Om yrkesforbod og omdømeran i Johaugsaka
DOPING
Er det verkeleg ingen i den norske medieverda som har vågemot til å forsvara Therese Johaug mot den uretten ho no blir utsett for i eit sjølvoppnemnt «rettssystem» i idretten?
Ho er faktisk dømt til yrkesforbod i 13 månader og omdømetap livet ut for doping som ikkje har funne stad, og personleg «aktløyse» i form av berre å spørja landslagslegen, som skaffa og gav henne leppekremen mot munnsår, om det var greitt å bruka han. Ho skulle ha undersøkt stoffa i kremen sjølv også, krev dei.
Etter første avklarande runden som følgje av idrettsleg ulovleg stoff i rutineprøve, var fakta som følgjer:
n Funnet var av ei slik mengde at det ikkje kunne hatt prestasjonsfremjande (dopande) verknad.
n Funnet vart identifisert til å koma frå leppekremen mot munnsår som landslagslegen hadde skaffa til henne under treningssamling i Italia.
n Therese Johaug hadde forsikra seg om at det var greitt å bruka kremen ved å spørja landslagslegen om dette.
Frå første stund er jakta i gang i norske og internasjonale medium for å dokumentera skuld hos utøvaren, uavhengig av faktiske funn og samstavande vitnemål frå legen som har forårsaka saka. Mange vikarierande motiv kan nok finnast i dei reaksjonane vi vart vitne til. Toppen var vel ei førehandsdøming til strengaste dopingstraff frå ein internasjonal skileiar.
Men rettsløysa nøyer seg ikkje med denne heksejakta. Therese Johaug blir etter månader med saksvurdering dømt som om ho skulle vera skuldig i både doping og personleg aktløyse, til 13 månader utestenging frå konkurransar og deltaking i organisert idrett, trass i fakta som ropar om frifinning.
Etter domen ser eg ein representant for antidopingarbeidet i Norge (14. februar) seie at Therese Johaug kunne ha vorte frifunnen om ho hadde godgjort at ho sjølv hadde gjort undersøkingar kring innhaldet i leppekremen! Har dei ikkje peiling på kva slag medisinsk autoritet ein lege har i norsk kultur?
Etter dette sit ein som har røynsla si frå langrenn og skiskyting i gamle dagar, og undrast på korleis idretten kan ha hamna så på avvegar frå vit og forstand og skjønn?
Det må då vera fleire som har levd med idretten enn underteikna, som spør seg:
Kva kan enno gjerast for å retta på og bøta på det overgrepet som her held på å bli gjort i den gode saka sitt namn?
Jarle Tufta er tidlegare aktiv i langrenn og skiskyting.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.