Årets dårlegaste?
Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Foto: Arthaus
Drama / Fantasi
Regi: Paolo Sorrentino
Parthenope – Napolis skjønnhet
Med: Celeste Dalla Porta, Daniele Rienzo, Dario Aita, Gary Oldman
Kinofilm
I ein rik storfamilie i Napoli veks vakre Parthenope (Porta) opp med broren (Rienzo) og sonen til hushjelpa, Sandrino (Aita). Ho er supersmart, og alle vil ligga med ho, inkludert broren, Sandrino, tilfeldige badegjester, fallerte skodespelardivaer og prestar.
Men den supersmarte, vakre unge kvinna skal inn i akademia, der ingen tek henne alvorleg, så attraktiv som ho er. Ja vel.
Sigg og sex
«En vakker hyllest til skjønnhet, nostalgi og Napoli!» Slik oppsummerer Filmweb den siste filmen til Italias mest pompøse regissør, Paolo Sorrentino. Og visst er det vakkert – som ein reklame for ei Gucci-veske eller for eit reisebyrå som vil selja turistpakkar på Capri. Eller som ein pornofilm med tolvårsgrense. Ingenting av dette vil vera uventa for fans av Sorrentino.
Eg såg Den store skjønnheten (2013) og har sidan ikkje kalla meg fan, for å seia det slik. Det er for meg ganske ufatteleg at eit sånt mannsgrisblikk på verda framleis skal fenga både publikum og sponsorar nok til å få lerretstid i desse dagar, når omtrent ingen filmar får premiere på kino lenger. Ja, ein kan jo kalla det nostalgi, objektifiseringa av kvinner, alt med ein sigarett i munnvika, men her går det langt over i både uoppnåeleg kjærleik i form av incest og ein komande pave som berre må ha seg med Parthenope inne i kyrkja.
«Eg slit med å skjøna bodskapen i filmen, om det er nokon bodskap.»
Parthe-nope
Filmen har hamna i kategorien drama og fantasi, og sistnemnde er nok lur for å dekka over alle tidsmessige feil, anakronismar, i form av scener som ikkje eingong prøver å sjå ut som tiåra dei skal vera i. Det er som om kostymeavdelinga ikkje fekk noko budsjett og rekvisitørane gav opp halvvegs, og så sa Sorrentino: «Basta, basta, lat oss kalla det fantasi!» Og så brukte han budsjettet opp på ein ekte fantastisk installasjon mot slutten, for ikkje å røpa for mykje.
Eg prøver verkeleg å legga godviljen til, men ikkje berre synest eg historia er søkt og all malegazinga slitsam, men eg kjedar meg – og det gjer eg i to timar og eit kvarter. Augerull. Og kva i alle dagar gjorde at Gary Oldman sa ja til den totalt klisjéaktige rolla som ein av Parthenopes intellektuelt våte draumar?
Eg slit med å skjøna bodskapen i filmen, om det er nokon bodskap. Eg vil ikkje tilrå nokon å sjå Parthenope, for å vera heilt ærleg. Det er kanskje tidleg på året, men eg kryssar fingrane for at eg ikkje må sjå fleire så kjipe filmar som dette på kino i 2025.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Foto: Arthaus
Årets dårlegaste?
Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.