta engelsk alm (Ulmus procera) til Vest-Europa og nytta ho til å binde opp vinstokkane sine. Normalt var ikkje desse kultivarane fruktbare, og dei vart avla fram via rotskot. Resultatet var genetiske klonar, sårbare for dei same sjukdomane.
Passande nok var det i Nederland, kjent for sine tusentals almetre, sjukdomen først vart påvist i 1921. Det synte seg å vere ein varsam forsmak på det som skulle kome, for då ein meir aggressiv sopp skapte andre bølgje på 1970-talet, vart det ein miljøkatastrofe av enorme dimensjonar.
Millionar av tre i Europa og Nord-Amerika vart smitta. Berre i Storbritannia døydde 25 millionar individ. Her heime vart bestandane i oslo- og drammensområdet hardt råka, men på grunn av lågare temperaturar og større avstandar var det enklare å stogge utviklinga.
Derfor kan ein inst i Sognefjorden framleis nyte det som er den største almeskogen i Nord-Europa. Området, som høyrer til Luster kommune, er i dag verna som nasjonalpark. Eg kjem ikkje til å finne nokon tilsvarande almeskog i heimtraktene mine, men tanken på å vere den første som oppdagar mindre, isolerte førekomstar, er like fullt inspirerande.
«Med blod på tann nyttar eg dei neste dagane til intens leiting.»
På tørkeloftet i vedhuset på heimgarden ligg grove bord av alm og lurer på når dei skal verte tekne i bruk. Dei er gylne med elegant tekstur og vart kjøpte av ein hobbysnikkar. Han hadde fått høyre at kommunen skulle hogge ned fleire almar, og berga dei frå å hamne på fyllinga.
Ein lyt tru det var gode argument for å få dei fjerna, men mi erfaring er at kunnskapen om verneverdige tre er varierande. Dei vert ofte reduserte til noko som står i vegen for utbygging. Dersom det ikkje er anna råd, bør ein i det minste sjå til at almane får ei alternativ nytte. På Botaniske hage i Oslo ligg til dømes ròtne stokkar og gjev sårbare insekt ein heim.
På stovebordet brettar eg ut eit kart over Sunnmørsalpane. Dei bratte fjellsidene vart nytta som beite for geiter, derfor er kvar einaste rabb og gròv namngjevne. Første steg er å leite etter leietrådar i desse landemerka. Eg finn namn som Linderemen, Seljeneset og Einesletta, men ikkje eitt ord om alm. Her er det ingen enkle løysingar, grundig feltarbeid må til.
Almen er varmekjær og treng ein gjennomsnittstemperatur på rundt 11 grader om sommaren. Han trivst best i sørvende lier med kalkrik jord, gjerne ur eller tørr skog. Ved å kombinere desse faktorane avgrensar eg eit område som ser lovande ut på kartet, og konkluderer med at det er mest effektivt å bruke båt for å få god oversikt.
Robåten til tanta mi er av glasfiber, men hadde han vore av eldre årgang, kunne alm ha vore nytta i konstruksjonen. Kjerneveden i alm er nemleg særs haldbar under vatn. I London vart vassrøyr av alm gravne opp på 1930-talet, og dei var framleis uskadde etter å ha lege under bakken sidan 1600-talet.
Med sola i ryggen set eg og far min kursen innover fjorden, mot den mystiske fjellheimen. Eg styrer båten parallelt med land samstundes som vi speidar oppover fjellsidene. Slik kan vi dekkje flest kvadratmeter på kortast mogleg tid.
Trass i at skogen syner seg som ein mosaikk av grønt, er det overraskande enkelt å skilje treslaga frå kvarandre. Menneskeauge er spesielt sensitivt for den grøne delen av fargespekteret og har gode føresetnadar for å skilje dei ulike nyansane.
Jakob Hustad ser etter alm frå plastbåten til ei tante.
Foto: Knut Hustad
Arbeidet er tidkrevjande, men òg herleg meditativt. Eg fortel far min at innerborken av alm vart nytta som mjølerstatning i borkebrød, særleg i hungersår, og at det er gjort analysar av han med omsyn til næringsverdi. Overraskande nok syner resultatet at det er ganske bra menneskeføde, med stivelse, feitt og protein. Dermed var kanskje ikkje skjebnen til bonden Paavo så ille som ein skulle tru, all den tid han nytta alm i borkebrødet sitt.
Om lag fire hundre meter over havet, under ein fjellhammar, ser eg konturane av uvanleg høge tretoppar. Det ser verken ut som osp, bjørk eller rogn. Det kan vere gamle seljetre, men det rimar ikkje med dei limegrøne sjatteringane.
Eg klamrar meg fast i hasseltre, ormegras og vivendel. Det luktar mjødurt, definisjonen av sommar. Alm finst i fleire variantar og er i Noreg delt inn i to underartar: skogalm og bergalm. Begge har blad som er dobbelt sagtanna, med knapt synleg stilk og skeiv bladgrunn. Bergalm har elles hår på årkvistane og tjukke lansettforma blad. På skogalm er dei tynne og tydeleg kvasse. Oppsummert er skilnadene trivielle, og på veg oppover bratthenget tenkjer eg at begge har føresetnader for å trivast her.
Skogen opnar seg i ei frodig glenne. Det er vanskeleg å tru, men framfor meg står ein gamal alm. Solid, mektig og framfor alt vakker, ragar han over dei andre vekstane. Eg føler meg velkomen, som ein etterlengta gjest. Om det har vore folk her før, er det lenge sidan no.
Med blod på tann nyttar eg dei neste dagane til intens leiting. Vi finn stadig nye eksemplar, det eine flottare enn det andre. Det er kjekt å sjå at bestanden er frisk og levedyktig, ikkje minst at eit par unge individ står klare til å føre arven vidare. Håpet spirar stille i almeskogen.
Jakob Hustad
Jakob Hustad er landbruksrådgjevar og sjølvstendig næringsdrivande.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.