Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Det finst ikkje eit einaste bilete der han smiler. Det finst ikkje eit einaste ljodklipp der han pratar. Han hadde korkje TV eller telefon, og boikotta prinsipielt pressa (med eit unnatak i 1997). Men han hadde humor og kunne tala mange språk. Aller best lika han daude språk.
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal. Dr. Robert Hübner var den beste tyske spelaren etter verdsmeisteren Lasker for hundre år sidan. I 1981 var Hübner rangert som nummer tre i verda etter Karpov og Kortsjnoj. På same tid arbeidde han som forskar på gresk skriftkultur i det gamle Egypt (papyrologi), men frå 1982 var han profesjonell sjakkspelar.
Hübner hadde eit komisk alvor. «Lever ein godt som sjakkproff?» «Det einaste som interesserer meg mindre enn sjakk, er pengar», svara Hübner. «Eg ser du sit og les Platon på gresk, er boka god», spurde journalisten som fekk intervjua han i Haag i 1997. «Det er vel ikkje sagt stort av verdi etter Platon», svara Hübner på flytande nederlandsk.
Hübner lika Finland, det finske lynnet, lærte seg finsk og sette om ein finsk 1800-talshumorist til tysk. Han gjekk seg vill på Finnmarksvidda i 1972 med den finske sjakkvenen sin Heikki Westerinen. Sjakknerdane vart stoppa av den norske grensevakta, mistenkte for spionasje. Då Hübner spela mot Karpov og Agdestein i Oslo i 1984, freista han læra seg norsk.
Ei av bøkene Hübner skreiv, var ein analyse på 416 sider av 25 parti han hadde spela. Han nytta 4000 timar på sjakkanalysane, det vil seia i snitt 160 timar per parti. Aldri har nokon analysert turneringsparti like grundig. «Eg skriv ikkje for andre, men for meg sjølv», sa han. Han lika ikkje overflatiske vurderingar: «Han som seier han skjønar sjakk, skjønar ingenting.»
Han hadde ein ambivalent relasjon til sjakk. Han skjøna at spelet var uviktig, det var ikkje definerande for mennesket i verdshistoria slik som til dømes papyrusane. Han heldt difor fram med å studera gamle tekstar heile livet. Han la offisielt opp som landslagsspelar for Tyskland, i protest, då Fide i år 2000 byrja med dopingtestar i sjakk. Han mislika sport som kjendiseri og var ukjend for alle andre enn sjakkspelarar og papyrologar.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.