Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

🎧 Eg skal til Hebridane i kveld

Føremålet med turen var å vitja den vakre landsbyen Tolsta Chaolais på Lewis. Det heile enda med ein studie i krigshistoria til folket på Hebridane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tolsta Chaolais på Lewis på Ytre Hebridane – ein vakker landsby med ei sterk historie. Bak åskammen er det rett ut i det opne havet.

Foto: Svein Gjerdåker

10014
20191220

Hebridane

Lewis ligg på Ytre Hebridane og har 18.000 innbyggjarar.

Morsmålet for mange på øya er enno gælisk.

Landsbyen Tolsta Chaolais ligg sørvest på øya og har 60 innbyggjarar.

Lytt til artikkelen:

Eg er i Skottland, i Edinburgh og Glasgow, for å føla på stemninga før det britiske lagnadsvalet 13. desember. Men eg er rastlaus og kjenner dragnaden mot øyane i vest – mot Hebridane og Suderøyane.

Denne tilstanden har vara heilt sidan eg var i Edinburgh i fire månadar hausten 1992. Ein av studentturane då var til Skye. Det gjorde inntrykk, og sidan har eg reist til Hebridane. Alltid åleine, helst seint om hausten i november, off season, som det heiter, då er det ingen turistar der. Og vêret gjer alt røft og ekte. Men sjølv i november er det ofte sol. For det er ikkje alltid slik at eit «lågtrykk er på veg innover frå Hebridane», som dei sa på vêrmeldinga før.

Om kvelden møter eg folk på den lokale puben. Om dagen oppsøkjer eg bønder ved havet. Som journalist får ein mot og sjølvtillit til å ta kontakt med kven det skal vera – og dei fleste synest det er greitt å ta ein utlending med ut på beitet for å sjå etter buskapen.

Men eg har av ein eller annan grunn aldri vore på Ytre Hebridane, det ekte Hebridane. No skal det skje. Meininga var å ta tog og båt, men tida strekk ikkje til. Det ville teke 30 timar tur/retur. Eg kunne brukt bil og båt, men det er meldt minusgrader oppover høglandet og snøbyer gjennom Cairngorms nasjonalpark, så eg slår det frå meg. Det freistar ikkje med fleire timar i bil på vinterføre med sommardekk. Det vert fly frå Glasgow til Stornoway på Lewis.

Eit av måla er å vitja landsbyen Tolsta Chaolais. For den hausten eg budde i Edinburgh, den vakraste byen i Nord-Europa, til og med vakrare enn Bergen, fekk eg sjå eit bilete av Tolsta Chaolais på ein pub i gamlebyen. Ein tysk medstudent hadde vore i den vesle landsbyen tidlegare på hausten og var fjetra og ville ha oss med tilbake på helgetur.

Det vart ikkje noko av, men no, 27 år etter, er eg altså på veg i myrkeret over havet i eit lite fly til Lewis, Harris og North og South Uist og vil vitja landsbyen med det vakre namnet, som om det var ein fransk landsby.

Det er laurdag ettermiddag når eg kjem til Tolsta Chaolais. Vêret er skiftande skydekke, sol innimellom, fem plussgrader og uvanleg vindstilt. Eg parkerer bilen og går opp på det vesle fjellet nord for landsbyen for å sjå han ovanfrå.

Utsynet er storfelt. Kulturlandskap, hus – ikkje tett i tett, men likevel tett nok til at dei utgjer ein heilskap – og snøkledde fjell i det fjerne, hav og himmel og dunkelt ljos no, like før sola går ned og natta kjem. Landsbyen ligg i ly for dei verste stormane, med kort veg til havet for å nå ut til fisket.

Neste dag er det sundag. Eg gjer som mange på Lewis og går til gudsteneste, i den større nabolandsbyen Carloway. Kanskje eg møter nokon frå Tolsta Chaolais?

Eg vert ynskt velkomen og får kaffi før det heile tek til. Sytti–åtti unge og eldre har møtt opp. Salmane ljomar. Berre song, med ein forsongar, ikkje orgel eller piano. Alt er på engelsk i dag, men på gælisk ein gong i månaden. Det er ikkje ein einaste kross i kyrkjerommet, ikkje ein Jesus-skulptur eller noko som helst av utsmykking. Det held med Bibelen, vert eg fortald.

Presten talar om sterke ting: om Hosea, kapittel 2, vers 1–15, som handlar om den gamle jødiske domedagsprofeten som Gud ville skulle ta til seg ei horkvinne og få seg horeborn. Det er ei historie om svik og tilgjeving og eit bilete på Guds kjærleik til det trulause folket sitt. Så syng dei nye salmar, før vi møtest til meir kaffi og småkaker.

Der kjem eg i prat med Murdo John MacDonald frå Tolsta Chaolais, fødd i 1952. Han vil gjerne syna meg landsbyen sin. Han er mangsyslar, har 30 sauer og køyrer skulebussen morgon og ettermiddag med dei fire borna og ungdomane som bur i Tolsta. Éin skal i barnehagen, éin i barneskulen og to på vidaregåande.

Vi køyrer gjennom landsbyen, og han fortel om kvart hus og kven som bur der. Så stoggar han ved eit krigsmonument midt i landsbyen for at eg kan ta bilete. Eg har sett mange slike minnesmerke før på Hebridane og er meir interessert i haugen med torv som ligg på andre sida av vegen, til oppvarming av husa, og vil gjerne vita meir om korleis det fungerer i praksis.

Men eg skjønar at minnesmerket er viktig for han, lèt torvhaugen klokleg liggja og tek pliktskuldig biletet av granittobelisken, montert på sokkel, med eit sverd og ein krans på framsida og inskripsjon på alle sider. Monumentet er gjerda inn med eit stakittgjerde av jarn, med tre raude plastkransar i framgrunnen, lagde ned for ei veke sidan på Remembrance Sunday.

Eg tek meg tid til å lesa alle namna på minnesmerket over dei som «Gave Their Lives for King and Country in the Great War 1914–1918». Det er sterkt å lesa. 17 menn og éi kvinne frå denne vesle bygda døydde under første verdskrigen. Ikkje rart at monumentet står så sentralt plassert, og at John stoggar ved det. Særleg når han fortel at familien hans òg vart råka.

Dagen etterpå er eg på biblioteket i Stornoway for å lesa om den særmerkte krigshistoria til Lewis. Av ei befolkning på knapt 30.000 i 1914 deltok 6200 menn frå Lewis i den fyrste verdskrigen.

Mobiliseringa starta sundag 2. august 1914, og i laupet av måndagen hadde så godt som alle stridsdyktige menn på Lewis møtt opp i Stornoway. Fiskegarna stod att i sjøen og alt same dag drog 430 menn med båt frå øya mot krigen. Ingen andre område i det britiske samveldet bidrog med så mange soldatar i høve til folketalet som Lewis. Totalt skulle 1300 Lewis-menn mista livet under krigen.

Det budde rundt 290 menneske i Tolsta Chaolais på den tida, 59 av dei deltok i krigen, 18 av dei omkom.

Den fyrste som omkom frå landsbyen, var den 30 år gamle Donald Macaulay, då han fall over bord frå SS «Induna» og drukna på veg frå Sydney til Norfolk 1. mars 1915.

Den fyrste som fall i strid, var John Macsween, som vart drepen fyrste dagen under slaget ved Loos 25. september 1915, etter at britane hadde bomba dei tyske stillingane med klorgass. Macsween vart drepen saman med 8000 andre britar denne dagen. Då slaget var over, to månader seinare, hadde til saman 75.000 britar og tyskarar omkome.

To av dei omkomne frå landsbyen døydde av gassforgifting: Donald Macgregor, 37 år gamal, og Norman Macleod, 27 år gamal, døydde begge under det andre slaget om Ypres i april og mai 1915. Dette var fyrste gongen tyskarane brukte gass i stort omfang under eit slag. Det låg drepne overalt. Skildringar frå tyske soldatar som rykte framover etter gassåtaket, fortel om britiske soldatar som spytta blod og i desperasjon klora seg i andletet og på halsen for å få luft. Tyskarane tok ingen fangar, men drap alle dei kom over.

Under nedslaktinga i Somme, der éin million menneske mista livet, vart både Murdo Macgregor, 30 år gamal, og John Macleod, 24 år gamal, drepne i strid same dagen som slaget starta 1. juni 1916.

Slik kan ein halda fram. Neil Macgregor døydde etter fire månadar av skadane han fekk i slaget om Vimy-høgda 21. august 1917, 35 år gamal. 150.000 franske soldatar vart drepne då dei prøvde å ta området i 1915. No gjennomførte kanadiske styrkar, med hjelp av britiske, verdas mest omfattande artilleriskyting til då med éin million granatar, og tok høgda på tre dagar.

Norman M. Macleod vart drepen i strid under slaget ved landsbyen Passchendaele i Vest-Flandern, 23. august 1917, 31 år gamal. Slaget er rekna som det femte verste slaget under første verdskrigen med 450.000 drepne på alliert side og 400.000 tyskarar. Resultatet var likevel minimale britiske framrykkingar.

Den einaste kvinna som er nemnd på krigsmonumentet i Tolsta Chaolais, og den einaste på eit krigsmonument på Hebridane i det heile, er Catherine Macleod. Ho arbeidde på ein ammunisjonsfabrikk, men det er alt av opplysingar eg finn om henne på biblioteket.

Den 23 år gamle Alexander Angus Macleod, fortel ei eiga tragisk soge frå Lewis. Han overlevde krigen og var natt til 1. januar 1919 på veg heim til Lewis og Tolsta Chaolais. Men så å seia heime, på eit skjer like utanfor Stornoway, gjekk skipet på grunn med 283 personar om bord, i all hovudsak soldatar og offiserar frå krigen. 205 omkom, 184 av desse var frå den hardt prøvde øya Lewis. Ikkje rart folket her går mykje i kyrkja.

Eg fer tilbake til landsbyen utpå ettermiddagen. Det regnar og er halvmyrkt. Eg går likevel den vesle turen ut mot havet, der det ligg ein gravplass uvanleg flott plassert, omkransa av lyngheiar, hav og fjell i det fjerne. Nok eit minnesmerke over historia til Tolsta Chaolais.

På veg tilbake til bilen går eg gjennom landsbyen på nytt. Eg kjenner den særmerkte lukta frå oppvarminga med torv, som ikkje akkurat er bra for klimaet. Eg har fått sans for landsbyen og vil sjå huset som var annonsert til sals i eit vindauge i Stornoway. Eit «cosy» hus med tre soverom – og med tilgang til beiteområde for sau. Og heilt korrekt: «Oustanding views». Alt til 175.000 pound sterling. Hadde eg budd på «The Mainland», ville eg slått til på strak arm.

Og kva vart valresultatet på Ytre Hebridane, eller «Na h-Eileanan an lar», som valdistriktet offisielt heiter? Ein klar siger til Det skotske nasjonalistpartiet, SNP, med 45 prosent av røystene. Det er ganske likt valresultatet for heile Skottland. For Ytre Hebridane er mot brexit, slik SNP er det. 70 prosent på Hebridane røysta «remain» i 2016. I motsetnad til i 1975, då 70 prosent av folket på øyane røysta mot EF.

Får SNP det som dei vil, vert Skottland eit sjølvstendig land ikkje altfor lenge etter at Boris Johnson har teke Storbritannia ut av EU. Tolsta Chaolais kan ha ofra sine siste søner i krigane til det sameinte kongeriket.

Svein Gjerdåker

Svein Gjerdåker er ansvarleg redaktør
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Av ei befolkning på knappe 30.000 deltok 6200 menn frå Lewis i den fyrste verdskrigen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis