– Vi er i ferd med å øydeleggje landet
TEL AVIV: Shiri Assa tilhøyrer venstresida i Israel. Geir Olav
Jørgensen møter Shiri Assa i Tel Aviv for å høyre meiningane
hennar om situasjonen i landet.
Shiri Assa driv restaurant i Tel Aviv.
Foto: Geir Olav Jørgensen
Bakgrunn
Shiri Assa
Yrke: driv restaurant
Alder: 44
Fødd: Moshav Tzur Natan
Bustad: Tel Aviv
Politisk plassering: til venstre
Geir Olav Jørgensen
Geir Olav Jørgensen er skjønnlitterær forfattar og har budd periodevis i Israel dei siste tjue åra, mellom anna på dei okkuperte Golanhøgdene.

– Shiri, kva tankar gjer du deg om livet i Israel?
Livet her i Israel? Det endrar seg fort, det endrar seg frå dag til dag, frå skanse til skanse. Men den turbulente politiske situasjonen endrar seg ikkje. Vi har han hengande over oss, same kva form han måtte ta. Same kva som måtte gå føre seg på det personlege planet.
Litt om meg: Lenge har eg budd i Tel Aviv. Eg har ungar som veks til. Eg voks opp på ein moshav, som er ein kooperativ landsby, og familien min var høgrefolk. Dei stod temmeleg langt ute på høgresida då eg voks opp. Dei var aktive politisk, dei var stolte sionistar.
Sjølv står eg støtt på venstresida, og foreldra mine endra kurs over tid. I dag er dei for venstrefolk å rekne. Nokre av høgrefolka her i Israel blir meir ekstreme når dei ser at høgrepolitikken ikkje gjev resultat. I frustrasjon er det mange som vel å ta steget endå lenger ut mot høgre, i håp om at det skal gi resultat.
Andre gjev opp heile tankegangen, og foreldra mine var blant dei som gav opp og gjekk over til venstresida, skuffa som dei var over retninga som landet har teke. Altså voks eg opp med foreldre som hadde trudd på Israel, men som mista trua undervegs.
Kva skjedde med born som voks opp i heimar som dette? Vi hadde ingen å sjå opp til. Undervegs var vi vitne til ein draum som visna bort. Som vaksne har vi sjølv etablert oss, og det er mange frå nettopp denne gruppa som ønskjer å forlate Israel. Mange av oss går rundt i det daglege og drøymer om eit anna land der ute. Det er ikkje viktig for oss om ungane vil gjere teneste i hæren eller ei. Vi brenn ikkje for dette landet. Vi er leie av det som går føre seg i dei politiske sfærane.
Elles finn du ikkje aktivistar i gatene lenger. Vi ser ei venstreside som blir svakare for kvar dag som går. Dei unge har energien ei stund, men snart får dei nok med sitt eige liv, og det heile gjer meg trist. Aktivismen blir tappa og døyr ut. Ein gong gjekk vi i gatene og protesterte, sjølv om det ikkje gav resultat. Vi skulle ikkje gje oss, same kor mykje motbør vi fekk.
Men så hende det noko over tid, og då slutta vi å protestere, for det endra ingenting likevel, og vi var blitt utbrende. Med tida blir ein etablert, og då har ein ikkje meir med palestinarane å gjere enn andre israelarar. Vi er to folk som har lite med kvarandre å gjere. Ein del av jødane har litt kontakt med palestinarane på ulike arbeidsplassar, det er alt.
Sjå rundt deg i denne folksame gata i kveld, med barar og restaurantar på alle kantar. Palestinarane er ikkje her. Dei unge palestinarane går også ut om kvelden, men dei søkjer til andre gater, dei har sine eigne utestader. Yafo er kjend for blandinga av jødar og palestinarar. Byen blir brukt som eit godt eksempel på den vellukka blandinga av folk. Men også her kan stemninga mellom dei to folka bli veldig intens. Du merkar det ikkje på ein kveld som denne, men biletet kan fort endre seg.
Rett rundt hjørnet ligg den store marknadsplassen. Ofte kan ein sjå palestinarar kome gåande gjennom gata som vi no sit i, men dei kjem ikkje for å ete og drikke blant dei jødiske gjestene. Dei passerer på veg til andre gater.
Faktum er at også Yafo er delt. I éin del av byen bur det mest palestinarar. I den andre delen bur jødane. Og dei blandar seg ikkje, med mindre det handlar om arbeid. Det siste blir ikkje uttalt offentleg, men eg kan fortelje deg at den daglege realiteten vår er slik, for eg har budd og arbeidd i denne delen av Tel Aviv–Yafo i mange år. Palestinarane kjem ikkje til oss, og vi går ikkje til dei.
Dei går også ut på byen om kveldane, men på ein annan måte enn vi. Palestinske foreldre har ungane med seg. Dei har andre reglar. Det er ikkje vanleg for palestinske foreldre å bruke barnevakt, til dømes, slik at dei vaksne kan ta seg ein tur på byen. Eit gift par kan gjerne gå ut og drikke kaffi på dagtid. Men dei har ikkje den same kulturen som vi når det gjeld festing og natteliv. Ein treffer ikkje palestinarane rundt om på barane her, sidan dei ikkje drikk alkohol.
Ein gong hadde eg eit håp. Enno er eg optimist. Kulturen vår kan bli fornya. Det må han bli, og svaret kan ligge på det åndelege planet. Ei side ved livet som tiltrekker meg no. Eg vil alltid tru at det går bra til slutt. Israel vil ikkje gå under. Denne nasjonen vil framleis eksistere om to hundre år, men vi vil måtte leve ved sverdet. Dessverre er røynda slik i denne delen av verda.
Ofte drøymer eg om å forlate landet og starte på ny ein annan stad. «Det må finnast ei betre løysing på livet ein annan stad», tenkjer eg då. Eg fryktar at landet dreier mot fascisme. Sakte nok til at vi ikkje merkar det sjølv, kor trongsinna vi er i ferd med å bli. Ja, ofte tek eg meg sjølv i slike tankar, og då vil eg berre bort herifrå. Men la meg leggje til: Eg vil ikkje brenne alle bruer. For eg er glad i dette landet, eg elskar atmosfæren her. På mange måtar er det slik.
Det blir hevda at jødane er smarte. Men dersom vi verkeleg var smarte, burde vi greidd å få til fred med palestinarane, om det var målet vårt. Vi har hatt god tid på oss. Med rette kan vi seiast å vere ambisiøse, og det har si forklaring. Jøden kan ikkje lene seg tilbake, han har alltid måtta kjempe seg vidare. Slikt kan generere gode resultat, også her til lands. Sjå på teknologibransjen med all suksessen der. Elles ser ein at jødane gjer det godt i den globale kunstverda. Ein ser det i filmindustrien og i teateret. Ein ser det i litteraturen, i vitskap og forsking.
Men vi er også arrogante. Israelarane kan ofte vere frekke og utolmodige, om det er det ingen tvil, men vi er også eit ope og varmt folkeslag. På innsida vil eg alltid vere bunden til denne staden. Eg elskar vêret her, det hebraiske språket, venene mine, at vi kan snakke så fritt til kvarandre som vi gjer i kulturen vår. Eg veit at eg høyrer heime i Midtausten når alt kjem til alt, det er dette som er heimen min.
Stadig tek eg meg sjølv i å leite etter vegen ut, utan at andre plassar verkeleg freistar meg. Eg prøvde Berlin, og det er ein kul by, eg var imponert over det eg såg, på det kulturelle planet gjekk det føre seg mykje bra. Det tyske systemet er effektivt, og gatene deira er breie og ryddige. Folk viste takt og tone. Dei køyrde ikkje rundt og fløyta på kvarandre, dei pressa seg ikkje fram slik som ein gjer i Israel. Dei hadde ordna det fint til for syklistane. Folk gjekk langs romslege fortau og leidde på ungane. Men kva så? Tilbake til Israel.
Vi er i ferd med å øydeleggje landet. Vi blir for mange her. Det er eit lite land. Vi tek ikkje vare på naturen vår, han blir neglisjert av staten, som har andre prioriteringar. Sjølvsagt kunne vi gjort meir for å skape fred med palestinarane. Den som lever i Gaza, har lite å tape. Vi hadde sjansen til å skape noko unikt. Men regjeringa vil ikkje at landet skal vere unikt, for det som er unikt, er vanskeleg å kontrollere. Dei har pressa oss over i den kommersielle retninga, og kulturen vår blir kua under kapitalen.
Alt hamnar under det same åket, som har å gjere med den evige sikringa av landet. Ideen om at landet skal vere ein trygg stad å leve, tek opp for mykje plass. Ideen blir brukt som ei unnskyldning for å kunne auke kontrollen over dagleglivet vårt. Dei skremmer oss med denne ideen. Urolege folk er lettare å kontrollere, og dei som styrer oss, veit det godt.
Etter kvart har det kome mange flyktningar frå afrikanske land til Israel. Dei tek seg opp til grensa vår, dei fleste kjem frå Eritrea og Sudan. Mange skaffar seg arbeid på den svarte marknaden for å leve. Regjeringa tek ikkje ansvar for flyktningane, men lagar strenge reglar for dei som tek flyktningar inn i staben. På det området har dei valt å engasjere seg.
Her i Yafo vil du finne mange flyktningar i arbeid på utestadene. Det er svart arbeid. Dei står på kjøkenet og tek oppvask, til dømes, for israelarane er ikkje glade i denne typen oppgåver. Slike jobbar gjev ein heller til palestinarane og menneske frå Kina og Thailand.
Ofte hender det at statlege kontrollørar dukkar opp i denne gata. Stadig kjem dei og gir bøter til eigarane. Dei afrikanske flyktningane blir ikkje aksepterte av dei israelske styresmaktene, og slik har dei hamna i eit ingenmannsland. Dei lever på kanten av samfunnet, med ulike følgjer. Ein kan heller ikkje vise dei ut av landet. Israelarane prøver å skvise dei ut, kunne ein seie, ved å gje dei ulevelege kår. Dei får tilbod om ein viss pengesum dersom dei forlèt landet frivillig, for det har ikkje vore lett å vise dei ut med tvang. Men ein liknande prosess går jo føre seg i dei andre vestlege landa. Vi er kanskje ikkje blant dei verste likevel.
Til slutt: Eg kjenner meg igjen i delar av kritikken som den politiske venstresida i Europa rettar mot Israel. Når eg er ute av landet, kjenner eg at eg er einig med mykje av det som blir sagt når folk snakkar negativt om oss.
Men no skal du høyre, og dette må du få med: Det finst ein viktig forskjell på venstrefolket i Israel og det europeiske venstrefolket. Vi som bur her, elskar dette landet, trass i alt som har gått gale undervegs.
Eg har inntrykk av at mange venstrefolk i Europa stiller spørsmål ved om vi har rett til å eksistere som eit land. Slik er det ikkje med oss som bur her, og det er ein stor forskjell.
Serien held fram
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Palestinarane kjem
ikkje til oss, og vi går ikkje til dei.»
Ofte drøymer eg om å forlate landet og byrje på nytt ein annan stad.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.