Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Fall og vekst i Sør-Atlanteren

Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.

Foto: Spartacus

3648
20250110
3648
20250110

Essay

Morten Søberg:

Banco Tornquist? Ferdaminne frå Buenos Aires og Falklandsøyane om bankverksemd og pengar

Spartacus

Ernesto Tornquist (1842–1908) var ein søkkrik argentinsk bankier av svensk ætt. Banken og forretningsimperiet hans var involvert i det meste av det som talde under den argentinske økonomiske gullalderen for hundre år sidan. Og eitt område er spesielt interessant for oss nordmenn. Banco Tornquist finansierte det første norske oljeeventyret: kvalfangsten og produksjonen av kvalolje med base på øya Sør-Georgia.

«Besøket på Falkland­s­øyane er høgde­­punktet i boka.»

Denne historia er utgangspunktet for den siste essaysamlinga til Morten Søberg, og viser den fremste styrken hans som skribent: evna til å trekkja overraskande liner og finna spennande samanhengar der lesaren minst ventar det. Som økonomifagets svar på Erika Fatland ferdast Søberg utanfor allfarveg – lærd og nerdete på grensa til det pedantiske, i senterpartistisk tru på at små, perifere samfunn òg kan visa fram universelle sanningar.

Og denne gongen er det altså Argentina og dei to små restane av det britiske imperiet, Falklandsøyane og Sør-Georgia, som er tema for den nær hundre sider lange essaysamlinga.

Krossar, kransar og helsingar på Mount Longdon vitnar om det blodigaste slaget i Falklandskrigen.

Foto: Morten Søberg

Argentinsk forfall

Resultatet er ujamt, i alle fall for ein lesar som ikkje deler den intense fascinasjonen for pengestell og pengepolitikk som den tidlegare statssekretæren i Finansdepartementet legg for dagen. To avsluttande samtalar med konsernsjef Jan-Frode Janson i Sparebank 1 SMN og statsråd for forsking og utdanning Oddmund Hoel verkar som eit malplassert påheng. Andre stader skulle eg ønskt at forfattaren gjekk djupare inn i materien.

Til dømes ville eg gjerne lese meir om kva som ligg bak det spektakulære økonomiske fallet til Argentina, som tidleg på 1900-talet var blant dei rikaste landa i verda. Søberg konstaterer rett nok at det er slikt som kan henda når «pengestellet ikkje er på stell», men resten er meir oppsummering enn eigne tankar. Og eg skulle gjerne visst kva han meiner om den nye superliberalistiske og villmannsaktige presidenten Javier Milei, som nå slår alle spelebrikkene over ende.

Falklandssuksessen

For meg som lesar er det besøket på Falklandsøyane som er høgdepunktet i boka. Det er nytt for meg at denne utposten, etter at britane slo tilbake det argentinske erobringsforsøket i 1982, er blitt ei økonomisk suksesshistorie. Folketalet er dobla til 4000, brutto nasjonalprodukt per innbyggjar er på norsk nivå.

Det har skjedd ikkje minst takka vere Labour-politikaren lord Shackleton, son av den kjende polarhelten, som på oppdrag frå Margaret Thatcher la fram ein økonomisk utviklingsplan for området. Sentralt var etableringa av ein økonomisk sone rundt øyane. Havleige frå internasjonale trålarar står nå for halvparten av inntektene. Lokalt sjølvstyre og eigarskap var òg ein sentral del av reformene på øyane, som elles tener pengar på alt frå frimerkeproduksjon til krigsturisme.

Og på Falklandsøyane møter Søberg levande, verkelege menneske bak pengane.

For dei fleste av oss var den kortvarige Falklandskrigen nærmast ein operettekrig som mest er gløymd. Men ingen krigar er små og lettgløymde for dei som var med. Som fallskjermjegerveteranen Paul Moore. Han fortel forfattaren om nærkampane i slaget ved Mount Longdon, det blodigaste i krigen: «Argentinarane hadde mange lag med ytterklede. Det gjorde det vanskeleg å bruka bajonett mot overkroppen. Difor gjekk vi etter hovudet. (…) Det endrar deg for livet.»

Tom Hetland

Tom Hetland er historikar og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis