🎧 Symra er tilbake
Kalven Symra døydde nesten i fjor på stølen. No går ho kraftfull og vakker rundt på beitet.
2019: Dag og Tid-kviga Symra lever opp til eit namn som forpliktar.
Foto: Svein Gjerdåker
Dag og Tid-stølen
Dag og Tid driv støl for sjette år på rad.
Stølen ligg på Remlo på Voss og er ått av Bjørn Mjølsnes.
Stølen har kyr, geiter og griser, og vi mjølkar, ystar og ryddar kulturlandskapet.
Kyrne er på Selheim om vinteren, geitene på Berstad på Osterøy.

Lytt til artikkelen:
I fjor starta stølssesongen med dramatikk og sjukdom då kalven Symra nesten døydde. Ho berga livet i siste liten og vart teken ned att til garden og bygda for å sikra at ho overlevde.
Eit år etter er ho mirakuløst nok tilbake. Å sjå Symra koma ruslande inn i fjøset om ettermiddagen for å få ein neve kraftfôr og verta fri sola ei stund er verdt heile stølsopphaldet åleine.
Og Symra skal visa seg å vera uvanleg roleg for alderen. Ikkje det at ho ikkje kan leika og springa med dei andre ungdyra, men i møte med folk er ho utan fakter av noko slag, med ein merkeleg tillit til dei ho møter. Folket på garden må ha gjeve henne mykje merksemd i vinter etter det som hende i fjor.
I alle fall har ikkje den harde handsaminga ho fekk som liten kalv, då vi måtte føra ein slange ned i den oppsvulma magen hennar og hella inn reinsa parafin for å få gassboblene i magen til å roa seg, gjort henne skeptisk til folk. No vonar eg berre at ho vert drektig i haust og får leva mange år som mjølkeku.
Og kyr kan bli gamle og mjølka mykje. Beste kua til bestefar min var telemarkskua Fjellros. 14 år gamal mjølka ho nest mest i vossabygda, ifylgje Voss fjøsrekneskapslag. Åtti buskapar og 500 kyr var med i rekneskapen. Den 380 kilo tunge kua mjølka 4346 liter med 4,07 i feittprosent hausten, vinteren og våren 1946–47.
Vi har tolv dyr med på stølen denne sommaren: ei mjølkeku, ei kvige, to oksekalvar, fire geitekillingar, to griser – og ein årskalv frå nabostølen over elva.
Dag og Tid har eigenleg to kyr, fjordfekyrne Ameline og Somrei. Begge er på garden Selheim om vinteren. Ameline fekk oksekalven Blix i juni og mjølkar no rundt 15 liter for dagen. Somrei, derimot, skal ikkje kalva før i september og vart ikkje med på stølen, men går på fjellbeite i Hardanger i staden. Det var ein tabbe. Ho er sakna og burde vore med.
Det er den tette kontakten med dyra som er heile poenget med stølslivet. Og samvær med dyr er helsefremjande. Folk opplever mindre stress når dei er saman med dei. Når ein klappar eit dyr, slår visst nok hjartet seinare, musklane slappar av, og ein vert rolegare.
Ved fleire universitet kan ein i dag ta kurs i såkalla dyreassisterte intervensjonar, der ein lærer om samhandling mellom dyr og menneske og korleis ein nyttar kontakt med dyr i undervising og helsearbeid.
Den positive effekten er så godt dokumentert at det er rart det ikkje finst eit mangfald av tilbod der samvær med dyr er ein del av opplegget i psykiatrien, på aldersbustader og ikkje minst i skulen. Få skuletrøytte elevar ut på gardane i praktisk arbeid og i kontakt med dyr, og skap meistringsevne og sjølvtillit!
No i det sjette året på Dag og Tid-stølen er rutinane innarbeidde og rytmen kjend. Og nettopp den faste rytmen, og repetisjonane, gjer stølsopphaldet meir og meir gjevande. Alt ramma inn av dei to mjølkingane kvar dag klokka halv åtte om morgonen og halv sju om kvelden.
Då er det kyrne fyrst og sist. For ein mjølkebonde er heile arbeidsdagen tilpassa desse to tidspunkta. Og det ikkje rom for slakk. Ein kan ikkje koma slengande i titida om morgonen eller kvelden for å mjølka. Då går det gale, og faren for jurbetennelse aukar. Og ein bonde må lika å gå i fjøset og ha med dyra å gjera – elles må han finna seg noko anna å gjera.
Vi tek alt storfeet inn i fjøset kvar morgon og kveld, sjølv om det er berre Ameline som skal mjølkast. På denne måten lærer vi dei to ungdyra Symra og Solveig å stå fastbundne i båsen til dei sjølve ein dag skal mjølkast. Samstundes likar Ameline at dei er med inn i fjøset.
No er klokka seks om kvelden. Det har hølja ned i heile ettermiddag. Geitekillingane, som sterkt mislikar regn, har vore i geitehytta i fleire timar. Det skal berre litt yr til før dei gå under tak. Grisene likar heller ikkje regn og ligg i grisehytta.
Storfeet, derimot, har ikkje noko tak å gå under på beitet og har den siste timen stått ved grinda og venta på å få koma inn i fjøset. Dei står rolege med krum rygg, ser rett fram og mistrivst tydeleg. Når dei ser meg koma, rautar dei og vonar på miskunn.
Det dampar av dei varme kukroppane når dei kjem inn. Eg kostar og striglar dei litt på ryggen og magen for å få av regndropane medan dei et slumpen med kraftfôr. Eg striglar oksekalvane òg. Den yngste, Blix, oppkalla etter salmediktaren Elias Blix, son til Ameline og fødd i slutten av mai. Faren var Kjell Bjarne I, som vart slakta i vinter med ei slaktevekt på 362 kg.
Eg har sans for Blixen. Han er tillitsfull og kjem gjerne luskande åleine bort til meg der eg måtte vera. For han er liten nok til å koma under den elektriske tråden som held kyrne vekke frå huset.
Då skal han verta klødd under halsen og gjerne liggja inntil veggen ved døropninga i ly for sola eller regnet. Når eg ser på Blix og Symra, skjønar eg kva genetikk har å seia for husdyravlen. Begge er like milde og rolege som mora.
Diverre vert det med denne sommaren for Blix. For oksekalvane vert slakta etter eitt eller halvtanna år. Berre nokre få får leva som avlsokse på dei få gardane som enno held seg med slike, som på Selheim.
Dei fleste bønder nyttar heller inseminering og seminoksar. Ein vert i dag nærast sett på som useriøs om ein nyttar gardsokse. Men bruk av okse er ofte enklare, han finn sjølv ut når kvigene og kyrne kan vera drektige.
Og til å overta på Selheim dei neste to åra er det Kjell Bjarne II som er den utvalde, kalla opp etter Ambjørnsen-figuren i bøkene om Elling. Kjell Bjarne vart fødd i Vadheim i Sogn i vinter og henta til Voss etter nøye vurderingar. I år er han med på stølen for å verta så roleg og fortruleg med folk som råd. Og så langt lovar lynnet hans godt.
Kjell Arne, derimot, som er den rådande avlsoksen på garden, er for reservert og litt for sky. Det gjer at det er eit bask å flytta han frå det eine beitet til det andre. Det problemet vil ein ikkje få med Kjell Bjarne.
Så gjer eg klar til mjølking. Eg har ei heilt ny mjølkemaskin. Den gamle, vesle vakuummaskina frå 1950-åra som eg har hatt til no, var ikkje til låns lenger. Eigaren skal bruka henne sjølv på stølen denne sommaren.
Difor slo eg til og kjøpte ein ny DeLaval mobilmjølkar til 16.000 kroner. Både vakuummaskina og mjølkespannet er i ei lita vogn som lett kan flyttast på og er enkel å få i gang med straum frå aggregatet. Det beste med henne er at ho bråkar mykje mindre enn den førre, så eg høyrer godt klikkelyden frå pulsatoren – den fine lyden som fortel at mjølkinga i gang.
Men med heilt nye maskiner skjer det alltid noko. To dagar etter at vi kom til stølen, rista maskina slik då eg starta henne opp, og vakuumet var altfor høgt. Eg fann ikkje ut kva det var, og måtte handmjølka. Det tok si tid den kvelden – for å seia det slik. Bakspenane på Ameline er for små til at eg får det til skikkeleg. Over ein time brukte eg på handmjølkinga. Det kunne ikkje halda fram, så maskina måtte fiksast til neste morgon.
Eg ringjer DeLaval-reparatøren på Voss. Og utruleg nok kjem han i ein stor varebil opp til stølen klokka halv åtte om morgonen, etter sjølv å ha vore i fjøset på heimegarden før han reiste oppover. Det er slik overalt – bønder er ofte dobbeltarbeidande.
Eg merkar at eg er uroleg for at det berre er ein bagatell, og at han skal verta irritert for å måtta koma opp på stølen for ingenting. Eg har gått igjennom instruksjonsboka og sjekka del for del for å prøva å finna feilen, men skjønar ingenting. Så eg tenkjer at det må vera noko fundamentalt gale med maskina.
Vel oppe i fjøset ser DeLaval-mannen på maskina. Han bøyer seg, gjer eit eller anna med høgrehanda og reiser seg att. Det heile tek ti sekund, og maskina er fiksa. Det er pinleg. Her har eg fått ein mann opp i fjellet tidleg om morgonen, gjennom ein bom og tre grinder, for å fiksa ein bagatell. Og det for at maskina skal mjølka éi ku.
Men DeLaval-mannen er like blid og seier at det som regel er bagatellar når han må rykkja ut. Det verdsleiande selskapet med 4500 tilsette i 100 land, og hovudkontoret i Lausanne i Sveits, skulle berre visst kva slag kundeservice den lokale representanten på Voss stiller opp med.
Då han er reist, slår eg på maskina. Åtte liter mjølk vart det denne morgonen. Saman med mjølka frå kvelden før har eg, med berre éi ku denne sommaren, nok til ein fin ost for dagen.
Svein Gjerdåker
Svein Gjerdåker er stølsdreg og ansvarleg
redaktør i Dag og Tid.
Neste gong: Geitekillingane kjem til støls.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er pinleg. Her har eg fått ein mann opp i fjellet tidleg
om morgonen for å fiksa ein bagatell.
Fleire artiklar
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Foto: Arthaus
Årets dårlegaste?
Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.