50 års kamp for lyngshesten
For 50 år sidan heldt lyngshesten på døy ut her i landet. Det var mellom 50 og 100 hestar att av rasen, og situasjonen var kritisk.
Lyngshesten tek seg fint fram gjennom laussnøen, her med Rita Solberg ved taumane.
Foto: René Johansen
ottar@dagogtid.no
Heldigvis fanst det entusiastar, og Geirmund Vik frå Fykse var ein av dei. Han kom til Nord-Troms for 50 år sidan og sette i gang arbeidet med å berga lyngshestrasen. Takka vera den store innsatsen som er lagd ned, finst det i dag mellom 2000 og 2500 lyngshestar spreidde over store delar av landet. Geirmund Vik har fått kongens fortenestemedalje for innsatsen, men framleis er det ingen grunn til å kvila på laurbæra.
– Legg ein saman talet på alle dei nasjonale hesterasane, det vil seia lyngshestane, fjordingane og dølahestane, er det om lag like mange som det er islandshestar her i landet, fortel Birgit D. Nielsen.
Ho er gift med Geirmund Vik, og begge har dei synt stort engasjement for å gje lyngshesten ei framtid. Dei er busette på eit småbruk på Storslett i Nordreisa i Nord-Troms, og der har dei ti lyngshestar. No har fleire satsa på lyngshesten, og folk skjønar at lyngshesten er ein viktig del av kulturarven. I dag er han å finna over heile landet, men entusiastane ønskjer at interessa skal verta endå større.
Fleire gonger har lyngshesten vore truga av utrydding. På 1930-talet kjøpte Troms Landbruksselskap inn hingsten Rimfakse og plasserte han i Lyngen i Troms, der det fanst flest hopper av rein rase.
Under den andre verdskrigen var det på nytt fare for utrydding, og berre nokre få lyngshestar overlevde krigen.
På 1960-talet tok traktoren over på dei fleste norske gardsbruka, og interessa for hest var sterkt dalande. Den gongen gjorde Christen Klefstad frå Vesterålen ein stor innsats med å kjøpa inn lyngshestar og plassera dei hjå bønder som ville avla. Etter at han døydde i 1967, vart rasen godkjend som nordlandshest. Men i Nord-Troms heldt dei fram med å kalla han lyngshest, og det enda med eit kompromiss: Namnet skulle vera nordlandshest/lyngshest.
I 1969 flytta Geirmund Vik til Storslett i Nord-Troms som nyutdanna veterinær, og i mange år var han den yngste distriktsveterinæren i landet.
– Vart du fødd på ein hesterygg?
– Nei, me hadde ikkje hest heime i Fyksesundet. Småbruket var for lite til det, men det var mange andre som hadde hest. Eg hadde onklar som var hestefolk, og mannen til moster mi, Paul Svarstad, var ein kjend hestekar i Nordfjord. Han var den første som selde fjordingar til Amerika midt på 1950-talet. For den første hingsten fekk han 15.000, og for den andre fekk han 18.000. Det var mykje pengar den gongen.
Som ung var Geirmund Vik svært hesteinteressert, og familien lånte hest hjå andre. Faren brukte kløvhest på fjellet om somrane, og Geirmund var med. Faren hadde vore ein tur til Island og var oppteken av dei små hestane der. Han drøymde om å kjøpa hest, men det vart ikkje noko av.
Etter at Geirmund Vik kom til Nord-Troms, kjøpte han den første lyngshesten, og det tok ikkje lang tid før han involverte seg i lyngshestmiljøet.
– Då eg kom hit i 1969, vart den siste avlshingsten i fylket send til slakt. Det var tilfeldig at eg kom Storslett og fekk kjøpa ny hingst. Men dei gamle hestekarane var svært glade i lyngshesten, og dei få hestane som var att, var dei beste. På 1950-talet vart fleire hestar selde til Nordland, der det vart gjort ein stor innsats for å berga nordlandshesten. Difor vart det kjøpt inn lyngshest, som vart kalla for nordlandshest.
Pådrivaren i prosjektet døydde eit par år før Geirmund Vik flytta nordover, men i Bodø var det unge folk som førte vidare det han hadde sett i gang. Vik fekk god kontakt med dei, men politikken deira var at alle hestane skulle seljast i Nordland for å få opp avlsarbeidet der.
– Me kom i gang att med avlsarbeid i Nord-Troms, og det viste seg at lyngshesten var ein overraskande god hest. Eg hadde arbeidd ein god del med hest før eg kom til Troms, og i studietida var eg mykje saman med den siste vognmannen i Oslo. Me hadde turistar med oss på ridetur på Hardangervidda med dølahest og fjording.
Også i militæret hadde Geirmund med hest å gjera, og han var ein habil hestekar då han flytta nordover. Den gongen var han den einaste dyrlegen i fire vidstrekte kommunar i Nord-Troms, og det var mykje å gjera.
– Korleis eg fekk tid til å driva med hest, fattar eg ikkje, men det var nok ei djup interesse som låg bak. Eg hadde vakt i 48 veker i strekk – både på helge- og yrkedagar. Då kollegaen i Alta skulle på jakt, hadde eg vakt der òg, og det var 22 mil dit. Til Kautokeino var det endå lenger – 35 mil ein veg, men det var utruleg kva me fekk til!
Frå Hardanger var Geirmund van med fjordingen som ein treg, stor og tung jordbrukshest, og han oppdaga fort at lyngshesten var mykje kvikkare og lettare.
– Det var meir moro å ri lyngshest. Det var overraskande å finna ein så god hest i avstengde jordbruksbygder i Nord-Troms. Trass i mekaniseringa var mange interesserte i lyngshesten, og hestemiljøet tok seg opp att over heile landet.
I Nordreisa har det vore finsk busetnad i mange år. Banda til Finland har vore sterke, og folk fann ut at nokre av hestane var i slekt med finske hestar. I tidlegare tider vart det også drive pomorhandel med russarane, og hestane spelte nok ei rolle der òg.
– No har folk vorte langt meir medvitne om at lyngshesten er frå dette området, og dei er stolte av han. Men det tok mange år få folk til å verta stolte av at dei hadde ein hesterase her, fortel Geirmund Vik.
Ein teori går ut på at lyngshesten stammar frå lettbeinte steppehestar som mongolane hadde med seg vestover i Djengis Khans hær. Birgit D. Nielsen har vore ein god del nordafor Arkhangelsk by i Russland. Der finst det ein liten hest, og entusiastane lurte på om han kunne vera i slekt med lyngshesten, men det viste seg at den russiske hesten ikkje var meir i slekt med den nordnorske hesten enn med fjordingen.
– Vikingane hadde hestar med seg på reisene sine til Kvitsjøen, og dei har nok blanda seg med russiske hestar. Eg er nokså sikker på at dei småhestane som Djengis Khan hadde med seg frå Mongolia, kom heilt opp til Lyngen. Islandshesten, derimot, er den gamle norske hesten, med litt iblanding frå Storbritannia. Difor er det litt skilnad på lyngshesten og islandshesten, men dei har same opphav.
– Trur du lyngshesten kan få den same statusen og utbreiinga som islandshesten?
– Nei, men om me kan ta vare på han, er det fantastisk! Han er nok først og fremst ein familiehest som alle kan bruka.
På småbruket på Storslett har Geirmund og Birgit trappa ned på avlsarbeidet og rideturane i fjellet med turistar.
– Men me brukar lyngshestane litt i arbeidet – både når graset skal slåast, når høyet skal køyrast inn, til pløying av åkeren, til vedhogst i skogen og til fjellriding om sommaren, men me har han no mest til dagleg glede og for å halda kulturen i hevd, fortel Geirmund Vik.
Vanlegvis har dei fått to–tre føl i året, men i fjor fekk dei berre eitt, og i år har dei para berre ei hoppe.
– Er det vanskeleg å selja lynghestføl?
– Det vert sagt at marknaden er god, men ein må helst ha vaksne hestar. Samanlikna med islandshesten har prisane vore heilt elendige, seier Geirmund.
Medan prisen på ein glimrande islandshest som vert brukt til avl, kjem opp i 1,5 millionar norske kroner, kostar ein vanleg lyngshest langt mindre.
– For ein god avlshest er prisen mellom 20.000 og 50.000 kroner. Det er reinhekla idealisme som ligg bak satsinga på lyngshesten, slår Birgit fast.
– Me har vore altfor lite flinke til å skryta av lyngshesten og driva reklame for ein god hest. På Island må studentane læra seg islandsk for å gå på hestelina ved universitetet på Hólar. Det syner at islendingane er stolte av sitt. Det skortar det på her, både når det gjeld fjordingen, dølahesten og lyngshesten, seier Geirmund.
Han viser til at det finst 8000 islandshestar her i landet, men berre 2000 lyngshestar.
Då Geirmund Vik kjøpte sin første lyngshest for 50 år sidan, var det ingen konkurranse frå andre ponnirasar.
– No er det konkurranse frå mange utanlandske hesteslag. For mange er pengane viktigare enn kulturinteressa når dei skal kjøpa hest, men folk med nordnorsk bakgrunn synest nok det er kjekt at me har lyngshesten. Me freistar å byggja opp identiteten i endå større grad og vil at folk skal kunna sjå at det var her at lyngshesten vart berga, seier Geirmund.
Denne vinterdagen midt i februar er det om lag ein halv meter snø på Storslett, men Geirmund har likevel planar om å fara i vedskogen.
– Du brukar truger på lyngshesten?
– Ja, i militæret har trugene vore mykje brukte. Dei gjer hesten i stand til å laga braut ute i skogen. Eg har ikkje brukt dei så mykje, men veit korleis dei skal brukast. Hestane lærer det fort, og det har vore mykje brukt i området her. Dei er gode til å ta seg fram i snøen. Hestane går ute om vinteren, men kan søkja under tak – om dei vil. Dei toler det godt, sjølv om det er kaldt.
Også Birgit D. Nielsen er dyrlege. Ho har jobb i Mattilsynet, men no er ho engasjert i eit lyngshestprosjekt. Ho kjem opphavleg frå Skjetten utanfor Oslo, men fann tidleg ut at ho ville flytta til Nord-Noreg, og det gjorde ho for 20 år sidan. Opphavleg var ho ikkje den store hesteentusiasten, men i nord møtte ho den glødande hardingen, og dermed byrja ho å gløda – ho òg. Sidan har dei kjempa vidare for lyngshesten.
Ettersom talet på lyngshestar har auka til over 2000 dei siste åra, skulle ein tru at arten ikkje var truga av utrydding, men slik er det ikkje.
– FNs matvare- og landbruksorganisasjon, FAO, reknar rasen som kritisk truga, og det heng saman med at det vert fødd få føl kvart år. Her i landet vart det fødd om lag 100 lyngshestar i fjor, men det er rekna ut at for alle dei tre norske hesterasane, må det fødast 200 årleg for å halda ved like rasen, fortel Birgit. Ho meiner at hestefolk ikkje har teke krisevarslet inn over seg i den grad dei bør gjera.
I 2010 vart det laga ein handlingsplan for kva som burde gjerast for å skapa interesse for lyngshesten. Det vart blant anna lagt vekt på at ein måtte få til eit sosialt miljø og fleire konkurransar og utvikla sporten kring lyngshesten. Sidan er det arrangert konkurransar der både fjording, dølahest og lyngshest har delteke i såkalla «skeid». Der skal hestane gjennom ei løype med ulike postar som er utvikla spesielt for dei tre nasjonale hesterasane. Eit kaldt hovud og eit varmt hjarte er mottoet for rasane, og på «skeidet» skal hestane syna at dei har det. «Skeidet» har lange røter i Noreg. Tidlegare vart det arrangert på bygdestemner og hestekampar og kappritt, og det er omtalt i dei islandske sagaene. I desse konkurransane er det viktig for hestane å syna at dei er arbeidsviljuge, stødige, raske og lette å handtera.
– «Skeidet» har ikkje slege an slik som me vona og trudde, men det er både triveleg og morosamt å vera med. Her på Storslett har me hatt «skeid» både om vinteren og om sommaren, og i mars står det neste på programmet. Ein treng ikkje vera så flink for å vera med, og me gamlingane kjem til å stilla i laussnøen i vinterskeidet, fortel Geirmund.
Ein gong i veka kjem han og tre gamle «gubbar» saman for å ri, og til sommaren skal dei gjennomføra den store rideturen på Finnmarksvidda.
– Den eine av oss vert 80 år til våren, og me andre følgjer like etter, men det skal verta fint med tur på vidda, slår han fast.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er reinhekla idealisme som ligg bak satsinga på lyngshesten.
Birgit D. Nielsen, forkjempar
for lyngshesten
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.