Å stira diskret
Kvifor er det flautt å sjå?
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Mange av historiene eg har høyrt om meg sjølv frå eg var lita, dreier seg om korleis eg stira på folk, mima etter andre, spegla andleta og faktene deira, og somme gonger spurde eg, freidig som eg var: Kvifor ser du ut slik du gjer?
No er eg vaksen, eg kan styra meg. Eg har sett det meste av fakter og kroppsformer, trur eg, og synest ikkje lenger det er så interessant med fasongar som bryt med ei norm.
Det eg likar best, er å sjå på tilsynelatande heilt vanlege menneske som ikkje veit at eg ser dei.
Som no. Det er kveld, eg sit på flyet heim og skrått over gangen framføre meg sit ein mann. Ein heilt ordinær mann, mellom 50 og 70 år ein stad. Håret er fint klipt og stelt, genseren er anten heilt ny eller nystroken; han har den bretten nedover ermet. I øyro har han kvite pluggar.
Kva høyrer han på? Eg kan berre gissa, og eg gissar... Dire Straits med Sultans of Swing. Han ser slik ut. Den vesle ryggsekken hans ligg der han skal, under stolen, setebeltet er festa, og alle dei lause gjenstandane er i lomma på stolryggen framføre han. Alt verkar på stell. Så kvifor vert eg sitjande og sjå?
Det denne mannen gjer, i rykk og napp, er at han tek handa til andletet og gneg på peikefingeren sin. Ikkje sakte tygging, som når ein et mat. Munnen går som på ein kanin som får løvetann. Hakkar intenst i veg, langs sida og rundt naglen på peikefingeren. Innimellom tek han fingeren fram, snur på han og ser på resultatet frå ulike vinklar gjennom brillene, som om han vurderer eit bitte lite kunstverk. Så gneg han vidare.
Er det noko hard hud han skrapar vekk med tennene? Klør han? Eg veit ikkje, men eg vil tru at hadde han visst at det sit ein stirar med notatbok under ein meter frå han, ville han ikkje ha gjort det han driv med.
Kva hadde eg gjort om han brått snudde seg og såg at eg såg på han? Eg hadde sett vekk, late som ingenting.
For det er ikkje berre flautt å bli sett, det er flautt å vera den som ser.
Eg var i Norheimsund og skulle gå opp trappa mellom apoteket på grunnplanet til Coop-butikken i etasjen over. Mot meg kom ei dame i førtiåra. Brått sklei ho, nærast hoppa i vêret og landa på baken med eit høgt dunk. I farten fall ho fleire trinn ned og landa rett ved sida av meg. Like raskt som ho var nede, var ho oppe att.
Eg måtte jo spørja om det gjekk bra, noko anna ville vore unaturleg. «Ja, ja!», sa ho fort utan å sjå på meg. Ho ville berre koma seg vidare.
Så vart eg ståande der litt og ta inn over meg det som nett hadde hendt. For kva var det eg kjende? Jo, eg kjende meg flau. Eg ynskte meg vekk frå situasjonen. Det var pinleg for meg på kloss hald å vera vitne til at eit anna menneske fall. Ho mista kontrollen, og eg syntest synd på meg sjølv som måtte sjå det.
Kva skjedde? Kan det ha vore spegelnevrona mine som slo til? Desse nervecellene i hjernen som gjorde at eg spegla hendinga? For eg kjende meg att i episoden som nett utspelte seg, i sekunda kvinna gjekk frå å ha full kontroll til å missa han totalt.
Det same hende meg for nokre år sidan.
Dette er ein perfekt dag, tenkte eg idet eg snudde meg kjapt og smilte mot mann og born. Me var på hyttetur på Tysnes og på veg til å bada.
Eg skulle ikkje snudd meg slik, og tenkt at dagen var så perfekt, medan eg heldt fram med å gå. For eitt steg seinare snubla eg på klønete vis, med andletet fyrst, rett i asfalten.
Eg gapa etter pusten, det draup blod frå haka mi, og eg gret og laga nokre dyriske hylelydar.
Like bak oss kom ei kvinne og eit barn. Dei hadde sett alt og spurde korleis det gjekk. Eg heldt meg for fjeset og sa «Bra!» i håp om at dei berre skulle fordufta. Men nei, dei skulle same veg som oss, ned og bada.
Dei såg meg på mitt svakaste, og eg mislikte dei sterkt.
Det er flauare med sosial smerte enn med fysisk smerte, seier forskinga. Difor er me ofte meir opptekne av om nokon såg oss i fallet, enn av smerta som kom. Noko av det me synest er flauast av alt, er å vera menneskeleg og missa kontrollen over det menneskelege ved oss.
Å stira – «sjå stivt og lenge på noko», som det heiter i ordboka – er det menneskeleg?
Me toler det betre frå born. Men det er ei tid for alt, og tida når barnet stoppar opp i butikken, stirar og spør «Kvifor har du fire haker?», kan ikkje koma tidleg nok.
Eg glor ikkje mindre no enn eg gjorde som lita, faktisk glor eg meir, men eg gjer det på ein meir elegant måte og kallar det for å observera, å visa interesse, å akta nøye, å halda auge med.
Finst det eit ord for å stira med øyro, å lytta intenst? For det gjer eg òg, men på stilfullt vis; eg overhøyrer, plukkar opp og får med meg.
Men det finst vaksne som ikkje har klart denne overgangen, frå å stira til å visa interesse. Dei glor ikkje berre med blikket og øyro, men også med munnen. Dei spør og grev, rett ut, upassande spørsmål på upassande tidspunkt. Gjerne over fruktdisken i butikken.
Nokre opplysingar kjem med automatiske oppfølgingsspørsmål, som ein med normal folkeskikk ikkje spør om. Men desse som framleis har den barnlege skamløysa i seg, dei spør.
Opplysing: Ho ventar barn. Automatisk oppfølgingsspørsmål: Kven er faren?
Opplysing: Han har fått kreft. Automatisk oppfølgingsspørsmål: Kor?
Opplysing: Ho tok livet sitt. Automatisk oppfølgingsspørsmål: Korleis?
Eg må seia at eg misunner dei litt, dei med denne skamløysa. Men den har eg ikkje, eg er konfliktsky og vert både skamfull og flau. Eg veit ikkje kven som er faren, kor svulsten ligg, eller kva som er dødsårsaka.
«Flauhet handler mest om situasjoner der du ikke klarer å opprettholde et bilde av deg selv som du ønsker å vise verden», sa zoologen Petter Bøckman til Forskning.no i 2019.
Difor hadde eg pent og ryddig sett ein annan veg om mannen som gneg på fingeren sin, snudde seg og såg at eg såg han.
Før skiltet med «Fest setebeltet» lyser og flyet landar, går eg på toalettet. Der ser eg meg i spegelen for fyrste gong sidan i dag tidleg og kjem i hug noko ein ven sa for lenge sidan, og som sidan vart ein frase: Du har noko grønt mellom tennene, og du har hatt det i heile dag.
May Linn Clement
May Linn Clement er fast teiknar og skribent i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE