«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Krig
Sidan 1950-åra har me levd i skuggen av ein mogleg altøydeleggande atomkrig. Har likevel eksistensen av slike våpen forhindra ein tredje verdskrig? Kan me stola på at inga atommakt vil ta desse våpena i bruk av frykt for at motparten slår tilbake? Og i dagens situasjon: Kan me leggja til grunn at Putin-regimet ikkje vil våga å setja inn atomvåpen for å nå måla sine i Ukraina? Kan altså Vesten innretta politikken sin overfor Ukraina og Russland som om atomvåpena ikkje fanst?
Svaret på det første av desse spørsmåla er at me ikkje veit – me vil aldri få vita om det er eksistensen av atomvåpen som så langt har forhindra ein ny krig direkte mellom atommaktene. Svaret på dei andre spørsmåla er nei – logikken til terrorbalansen kan svikta. Det finst ingen garanti for at Russland ikkje vil ta i bruk atomvåpen mot Ukraina eller mot land som støttar Ukraina. At Russland faktisk kan ta i bruk atomvåpen, må derfor vera ein del av grunnlaget for Vestens svar på Russlands aggresjon.
Utvalde mål
Russiske tryggingspolitiske «ekspertar» som inntil for få år sidan var velkomne gjester i vestlege tryggingspolitiske tankesmier, har teke til orde for å bruka atomvåpen mot utvalde mål i Vest-Europa, basert på ein føresetnad om at ingen av dei vestlege atommaktene ville slå tilbake og dermed utløysa den altomfattande atomkrigen. Meiner desse analytikarane faktisk det dei skriv, er dei villige til å satsa alt på at hypotesen deira faktisk er rett? Dei må jo vita at dei kan ta feil, at det er mogeleg at dei vestlege atommaktene faktisk ville svara. Vil slike tankar om å ta i bruk atomvåpena kunna vinna fram blant det som truleg er ein liten krins av avgjerdstakarar i Moskva? Me veit ikkje – men det kan altså ikkje sjåast bort frå.
Slike spørsmål synest å vera utgangspunktet for teksten til Kaj Skagen i Dag og Tid 13. desember 2024, «Eg er dauden». Skagen bruker delar av teksten på å minna om øydeleggingskrafta til atomvåpena. På bakgrunn av dette fremmar han ein tese om at vestlege beslutningstakarar, og vestlege analytikarar, ikkje lenger tek faren for atomkrig på alvor: I motsetning til Jürgen Habermas, og altså Skagen sjølv, har dei gløymt redslane til atomkrigen. Dette, saman med «skrekkvisjonar av russiske barbarar som strøymer over det forsvarslause Vesten», får dei til å føra ein politikk «som held den øydeleggjande krigen i Ukraina i gang, og som med søvngjengaraktig visse tek oss steg for steg nærare den utenkjelege katastrofen» – atomkrigen.
Ikkje enkle svar
Spørsmålet om kven som eigentleg held krigen i Ukraina i gang, lèt eg liggja: Det er eit spørsmål som ikkje kan svarast på empirisk – det dreier seg om kvar ein meiner det er rimeleg å leggja ansvaret for eit innbrot som endar med drap: hos offeret som valde å gjera motstand når alternativet var å flykta ut av huset, eller hos forbrytaren som braut seg inn og drap bebuaren. Det er mykje i debatten om Ukraina som koker ned til slike grunnleggjande vurderingar av rett og gale.
Men når det gjeld forståinga av kva bruk av atomvåpen faktisk ville bety, er det all grunn til å tru at Skagen ganske enkelt tek feil: Det er fleire, svært mange fleire, enn han og Habermas som er fullt ut klare over redslane til atomkrigen. Faktisk trur eg det gjeld dei fleste menneske med oppegåande etisk forstand. Det gjeld til dømes sentrale vestlege beslutningstakarar gjennom Ukraina-krigen som Jens Stoltenberg, Joe Biden og truleg alle dei vesteuropeiske statsleiarane som står på Ukrainas side i denne krigen. På det heimlege planet gjeld det for norske utanrikspolitikarar, anten dei er i posisjon eller opposisjon.
Skilnaden ligg i at desse andre har forstått at det ikkje finst enkle svar på korleis ein kan møte aggresjon frå ei atomvåpenmakt. Skagen har rett i at prisen for å hjelpa Ukraina med å forsvara seg sjølv, kan vera at Russland tek i bruk atomvåpen. Ein kan derfor, som Skagen, leggja til grunn at Ukrainas sjølvstende ikkje er ein verdi som bør forsvarast om prisen kan vera ein atomkrig. Og for å gjera det klart: Det Skagen skildrar som søvngjengarpolitikken til Vesten som fører oss inn i ein mogleg katastrofe, nemleg den militære støtta til Ukrainas forsvarskamp, har vore ein føresetnad for at Ukraina framleis består som sjølvstendig stat. Utan denne støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.
Alliert hjelp
For at tankegangen Skagen gjer seg til talsmann for, skal kunne bli teken på alvor som eit etisk fundert standpunkt, må det same gjelde om det til dømes var Noreg som vart angripen. I den grad krigen i Ukraina kan eskalera til atomkrig om Vesten støttar Ukrainas motstandskamp, ville faren for dette vera minst like stor om partnarane våre i Nato kjem Noreg til hjelp. Skagen sitt standpunkt betyr derfor at me skulle avvisa alliert hjelp om me vart angripne av atommakta Russland, for den moglege prisen for fridommen vår er ikkje verd å betala.
Problemet er at denne «løysinga» – å gi etter for aggresjon fordi aggressoren truar med bruk av atomvåpen om han ikkje får viljen sin – ikkje er ei løysing: Eit slikt val fører berre til at problemet flyttar seg til neste korsveg. Dersom Russland opplever at utpressing med atomvåpen fungerer i Ukraina – kva for ein rasjonell grunn skulle Kreml-leiinga då ha for ikkje å nytta same framgangsmåte overfor andre statar der dei har erklærte ambisjonar? Ikkje berre det – kan me ta det for gitt at Russland ville leggja til grunn at same framgangsmåte ikkje kan nyttast mot Nato-området?
Om Vesten av frykt for atomkrig lèt seg pressa til å gi opp å støtta Ukraina, eit land med rundt 40 millionar innbyggjarar før Russland angreip i 2014, kor truverdig er det at det same ikkje ville gjelda om offera for aggresjonen var småstatar som Estland, Latvia, Litauen – eller Noreg?
Men om dette faktisk skulle skje – at Vesten gav etter for ytterlegare russisk aggresjon – ville det før eller seinare kunne oppstå ein situasjon der Russlands motstandarar ikkje lenger ville gi etter for implisitte eller eksplisitte truslar om å ta i bruk atomvåpen. Dette punktet vil vera nådd når Russland kryssar det som vil visa seg å vera Vestens raude linjer. Kva då? Er det då me skal stola på at Russland ikkje ville gjera alvor av trusselen sin – altså håpa at den russiske trusselen likevel var ein bløff? Men i så fall er me tilbake til der me starta – problemet med å handtera den russiske atomtrusselen under uvisse.
Støtte frå Vesten
Saka er at Vesten heile tida har innretta politikken sin overfor Ukraina og Russland med utgangspunkt i at Russland er ei atommakt og at ingen med sikkerheit kan seia kva som kunne utløysa ei russisk avgjerd om faktisk å ta atomvåpen i bruk. Dette, saman med mellom anna at EU-området var avhengig av russisk gass og olje, forklarer kvifor Vesten ikkje reagerte med kraftigare verkemiddel etter Georgia-krigen i 2008 og – enda klarare – etter Russlands dobbelte invasjon av Ukraina i 2014. Det er dette som forklarer kvifor Vesten ikkje gav anna enn høgst avgrensa militær støtte til Ukraina i åra før storangrepet 24. februar 2022. Vidare er det dette som forklarer kvifor den gradvise opninga frå Vesten for å gi Ukraina tyngre og meir langtrekkjande våpensystem har komme etter at eskaleringa i krigføringa til Russland gjorde behovet openbert.
Skagens tekst opnar også ein annan diskusjon, nemleg om kva som førte fram til Russlands storskalainvasjon i 2022. Ordskiftet om dette vil halda fram, slik diskusjonen held fram om bakgrunnen for tidlegare storkrigar i Europa. Kontrafaktiske spørsmål om kva som kunne ha skjedd, vil me aldri få svar på. Skagen presenterer ei velkjend forståing og ei velkjend forteljing: Årsakene er å finna i den feilslåtte politikken til Vesten frå og med fallet til Berlinmuren og oppløysinga av Sovjetunionen. Russland agerer ikkje, Russland berre reagerer.
Kva skulle Vesten gjort?
Eg har gode grunnar til å meina at Skagen tek feil – men om me likevel legg til grunn at han har rett: Korleis skulle dette bidra til å handtera situasjonen etter at den russiske storskalainvasjonen var eit faktum? Ein historisk parallell: Mykje tyder på at vilkåra i Versailles-freden var med på å leggja grunnlaget for nazismen i Tyskland og dermed for Hitlers aggresjonar og utbrotet av verdskrigen. Burde det ha påverka Storbritannias og Frankrikes reaksjon etter angrepet på Polen 1. september 1939? Skulle dei la ei hypotetisk skuldfordeling styra korleis dei reagerte – omsider, vil nokon seie – på Tysklands eintydige og einsidige aggresjon?
Overført til dagens utfordring: Skulle Vesten, ut frå ein teori om at skulda var på deira side, venta endå lenger med å forsyna Ukraina med tunge våpen, skulle USA venta endå lenger med å gi Ukraina klarsignal til å skyta mot udiskutabelt russisk territorium (noko Ukraina er i sin fulle rett til i samsvar med krigens folkerett), skulle Vesten venta endå lenger med å skalera opp produksjonen sin og leveransane sine av artillerigranatar? Kort sagt: Skulle Vesten late Ukraina gå under?
Sjølv meiner eg svaret er nei. Ein av grunnane dreier seg nettopp om at det å gi etter for Russlands aggresjon og Russlands implisitte og nokre gonger eksplisitte trussel om å ta i bruk atomvåpen, ikkje betyr at denne trusselen forsvinn.
Tvert imot: Me vil kunna møta same utfordring igjen – og slik vil det halda fram inntil punktet er nådd då Vesten ikkje lenger kan gi etter for Russland si utpressing. Kva då? Er det då me likevel skal satsa på at Russlands atomtrussel var ein bløff, trass alt?
Sven G. Holtsmark er professor i historie ved Institutt for forsvarsstudier ved
Forsvarets høgskole.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.