Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

3207
20250110
3207
20250110

Drama / Thriller

Regi: Halina Reijn

Babygirl

Med: Nicole Kidman, Harris Dickinson, Antonio Banderas, Sophie Wilde
Kinofilm

Romy (Kidman) er administrerande direktør i eit stort selskap som sel robotar. Ho har stor suksess. Då Esme (Wilde) presenterer nye praktikantar, skil ein kjekkas seg ut. Samuel (Dickinson) er uvanleg direkte i ord og handling.

Romy er fascinert. Heime har ho den kjærlege mannen Jacob (Banderas) og to kule, frie tenåringsdøtrer. Førebiletet Romy har nok å tape på ein skandale.

Mønsterelevar

Det er sex frå starten. Etter ei økt med mannen sin forsvinn Romy til datamaskina og framhald som tyder på at ho tenner på ein tøffare tone. Teaterregissøren Jacob seier tidleg at Hedda Gabler ikkje er driven av attrå, men er sjølvdestruktiv. Orda kvernar etter kvart som Romy tek større sjansar med unge Samuel. Spenninga er sterk mellom lysta hennar og helterolla for aspirerande kvinner.

Nicole Kidman vekslar sjølvsikkert mellom sterk direktør og kvinne på randen av sosialt samanbrot. Harris Dickinson er ikkje berre eit pent andlet, men glimtar til med nyansar, sjølv om rolla er enklare. Filmen har tempo, trykk og nerve.

Jasper Wolf held i kamera på alle dei tre filmane til Halina Reijn, etter bragda si med colombianske Monos. Det er tett og flott. Låtar av Robyn, INXS og Le Tigre luktar lyst og leven. «Father Figure» med George Michael er forstyrrande taima.

Makta

Den røynde nederlandske skodespelaren Halina Reijn debuterte som regissør og manusforfattar med Instinct (2019), om ein kriminalpsykolog som fell for ein mann som sonar for fleire valdtekter. Ein kan trygt seie at Reijn likar kvinneroller som trekkjer mot det utrygge. Babygirl er slik ei forlenging av debuten. Andrefilmen Bodies, Bodies, Bodies (2022) er ein artig grøssarkomedie frå USA. I Babygirl møtest estetiske og tematiske ambisjonar.

Reijn melder klart frå. Nokre replikkar er didaktiske, utan at det plagar for mykje. Historia i Babygirl er klassisk. Det kvinnelege blikket bidreg til kompleksitet, utan at det i seg sjølv er nyskapande. Reijn gjer meir enn å vri om på maktforholda. Ho gjer det vanskeleg. Det er bra. Det er neppe alle feministar som vil leggje sin elsk på denne filmen, men Reijn nektar å lata Romy vere eit objekt for mannleg fantasi. Filmskaparen utforskar vidare fridom og motsetnader inni oss. Slik nyfikne er ikkje sjølvsagt.

Ein må berre sjå til ein annan premiereklar film for å sjå det. Parthenope – Napolis skjønnhet av Paolo Sorrentino er heller hjernedaud, same kor mange referansar han har til napolitansk mytologi. Han seier lite tankevekkjande om sitt intenst mannlege blikk på klassisk (sjølvsagt kvinneleg) venleik. Har perspektiv relevans? Sjølvsagt. Kven som har makta til å sjå, tel. Og så lyt vi òg sjå det utrivelege.

Det vrir seg i meg rett som det er under Babygirl, men friksjonen løftar filmen. Parthenope er eit fjasete, vakkert og keisamt glansbilete. Då vil eg heller grave i grumset med Reijn i den meir visuelt utfordrande Babygirl.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø
Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø
Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit
Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis