I fri dressur
Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.
Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.
Foto: Frida Gregersen
Bjørn Rasmussen
Fødd i 1983 og oppvaksen i Lemvig på Jylland i Danmark
Utdanna dramatikar ved Aarhus Teater og forfattar ved Forfatterskolen i København
Debuterte som romanforfattar i 2011 og fekk Montanaprisen
Fekk EUs litteraturpris i 2016 og Blixenprisen i 2021
Blei nominert til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga Ming (2015)
Er aktuell med Kirstens hevn på norsk (Bonnier Norsk Forlag) og som teaterstykke

Litteratur
marita@dagogtid.no
I dag, 10. januar, same dag som Bjørn Rasmussen fyller 42 år, er Kirstens hevn ute – ein «hestejenteroman», ifølge omslaget. Hovudpersonen bur på landet, på gard, og liker dressur, hunden Klukki, venninnene sine, å skrive dagbok og å teikne.
Historia, omsett av Kyrre Andreassen, opnar slik: «Jeg heter Kirsten, og da jeg var 14 år, bestemte jeg meg for å ta livet av en mann.»
Mannen er Steen, stefar til Kirsten. Han er ekkel og kuande – typen som seier dette om eit homofilt par som har fått sitt første barn: «De er vel vant til å se på dritt når de puler hverandre i ræva, åssen i helvete kan to møkkapløyere være redde for å skifte bleie (…)? De skulle hatt ei kule i huet.»
«Jeg knuller han, så mamma kaster han ut», tenker Kirsten.
Tilbakeblikk
Kirsten er, som du skjøner, ikkje den søte hestejenta vi møter i Wendy-blada. Kirsten liker å feste hardt og ligge rundt: «pizza og sperm, spy og juice, og alle de andre spennende tingene».
På side 2 klipper Kirsten og Karina av seg håret etter å ha drukke ei halvflaske vodka. «Og så kom Anita og Vepsen og ga oss komplimenter (…). Og jeg bare: Dra til helvete, vallaker. Nå er det de kortklipte hoppene som styrer hele driten.»
– Ein kan sjå det som ein sterk protest mot normene i Vestjylland i 2002, forklarer Rasmussen.
– Jenter fekk ikkje ha kort hår, og gutar fekk ikkje ha langt hår.
Han kan forstå at enkelte problematiserer det at ein mann i førtiåra skriv om ei tenåringsjente. Men når han seier dette, set han hermeteikn rundt ordet mann – fordi han er queer og bøsse. Han var sjølv ei hestejente, slik han ser det.
– Romanen er eit tilbakeblikk. Kirsten zoomar inn på sin ungdoms sommar. Eg kan sjølvsagt ikkje skrive som ei 14 år gammal jente, men eg kan identifisere meg med henne meir enn med kroppen eg har blitt tildelt og alderen eg er i no.
Foto: Fride Gregersen
Ein hjarteopnar
Rasmussen vaks opp på ein rideskule, slik Kirsten gjer. Foreldra blei tidleg skilde, far hans døydde då han var tolv år, og han var i stallen kvar bidige dag.
– Samarbeidet med hestane har forma meg i ein grad det er vanskeleg å sette ord på. Sjølv om det var spennande å ri dressur og vinne premiar, var det kontakten med dyra som betydde mest for meg. Kroppskontakten og kjærleiken.
At hestane er store, krev at ein er både varleg og bestemt. Ein må både forstå kva dyra føler, og handtere behova deira utan å bli skadd, forklarer han.
– Hestane har opna hjartet mitt.
At han skulle bli dramatikar og forfattar, låg ikkje i korta. Men alt før han begynte på skulen, likte han å transkribere lydbøker, ikkje minst Black Beauty, og hitlister. Alt i sjuande klasse skreiv han stilar om schizofreni og satanisme. Og jammen skreiv han ikkje sin eigen roman basert på Laura Palmers hemmelege dagbok, som mange av oss slukte i 1990, då TV-serien Twin Peaks gjekk. Rasmussen var sju år.
– Eg blei besett av Twin Peaks, seier han.
Psykiske smerter
Han ville gjerne bli gravferdskonsulent eller dyrlege, kan han fortelje.
– Men eg har ikkje nervar til det.
Han utdanna seg heller til dramatikar og debuterte med Myg marcherer i sødt blod i 2004. Deretter gjekk han på forfattarskule og skreiv Huden er det elastiske hylster der omgiver hele legemet (2011), som han fekk den høgthengande Montanaprisen for.
Også her handlar det om dressur: 15 år gamle Bjørn innleier eit sadomasochistisk forhold til ein langt eldre mannleg rideinstruktør. Sexskildringane er til dels grisete, og grensene mellom autofiksjon, fantasi og poesi er flytande.
Og når vi snakkar om nervar: Rasmussen skildrar psykiske smerter på prisverdig vis. For diktsamlinga Ming (2015), om psykisk sjukdom og alkoholmisbruk, blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris. I 2016 fekk han EUs litteraturpris, og i 2021 fekk han Blixenprisen for diktsamlinga Forgabt, som handlar om ein forfattar som bæsjar ei prinsesse som blir til ei slags havfrue.
– Det blir sagt at du skriv smalt og krevjande.
– Eg skriv utan å avgrense meg sjølv, responderer han.
– Eg skriv gjennom mange, mange gonger etter å ha laga eit shitty førsteutkast.
For han kjennest det heilt naturleg – organisk – å skrive som han skriv.
– Mykje meir naturleg enn å ta ein dusj eller ta bussen.
Kvalmeframkallande penn
– Samtidig er eg særs opptatt av korleis folk samtaler, seier han.
Han er trass alt dramatikar. Han har sett opp A Clockwork Orange, blant anna, og Traum, basert på Arthur Schnitzlers Drømmenovelle. No har også Kirstens hævn, som alt i romanen er delt inn i tre akter, blitt teater, med premiere 5. februar. Rasmussen salar opp «og galoperer ind i et mørke af sex, vold og dæmoni», lovar Aarhus Teater.
Men det som skil Rasmussen frå dei fleste andre som skriv om vald og demonar, er at miljøet ikkje nødvendigvis er elendig. Han skildrar fortvilte, lengtande kvardagsmenneske, og aldri utan humor. Som når Kirsten skildrar maten Steen serverer: «Frikadellen er dritten til stefar. Smørsausen er pisset til stefar. (…) Jeg tyr til potetene, det ligger to gule testikler på tallerkenen, et øyeblikks fred.»
Kritikarane framhevar det leikande, balstyrige språket. Enkelte kallar det «ækelt», «hæslig» eller «forskruet». Rasmussen skriv med ein «kvalmefremkaldende» penn, skreiv Kristeligt Dagblad på 40-årsdagen hans.
Rasmussen oppfordra til det i debutromanen: «Skriv med røvhullet.»
Græt best skriftleg
Ifølge leksikon og meldarar skriv Rasmussen biografisk: I Ming giftar han seg, og i Forgabt er han ein skild forfattar som har hunden Fiske som einaste trøyst og samtalepartnar. Fiske er sentral i Fiskesonetterne (2023) og med i romanen Jeg er gråhvid (2018), der mannen til Bjørn vil ha barn, mens Bjørn går på antabus, røyker for mykje hasj og heller vil føde ei bok.
Sjølv uttaler han seg sjeldan om kva og korleis han skriv. Kanskje er han sky. Han er blant dei som ikkje skjøner kvifor folk skal bry seg med forfattaren bak ei bok. Intervjuet du les no, er eit av uhyre få, og det er gjort skriftleg.
– Når det gjeld det biografiske, som alle er så interesserte i, skjøner eg ikkje kva det betyr. Eg trur ikkje på at ein kan skrive biografisk. Men eg trur at ein kan omforme ei kroppsleg erfaring i eit språk som er ekte, umogleg, forbanna og forelska, forklarer han.
– Som livet, legg han til.
Han har det best når han skriv.
– Eg græt best skriftleg, eg ler best skriftleg og spyr og elskar best skriftleg. Det er mykje vanskelegare å gjere i det verkelege livet.
– Ein kan jo lure på om du ber på meir enn folk flest, og om det å skrive er eit nødvendig utløp.
– Eg har alltid vegra meg mot, til og med ergra meg over, omgrepet «kunstnerisk nødvendighed». Det er nødvendig å ha reint vatn og ete og sove, gå på skule og leve i fred.
Vald avlar vald
Kirsten ønsker å leve i fred. Mora er det inga hjelp i, og jentegjengen – Spice Girls – går i oppløysing, «så jeg kan ikke kjenne meg trygg». Kirsten tyr til vald. Som ho seier til ei anna hestejente: «Vold avler vold, Nadja. Har ikke du gått på videregående?»
– Kirsten kom til meg då eg skreiv den første setninga hennar i august 2023, fortel Rasmussen.
– Stemma og viljen var tydeleg frå starten. Eg blei straks svært glad i henne.
Kirsten er ikkje den første kvinnelege hovudpersonen hans. Punktromanen Pynt (2013), som han blant anna blei nominert til Læsernes Bogpris for, handlar om ei eteforstyrra kvinne på ein psykiatrisk institusjon. Også ho skriv dagbok.
Rasmussen langar ofte ut, mellom linjene, mot homofobi, misogyni, rasisme eller andre stygge krefter. Pynt er psykiatrikritisk, skriv kjeldene. Pynt kan ein heller ikkje vente at alle forstår seg på. Som ein bokmeldar skriv: Sinnstilstanden avspeglar seg i språket.
Takksam og einsam
Kirstens hevn er noko nytt, sånn sett: ei bok folk flest kan lese. Ho har ei meir klassisk, kronologisk form, har thrillerelement, og ja, det ligg ein film på trappene.
Men at boka blei slik, er tilfeldig, skal vi tru Rasmussen.
– Setningane mine blir ikkje fødde av eit plott eller ein tematikk. Plottet i Kirstens hevn er eit skjelett. Det er tonen og andedrettet til Kirsten som utgjer kjøtet og organa.
– Du har laga ein open slutt. Korleis går det med henne?
– Kirsten har det godt. Ho gjer ikkje mykje ut av seg. Men eg veit at ho har fått ei stor kvit hoppe med eitt auge.
– Du, då? Korleis har du det?
– Eg er takksam og einsam blant menneske, men kan stadig flire og gråte, også saman med dei fiktive karakterane mine, som for meg framstår som meir menneskelege enn til dømes visse maktfulle verkelege menneske som finst i verda.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.