JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

På festival

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
8362
20180928
8362
20180928

Eg var på Bjørnsonfestivalen i Molde i år. Eg budde på Molde Fjordstuer, og det var utsikt til Moldefjorden og dei ville og spisse fjelltoppane i Moldepanoramaet, til og med veranda hadde eg, men eg sat ikkje der; eg sat i det store rommet mitt med mange meter under taket og jobba med det eg skulle seie under festivalen, og eg las meg opp på det eg skulle seie om eg blei spurd om ulike dyr, ettersom eg, den første kvelden, skulle samtale med Alfred Fidjestøl, han som skreiv ein biografi om apen Julius; og apen er ein av dei største kjendisane på Sørlandet, og det som er ein gjengangar hos barnebarna mine. Om dei reiser til Kristiansand, er det for å oppsøke Julius, deretter kaptein Sabeltann.

Naboen til hotellet er Røkkes gåve til Molde: Aker stadion. Bak stig Bjørnsonhuset opp som er ein slags miks av hotell, kultur- og konserthus; bygget ser ut som eit stort og stivna segl eller haleroret til eit fly; enten for å svinge vekk, eller forsvinne for godt, viss det ikkje blir stante pede og ljos i si pussige form mot det mørke havet, eller som det står i Odysseen: «det vinmyrke havet».

Det var ikkje mykje «vinmyrkt» med Julius, men eit eller anna mørkt var det der; første gong eg høyrde om boka, var eg svært skeptisk, men i ettertid må eg bøye meg og gje Fidjestøl rett; det er noko merkeleg med dyr, og det er underleg at vi veit så lite om kva som går føre seg inne i hovudet til ein hund, når vi veit kva som skal til for å få ein rakett og eit menneske på månen; Fidjestøl gjer er ei omdreiing til på skruen til Darwin; menneske blir mindre og verda større.

Om økofilosofen Arne Næss får rett, får vi store problem når rugen får rettar; kjøtet blir sikkert syntetisk, men kva med poteter, tomatar og kveite?

Julius er ikkje eit menneske; han er eit farleg dyr, som har gått til åtak på menneske, men i dyreparken held dei han i live; det er jo han som gjev saltet i maten; eller som Fidjestøl sa det; Julius er den næraste slektningen vår i dyreverda, men han er den andre, den heilt framande, tenkte eg, så blei vi sitjande å snakke ein heil time om dyr og om maur og om jomfrufødslar hos bladlus, liksom Det nye testamentet, sa eg, går føre seg i verda til insekta, så blei det meir om Julius; som den gongen han beit fingeren av ein søppelsjåfør, sidan han bråka så mykje med søppelspanna sine, og at apar, slike som Julius, fortalde Fidjestøl, og han var reine doktoranden på Julius, blei aggressive av mykje støy. Om enn det var litt glissent i salen, var det ein fin kveld, og han som heldt det heile saman og var godt førebudd, var bergenspoeten Henning H. Bergsvåg.

Den neste dagen intervjua Arne Borge meg om boka mi, Penelope er syk, og då var det mange fleire publikummarar enn dagen før, ikkje på grunn av meg, men på grunn av temaet sorg, og eg prata med Arne Borge om sorg; det vart mykje om sorg, og eg såg på publikum, og det var mange kvinner, men fleire menn enn det pleier, sa nokre av dei som jobbar der; og nok ein gong tenkte eg på sorg; alle moldensarane som jobbar frivillig, er flotte typar; eg vart jo òg henta på flyplassen av ein grei type som køyrde meg og tre andre som òg skulle på festivalen; den eine, som var statsvitar og ein klok fyr, kjende eg litt frå før, eller mest systera hans; det var ein til av dei, ettersom dei var trillingar; så eg spurde, i baksetet, om ikkje foreldra hans måtte ha vore heilt på felgen då dei var barn, stakkars mor di og far din, sa eg, og tenk, då eg fekk vite kva han jobba med no, rundt i verda, at nettopp fredsarbeid var det rette for han, men det han sa om foreldra sine, var nok at dei hadde vore slitne.

Eg las dei to fyrste sidene av boka mi, før eg seinare avslutta med å lese dei tre siste sidene, og eg tulla mykje før eg las, medan eg blei intervjua av Arne Borge, var det fleire som lo, ettersom han spurde og grov og eg svara i hytt og vêr; så ville han vite noko om familien min, sidan eg ein gong fekk ut ein bok på Gyldendal som hadde tittelen Krigen var min families historie; og eg gløymde jo å nemne at redaktøren min også var med på festivalen, men som oftast i bakgrunnen; han er ikkje noko glad i å vere for synleg, han lever på sin måte opp til det å vere ein grå eminense; han er ikkje så grå, tilbaketrekt, jo visst, men ikkje så grå.

Mor mi og far min, sa eg, var så å seia fanga av krigen, sidan han tok heile ungdomen deira, men det er meir, sa eg; for mor mi var fødd i Kairo ettersom far hennar, bestefar min, overlevde Somme; han var sersjantmajor i den engelske hæren og dreiv med hestar, og hestane blei ikkje brukte av den engelske armeen under første verdskrigen, så han overlevde, heldt eg fram, og det var heilt tyst i salen, og det må seiast at moldensarane er flinke til å lytte, og sidan Egypt var eit engelsk protektorat, reiste bestefar min, med familien til Kairo; ikkje på ferie, men for å jobbe i hæren, og der blei mor mi fødd, og etter seks år i Kairo vende dei heim til London; seinare fekk mor mi heile krigen i fanget, og på ein pub i London (han heitte The Green Man) trefte ho far min; han kom frå Little Norway.

Så, etter ei stund, etter så å seie ein halv time, tok eg til å lesa, så var det meir intervju; det som alltid er vanskeleg med intervjua, er når den som intervjuar, spør om noko ein har sagt for ti år sidan, som ein for lengst har gløymt; eg hadde gløymt det eg blei spurt om, men eg sa ikkje at eg hadde gløymt det, men eg prøvde å svare så godt eg kunne; eg rodde utan å ro; eg tek som regel ein omveg; så las eg til slutt dei siste tre sidene av boka mi og til mi overrasking var det mange som klappa, og deretter var det ex auditorio, men nordmenn er som regel sjenerte, men det var ei kvinne som gjerne ville vite noko om boka mi, så ho spurde om boka var meint å vere morosam, eller sorgmild, sa eg, og eg sa at ho hadde rett.

Etterpå var det fleire, merkeleg nok, som ville ha helsingar i bøkene dei hadde kjøpt; då blir eg alltid litt flau ettersom eg skriv som ein gris og dei som ber om helsing, ikkje vil kjenne att sitt eige namn; eg skriv så smått at det ikkje ser ut som bokstavar, men som restar etter fleire mørke og lause sytrådar.

Etter førestillinga kom det ein kar bort til meg og spurde om eg kjente han att, for han var veslebroren til ein god ven av meg for over 45 år sidan; eg hugsa bror hans, til og med far deira, men ikkje han; det har skjedd mange gonger med meg; ein som syng i eit kyrkjekor saman med dottar mi, påstod at han og eg var gode vener i 1969; eg kan ikkje hugse andletet hans, eller namnet hans.

Seinare på kvelden var det eit arrangement om ein antologi som Bjørnsonfestivalen har gjeve ut, og det skulle vere ein antologi om framtida, og det var fleire som las om kva dei trudde skulle komme til å skje; eg høyrde dårleg etter, for eg sat i mine eigne tankar om det som eg skulle gjere heilt til slutt; det var to av oss som skulle lese frå enno ikkje utgjevne bøker; altså dei komande bøkene våre; det var komikaren Are Kalvø og meg; sidan han skulle ete middag, spurde han om eg kunne lese etter han; det sa eg var ok, og eg spurde om han ante kven som hoppa etter Wirkola; det var jo Wirkola sjølv som prøvde på å komme tilbake i hoppsporten etter at han så å seia hadde hoppa av.

Etter Are Kalvø, som las om alle dei som på død å liv skal til fjells, og han er god til å fortelje om fjellfolkets ulike typologiar; tok eg over, og det fyste eg sa, var at Kalvø og eg hadde same fastlege, så fortalde eg om den komande boka mi, for ho er ikkje om sjukdomen til kona mi, men om hennar død og om det å sørge; så hadde eg gjort noko nytt, trur eg; om å jakte på sjeler, saman med Bach, for utgangspunktet, var at da ho døydde, opna ein dansk sjukepleier vindauget på vidt gap slik at sjela til den avdøde kona mi skulle finne vegen heim eller til Gud; det veit eg ikkje, men i manuset jaktar eg og Bach på sjela hennar via ein fantasifull drone, og så blir det mykje om Bach, som kan kunsten å endra seg, både til ei ugle, til ein kanin og til og med til Per Sandberg, Georg Johannesen eller Jan Erik Vold, og ikkje berre utsjånaden, men òg røysta, og faktene; slik blir Bach, og ikkje Vergil, ein vegvisar inn i dødsriket.

Ole Robert Sunde

Ole Robert Sunde er forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det blir mykje om Bach, som kan kunsten å endra seg, både til ei ugle, til ein kanin og til og med til Per Sandberg, Georg Johannesen eller Jan Erik Vold.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis