JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

🎧 Nedtur i kjempers fødeland

I stormaktstida hevda lærde menn i Uppsala at Sverige var sivilisasjonens vogge. Det forklarer nok litt av den svenske arrogansen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bilettekst

Bilettekst

Bilettekst

Bilettekst

22292
20201002

Streif gjennom Sverige

Sommaren 2020 reiste journalist Hallgeir Opedal på ein ti dagar lang scooterekspedisjon inn i Sverige. Målet var å finne ut kvifor svenskane er så svenske. Dette er hans historie om historia til broderfolket.

Dag 6:

Lidköping–Skara–Hjo–Jönköping

158 kilometer

Lytt til artikkelen:

Det er søndag morgon, og eg ligg i den store dobbeltsenga på rom 232 på Stadshotellet i Lidköping. Eg plar aldri sjå fjernsyn om morgonen, det hender ikkje, men no gjer eg det, og det er ikkje bra, eg veit det, men eg tenker: OK, no er vi der.

På alle reiser som strekker seg over fleire dagar, får eg alltid ein mental knekk. Det kan like gjerne skje i fjellet som i Syden, alltid denne knekken, der eit grått teppe legg seg over tilværet.

Glede og begeistring er ei sterk drivkraft, og gleda og begeistringa har så langt drive meg til Lidköping, men no er det slutt, kjenner eg. Eg er tom for begeistring, tom for energi, eg er tiltakslaus, motlaus, og når eg fyrst er komen inn i dette frynsete lynnet, skal det lite til før det mørknar heilt. Eg kjenner meg einsam der eg ligg, og dei eksistensielle spørsmåla rullar opp: Kva gjer eg her? Kva er meininga? Ein middelaldrande mann aleine på scooter i Sverige. Så patetisk! Kven pokker er interessert i å lese overflatiske anekdotar frå svensk historie? Og eg er ikkje eingong komen halvvegs, og anar ikkje kor eller korleis det skal ende. Lengtar eg heim? Ja, eg gjer det. Vil eg heim? Nei. Eg kan jo ikkje det.

På TV4 viser dei oppussingsprogrammet Bygglov, og slike overflatiske underhaldningsprogram er farleg tidtrøyte, for dei forsterkar elendet, og begynner ein fyrst å sjå på, ja, då står ein myrfast. Ein berre sjå korleis det endar. Programmet følgjer den sedvanlege oppskrifta: Nokon drøymer om å pusse opp, men har ikkje råd, tid, evne eller ork til å gjere det sjølv. Dei fyrste minutta blir vi kjende med hovudpersonane, og i dette programmet er det ein familie frå Ljungbyhed i Skåne. Det er mora Malin som har sendt brev til TV4. Dei har eit uferdig råloft som mannen hennar har byrja å pusse opp, men han klarer ikkje å få det ferdig. No er vona at den karismatiske snikkaren Matte, den biletskjøne interiørarkitekten Maria, skeptikaren Willy, og ti–tolv handverkarar skal gjere loftet ferdig, slik at dei fire barna kan få kvart sitt rom. No søv tre av dei i same rom, eller som Matte seier: Dom bor i en jävla misär.

Det er Malin som er stjerna i programmet. Ho har eit godt smil med gles mellom tennene og eit presist språk med dei rette formuleringane. Ho er, slik eg ser det, made for television. Mannen hennar er ein staur, tiltakslaus og mumlande, og eigentleg burde han sjølv gjere ferdige desse barneromma, og eg er nok ikkje aleine om å tenke det, og derfor er fokuset på Malin, som fortel at råloftet har byrja å prege henne psykisk.

Det er mange og lange reklamepausar, og i kvar pause vurderer eg å skifte kanal, men eg blir liggande og sjå reklame for munnskyljevatn, mjølkesyretablettar og omnsgrilla kyllingar frå produsenten Guld Fågeln, for eg vil sjå reaksjonen til Malin når romma er ferdige. Mannen har eg ingen forventningar til. Nei, det er takksemda og tårene til Malin, eg ventar på, og overraskinga og gleda i andleta til dei fire borna, og eg er ikkje aleine om det. Heile det svenske folket ventar, fleire tusen sjåarar i Norrland, i Dalarna, i Skåne, i Blekinge, i Västra Götaland, vi ventar alle på det same, på the moment, og eg kjenner at eg alt er trong i svelget og blank i blikket, for eg veit kva som skal kome.

Så kjem antiklimakset. Snikkarane Matte og Willy rekk ikkje å bli ferdige. Er det mogleg?! Jo, slik er det, dei er lei seg, spesielt Matte tek det tungt og er så overtrøytt og lädsen at han tårar, for noko slikt har aldri tidlegare hendt i Bygglovs historie. Det blir framhald neste veke.

Eg føler meg snytt. For ein besvikelse! Eg har kasta bort 44 minuttar av livet mitt, eg er faktisk 44 minuttar nærare døden. Denne skuffelsen eltar seg inn i alt det andre som plagar meg. Kva pokker gjer eg her i Lidköping?

Eg blir liggande i senga, orkar ikkje stå opp, kva har eg å stå opp til? Nok ein lang dag på scooter i 40 kilometer i timen. Dei tunge tankane kvervlar i hovudet, råloftet til Malin, Armani-genseren eg mista mellom Karlstad og Mellerud, og no byrjar nyhenda. Fyrst om politibråk i Atlanta, og så er det siste nytt om koronaviruset, og for fyrste gong tenker eg på viruset. Eg er i Västra Götaland, länet som etter Stockholm er hardast råka, kva om eg blir sjuk? Jo, det hadde gjort seg – bli koronasjuk her i Lidköping. For ei skam å kome virussjuk heim til Noreg. No skulle eg hatt ein Matte som kunne ta tak i meg, drage meg ut av dynene, jage meg inn i dusjen, sette meg på Streiff, men eg har ingen Matte, berre meg sjølv.

Kyrkjeklokkene ringer idet eg køyrer ut av Lidköping, det er som nemnt søndag og nesten ingen trafikk. Med mobilen på styret er det lett å finne vegen. Eg får det for meg at eg må gje telefonen og haldaren eit namn. Det blir for tungt å skrive GPS’en på mobiltelefonen, og frå no av heiter han Ulrika. Det er altså Streiff, Ulrika og eg som er på tur, og i dag skal vi til Jönköping. Det er om lag 13 mil. Vi skal køyre via Skara, som er kjend for sitt Sommarland, men òg for domkyrkja. Vidare gjennom Falköping, der dei har ei kyrkje med norsk relevans. S:t Olofs kyrka blei bygd på 1100-talet, berre nokre tiår etter at Olav den heilage stupte på Stiklestad. Det blir to kyrkjer, men det er som nemnt søndag.

Sola skin igjen frå skyfri himmel, og vegen snirklar seg gjennom det vidopne landskapet med gulmogne kveitehav, grøne skogholt og små tettstader. Det var dette eg såg føre meg før eg reiste, men no finn eg inga glede i det. Eg er bakpå, kvifor stod eg ikkje tidlegare opp? Tida flyg frå meg. Eg leitar opp ein podkast og følgjer Gamla Skaravägen sørover.

I 1705 skulle dei grave ein ny brønn i Norra Vånga, som ligg like utanfor Skara. Under gravinga fann dei nokre svære bein. Det var åtte–ni ryggvirvlar, to skulderblad, eit sidebein og eit skinnbein. Desse blei henta opp og køyrde til Skara. Biskopen og dokter på staden undersøkte beina og meinte bestemt at dei måtte vere frå eit kjempemenneske, ein jätte eller eit troll. Beina blei stilte ut i domkyrkja.

Rykta om funnet nådde universitetet i Uppsala, og dokteren blei beden om å skildre dei: «Skenbenet, ehuru thet var afbrutit, räckte det mig till naflen», skreiv han, og beina hamna i Uppsala. Der blei dei undersøkte av fagfolk, som stadfesta at beina var frå ein jätte, og innlemma dei i den naturhistoriske samlinga ved universitetet.

Dette var nok eit prov på noko som alt var etablert som ei sanning i Sverige: Det svenske folket var noko heilt spesielt. Ikkje nok med at dei synte seg overlegne på slagmarkene i Europa, dei var òg overlegne kulturelt, ja, av natur. Sverige var kjempers fødeland. Hundre år tidlegare var götisisme blitt eit omgrep, ein teori om at gotarane i oldtida opphavleg kom frå Götaland.

I stormaktstida fekk desse patriotiske tankane fart, og rundt universitetet i Uppsala vaks det fram ei rørsle med lærde menn som meinte at Sverige var vogga til all sivilisasjon. Rørsla blei leia av universalgeniet Olof Rudbeck, professor i medisin ved Uppsala universitet, som 23 år gamal oppdaga lymfesystemet. Han var naturforskar og språkforskar, og det var språkforskinga som sette han på sporet av Sveriges sentrale rolle i verdshistoria. Han tidfesta starten på det svenske oldtidsriket til 2030 før Kristus og meinte å kunne føre prov for at latin, så vel som gresk og hebraisk, utgjekk frå svensk. Den antikke byen Teben var ei omskriving av Täby, meinte han, helten Herkules heitte opphavleg Här-Kolle og Troja var kalla opp etter Trögd utanfor Enköping.

Ja, rekka av språklege prov var lang, og ikkje nok med det: Gjennom nærlesing av Platons dialogar om Atlantis fann Olof Rudbeck ut at skildringane av det mytiske landet var forbausande likt landskapet rundt Vättern. All mål stemte, elvar, hamner, kanalar, vatn og fjell. Sverige måtte vere Atlantis, og hovudstaden i det tapte riket var Uppsala. I kyrkja fann Olof Rudbeck restane av det som måtte vere eit fleire tusen år gamalt tempel.

I 1679 gav han ut fyrste del av det store verket Atlantica, med undertittelen slechter ut till hela werlden, der han la fram 102 handfaste prov for at Sverige var Atlantis. Boka blei motteken som eit meisterverk i heimlandet, og den latinske utgåva vekte åtgaum, beundring og anerkjenning utanlands. Den franske filosofen Pierre Bayle skreiv ei utførleg og udelt positiv melding, det same gjorde Royal Society i London, som ville ta Olof Rudbeck opp som medlem.

Fyrt opp av den gode mottakinga skreiv Rudbeck fleire bind, der han mellom anna hevda at buddhismen var stifta av svenskar som var utvandra til Indusdalen, og at Jesus hadde vore i Uppsala. No skal det leggast til at teoriane til Olof Rudbeck møtte motstand, og det var fleire som gjorde han til latter. Som ein av kritikarane sa: Kunne det ikkje vere at Adam, det første mennesket, var ei avleiing av af dam, av støv? Og var det ikkje slik at Adam og Eva snakka svensk?

Livsverket til Olof Rudbeck, med kjelder og prov, forsvann i den store bybrannen i Uppsala i mai 1702. Berre fire månader seinare døydde han, og han blei gravlagd i domkyrkja. Han var til det siste fast i trua på oppdagingane sine og fekk sett inn følgjande tekst på gravsteinen: «Att han är odödlig visar Atlantica, att han var dödlig denna sten.»

Korleis gjekk det så med beina frå brønnen utanfor Skara? Jo, det viste seg å vere beingrinda til ein forhistorisk grønlandskval.

Eg køyrer inn mot Skara, og Ulrika leier meg stødig gjennom gatene og fram til målet, som er domkyrkja. Utanfor står eit middelaldrande par og ventar. Kyrkja skal opne klokka 12.00, og no er klokka kvart over. Eg stiller meg ved sida av dei, og mannen fortel at dei er komne til Skara berre for å sjå kyrkja, og no har dei stått og venta i 20 minuttar.

– Det är inte stil, seier han.

Han har knytt ein bandana over hovudet, og ein gråsprengd hestehale heng laust nedetter ryggen. Han ser ut som ein pirat. Ho ser meir ordinær ut, i stripete bukser og svart tunika. Trass i sjørøvartørkledet er det lett å sjå at dei er svenske.

– Det er inte bra, det här, seier ho.

– Eg trudde det var ordning og reda i Sverige, seier eg.

– Inte alltid, seier han, inte alltid.

Dei kjem frå Markaryd, fortel han, ned mot grensa til Skåne, og har vore på helgetur rundt Vättern. No skal dei heim att, men lurer fælt på kva ein nordmann gjer i Sverige.

– Er du ikkje redd for koronaen, spør han og smiler skeivt.

Eg dreg på det og seier at eg ikkje har vore redd, ikkje før i dag, og eg har høyrt at det skal vere mange koronasjuke her i Västra Götaland.

– Det er ikkje verre her i Sverige enn i andre land, seier han.

– Nei?

– Det er fordi vi reknar døde på eit anna vis.

– Ja?

– Eg hadde en ven med cancer, og han fekk beskjed av dokterane om at han hadde två månadar kvar att leva. Så blei han innlagd på sjukehus, fekk korona og døydde. Och han reknas som coronaoffer. Han ville døydd uansett.

– Kva tykker du om statsepidemiolog Anders Tegnell?

– Han tycker jag mycket väl om. Men han er ikkje så populær i Noreg, förstår jag.

Eg kan ikkje hugse når eg såg Anders Tegnell fyrste gong, men det må ha vore i mars ein gong. Brått var han der på skjermen, Sveriges statsepidemiolog, og han var så alminneleg der han i burgunderraud genser og med rusten røyst presenterte den senasta utvecklingen med covid-19 med statistikkar og allvar. Han var knirkete og tråkig, men utstråla samstundes eit statleg og byråkratisk truverd.

Sjølv logga eg meg inn på SVT kvar dag klokka to for å sjå på, og seansen følgde same prosedyre. Fyrst ein kort introduksjon frå presseansvarleg, god dag allihopa, før han eller ho introduserte Anders Tegnell. Med mimikk som ei Ivo Caprino-dokke la han fyrst fram stoda i verda, og det var triste greier, før han endeleg kom til det eg venta på, og ein måtte følgje godt med, for det blei sagt nærast i ei bisetning ...och senaste dygnet är det inrapporterat 96 dödsfall. Før han gjekk vidare med nya åtgärder mot smittan. Mange gonger fekk eg ikkje talet med meg, og eg måtte inn på Expressen eller Aftonbladet som slo det stort opp: 106 dödsfall sista dygn, över 1000 döda av coronaviruset i Sverige og tysdagen etter påske var det rekordhøge 185 dødsfall.

Det var av Anders Tegnell eg lærte ordet hyfsat eller hyfsad. I Sverige har vi en hyfsat stabil trend, sa Tegnell, eller: Vi ser en hyfsat positiv utveckling, vi har en hyfsad flack kurva, vi ser en hyfsad stabil trend, og vi får en hyfsat sommar. For meg høyrdest det ut som noko ubehageleg, og eg måtte slå opp i Svenska Akademiens ordbok, der hyfsat står forklart med noko som uppträder l. skickar sig i överensstämmelse med god sed o. ordning.

Altså, noko som er OK, og ikkje aldeles uventa. Alt som skjedde av spridning og dödsfall hadde Tegnell og kollegaene hans i Folkhälsomyndigheten føresett, og det var sjølvsagt noko roande i det. Sverige fekk mykje merksemd for koronastrategien, for vanlegvis gjer svenskane som andre land, men denne gongen gjekk dei sin eigen veg. Det var noko vilt og spennande over det, dei var uskikkelege. Tegnell sjølv meinte at dei handla slik dei var blitt samde om på internasjonale pandemikonferansar, og sa at Sveriges beslut var en klassisk modell för pandemibekämpning. Kvifor dei andre landa handla som dei gjorde, skjøna han ikkje, og som han sa i sin Sommarprat på P1: «Det var som om världen blev galen och allt det vi hade diskuterat verkade helt bortglömt.»

Anders Tegnell blei ein folkehelt. Hiphop-artisten Dr. Alban, tannlegen frå Uppsala, laga ein eigen song med refrenget «Hello Sverige, lyssna på Tegnell. Han e stabil, rak och rationell.» Det blei trykt T-skjorter med «All makt åt Tegnell vår befriare» og «Tegnell for president». Han blei intervjua på tysk og engelsk fjernsyn og var gjest i eit amerikansk talkshow. Avisene melde alt av positive nyhende frå utlandet: Sveriges oväntade väg i kampen mot corona förbluffar omvärlden. Svensk strategi blei hylla i Tyskland. Sverige är en förebild.

Jo, enkelte gjekk ut og kritiserte, og Tegnell fekk drapstruslar, men stort sett stilte det svenske folket seg bak statsepidemiologen sin. Det var som dei levde i ei boble. Det blei aldri noko massivt raseri. Forklaringa? Svenskar stolar på styresmaktene. For å seie det slik: Alt var eigentleg hyfsad.

Kona bankar hardt på døra til Skara domkyrkje. Ho kan høyre at det er nokon der inne, seier ho. Vi går tett inntil døra, og ja, det er nokon der inne, og no bankar mannen også. Hardt. Ingen opnar. Så der står vi, for når vi er komne så langt, kan vi ikkje gje opp, vi vil inn. Eg spør om dei har noko reisemål att rekommendera.

– Markaryd, seier han.

– Kva med Hjo, foreslår kona.

– Ja, til Hjo, dit måste du åka, seier han, til träbyen Hjo.

Det er ein av Sveriges vakraste stader. Det ligg ved Vättern, fortel han. Det blir ein god omveg til Jönköping, men Hjo høyres fint ut, dit skal eg, men fyrst vil eg inn i domkyrkja i Skara.

– Kan det vere ein annan inngang, spør eg. Det tvilar dei på, men vi går no saman rundt kyrkja, og det er fleire dører, og han kjenner på dørene. Låst. Låst. Men så gjev brått ei dør etter, ho glir opp, og han er like förvånad som vi og lurer ein augneblink på om han skal våge seg inn. Han har venta i over ein halv time, han går inn, og vi følgjer på. Det er nokre folk der inne, og mellom dei er ein prest. Han fortel at det skal vere prästevigningsmässa i dag, det er derfor dei ikkje har opna.

– Men om det er slik at det skal vere prästvigning, så må du kunne gi beskjed til oss som ventar utanfor, seier ho.

– Mjooo, seier presten, han er ikkje ueinig i det.

Det är inte stil, seier mannen.

Dette vil ikkje eg blande meg opp i, og eg ruslar rundt i kyrkja. Eg set meg på ein benk, dreg fram mobiletelefonen og sjekkar. Ifølgje Ulrika er det 60 kilometer til Hjo.

Hjo er ein nedtur. Jo, det vil eg seie. Å kalle seg träbyen er ei tilsniking. Vi har fleire trehus heime i Odda, men vi kallar oss ikkje trebyen av den grunn. Hadde ikkje Hjo kalla seg träbyen, ville eg ikkje eingong tenkt over det. Det er berre å slå fast at det ikkje krevst mange trehus for å kunne kalla seg träby i Sverige.

Eg kjøper ein kebab og set meg nede ved moloen der fritidsbåtane ligg tett. Vättern er turkis, lufta er svimlande heit, det er som å vere på ei gresk øy. Eg et opp og sjekkar med Ulrika kor langt det er til Jönköping. 65 kilometer. Klokka er ti over fire. Eg bør vere der innan sju. Eg ser meg i spegelen og ser at eg er solbrend. Nasen lyser raudt.

Undervegs mot Jönköping ser eg eit skilt som peikar mot Gustav Adolf. Kva i all verda kan det vere? Er det eit stadnamn? Dette må eg finne ut av. Eg køyrer av hovudvegen, vi slit oss oppover bakkane, og vegen snor seg mellom blomsterenger og beitemark, det er hestar og gardshus, og bak i det fjerne ser eg det glitre i den turkise Vättern. Etter tre kilometer er eg i Gustav Adolf. Det er ikkje store staden, nokre hus og ei kyrkje. Ein einsleg bil står på parkeringsplassen. Eg stiller Streiff opp på sida og ser ei eldre dame sitje i førarsetet. Når eg nærmar meg, lukkar ho bildøra inntil. I baksetet sit ei yngre dame. Ho må ha ein hårsjukdom, for ho manglar hår på framhovudet. Dama opnar døra på gløtt, og eg spør om kvifor plassen heiter Gustav Adolf. Nej, det kan ho ikkje svare på. Ho har vatna grava til mannen sin, fortel ho, og det er dottera som sit i baksetet. Eg lyfter handa til helsing, men ho sit oppteken med telefonen, og mora fortel at ho har sete i karantene i tre veker, men i dag våga ho seg ut for å sjå etter grava. Det har vore så turt.

– Kyrkja er kalla opp etter Gustav IV Adolf, seier dottera brått frå baksetet.

Ho held telefonen opp som ei forklaring. Ho har googla, og kyrkja stod nede i Fiskebäck ved Vättern, men då dei flytta henne opp hit i 1780, fekk ho namn etter kronprins Gustav Adolf.

– Er det Gustav IV Adolf?

– Ja, seier ho.

– Tack, seier eg.

– Det var så lite, svarar ho.

Om eg har ei favoritthistorie om svenske kongar, så er det den om han som blei krona som Gustav IV Adolf. Livet hans begynte dårleg og enda tragisk. Far hans, eller «far» hans, var flogvitet Gustav III, som var interessert i vitskap og kunst, og då særskilt teater. Han grunnla Kungliga Operan, Svenska Akademien og Vitterhetsakademien og sponsa diktarar, målarar og trubaduren Carl Michael Bellman.

Gustav gifta seg med den danske prinsessa Sofie Magdalene, men det var eit trasig ekteskap. Dei fyrste åra hadde dei knapt kontakt, og i alle fall ikkje noko seksuelt samkvem. Men presset for å få ein arving låg tungt på kulturkongen, og etter ni års ekteskap gav han beskjed at han ville inn i sengekammeret til dronninga. Kongen hadde inga erfaring med kvinner, sett bort frå ein arrangert og mislukka one-night stand med kona til ein engelsk sjøkaptein. Så den urøynde kongen var naturleg nok spent og bad difor hoffstallmeister Adolf Fredrik Munck om å hjelpe til. Om desse hendingane blei det skrive ein utførleg rapport. Munck følgde kongen inn, hjelpte han av med kleda og gjekk ut. Der venta han og høyrde dei styre på. Snart kom kongen ut og kviskra at han «ej funnit något hål».

Munck bad han spørje dronninga om hjelp, men kongen skjemdest slik at han gjekk og la seg aleine. Men ein arving måtte han ha, og nokre netter seinare blei Munck igjen tilkalla. Denne gong blei han beden om å følgje med inn. Munck vegra seg, det same gjorde dronninga, men Sveriges framtid stod på spel, og dei bøygde av. Munck peika og forklarte, og merka seg at kongen hadde unormalt trong forhud. I tillegg skulle også dronninga vere særs, ja, trong. Dei neste nettene smurde dei seg inn med olje, og til slutt kunne ein letta konge melde at drottningen var tillfredsställd. Det skulle gå heile tre år før ho blei gravid.

Då arveprinsen Gustav Adolf kom til verda i 1778, meinte mange at han likna fælt på hoffstallmeister Adolf Fredrik Munck. Desse rykta måtte Gustav Adolf leve med resten av livet.

Gustav III blei skoten på eit maskeradeball i Stockholms-operaen ein vinterkveld i 1792. Då var Gustav Adolf knapt 14 år, og onkelen, hertug Karl av Södermanland, blei mellombels regent. Fyrst då han fylte 18 år, blei han krona som Gustav IV Adolf. Han blei lykkeleg gift og fekk fleire born, men som konge rota han det til.

Under Gustav IV Adolf mista svenskane Finland og Pommern, og kongen blei til slutt avsett. Noko motviljug måtte den aldrande onkelen igjen trå til og blei krona som Karl XIII. Han var slagramma og viste teikn på senilitet òg, og sidan blei han tvinga til å adoptere den danske prinsen Kristian August som arving. Men så fall prinsen av hesten under ei militærøving i Skåne i 1810 og døydde. Det blei skumla om at han var blitt forgifta.

Det var i dette kritiske läget svenskane begynte å sjå seg om etter nytt og friskt kongeblod. Det fann dei i Paris. Den franske advokatsonen og generalen Jean Baptiste Jules Bernadotte fekk tilbod om den svenske trona, han takka ja og blei krona som Karl XIV Johan. Karl Johan skulle bli stamfar til både det svenske og det norske kongehuset.

Og kva skjedde med Gustav IV Adolf? Han skilde seg, flytta frå Sverige og loffa rundt i Europa under namnet Gustafsson. Ei vinternatt i 1837 døydde han på vertshuset Weisses Rössli i Sveits, einsam, alkoholisert, fattig.

Det er søndag kveld, og eg ligg i den vesle dobbeltsenga på rom 419 på Elite Stor Hotell i Jönköping. Frå vindauget kan eg sjå Vättern. Den streksmale horisonten mot nord er måla guloransje. Ein song har surra rundt i hovudet mitt i heile kveld, han slepp ikkje, og eg vil heller ikkje at han skal sleppe. Det er ein av dei svenske favorittsongane mine, som alltid kjem smygande når livet er godt. Dette er ein song eg skal ha i gravferda mi, og han byrjar slik:

Här är gudagott att vara

o, vad livet dock är skönt.

I morgon skal eg til Småland.

Äntligen!

Hallgeir Opedal

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Hjo er ein nedtur. Å kalle seg träbyen er ei tilsniking.

Ho er, slik eg ser det, made for television.

Emneknaggar

Fleire artiklar

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

Alle foto: Frank Furseth

KunstMeldingar

Glede er eit aktivt val

Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.

Eva Furseth

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis